Erklæring frå EU-formannskapet om Togo

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Togo

31.08.06

Den europeiske unionen seier seg glad for at det i Lomé 20. august 2006 vart inngått ein samla politisk avtale, som vart godkjent og underteikna av alle deltakarane i den interne politiske dialogen i Togo.

Den europeiske unionen rosar alle deltakarane for deira iherdige innsats for å kome fram til semje om ein slik avtale. Unionen vil særleg framheve meklarinnsatsen til Burkina Fasos president, Blaise Compaoré, som var avgjerande for resultatet. EU seier seg òg glad for at president Faure Gnassingbé under underteikningsseremonien forplikta seg til å gjennomføre avtalen fullt ut.

Avtalen innfrir ei av tilsegnene som vart gitt til Den europeiske unionen under dei siste konsultasjonane i samband med artikkel 96 i Cotonou-avtalen. Samtidig som han respekterer ånda i dei 22 tilsegnene, betrar avtalen valreglane og vilkåra for førebuing av nytt parlaments­val, og han tek for seg spørsmåla om tryggleik og strafferettsleg immunitet, føreskriv ei vidareføring av dei institusjonelle reformene og oppretting av ei nasjonal samlings­regjering, og skaper ein mekanisme som - med hjelp frå observatørar, særleg frå Burkina Faso, ECOWAS og EU - skal overvake og sikre at tilsegnene vert innfridde på tilbørleg vis.

Denne omfattande politiske avtalen er eit viktig steg i retning av at samarbeidet mellom Det europeiske fellesskapet og Togo kan takast opp att heilt og fullt.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.