Erklæring frå EU-formannskapet om bruken av dødsstraff i Irak (05.09.05)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar:

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om bruken av dødsstraff i Irak (05.09.05)

Den europeiske unionen har med sorg motteke meldinga om at tre irakiske borgarar vart avretta 1. september 2005 etter ein rettsleg prosess i Irak.

EU meiner at dødsstraffa ikkje er noko effektivt avskrekkingsmiddel. Eventuelle justismord, som kan skje i alle rettssystem, kan ikkje gjerast om igjen, og EU seier seg difor lei for at regjeringa i Irak har valt å fullbyrde dødsdommane i desse tilfella.

EU er sterkt imot dødsstraff og fordømmer bruken av slik straff. Vi erkjenner at regjeringa i Irak har suveren rett til å fastsetje straffeutmåling, men vi ber innstendig om at dødsstraffa vert avskaffa.

Det tiltredande landet Romania, søkjarlandet Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.