Erklæring frå EU-formannskapet om den humanitære situasjonen i Zimbabwe (19.12.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den humanitære situasjonen i Zimbabwe (19.12.05)

Formannskapet seier seg på vegner av Den europeiske unionen glad for at Jan Egeland, FNs visegeneralsekretær for humanitære saker, vitja Zimbabwe 3.-7. desember. Vi deler Egelands uro over at den ekstremt alvorlege humanitære situasjonen i Zimbabwe stadig forverrar seg, at mange zimbabwarar lir under ein usikker matforsyningssituasjon og/eller HIV/AIDS-pandemien og at tusenvis av dei framleis er heimlause seks månader etter Operasjon Murambatsvina og fire månader etter Operasjon Garikai, som har vist seg å vere lite effektiv.

Vi er glade for avtalane som FNs organisasjonar og regjeringa i Zimbabwe har underteikna om matvarebistand og HIV/AIDS-program, og vi merkjer oss kontaktane mellom regjeringa i Zimbabwe og FN når det gjeld behovet for hjelp til å skaffe dei heimlause tak over hovudet.

Vi sluttar oss til Egelands oppmoding til regjeringa i Zimbabwe om å byggje på dette og gi FN og andre internasjonale givarar uavgrensa tilgang, slik at dei kan gi humanitær bistand til dei som har akutt behov for det. Vi oppmodar afrikanske institusjonar og statar til å støtte opp om denne appellen til regjeringa i Zimbabwe. Vi understrekar at EU for sin del vil halde fram med å gi humanitær bistand til folket i Zimbabwe.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.