Historisk arkiv

Erklæring frå EU-formannskapet om den politiske situasjonen i Nepal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den politiske situasjonen i Nepal

30.01.2006

Den europeiske unionen er framleis djupt uroa over situasjonen i Nepal, der politiske krefter ser ut til å styre mot ein stadig hardare konfrontasjon og polarisasjon, og risikoen aukar for ei forverring av den politiske krisa.

Den europeiske unionen gir si fulle støtte til dei moderate røystene i Nepal, som arbeider for ein berekraftig fred basert på prinsippa om eit sivilt, ansvarleg og demokratisk styre.

EU fordømmer på det sterkaste bruken av makt for å hindre at folket i Nepal får utøve sine grunn­leggjande rettar, mellom dei retten til forsamlings- og ytringsfridom. EU meiner at dei omfattande restriksjonane regjeringa har lagt på det nepalske samfunnet, på politiske parti og på sivilsamfunnet den siste veka, er urimelege og ikkje i samsvar med det Nepal har forplikta seg til innanfor ramma av Den internasjonale konvensjonen om sivile og politiske rettar.

EU oppmodar kongen, regjeringa i Nepal og tryggingsstyrkane til straks å gjeninnføre alle politiske og sivile rettar, i samsvar med Nepals internasjonale forpliktingar, frigi alle politiske fangar og menneskerettsforkjemparar straks og sørgje for at politiske og sivile rettar, mellom dei forsamlings- og ytringsfridom, kan utøvast i fred.

EU fordømmer på det sterkaste at maoistane har teke opp att valdsbruken, med m.a. drap på ein valkandidat nyleg.

EU seier seg svært lei for at regjeringa ikkje nytta høvet som baud seg under maoistanes einsidige våpenstillstand, til å erklære våpenkvile.

EU understrekar at alle partar har plikt til fullt ut å respektere internasjonal humanitær rett, m.a. gjennom å verne sivile og leggje til rette for tilgang for humanitære organisasjonar som arbeider for å hjelpe personar som er ramma av uroa.

EU understrekar på nytt at det Nepal og folket i Nepal no har eit presserande behov for, er ein stans i krigshandlingane som eit første steg i ein inkluderande og omfattande fredsprosess.

Den europeiske unionen minner igjen om sitt syn når det gjeld val. For at vala skal ha meining, er det avgjerande at dei vert haldne i direkte samråd med dei politiske partia, som ein del av eit opplegg for full gjeninnføring av demokratiet. Den kjensgjerninga at det ikkje har vore noko slikt samråd tyder på at dei planlagde lokalvala vil innebere eit nytt steg tilbake for demokratiet, og at dei sannsynleg­vis vil føre til ei ytterlegare polarisering av stillingane.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.