Erklæring frå EU-formannskapet om den seinaste utviklinga i Georgia/Abkhasia og Sør-Ossetia (20.07.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den seinaste utviklinga i Georgia/Abkhasia og Sør-Ossetia (20.07.06)

Den europeiske unionen viser til den seinaste utviklinga i den sør-ossetiske konfliktsona i Georgia og til resolusjonen frå det georgiske parlamentet om fredstryggjande styrkar stasjonerte i konfliktsonene, som blei vedteken 18. juli 2006.

Ved å vise til erklæringa frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den siste utviklinga i Georgia/Sør-Ossetia av 21. februar, understrekar Den europeiske unionen på nytt si støtte til ei fredeleg løysing på dei territoriale konfliktane i Georgia basert på respekt for Georgias suverenitet og territoriale integritet innanfor dei internasjonalt godkjende grensene. Den europeiske unionen seier seg glad for dei initiativa som har vore fremma for å oppnå dette, slik dei kjem til uttrykk i vedtaka frå OSSEs ministerrådsmøte i Ljubljana i desember 2005, og er reie til å medverke aktivt i fredsprosessen.

Den europeiske unionen er nøgd med resultatet av den OSSE-støtta givarlandskonferansen om Sør-Ossetia som blei arrangert i Brussel 14. juni. Unionen håpar at programma for økonomisk atterreising som det var semje om der, vil styrkje den gjensidige tilliten mellom partane. Unionen seier seg òg glad for planane om å sende eit sendelag frå FN som skal sjå på om det lèt seg gjere å utplassere ein internasjonal politistyrke i Abkhasia så snart råd er.

Den europeiske unionen er djupt uroa over den vedvarande spente situasjonen mellom Georgia og Russland og dei seinaste hendingane i Sør-Ossetia, som ikkje medverkar til stabilitet og fri rørsle. Den europeiske unionen er særleg uroa over at den einaste godkjende grensepasseringsstaden mellom Georgia og Den russiske føderasjonen nyleg blei stengd. Den europeiske unionen strekar under kor viktig det er å sikre fritt varebyte og fri rørsle for personar, særleg ved å halde grensepasseringsstaden ved Zemo Larsi open.

Unionen fordømmer alle former for vald. Unionen minner òg partane om at fengsling av og vald og truslar mot OSSE-observatørar, diplomatisk personell og andre som utfører avtala oppgåver knytt til dei fredstryggjande operasjonane og til freistnader på å løyse konflikten, er uakseptabelt.

Den europeiske unionen ber partane innstendig om fullt ut å nytte seg av dei forhandlingsmekanismane som eksisterer og å gjere sitt beste for å fremje stabilitet og ei fredeleg utvikling i regionen. I samband med dette seier Den europeiske unionen seg lei for at det planlagde møtet i Den felles kontrollkommisjonen for Sør-Ossetia 17.-18. juli, er blitt avlyst.

Den europeiske unionen understrekar at forhandlingane og fredstrygginga i Sør-Ossetia og Abkhasia må bli meir effektiv, samstundes som Unionen oppfordrar alle partane om å innleie samtalar på grunnlag av dei eksisterande mekanismane for å sjå nærare på om det lèt seg gjere med forbetringar.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.