Erklæring frå EU-formannskapet om dommane mot Shan-folkets leiarar (16.11.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om dommane mot Shan-folkets leiarar (16.11.05)

Den europeiske unionen fordømmer dei harde fengselsstraffene som nokre av leiarane for Shan-folket vart dømde til 3. november, mellom dei Khun Tun Oo, formannen for "Shan Nationalities' League for Democracy", og generalmajor Hso Ten, formannen for "Shan State Peace Council". Den europeiske unionen viser til si erklæring 16. februar om fengslinga av desse to. Den europeiske unionen fordømmer også den politisk motiverte dommen som nyleg vart avsagt over ein annan av Shan-folkets leiarar, Donald Sao Oo Kya.

EU er særleg uroa over at Hso Ten har fått ein hard dom, trass i at gruppa hans, "Shan State Army (North)", deltek i nasjonalkongressen til Statens råd for fred og utvikling (SPDC), som skal tre saman igjen 5. desember. Det er EUs oppfatning at nasjonalkongressen ikkje kan fremje nasjonal forsoning med mindre representantar for alle parti og etniske nasjonalitetar kan delta utan frykt for slike trugsmål og trakasseringar.

EU tek opp att si erklæring frå 17. juni, der unionen støttar den territorielle integriteten til Burma/Myanmar. EU meiner at Burma/Myanmars kompliserte interetniske konfliktar bør løysast ved hjelp av fredelege politiske og demokratiske middel.

EU ber SPDC frigje Shan-leiarane og alle andre politiske fangar straks og utan vilkår, slik at alle sosiale og politiske krefter kan delta i ein prosess som er kjenneteikna av ekte og inkluderande dialog.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.