Erklæring frå EU-formannskapet om fengslinga av opposisjonsleiaren i Uganda (21.11.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om fengslinga av opposisjonsleiaren i Uganda (21.11.05)

Den europeiske unionen (EU) ser med djup uro på fengslinga av leiaren for Forum for demokratisk endring (FDC), dr. Kizza Besigye, og 22 andre, etter skuldingar om m.a. landssvik. Overgangen til eit pluralistisk demokratisk system før det komande valet i februar eller mars 2006 vert av EU sett på som eit avgjerande steg i den politiske utviklinga i Uganda. I denne samanhengen ser EU det som viktig at alle partar kan konkurrere med kvarandre på ein rettferdig og open måte, og at dei viser ei framferd som er i samsvar med dette. EU ber difor om at dr. Besigye og dei andre som er sikta, fullt ut får nyte godt av den rettsprosessen og det vernet som dei er garanterte etter den ugandiske grunnlova, og at dei sikta snarast må få ein open og fri rettargang.

EU oppmodar vidare den ugandiske regjeringa til å arbeide for å atterreise folks tillit til tryggingstenestene, og for å sikre at tryggingsstyrkanes reaksjonar står i eit rimeleg forhold til dei trugsmåla dei står overfor i ein gitt situasjon. EU er særleg uroa over det ugandiske politiets bruk av skarp ammunisjon 14. november, noko som førte til eit tragisk dødsfall og personskadar.

FDC bør oppmode folk til å unngå vald og konfrontasjon og til å respektere lova og konstitusjonen. Fredeleg protest er ein grunnleggjande menneskerett, medan valdelege demonstrasjonar utgjer eit reelt trugsmål mot den offentlege tryggleiken og ikkje på noko vis medverkar til å fremje demokratiet.

EU oppmodar alle politiske grupper til å delta fullt ut i den demokratiske prosessen i Uganda, og unionen oppmuntrar til dialog for å styrkje dei demokratiske institusjonane.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.