Erklæring frå EU-formannskapet om kunngjeringa av møtestad og dato for samankalling av det somaliske parlamentet (10.02.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om kunngjeringa av møtestad og dato for samankalling av det somaliske parlamentet (10.02.06)

Den europeiske unionen seier seg glad for kunngjeringa som formannen for det føderale overgangsparlamentet i Somalia kom med 30. januar 2006 i nærvær av Republikken Somalias president, der Baidoa vert peika ut som møtestad for den ekstraordinære sesjonen til det somaliske parlamentet, som skal ta til 26. februar 2006.

EU er glad for engasjementet presidenten og parlamentsformannen viser for å følgje opp Aden-erklæringa, og unionen tek opp att oppmodinga til alle medlemmene av det føderale overgangsparlamentet og regjeringa om å støtte aktivt og positivt opp om gjennomføringa av dette tiltaket og samarbeide for å sikre det politiske klimaet og tryggleiken som er nødvendige for at parlamentssesjonen skal kunne gjennomførast.

EU stadfester på nytt at unionen er reie til å gi logistisk og økonomisk støtte i den grad det er nødvendig og føremålstenleg for å førebu den ekstraordinære sesjonen, og for å fremme arbeidet til parlamentet internt i Somalia.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.