Erklæring frå EU-formannskapet om situasjonen i Togo (08.05.06)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Togo

08.05.06

Den europeiske unionen konstaterer nøgd at dialogprosessen i Togo vart innleidd 21. april i år, og at det vart vedteke ein open dagsorden som omfattar alle dei grunnleggjande spørsmåla som skal medverke til å leggje grunnlaget for ei varig nasjonal forsoning. Denne hendinga er eit viktig steg mot full etterleving av dei 22 tilsegnene dei togolesiske styres­maktene har gitt.

Den europeiske unionen seier seg glad for innsatsen som president Faure Gnassingbé, regjeringa, den politiske klassen i Togo i sin heilskap og representantar for det togolesiske sivilsamfunnet har lagt ned for å oppnå dette. Unionen rettar ei sterk oppmoding til alle dei medverkande om å fullføre dialogen og finne effektive måtar å gjennomføre konklusjonane på.

Den europeiske unionen understrekar at unionen står klar til å støtte dei togolesiske styresmaktene i arbeidet med å gjennomføre dei 22 tilsegnene, i samsvar med avgjerda i Rådet 15. november 2004.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeids­området, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.