Erklæring frå EU-formannskapet om vala i Etiopia (20.05.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om vala i Etiopia (20.05.05)

Den europeiske unionen gratulerer folket i Etiopia med den fredelege og verdige måten dei føderale og regionale parlamentsvala 15. mai 2005 vart avvikla på. Desse vala markerer eit viktig steg i prosessen for å oppnå demokratisering og regional stabilisering i Etiopia, ein prosess som ikkje kan reverserast.

Den europeiske unionen gler seg over at etiopiske styresmakter hadde invitert internasjonale observatørar til å følgje med på vala, og særleg på at EU-sendelaget som var til stades under heile valprosessen, fekk observere stemmegjevinga i dei ulike delane av landet. EU viser til kommentarane frå sendelaget av 17. mai 2005 om både positive sider og rapporterte avvik, som det vil vere nødvendig å sjå nærare på seinare. Den europeiske unionen strekar under at observatørlaget frå organisasjonen vil følgje også den delen av valprosessen som står att, og såleis vil vere til stades ved det regionale parlamentsvalet i Somalia som skal haldast 21. august 2005.

Den europeiske unionen minner om at offisielle erklæringar om utfallet av stemmegjevinga vil bli framlagde etter at stemmene er talde opp av det nasjonale valstyret, og at det difor er for tidleg å seie noko meir om resultata no.

Den europeiske unionen tek sterkt til orde for at alle partar må gjere bruk av tvisteordningane dersom dei er usamde om noko i samband med valet.

Den europeiske unionen ber alle politiske leiarar om å samarbeide og vise kvarandre respekt og vilje til dialog no etter valet, både under den føreståande kunngjeringa av valutfallet og ved opninga av dei nye forsamlingane, slik at ein fredeleg demokratisk prosess kan sikrast i samsvar med rettsstatsprinsippa og på grunnlag av streng etterleving av menneskerettane. Den europeiske unionen står framleis til disposisjon for partane dersom dei treng støtte i denne avgjerande fasen av prosessen.

Den europeiske unionen oppmodar folket i Etiopia om å leve opp til det engasjementet for demokratiske verdiar som det viste under vala og å avvente utfallet på ein roleg måte i samsvar med rettsreglane.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, kandidatlanda Tyrkia og Kroatia*, landa i stabiliserings- og assosieringsprosessen og dei potensielle kandidatlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, i tillegg til EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.