Erklæring frå EU-formannskapet om valet av kvinner til styret i Jiddas handelskammer (05.12.05)

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet av kvinner til styret i Jiddas handelskammer (05.12.05)

EU seier seg glad for valet i Saudi-Arabia 29. november 2005, der kvinner for første gong hadde røysterett og rett til å stille som kandidatar til styret i handelskammeret i Jidda.

To kvinnelege kandidatar vart valde inn. Handelskammeret i Jidda er den første offentlege institusjonen i Saudi-Arabia der kvinner har fått tilgang til styret. EU ser på dette som ei positiv utvikling og håpar at kvinnene etter kvart vil spele ei større rolle i det saudiarabiske samfunnet.

Dei tiltredande landa Bulgaria og Romania, søkjarlanda Tyrkia og Kroatia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Serbia og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, samt Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.