Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Bilfergen - klage på Riksantikvaren sitt vedtak om å avslå på søknad om tilskot frå statsbudsjettet 2017 kapittel 1429 post 74

Saken gjeld den freda Bilfergen. Eigaren søkte om tilskot til å setje ferja i stand. Riksantikvaren avslo søknaden. Etter å ha vurdert alle sidene ved saka, har Klima- og miljødepartementet oppretthalde avslaget.

Klima- og miljødepartementet viser til klagen datert 15. mars 2017 på Riksantikvaren sitt vedtak datert 3. mars 2017 om å avslå søknaden om tilskot til M/F Bilfergen.

Klima- og miljødepartementet har vurdert alle sidene ved saka og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje er brukt feil lova eller at det er feil ved sakshandsaminga, feil som kan ha hatt innverknad på innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningsloven paragraf 41. Departementet har heller ingen merknader til Riksantikvaren si skjønnsutøving i saka. Klima- og miljødepartementet har derfor ikkje funne grunn til å gjere om Riksantikvaren sitt vedtak av 3. mars 2017.
Klagen vert ikkje teke til følge.

Bakgrunn

Bilfergen vart freda gjennom eit vedtak datert 20. januar 2012. I brevet datert 28. oktober 2016 søkte eigaren om tilskot frå statsbudsjettet kapittel 1429 post 74 til å setje ferja i stand. Totalt vart det søkt om 159 000 kroner. Riksantikvaren avslo søknaden 3. mars 2017. Eigaren har klaga på vedtaket og ber Riksantikvaren om å vurdere delar av avslaget på ny.


Merknadene frå Riksantikvaren, jf. brevet datert 19. april 2017

I perioden frå 1977 til 2017 har ferja motteke tilskot på totalt 6 227 000 kroner og fått utbetalt 6 147 891 kroner. Differanse på 79 109 kroner kjem av at ikkje heile tilskotet for 2016 vart betalt ut, då noko av det planlagde arbeidet ikkje vart gjennomført. Eigaren søkte ikkje om å få resten av tilskotet overført til 2017 innan fristen 1. november 2016. Søknaden vart derfor avvist og restbeløpet fall bort.

Til saman fekk Riksantikvaren inn søknader på 285 millionar kroner for 2017, medan direktoratet hadde rundt 61 millionar kroner til fordeling, inkludert grunntilskot til Norsk foreining for fartøyvern. Midla skal gå til:

  • tiltak som stanser og hindrar ytterlegare forfall
  • fartøy det finst få av
  • fartøy som har allmenn interesse
  • fartøy som er offentleg tilgjengelege
  • tiltak med økonomisk gjennomføringsvilje og –evne
  • tiltak med potensial for lokalt engasjement
  • fartøy med unike opplevings- og formidlingsverdiar knytt til seg

Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningsliner og i samsvar med eventuelle andre retningsliner frå Riksantikvaren.

Rundt 75 prosent av alle søknadene tilfredsstilte desse kriteria. Mellom desse var søknaden frå Bilfergen. På grunn av at ein så stor del av søknadene tilfredsstiller kriteria, har Riksantikvaren gjort ytterlegare prioriteringar:

  • fartøy med stor frivillig innsats
  • freda fartøy
  • tilskott til større fartøy som står i fare for å miste sertifikatet om dei ikkje blir utbetra. Fleire har pålegg frå Sjøfartsdirektoratet, noe som medfører relativt store kostnader
  • vidareføring eller fullføring av prosjekt som er sette i gang
  • få fartøy av slipp eller ut av dokk
  • ein rimeleg geografisk fordeling

Klagaren sine merknader, jf. brevet datert 15. mars 2017

Klagaren peiker på at avslaget om å overføre restmidla frå 2016 og avslaget på søknaden om tilskot for 2017, set dei i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Klagaren ber difor Riksantikvaren om å vurdere saka på nytt når det gjeld delprosjekta tre og fire.

Riksantikvaren si vurdering av klagen, jf. oversendingsbrevet datert 19. april 2017

Riksantikvaren viser til at Bilfergen tilfredsstilte dei primære tildelingskriteria, saman med dei fleste av dei andre som søkte om tilskot. Ferja tilfredsstilte også dei fleste tilleggsprioriteringane. Årsaka til at Riksantikvaren avslo søknaden, er at direktoratet var nøydd til å prioritere fartøy som er i ein meir kritisk situasjon. Riksantikvaren peikar også på at fleire av tiltaka det blir søkt om tilskot til, ikkje er godt nok utgreia, og at det er ønskeleg med ei synfaring om bord. Denne vart gjennomførd ved kaia i Ålesund 29. mars 2017.

Riksantikvaren meiner at det verken gjennom klagebrevet eller synfaringa har kome fram nye opplysningar som endrar direktoratet si vurdering av den tekniske og økonomiske situasjonen til Bilfergen. Derimot fekk Riksantikvaren under synfaringa meir informasjon om tiltaka det var søkt tilskot til, og gav råd om korleis desse kunne utgreiast nærare med tanke på framtidige søknader.

Riksantikvaren meiner dei har vurdert alle sidene ved saka, og har, etter ei samla vurdering, kome til at det ikkje er grunnlag for å gjere om vedtaket. Klagen er difor sendt Klima- og miljødepartementet for endeleg avgjerd.

Merknader frå Klima- og miljødepartementet

Etter forvaltningslova paragraf 28 kan avslag på søknader om tilskot klagast til Klima- og miljødepartementet. I vurderinga av klagen kan departementet prøve alle sidene ved saka og ta omsyn til nye omstende, jf. forvaltningslova paragraf 34, andre ledd. Departementet skal i klagesakshandsaminga vurdere synspunkta klagaren fremmer.

Med ei svært stor søknadsmengde og avgrensa tilskotsmiddel, må Riksantikvaren prioritere strengt. Det inneber å prioritere ned nokre søknadar fordi andre søknader blir priortert høgare, mellom dei søknader om tilskot til fartøy som er i ein meir prekær situasjon.

Slik Klima- og miljødepartementet ser det, har Riksantikvaren gjeve klagaren beskjed om at dei ikkje ville bli prioriterte for tilskot i 2017. Søkjaren har også fått melding om at bakgrunnen for at tilskotet for 2016 vart avkorta, var at noko av det planlagde arbeidet ikkje var gjennomført. Vidare har Riksantikvaren gjeve råd om kva som skal til for at framtidige søknader kan innvilgast.

Departementet har ingen merknader til direktoratet si skjønnsutøving i denne saka og kan ikkje sjå at det er feil ved måten Riksantikvaren har brukt lova eller ved sakshandsaminga, feil som kan ha vore avgjerande for innhaldet i vedtaket, jf. forvaltningslova paragraf 41.

Klagen vert difor ikkje teke til følgje.


Med helsing


Einar Holtane (e.f)
ekspedisjonssjef

Marianne Moltke-Hansen
seniorrådgjevar

Kopi: Riksantikvaren