Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Eksport fra norske regioner - Hvorfor så store forskjeller?

Menon-rapport 2/2012

"Eksport fra norske regioner - Hvorfor så store forskjeller?" viser at det er store skilnader i mellom dei ulike fylka og regionane i landet når det gjeld kor eksportretta dei er.

Rapporten viser at det er store skilnader i mellom dei ulike fylka og regionane i landet når det gjeld kor eksportretta dei er.

Rapporten er laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet. Menon
har kartlagt eksporten frå alle norske regionar. Arbeidet er nyskapande på fleire måtar. For fyrste gong er òg eksporten av tenester med i statistikken. I tillegg er statistikken basert på kor bedriftene/produksjonen er lokalisert, og ikkje adressa til hovudkontoret.

Rapporten deler grovt sett landet i to. Ein del som eksporterer mykje, og ein del som eksporterer relativt lite. Område med spreidd busetnad står klart fram som mest eksportintensive. Desse områda har høgast grad av eksport, høgast eksport per innbyggjar og høgast eksport per sysselsett i næringslivet.