Forskrift om endring av forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 30. juni 2015 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) §§ 3 og 18.

I forskrift 19. desember 2014 nr.1821 om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. gjerast følgande endringar: 

I

§ 4 skal lyde: 

            Det kan gjevast tilskot ved sjukdom dersom den personen som det vert søkt tilskot for avløysing av er yngre enn 70 år og sjukemeldt frå arbeid i føretaket.

Tilskot etter første ledd stansar når det er utbetalt tilskot for personen i til saman 365 dagar i løpet av dei tre siste åra. Teljinga av dagar tek til på nytt kvar gong det er gått 26 samanhengande veker sidan den siste dagen i den føregåande perioden det har vore utbetalt tilskot for. 

§ 5 tredje ledd første punktum skal lyde 

            I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane. 

§ 8 andre ledd skal lyde: 

Søknadsfristen er 3 månader etter siste dag i perioden avløysinga fann stad. Dersom heile perioden er lenger enn to månader, kan det søkast om delutbetalingar. 

II

Endringane trer i kraft straks. 

Se forskriften på lovdata.no

Tilhørende lov