Godkjenning av fylkesdelplan energi for Hordaland 2001-2012

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Hordaland fylkeskommune
PB. 7900
5020 BERGEN

02.12.03

GODKJENNING AV FYLKESDELPLAN ENERGI FOR HORDALAND 2001-2012.

Miljøverndepartementet har motteke Fylkesdelplan Energi for Hordaland 2001-2012 for sentral godkjenning i brev av 6. juni 2002. Planen er handsama i samarbeid med Olje- og energidepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Samferdsledepartementet, Kommunal– og regionaldepartementet, Arbeids– og administrasjonsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadane som er nemnde nedanfor, godkjenner Miljøverndepartementet i medhald av § 19‑4 i plan- og bygningslova og kongeleg resolusjon av 16. mars 1990, Fylkesdelplan Energi for Hordaland 2001-2012, vedteken av fylkestinget i Hordaland 13. mars 2002.

Fylkesdelplanens innhald

Fylkesdelplan Energi 2001-2012 er ei regionalisering av statleg politikk når det gjeld stasjonært forbruk av energi. I tillegg er det gjort synleg kva klimaverknader ulik energibruk kan føre til. Energiplanen skal gje mål og retningsliner som rettesnor for sakshandsaminga for å sikre at ein heilskapleg regional energipolitikk vert lagt til grunn. Utbyggjarar vil få ein god indikasjon på kva element fylkestinget legg vekt på i enkeltsaker. Planen er og retta mot kommunane som basis for arbeidet med lokale energiplanar, og som hjelp til å få innarbeida energi som tema i kommuneplanlegginga.

Departementa sine kommentarar og merknadar til planen

Regjeringa sitt hovudmål for energipolitikken er at den skal fremje verdiskaping basert på målet om ei berekraftig utvikling. Det er naudsynt med ein aktiv politikk for å avgrense energiforbruket. Visjonen og måla i planen er i godt samsvar med dette hovudmålet. Hordaland fylkeskommune har teke dei statlege signala om å utvikle regionale og lokale strategiar på dette området. Planen er såleis ei god regionalisering av statleg politikk på energiområdet.

Fylkesdelplan Energi inneheld ikkje forslag til enkeltsaker som lokalisering av vindkraftparkar eller satsing på gasskraftverk, eller vern av vassdrag. I oppfølginga er det difor viktig å få definert miljøverdiane, inkludert kulturlandskap og kulturmiljø, for å førebyggje konfliktar og for å få til heilskaplege løysingar i enkeltsaker som har konsekvensar for arealbruk og miljø.

I oppfølginga av energiplanen er det ønskjeleg at det blir sett nærare på samanhengen mellom ulike energiløysingar og utbyggingsmønster, t.d. samlokalisering mellom næringsverksemd og bustad. Det er difor naudsynt med eit samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar og regionale statlege organ og energileverandørane.

Vindkraftanlegg kan kome i konflikt med forsvarets installasjonar, som radarar og radiolinesamband med dekningsskugge og elektromagnetisk støy. Dette er eit viktig punkt for Forvaret som bør takast inn i retningslinene for planen.

Planen nemner eigen klima- og energiplan for transportsektoren som eit mogleg nytt prosjekt i videreføringa av planen. Også her vil det vere viktige koplingar til kommunal og regional arealplanlegging, m.a. i oppfølging av dei rikspolitiske retningslinene for areal og transport.

I kap. 4.1.1 drøftast spørsmålet om vidare vasskraftutbygging. Det er viktig at opprusting og miljøvenleg utviding av eksisterande vasskraftanlegg, og potensialet som ligg i mikro-, mini- og småkraftverk blir teke med når ein vurderar omfanget av vasskraft i framtidig energiproduksjon. I den grad fylkesdelplanen skal vera basis for arbeidet med lokale energiplanar, bør dette perspektivet takast med.

Kap 4.1.2 omtalar potensial for bruk av naturgass i fylket. I St.meld nr. 9 (2002-2003) "Om innlands bruk av energi" vert ferjestrekningar på hovudvegsambandet Stavanger-Trondheim nemnt som potensielt aktuelt for gassferjer, og i Bergensområdet har ein erfaring med bruk av naturgassbussar. Det er naturleg at det regionale nivået drøfter problemstillingane knytt til bruk av gass i transportsektoren.

I kap. 6 blir det peika på verkemidlane som dei ulike forvaltningsnivå disponerer, og på moglege tiltak, prosjekt og handlingar. Det er viktig at fylkesdelplanen følgjast opp gjennom handlingsprogram, for å oppnå betre samsvar mellom plan- og avgjerdeprosessar og gjennom dette kome nærare realisering av planens visjonar og mål.

Miljøverndepartementet vil streke under § 19‑6 i plan- og bygningslova, der det står at fylkesplanen, her og fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunale styresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkommande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal saka takast opp med dei sentrale styresmaktene.

Enkelttiltak som kjem som oppfølging av planen må handsamast på vanleg måte, blant anna etter konsesjonslovgivinga. Olje- og energidepartementet vil gje konkrete vurderingar av desse sakene etter kvart som dei kjem til handsaming.

Med helsing
Lars Jacob Hiim

Kopi:
Kommunane i Hordaland
Fylkesmannen i Hordaland
Olje- og energidepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Kommunal – og regionaldepartementet
Arbeids – og administrasjonsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Forsvarets bygningstjeneste
Fiskeridepartementet
Landbruksdepartementet