Godkjenning av fylkesdelplan for arealbruk i Sogn og Fjordane

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Godkjenning av Fylkesdelplan for arealbruk i Sogn og Fjordane

Miljøverndepartementet viser til brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, datert 23. januar 2001, der ovannemnde plan blir oversendt for sentral godkjenning. Miljøverndepartementet har handsama planen i samråd med Olje- og energidepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Landbruksdepartementet, Fiskeridepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Samferdselsdepartementet.

Vedtak:

Med dei merknadene som er nemnd nedanfor godkjenner Miljøverndepartementet i medhold av § 19-4 i plan- og bygningsloven og kongeleg resolusjon av 16.03.1990, fylkesdelplan for arealbruk i Sogn og Fjordane.

Merknader frå departementa

Departementa ser Fylkesdelplanen for arealbruk som eit godt virkemiddel for å utforme ei heilskapleg regional arealforvaltning. Planframlegget er godt, og departementa er samde i hovudgrepa i planen. Fylkesdelplanen tek opp sentrale arealbruksspørsmål i Sogn og Fjordane og gir retningsliner til den kommunale arealplanlegginga. Det er særleg tema av regional interesse i sjø og på land. Planen er i liten grad retta inn mot konkret arealdisponering i fylket, men er i større grad ei rettleiing for kva omsyn kommunane skal ta i arealplanlegginga. Samla sett vil fylkesdelplanen gi ei balansert arealdisponering når det gjeld kystsoneplanlegging i fylket.

Retningslinene synes å vere basert på ein omfattande og grundig prosess. Spesielt interessant ved prosessen er det at informasjonsteknologien er utnytta ved at informasjon om planarbeidet er lagt ut på fylkeskommunen sine heimesider med høve for alle til å komme med innspel og synspunkt.

Retningslinene som er vedtekne i planen, er i tråd med den nasjonale politikken, som er nedfelt i St. meld. nr. 29 (1996-97) Om regional planlegging og arealpolitikk og St. meld. nr. 58 (1996-97) Miljøpolitikk for ei berekraftig utvikling. Vi viser òg til at det nyleg er lagt fram to stortingsmeldingar; St. meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv og St. meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold, som omtalar nasjonal politikk når det gjeld å ivareta viktige område for friluftsliv og sikre biologisk mangfald. Vi peikar særskilt på at det i kommunal arealplanlegging og ved lokalisering av tiltak, er viktig at ein tek omsyn til dei inngrepsfrie naturområde. Forvaltning av slike område er eit arbeidsfelt som må vurderast ut over grensene til den einskilde kommune, og ofte på tvers av fylkesgrenser.

Kystsona

Miljøverndepartementet har innskjerpa at plan- og dispensasjonspraksis i 100-metersbeltet skal baserast på at strandsona ikkje nokon stad skal byggjast ned på det viset at ein undergrev nasjonale miljømål. Nasjonale mål for strandsona er nå så strenge og tydelege at det ikkje utan vidare skal vere lett å gi dispensasjon frå godkjend plan eller frå plan- og bygningslova § 17-2 (byggjeforbodet i 100-metersbeltet). Ein må vurdere planlegging og dispensasjonspraksis ut frå forholda på staden og den faktiske situasjonen for friluftsliv, naturverdiar, landskap og kulturmiljø i den einskilde region. Fortetting kan vere fornuftig, men føreset bevaring av god grøntstruktur lokalt. Behovet for gode planar gjeld like mykje der det er samanhengande utmarksnatur langs kysten, slik at ikkje tilfeldig utbygging ”punkterer” strandsona på ein uheldig måte.

Regjeringa vil kartleggje utviklinga og sikre allmennretten og allmenta sin bruk av naturområde og strandsona. I den nye friluftslivmeldinga vert det lagt opp til å fortsette arbeidet med å gjere strandsona meir tilgjengeleg. Av alle viktige område for friluftsliv er delar av strandsona langs kysten særleg utsett for stort press. Regjeringa vil sikre og vidareutvikle potensialet for friluftsliv i strandsona med særleg vekt på kyststrekninga i og ved byar og tettstader.

Gjennom strandsonesatsinga er òg den juridiske hjelpa og rettleiinga i strandsonespørsmål til fylka styrkt.

Det vidare arbeidet med vern og bruk av natur i kystsona vil bli fylgt opp i samsvar med St. meld. nr. 43 (1998-1999) Vern og bruk i kystsona. Som ein del av dette er arbeidet med ein nasjonal marin verneplan starta opp.

Jord- og skogbruk

Landbruksdepartementet vil for sin del understreke at arealgrunnlaget med jordsmonnet er den naturressursen som saman med vatn og luft er det viktigaste grunnlaget for all biologisk produksjon og mangfald. Jord- og skogbruksareala er viktige for biologisk mangfald og det økologiske kretslaup. Dei er grunnlag for den langsiktige matforsyninga og for miljøverdiar som landskapet og kulturminner med dei moglegheiter det gir for rekreasjon, trivsel og identitet. Jordvern er difor ein del av miljøvernet, samtidig som jordvernet inneber at ein tek vare på ressursgrunnlaget for landbruket. Bevaring av høgproduktive areal er ein sentral målsetting innan arealpolitikken. På bakgrunn av dette burde sikring av høgproduktive landbruksareal vært lista opp som eit overordna mål i kap. 3.2.1. Bruken av omgrep i dette kapitlet når det gjeld vurderingar av landbruksareal, er noko uklar. Under strategiar vert omgrepet jordpolitiske arealvurderingar nytta, medan under retningsliner vert det snakka om ei fagleg vurdering av jordbruksareala.

Det er ei retningsline i planen at ein skal ta omsyn til friluftsinteressene ved planlegging og nybygging av nye større landbruksvegar. Vi viser til at gjennom St. meld. nr. 17 (1998-99) har Landbruksdepartementet varsla at det vil kreve om at det er kommunevise hovudplanar for utbygging av skogvegnettet innan 2001. Stortinget har slutta seg til dette ved handsaminga av meldinga.

Fiskeri- og havbruksnæringa

Når det gjeld mål, strategiar og retningslinjer, er det gjort greie for viktige nasjonale og regionale innsatsområde for fiskeri- og havbruksnæringa på ein tydeleg og god måte. Disse gir god rettleiing for arealplanlegginga i kommunane. Likeins synest tiltaka for fiskeri- og havbruksnæringa, som er nemnd i kapittel 4, å være dekkjande og i tråd med nasjonale interesser.

Fiskeridepartementet vil understreke at kapittel 1.3, når det gjeld ulike særlover som gir rammer for arealplanlegginga i kommunar og fylkeskommunar, òg burde ha omtala oppdrettslova, havbeitelova og kontinentalsokkellova.

I kapitel 2.1 som gjeld arealplanlegging i sjø, viser ein til St. meld. nr. 29 (1996-97) Om regional planlegging og arealpolitikk der det særleg er to moment som er aktuelle:

  • Det konkrete behovet for planlegging i sjø vil først og fremst gjelde kystnære område med bruksmåtar og konflikter som må ein sjå i samanheng med det som skjer på land.
  • Forvaltning av levande marine ressursar og bevaring av biologisk mangfald i sjø er ei oppgåve som framleis bør løysast ved forvaltning gjennom sektorlovverket.

Under kapitel 2.9 i avsnitt om ”særlover” kunne kontinentalsokkelloven vert omtala. Kontinentalsokkelloven gir føreskrift om hausting av tang og tare.

Fiskeriforvaltninga arbeider med ein langsiktig forvaltningsplan for tareressursane. Ein har sett i gong eit arbeid regionalt der aktuelle fylke mellom anna ser på kva for område som ein bør opne for tråling.

  • Elles viser ein til rundskriv T-4/96 ”Lover og retningslinjer for planlegging og ressursutnytting i kystsonen”, som legg viktige nasjonale føringer for fylkeskommunar og kommunar.

Fiskeridepartementet vil òg gjere merksam på at registreringane i Nordfjorden over kaste- og låssettingsplassar, ikkje er i samsvar med dei registreringane som Fiskeridirektoratet region Sogn og Fjordane har gjort. Departementet legg til grunn at dette vert oppretta i tråd med dei data Fiskeridirektoratet bruker.

Departementa har merka seg at det i retningslinene til planen, heiter at det nasjonalt viktige natur- og kulturlandskap som er kartfesta og omtalte i fylkesdelplanen, skal få særleg merksemd i kommuneplanarbeidet.

Vindkraft

Miljøverndepartementet gjer merksam på at planane for vindkraft i Noreg i dag er ca.
4,2 TWh, ikkje 2,2 TWh slik det er omtalt i fylkesdelplanen. Norges Vassdrags- og Energiverk har den mest oppdaterte oversikten på dette området. Omtalen av vindkraft synest å vere noko forelda, og departementet ber om at dette kapitelet blir gjennomgått og oppdatert.

I dag er det energiproduksjon frå vindkraftanlegget i Vågsøy. Eit anlegg i Selje har fått konsesjon, men denne er påklaga. Eit anlegg i Bremanger er under planlegging.

Med utgangspunkt i meteorologiske målingar har Statkraft gjennomført målingar på ein del område frå Lindesnes i sør til Finnmarkskysten i nord. I Sogn og Fjordane har Statkraft vurdert Stadlandet som eit aktuelt område for vindkraftproduksjon. her er det gjennomført ei konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova, og tiltaket er tildelt konsesjon etter Energilova. Selje kommune har vedteke reguleringsplan for området. Konsesjonsvedtaket er påklaga, og det er reist motsegn mot reguleringsplanen. Klagesaka etter Energilova blir avgjort av Olje- og energidepartementet, medan motsegna til reguleringsplanen blir avgjort av Miljøverndepartementet.

I tillegg ligg det føre melding om eit vindmølleprosjekt på Bremangerlandet. Her er ein no i ferd med å utarbeide konsekvensutgreiing. Eit mindre anlegg på Mehuken ved Kvalheim i Vågsøy har fått konsesjon etter Energilova, og er sett i drift.

Tettstadsutvikling, senterstruktur og samferdsle

Departementa minner om at ein bør søkje å oppnå klare grenser mellom bygde område og landsbruks-, natur- og friluftsområde. Potensialet for auka arealutnytting innanfor eksisterande by- og tettstadsområde skal utnyttast før nye utbyggingsområde kan takast i bruk. Departementa støtter Sogn og Fjordane i at planlegginga av utbyggingsmønsteret og transportsystemet må samordnast.

Ein visar òg til dei løysingar og utfordringar som er lagt fram i det felles statlege og kommunale prosjektet ”Verkemidlar for betre arealutnytting i byer og tettstader”.

By- og tettstadsstruktur, sentrumsavgrensing og etablering av kjøpesentra

Det er ikkje utvikla nokon tydeleg by- og tettstadsstruktur i fylkesplanen, ut over at Førde vert definert som fylkessenter. Miljøverndepartementet meiner det er ei svekking av planen at den ikkje avklarer kva regionar-/ regionsenter som fylket skal delast inn i, og vil rå til at dette vert gjort.

Det er ikkje gjort og framstilt sentrumsavgrensingar på kart i fylkesdelplanen. Departementet er samd i at avgrensinga vert gjennomført i samband med revisjon/utarbeiding av kommuneplanen, slik planen leg opp til. Ein gjer merksam på at Statistisk Sentralbyrå har gjennomført ei sentrumsavgrensing for større tettstader i alle fylke. Dette vil vere eit godt og objektivt utgangspunkt for det vidare arbeid i fylket.

Departementet har ikkje merknader til retningslinene for lokalisering av kjøpesentra i dei ulike tettstadene,

Avslutning

Miljøverndepartementet godkjenner fylkesdelplan for arealbruk i Sogn og Fjordane og ser denne planen som eit virkemiddel for å auke kompetansen om arealplanlegging i den einskilde kommune.

Miljøverndepartementet vil understreke § 19-6 i plan- og bygningslova, der det står at fylkesplanen, her også fylkesdelplanar, skal leggjast til grunn for fylkeskommunal verksemd, og vere retningsgjevande for kommunal og statleg verksemd i fylket. Plan- og bygningslova føreset at statlege organ som vil fråvike føresetnadene i godkjend fylkesplan, skal ta dette opp med fylkeskommunale planstyresmakter. Dersom fylkeskommunen og vedkomande sektorstyresmakt ikkje blir samde, skal ein ta opp med dei sentrale planstyresmaktene.

Med helsing
Børge Brende

Kopi:
Kommunane i Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Olje- og energidepartementet
Nærings- og handelsdepartementet
Landbruksdepartementet
Fiskeridepartementet
Kommunal- og regionaldepartementet
Samferdselsdepartementet
Statens vegvesen Sogn og Fjordane vegkontoret
Direktoratet for naturforvaltning
Riksantikvaren
Statens forurensningstilsyn