Høring av forslag til rettinger i lov 21. juni 2013 - Jordskiftelova
Høyring | Dato: 28.01.2015 | Landbruks- og matdepartementet
Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)
1. Kva høyringsbrevet gjeld
Ny jordskiftelov blei fastsett 21. juni 2013. Den nye lova gjeld frå 1. januar 2016. Tida frå ny lov blei fastsett fram til ho skal gjelde er brukt til å førebu ny lov bl.a. ved å utarbeide eit nytt saksbehandlingssystem og ulike kompetanseoppbyggingstiltak. Under denne førebuinga har ein sett at § 6-21 i den nye lova kan gjere saksbehandlinga i enkelte saker for jordskifteretten vanskeleg. Domstoladministrasjonen (DA) har i brev av 9. desember 2014 bede om at føresegna blir endra. Sjå vedlegg 1.
Departementet har med utgangspunkt i brevet frå DA utarbeidd eit forslag til endring av lova slik at § 6-21 ikkje skal gjelde alle jordskifteavgjerder. Lovforslaget går fram av punkt 6.
Departementet ber om merknader til endringsforslaget innan 2. mars 2015. Høyringsfristen er kort fordi departementet ønskjer å leggje til rette for at ei endring av lova kan fastsetjast av Stortinget før den nye lova tek til å gjelde.
Departementet ber samstundes om innspel til åpenbare feil som bør rettast i den nye lova.
2. Innhaldet i jordskiftelova § 6-21
Etter jordskiftelova § 6-21 skal jordskifteretten utarbeide eit forslag til jordskifteavgjerd, som skal leggjast skriftleg fram for partane. Før forslaget blir utarbeidd, skal partane få høve til å uttale seg. Det skal fastsetjast ein frist som ikkje skal vere kortare enn to veker for å gi slik uttale, og forslaget til jordskifteavgjerd skal deretter som hovudregel behandlast i rettsmøte. Dersom jordskifteretten meiner det held, og ingen av partane er mot det, kan forslaget behandlast skriftleg utan rettsmøte.
Kva for avgjerder som er jordskifteavgjerder går fram av § 6-23 fjerde ledd. Det er avgjerder om:
a) vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje,
b) sakleg og geografisk avgrensing av saka, verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet, val av trase for vegar og anna undervegs i saka,
c) utsett merking og måling,
d) skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten,
e) reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid,
f) fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30,
g) sakskostnader etter 7-6,
h) den endelege jordskifteløysinga.
I Prop. 101 L (2012-2013) er det lagt til grunn at jordskiftelova § 6-21 avløyser gjeldande jordskiftelov (1979) § 17 a andre ledd og § 20. Ny jordskiftelov § 6-23 fjerde ledd listar likevel opp langt fleire avgjerder enn dei som går fram av §§ 17 a og 20 i gjeldande lov. Gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd gjeld avgjerd om verdsetjing og regulering. § 20 gjeld behandlinga av skifteplanen. Regelen i ny jordskiftelov utvider såleis pliktene jordskifteretten har til å utarbeide utkast til avgjerd, til å leggje utkastet skriftleg fram for partane på førehand, og til å behandle utkastet i rettsmøte.
3. Brev frå DA om endringsbehovet
DA peikar i brevet sitt på at § 6-21 ikkje gir rasjonelle prosessar for partane ved behandlinga av alle slag jordskifteavgjerder. Løysinga er såleis ikkje i samsvar med intensjonen lovgivaren har hatt om å gjere saksbehandlinga meir effektiv og rasjonell. DA meiner løysinga i ein del saker vil gjere saksbehandlinga meir langvarig og komplisert enn etter gjeldande jordskiftelov.
DA viser til konkrete problem knytt til slik behandling i fire samanhengar. Det gjeld ved behandlinga av den saklege og geografiske avgrensinga av saka, ved avheimling av skjønn som del av ei jordskiftesak, ved vurderinga av om dei materielle vilkåra ikkje er oppfylte, og ved fordeling av sakskostnader. DA peikar også på at det ut over ordlyden i lova ikkje er konkrete haldepunkt i Prop. 101 L (2012-2013) for at det var meininga å utvide pliktene til alle avgjerdene som etter § 6-23 fjerde ledd er kalla jordskifteavgjerder.
4. Departementet sine vurderingar av endringsbehovet
Departementet er samd med DA i at § 6-21 slik lovteksta er utforma, vil gjelde ved alle former for jordskifteavgjerd. Departementet ser også at dette kan vanskeleggjere framdrift i enkelte jordskiftesaker, i nokre rettsfastsetjande saker og ved skjønn i samband med jordskifte. Dersom jordskifteretten for eksempel skal ta stilling til om vilkåra for jordskifte er oppfylte eller ikkje, jf. jordskiftelova § 6-23 fjerde ledd bokstav a), vil jordskifteretten etter muntlege forhandlingar ha plikt til å sende eit skriftleg utkast til jordskifteavgjerd om dette til partane med uttalefrist og kontradiksjon før retten kan treffe avgjerd. Det same vil gjelde dersom retten skal utmåle ekspropriasjonserstatning etter bokstav d). Dersom dette kan oppfattast som ein ”skinn-prosess” der retten etter å ha høyrt partane og har bestemt seg, likevel må sende forslaget på høyring, bør lova endrast. Formålet med lova i § 1-1 andre ledd om rask, effektiv og tillitskapande behandling er viktig, og ein må ha reglar som gjer at formålet blir oppfylt.
Med dette som bakgrunn foreslår departementet å endre § 6-21 første ledd og § 6-23 fjerde ledd slik at pliktene i § 6-21 skal gjelde visse jordskifteavgjerder, men ikkje alle.
Departementet ser at det kan framstå som noko uklart ut frå ordlyden i § 6-21 om plikta jordskifteretten har til å leggje fram eit forslag til jordskifteavgjerd skal vere grunngitt i tråd med § 6-24 femte og sjette ledd (som fastset korleis jordskifteavgjerder skal grunngivast), eller om plikta berre gjeld eit eller fleire forslag til jordskifteløysing som blir grunngitt etterpå i samband med den endelege avgjerda. I Prop. 101 L (2012-2013) s. 301 er det uttalt følgjande om dette: ”Departementet fremjer ikkje forslag om krav til grunngiving av forslag verken til rettsfastsetjande avgjerder (dom) eller jordskifteavgjerder (dei endelege avgjerdene skal ha ei grunngiving etter reglane i lovforslaget § 6-24).” Når det likevel er aktuelt å gjere endringar i § 6-21 meiner departementet at ein bør nytte høvet til å gjere føresegna klarare også på dette punktet. Departementet foreslår ei slik endring. Vi gjer samtidig merksam på at ordlyden i §§ 6-21 og 6-22 er nokså parallell på dette punktet, og ber om merknader til om det difor bør gjerast endringar i begge dei to føresegnene.
5. Nærare om forslaga til endringar
Behovet for endring gjer det nødvendig å vurdere i kva for tilfelle § 6-21 er eigna ved førebuinga av jordskifteavgjerd. Tilvisinga i § 6-21 bør berre gjelde avgjerder der høyring mm. er tenleg for å sikre kvaliteten i avgjerdene, samstundes som løysinga ikkje fører til unødig tidsspille og unødig ressursbruk. DA har i brevet sitt peika på at behandling etter § 6-21 ikkje er tenleg ved fire konkrete avgjerdstyper, og foreslår at § 6-21 difor ikkje bør gjelde ved jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd bokstav a, ved sakleg og geografisk avgrensing av saka etter bokstav b, og ved avgjerder etter bokstavane d og g. Sjå grunngivinga i DA sitt brev. Departementet er samd med DA i dette, og sluttar seg også til den grunngivinga som er gitt i brevet.
Departementet meiner ut over dette at § 6-21 heller ikkje bør gjelde ved utsett merking og måling, jf. bokstav c, eller ved utarbeiding av midlertidige reglar, jf. bokstav e.
Jordskifteretten merker og måler inn grenser både i jordskiftesaker og i saker som gjeld rettsutgreiing eller grensefastsetjing. Etter § 6-23 fjerde ledd bokstav c er avgjerdsforma for merking og måling jordskifteavgjerd dersom det skjer etter at saka er avslutta. Utsett merking og måling er i slike høve den tekniske sluttføringa av saka. Departementet vil ikkje utelukke at det kan vere behov for å høyre partane i forkant av denne sluttføringa, men reknar med at dette behovet sjeldan vil vere til stades. Om jordskifteretten ser eit konkret behov for nærare kontakt med partane om merking og måling kan retten ta slik kontakt sjølv om retten ikkje har plikt til det etter lova. Departementet meiner såleis at det ikkje bør vere ei plikt for jordskifteretten å gjennomføre høyring mv. etter § 6-21 i slike saker. Departementet meiner at ei tilsvarande løysing også er mest tenleg ved utarbeiding av midlertidige reglar etter bokstav e.
Samla inneber dette at § 6-21 vil gjelde ved følgjande avgjerder:
a) Verdsetjing og jordskifteløysing
Ved slike avgjerder kan høyring, skriftleg uttale og rettsmøte føre til at saka blir betre opplyst, og det kan føre til at kvaliteten av avgjerda blir betre. Sjølv om saksbehandlinga etter § 6-21 er nokså omfattande, bør dei kvalitetsmessige fordelane ein kan oppnå i desse avgjerdene tilleggjast stor vekt. Dette er avgjerder som har stor betyding for partane, og høyring mv. kan redusere talet saker som vil bli anka. Løysinga er også i tråd med innhaldet i gjeldande lov §§ 17a andre ledd og 20 slik at ho vil føre vidare gjeldande saksbehandlingsreglar.
b) Fordeling av planskapt netto verdiauke
Avgjerder om slik fordeling har stor betyding for partane, og høyring mv. kan føre til ei kvalitetsstyrking av avgjerda, for eksempel dersom forslaget går ut på at fleire partar får utlagt ein utbyggingsrett saman. Dette er moment som taler for at saksbehandlingsregelen i § 6-21 skal gjelde.
For dei andre jordskifteavgjerdene vil det ikkje gjelde særlege saksbehandlingsreglar, men dei generelle reglane i §§ 6-14 til 6-20 vil gjelde.
6. Utforming av lovtekst
Nokre små justeringar i § 6-23 fjerde ledd kan leggje til rette for ei enkel tilvising frå § 6-21. Dette gjer at forslaget frå DA bør føre til endringar både §§ 6-21 første ledd og 6-23 fjerde ledd. Departementet foreslår følgjande endringar:
§ 6-21 første ledd skal lyde:
Når retten tek jordskifteavgjerd etter § 6-23 fjerde ledd bokstav b, f og h, skal retten utarbeide forslag som viser resultatet av jordskifteavgjerda, og forslaget skal leggjast skriftleg fram for partane.
§ 6-23 fjerde ledd skal lyde:
Ved jordskifteavgjerd tek retten avgjerd om
a) |
vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, samt sakleg og geografisk avgrensing av saka etter § 6-9 |
b) |
verdsetjing av det som skal gå i byte i jordskiftet |
c) |
utsett merking og måling |
d) |
skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifteretten |
e) |
reglar som etter § 3-34 skal gjelde for ei viss tid |
f) |
fordeling av planskapt netto verdiauke etter § 3-30 |
g) |
sakskostnader etter § 7-6, og |
h) |
ulike jordskifteløysingar undervegs i saka og den endelege jordskifteløysinga. |
Forslaget inneber at
- tilvisinga i § 6-21 gjeld bestemte typer jordskifteavgjerder, ikkje alle avgjerdene i § 6-23 fjerde ledd
- forslaget i § 6-21 skal vise resultatet av jordskifteavgjerda. Det skal ikkje vere ei fullt ut grunngitt jordskifteavgjerd
- regelen om avgjerder om sakleg og geografisk avgrensing av saka blir flytt frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til fjerde ledd bokstav a)
- regelen om avgjerder om val av trase for vegar og andre avgjerder undervegs i saka blir flytt frå § 6-23 fjerde ledd bokstav b) til fjerde ledd bokstav h), samstundes som ordlyden blir endra slik at ho gjeld ”jordskifteløysingar undervegs i saka”.
For å gi høyringsfråsegn, gå til den digitale løysinga for høyringsfråsegner. Fråsegna er offentlege etter offentleglova og vert publiserte fortløpande på nettstaden.
Med helsing
Inger Grette (e.f.)
avdelingsdirektør
Ingrid Aasen
fagdirektør
Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikke håndskrevne signaturer
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- Justisdepartementet
- Domstoladministrasjonen
- Jordskifterettane
- Jordskifteoverrettane
- Lagmannsrettane
- Advokatforeningen
- Norges jordskiftekandidatforening