Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høyring Forskrift om opptak til høgre utdanning for opptaksåret 2021-2022

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9. Departementet, i samråd med Unit/Samordna opptak (SO), vurderer normalt ein gong i året om det er behov for endringar i denne forskrifta. I tillegg til vurderast forslag om endringar frå universiteta og høgskulane.

Status: På høring

Høringsfrist: 30.09.2020

Vår ref.: 20/2229

Høyringsbrev - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgre utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Departementet vurderer årleg i samråd med Unit/Samordna opptak (SO), om det er behov for endringar i opptaksforskrifta. Forslag om endringar frå universiteta og høgskolane som departementet har mottatt innan 15. april blir vurderte og sende på høyring, saman med eventuelle forslag frå Unit og Kunnskapsdepartementet. Det vedlagte høyringsnotatet er utarbeidd av Unit/SO på oppdrag frå departementet. I tillegg til forslaga i høyringsnotatet foreslår departementet nokre endringar som det er gjort greie for under.

Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2721222

Det skal òg sendast kopi av høyringssvara til Unit/SO på po[email protected].

Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er onsdag 30. september 2020.

1. Forslag frå departementet 

1.1 Kapittel 3. Unntak frå krav om generell studiekompetanse

Forskrift om rammeplan for paramedisin tredde i kraft 1. januar 2020. I arbeidet med nasjonale retningslinjer for denne utdanninga blei det i programgruppa uttrykt ønske om å opne for at søkarar med relevant fagbrev skal få unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til paramedisinutdanninga. Alle utdanningsinstitusjonane som tilbyr paramedisin var representerte i programgruppa. Departementet har i tillegg mottatt eit forslag om eit slikt unntak. På bakgrunn av dette foreslår departementet å fastsette ei ny føresegn:

§ 3-11 Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til spesielt tilrettelagd paramedisin

Institusjonar kan ta opp søkarar med relevant fagbrev som ikkje oppfyller krava til generell studiekompetanse, til spesielt tilrettelagd studium i paramedisin.

1.2 Kapittel 4. Spesielle opptakskrav

§ 4-11 Desentralisert utdanning og deltidsutdanning

Departementet meiner at geografisk nærleik ikkje skal kunne krevjast til studium som blir tilbydde på heiltid, berre for deltidsutdanning. Departementet viser til at det i størst mogleg grad bør vere open konkurranse om studieplassane i høgare utdanning. Det betyr at statleg finansierte studieplassar i utgangspunktet skal være opne for alle kvalifiserte søkarar. Det er grunnen til at departementet har vore restriktive også når det gjeld å imøtekomme søknader om spesielle kvoter, der regional tilknyting er søkt om som eit kriterium.

På sikt ville ei slik endring kunne gjere det vanskeleg å definere grenser for kva som er desentralisert utdanning.

Departementet ser at forskrifta kan oppfattast som uklar når det gjeld forskjellen mellom heiltidsutdanning og deltidsutdanning, og foreslår derfor ei endring i § 4-11.

Forslag til endring av § 4-11:



2. Forslag som ikkje er foreslåtte i høyringa:
Einskilde forslag er ikkje tekne med i høyringsnotatet, då det ikkje vil vere aktuelt å innføre desse endringane no. Under er det gjort kort greie for nokre av forslaga som departementet har valt å ikkje sende på høyring:

2.1 Søknad om unntak frå krav om generell studiekompetanse
I kapittel 3 i opptaksforskrifta er det fastsett unntak frå krav om generell studiekompetanse for nokre studium. Departementet viser til at unntak frå kravet om generell studiekompetanse berre skal gjerast i heilt spesielle tilfelle. Slike unntak gjeld for søkarar som dokumenterer anna utdanning som til dømes forkurs eller spesielle faglege krav fastsette av institusjonen. Det er også fastsett unntak med grunnlag i relevant fagbrev (y-veg) til spesielt tilrettelagde studium. Departementet meiner at det ikkje kan gjerast unntak frå krav om generell studiekompetanse for å nytte fagbrev og praksis som einaste opptakskrav til eit studium.

Det har også kome inn forslag om å få unntak frå krav om generell studiekompetanse med heimel i §3-6 for fleire studium, med grunngjeving om at studia er kunstfaglege. Det finst i dag ikkje ein klar definisjon på kva som er eit kunstfagleg studium. Departementet viser igjen til at unntak frå kravet om generell studiekompetanse berre skal gjerast i heilt spesielle tilfelle og ikkje er eit generelt unntak, og at det er behov for å sjå på kriteria for kva som skal falle inn under denne føresegna.

2.2 Endring i spesielle opptakskrav

For opptak til paramedisin er eit av opptakskrava å bestå ei fysisk opptaksprøve. I forbindelse med den pågåande koronasituasjonen er det for opptaket 2020-2021 innført eit midlertidig unntak frå dette fysiske opptakskravet, da det ikkje har vore mogleg å gjennomføre dette kravet i år. Søkarane må i staden for prøva levere eigenerklæring. Departementet har mottatt eit forslag om la unntaket gjelde permanent, det vil si at det heller ikkje i framtida vil vere krav om å bestå ei fysisk prøve for å få opptak til dette studiet. Departementet meiner at institusjonar som tilbyr paramedisin må evaluere om dette er ei endring som kan gjerast varig, og vil eventuelt vurdere forslag om dette seinare.

Einskilde institusjonar har søkt om å få innføre nye opptakskrav til studium der det allereie er fastsett prøveordning med karakterkrav. Departementet viser til at prøveordninga skal evaluerast etter opptaket i 2020 og meiner at det er lite formålstenleg å fastsette nytt varig karakterkrav før evalueringa er gjennomført. Det kan vere aktuelt å sende eit slikt forslag på høyring når resultata av evalueringa er klar.

Ein institusjon har søkt om å få endre opptakskravet for opptak til master i realfagsstudium og bachelorprogram i matematikk og fysikk til tilsvarande krav om ingeniørfag, med grunngjeving om at slike studium er lagt om til at studentane følgjer dei same basisfaga som ingeniørutdanningane. Same institusjon har også søkt om å få nytte karakterkrav til nokre ingeniørstudium. Kunnskapsdepartementet viser til at tilnærma like studium skal ha same opptakskrav, men at det er fastsett ulike krav til realfag, natur- og miljøfag og til ingeniørutdanningar.

Universitetet i Tromsø (UiT) ønsker fleire spesielle opptakskrav til studieprogramma i Arctic Adventure Tourism og Northern Studies. I tillegg til karakterkrav i engelsk ønsker dei eit krav om at søkarane skal levere eit motivasjonsbrev og at institusjonen kan gjennomføre intervju med dei best kvalifiserte søkarane. Forslaget er omtalt i høyringsnotatet frå Unit. Når det gjeld UiT sitt ønske om å gjennomføre intervju med dei best kvalifiserte søkarane, viser departementet til at dette i så fall må gjelde for alle kvalifiserte søkarar.

Departementet har også motteke søknader om unntak frå krav om kvote for førstegangsvitnemål. Desse søknadene vil bli handsama av departementet denne hausten.



Med helsing 

Anne Line Wold (e.f)
ekspedisjonssjef                                                  Bendik Sjølander
                                                                                rådgjevar

                                                                        

Høyringsbrev.pdf

 

  • Agder fylkeskommune
  • Ansgar Teologiske Høgskole
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
  • Association of Norwegian Students Abroad
  • Atlantis Medisinske Høgskole
  • Barratt Due musikkinstitutt
  • Bergen Arkitekthøgskole
  • Bjørknes høyskole
  • Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning
  • Elevorganisasjonen
  • Fagskoler
  • Fjellhaug Internasjonale Høgskole
  • Forskerforbundet
  • Fylkesmannen i Agder
  • Fylkesmannen i Innlandet
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Fylkesmannen i Nordland
  • Fylkesmannen i Oslo og Viken
  • Fylkesmannen i Rogaland
  • Fylkesmannen i Troms og Finnmark
  • Fylkesmannen i Trøndelag
  • Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
  • Fylkesmannen i Vestland
  •  Handelshøyskolen BI
  • Høgskolen i Innlandet
  • Høgskolen i Molde vitenskapelig høgskole i logistikk
  • Høgskolen i Østfold
  • Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
  • Høgskulen i Volda
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Høyskolen for Dansekunst
  • Høyskolen for Ledelse og Teologi
  • Høyskolen for yrkesfag AS
  • Høyskolen Kristiania
  •  Innlandet fylkeskommune
  •  Kunsthøgskolen i Oslo
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi religion og samfunn
  • Musikkteaterhøyskolen
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  •  NKI AS
  • NLA Høgskolen
  • Nord universitet
  •  Nordland fylkeskommune
  •  Nordland kunst- og filmfagskole
  • Norges Handelshøyskole
  • Norges idrettshøgskole
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Norges musikkhøgskole
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • Noroff høyskole
  • Norsk barnebokinstitutt
  •  Norsk Gestaltinstitutt AS Høgskole
  •  Norsk studentorganisasjon
  •  NSKI Høyskole
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter
  • Oslo kommune
  • OsloMet – storbyuniversitetet
  •  Rogaland fylkeskommune
  •  Samisk høgskole
  •  Skrivekunstakademiet
  •  Steinerhøyskolen
  •  Troms og Finnmark fylkeskommune
  •  Trøndelag fylkeskommune
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Stavanger
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
  • Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Vestland fylkeskommune
  • VID vitenskapelige høgskole
  • Videregående skoler
  • Viken fylkeskommune

    Kopi
  • Arbeids- og sosialdepartementet
  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  •  Barne- og familiedepartementet
  •  Finansdepartementet
  • Forsvarsdepartementet
  • Forum for fagskoler - Abelia
  •  Helse- og omsorgsdepartementet
  •  Justis- og beredskapsdepartementet
  • Klima- og miljødepartementet
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet
  • Kompetanse Norge
  • Kulturdepartementet
  •  Landbruks- og matdepartementet
  •  Likestillings- og diskrimineringsombudet
  •  Lærernes Yrkesforbund
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
  •  Norsk Lektorlag
  • Nærings- og fiskeridepartementet
  • Olje- og energidepartementet
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Samferdselsdepartementet
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  •  Statens lånekasse for utdanning
  •  Unio
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Utdanningsdirektoratet
  • Utdanningsforbundet
  • Utenriksdepartementet