Høring - forslag til diverse endringar i jordlova mv.
Ot.prp.nr. 75 (2005-2006) Om lov om endringar i jordlova mv. Tilråding av 12.05.06
Høyring | Dato: 04.07.2005 | Landbruks- og matdepartementet
Ot.prp.nr. 75 (2005-2006) Om lov om endringar i jordlova mv. Tilråding av 12.05.06 |
Høringsnotat: Endringar i jordlova mv. (pdf, 460 kb) |
Deres ref |
Vår ref |
Dato |
200501130-/IAA |
04.07.05 |
Høringsbrev - forslag til diverse endringar i jordlova mv.
Departementet inviterer med dette til innan 1. november 2005 å gi uttale til forslag til lovendringar. Forslaga gjeld:
- oppheving av delingsforbodet, jordlova § 12, del I,
- oppheving av føresegner om staten sine kjøp av tilleggsjord og føresegner om ekspropriasjon etter jordlova, del II,
- tilskotsordninga, jordlova § 18, del III,
- oppheving av nokre uaktuelle lover, del IV.
Del I, II og IV byggjer mellom anna på eit ønske om forenkling. I del I er det også lagt vekt på at det er nødvendig å konsentrera offentleg innsats om verkemiddel som har potensial for å sikre busetjing, næringsverksemd, innovasjon og livskvalitet i distrikta.
Eigedomar og bygningane som står på dei er ein ressurs. For å sikre positiv utvikling i bygde-Norge at må vi verta meir bevisste på korleis ressursane kan takast i bruk for å nå distrikts- og landbrukspolitiske mål. Eigedomspolitikken bør ta vare på ulike omsyn. Det er nødvendig å støtte opp om ei utvikling mot større eigedomar. Dette kan gi grunnlag for ein meir effektiv gjennomføring av landbruks- og tenesteproduksjonen. Samtidig bør innbyggjarane få større fridom til å velje sjølv korleis dei vil bu. Dei som ønskjer å bu på ein gard, men som ikkje hentar inntekta si frå tradisjonelt landbruk, bør få større moglegheit enn i dag til å gjere det. Det må også bli større moglegheit til å få frådelt store tomter i landbruksområde. Det må samtidig takast vare på dyrka jord, og kulturlandskapet må sikrast som grunnlag for rekreasjon. Samla er dette ein politikk som legg til rette for å nytte eiendomsressursane slik at busetjing, næringsverksemd, innovasjon og livskvalitet i distrikta kan sikrast på ein betre måte enn i dag.
Forslaga i del I og II går ut på:
- at det generelle forbodet mot å dele landbrukseigedom vert oppheva samstundes som det vert fastsett reglar om å søkje delingssamtykke der det er behov for offentleg kontroll med delinga, t.d. ved frådeling av dyrka jord.
- at eigaren må søke samtykke til deling eller frådeling av dyrka jord med mindre det er gitt samtykke til omdisponering etter jordlova § 9, eller der frådelinga gjeld jord som skal seljast som tilleggsjord til eit anna bruk i drift.
- at tinglysingskontrollen ved frådeling vert oppheva, og at kontroll av om delinga er omfatta av plikt til å søkje samtykke etter jordlova skal gjennomførast i samband med kommunen si handsaming av sak om deling og oppmåling etter føresegnene i plan- og bygningslova og ny lov om eigedomsregistrering.
- å avvikle ordninga med frivillig statleg kjøp for å sikre tilleggsjord.
- å oppheve oreigningsadgangen for å sikre tilleggsjord eller rettar og i samband med vanhevd av jord.
Departementet vurderer også:
- om det bør gjerast unntak frå delingsfridomen dersom frådelinga gjeld bygningar som ligg i eller nær tunet på eigedomen.
- om kommunane bør få moglegheit til å fastsette lokal forskrift med utvida plikt til å søkje samtykke til deling ut frå lokale tilhøve og prioriteringar eller om det bør innarbeidast endringar i føresegnene i plan- og bygningslova slik at kommunane kan fastsetje føresegner i arealplan.
- å oppheve oreigningsadgangen i samband med husmanns- og bygselbruk.
Forslaget i del III byggjer på eit ønske om å synleggjera i jordlova § 18 kva for reaksjonar forvaltninga har høve til å nytte overfor tilskotsmottakarar som bryt tilskotsregelverket, og at omsetningsledda har ei rolle i tilskotsformidlinga. Forslaget inneber at forhold som i dag berre er regulert i forskrifter med heimel i jordlova også vert regulert i lov. Forslaget er ikkje meint å innebera endringar i gjeldande rett.
Forslaget i del IV byggjer på eit ønske om å rydde opp i regelverket ved å oppheva lover som har vorte uaktuelle på grunn av samfunnsutviklinga eller som har mista sin reelle funksjon av andre årsaker. Forslaget gjeld oppheving av følgjande lover:
- Lov 22. juni 1934 nr. 5 om midlertidige innførselforbud mv.
- Lov 31. mai 1935 nr. 5 om adgang til å utferdige forbud mot omsetning av ustemplet kjøtt og skinn av tamrein
- Lov 16. juni 1939 nr. 10 om regulering av tilvirkning og omsetning av potetmjøl m.m.
- Lov 13. desember 1946 nr. 23 om omsetning av pelsdyrskinn
- Lov 31. mai 1974 nr. 20 om importavgift og råvareprisutjevning ved eksport (eksportrestitusjon) for produkter framstilt ved bearbeidelse av jordbruksråvarer
- Lov 22. desember 1999 nr. 103 om opphevelse av lov 5. februar 1965 nr. 2 om Statens Landbruksbank m.m. (Overføring av Landbruksbankens oppgaver til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)
Det er utarbeidd eit høringsnotat med grunngjeving og nærare framstilling av forslaga. Der er også forslaga til endringar i lovtekst markerte. Notatet er lagt ut på Landbruks- og matdepartementet sine heimesider http://odin.dep.no/lmd/norsk/dok/hoeringer/bn.html. Dei som ikkje sjølv kan få ut notatet på internet kan ringe Landbruks- og matdepartementet på tlf. 22 24 92 51 eller 22 24 91 49 og be om å få tilsendt utskrift av notatet.
Departementet ber om at uttale vert sendt til departementet innan 1. november 2005. Vi ber om at det i uttalen vert markert særskilt kva for ein del av høringsnotatet merknadane gjeld.
Med hilsen
Ellen Hambro e.f. |
Inger Grette |
- Den norske advokatforening
- Departementa
- Direktoratet for naturforvaltning
- Friluftsrådenes landsforbund
- Fylkeskommunane
- Fylkeslandbruksstyra
- Fylkesmennene
- HOFF Norske Potetindustrier
- Innovasjon Norge
- Jordskifteoverrettane
- Kjøttindustriens Fellesforening
- Kommunane
- Kommunenes Sentralforbund
- Nord Trøndelagsforskning
- Norges Bondelag
- Norges eiendomsmeglerforbund
- Norges Naturvernforbund
- Norges skogeierforbund
- Norsk bonde- og småbrukarlag
- Norsk forening for landbruksrett
- Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
- Norsk Landbrukssamvirke
- Norsk Pelsdyralslag
- Norsk senter for bygdeforskning
- Norske Reindriftsamers Landsforbund
- NORSKOG
- Næringslivets hovedorganisasjon
- Næringsmiddelbedriftenes landsforening
- Reindriftsforvaltningen
- Riksantikvaren
- Statens kartverk
- Statens landbruksforvaltning
- Telemarksforskning Bø
- Toll- og avgiftsdirektoratet
- Universitetet for miljø- og biovitenskap Norges Landbrukshøyskole
Høringsuttalelser: | ||
Den norske advokatforening |
||
Departementa: | ||
Arbeids- og sosialdepartementet |
||
Barne- og familiedepartementet |
||
Fiskeri- og kystdepartementet |
||
Forsvarsdepartementet |
||
Helse- og omsorgsdepartementet |
||
Justis- og politidepartementet |
||
Kultur- og kirkedepartementet |
||
Kommunal- og regionaldepartementet |
||
Miljøverndepartementet |
||
Moderniseringsdepartementet |
||
Nærings- og handelsdepartementet |
||
Utenriksdepartementet |
||
Direktoratet for naturforvaltning |
||
Fylkeskommunane: |
||
Akershus fylkeskommune |
||
Fylkeslandbruksstyra: | ||
Fylkeslandbruksstyret i Aust-Agder |
||
Fylkeslandbruksstyret i Buskerud |
||
Fylkeslandbruksstyret i Finnmark |
||
Fylkeslandbruksstyret i Hedmark |
||
Fylkeslandbruksstyret i Hordaland |
||
Fylkeslandbruksstyret i Møre og Romsdal |
||
Fylkeslandbruksstyret i Nordland |
||
Fylkeslandbruksstyret i Nord-Trøndelag |
||
Fylkeslandbruksstyret i Oppland |
||
Fylkeslandbruksstyret i Oslo og Akershus |
||
Fylkeslandbruksstyret i Rogaland |
||
Fylkeslandbruksstyret i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen |
||
Fylkeslandbruksstyret i Sør-Trøndelag |
||
Fylkeslandbruksstyret i Telemark |
||
Fylkeslandbruksstyret i Troms |
||
Fylkeslandbruksstyret i Vest-Agder |
||
Fylkeslandbruksstyret i Vestfold |
||
Fylkeslandbruksstyret i Østfold |
||
Fylkesmennene: | ||
Fylkesmannen i Aust-Agder |
||
Fylkesmannen i Nord-Trøndelag |
||
Fylkesmannen i Møre og Romsdal |
||
Fylkesmannen i Rogaland |
||
Fylkesmannen i Vestfold |
||
HOFF Norske Potetindustrier |
||
Innovasjon Norge |
||
Jordvernforeningen i Rogaland |
||
Kommunane: | ||
Agdenes kommune |
||
Alstahaug kommune |
||
Alta kommune |
||
Alvdal kommune |
||
Arendal kommune |
||
Asker og Bærum kommune |
||
Austevoll kommune |
||
Bamble kommune |
||
Bindal kommune |
||
Birkenes kommune |
||
Bykle kommune |
||
Bærum kommune |
||
Bø kommune |
||
Bømlo kommune |
||
Drammen kommune |
||
Eidfjord kommune |
||
Eidsberg kommune |
||
Eidsvoll kommune |
||
Enebakk kommune |
||
Evje og Hornes kommune |
||
Farsund kommune |
||
Fet kommune |
||
Finnøy kommune |
||
Fjaler kommune |
||
Flekkefjord kommune |
||
Flesberg kommune |
||
Folldal kommune |
||
Frogn kommune |
||
Froland kommune |
||
Fræna kommune |
||
Gausdal kommune |
||
Gildeskål kommune |
||
Gjemnes kommune |
||
Gjerstad kommune |
||
Gjøvik kommune |
||
Gloppen kommune |
||
Gol kommune |
||
Grimstad kommune |
||
Halsa kommune |
||
Hamar kommune |
||
Hamarøy kommune |
||
Hareid kommune |
||
Harstad kommune |
||
Hemsedal kommune |
||
Herøy kommune |
||
Hitra kommune |
||
Hjartdal kommune |
||
Hjelmeland kommune |
||
Hol kommune |
||
Hurdal kommune |
||
Hurum kommune |
||
Karasjok kommune/Karajogdagielde |
||
Kongsvinger kommune |
||
Kristiansand kommune |
||
Krødsherad kommune |
||
Kvinesdal kommune |
||
Kvinnherad kommune |
||
Kviteseid kommune |
||
Leka kommune |
||
Leirfjord kommune |
||
Lesja kommune |
||
Lørenskog kommune |
||
Løten kommune |
||
Mandal kommune |
||
Marnadal kommune |
||
Meldal kommune |
||
Meråker kommune |
||
Midtre Gauldal kommune |
||
Modum kommune |
||
Molde kommune |
||
Namsskogan kommune |
||
Nannestad kommune |
||
Nissedal kommune |
||
Nittedal kommune |
||
Nome kommune |
||
Nord-Aurdal kommune |
||
Nord-Fron kommune |
||
Nordre Land kommune |
||
Nordreisa kommune |
||
Nore og Uvdal kommune |
||
Notodden kommune |
||
Nærøy kommune |
||
Odda kommune |
||
Oppdal kommune |
||
Oslo kommune |
||
Rakkestad kommune |
||
Randaberg kommune |
||
Rauma kommune |
||
Re kommune |
||
Regionalt utviklingssenter, Regionkontoret i Nord-Gudbrandsdal |
||
Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal |
||
Regionrådet for Sør-Østerdal |
||
Rendalen kommune |
||
Rennebu kommune |
||
Rindal kommune |
||
Ringsaker kommune |
||
Rælingen kommune |
||
Røros kommune |
||
Røyken og Lier Kommune |
||
Røyrvik kommune |
||
Sandnes kommune |
||
Sarpsborg kommune |
||
Sauherad kommune |
||
Seljord kommune |
||
Sigdal kommune |
||
Sirdal kommune |
||
Skedsmo kommune |
||
Skien og Porsgrunn kommune |
||
Snillfjord kommune |
||
Sogndal kommune |
||
Songdalen kommune |
||
Sortland kommune |
||
Stavanger kommune |
||
Steigen kommune |
||
Steinkjer kommune |
||
Stjørdal kommune |
||
Surnadal kommune |
||
Søgne kommune |
||
Sømna kommune |
||
Søndre Land kommune |
||
Sør-Aurdal kommune |
||
Sør-Fron og Ringebu kommune |
||
Sørum kommune |
||
Tinn kommune |
||
Tromsø kommune |
||
Trøgstad kommune |
||
Tvedestrand kommune |
||
Tynset kommune |
||
Ullensvang herad |
||
Ulstein kommune |
||
Ulvik herad |
||
Vefsn kommune |
||
Vennesla kommune |
||
Vestvågøy kommune |
||
Vikna kommune |
||
Vinje kommune |
||
Voss kommune |
||
Våler kommune i Hedmark |
||
Våler kommune i Østfold |
||
Ørland kommune |
||
Ørsta kommune |
||
Østre Toten kommune |
||
Øyer kommune |
||
Ål kommune |
||
Ål kommune i Hallingdal |
||
Åmli kommune |
||
Åseral kommune |
||
Åsnes kommune |
||
Norges Bondelag |
||
Norges Jordskiftekandidatforening |
||
Norsk naturviterforbund |
||
Norsk Skogbruksforening |
||
Norges skogeierforbund |
||
Norsk bonde- og småbrukarlag |
||
Norsk forening for landbruksrett |
||
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning |
||
Norsk Landbrukssamvirke |
||
Norsk Pelsdyralslag |
||
Reindriftsforvaltningen |
||
Statens kartverk |
||
Statens landbruksforvaltning |
||
Universitetet for miljø- og biovitenskap, Norges Landbrukshøyskole |