Høyring - forslag om å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar

Finansdepartementet sender på høyring eit forslag om å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 01.02.2019

Vår ref.: 17/400

Høyring - forslag om å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar

Finansdepartementet sender på høyring eit forslag om å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar. Departementet foreslår at renter skal reknast frå 1. juli i det året utbytet vart utdelt. I dag vert rentene rekna frå det tidspunktet skatten vart innbetalt til staten.

Formålet med forslaget er å forenkle utrekninga av renter i saker om refusjon av skatt på utbyte. Det vil føre til at Skatteetaten bruker mindre ressursar på desse sakene, og dei utanlandske aksjonærane vil få refusjonen utbetalt raskare enn i dag.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 1. februar 2019. Høyringssvar skal sendast inn digitalt på departementet sine nettsider. Alle kan sende inn høyringssvar, men merk at svara som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt vert publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.

Med helsing

Henriette S. Hjort e.f.
avdelingsdirektør

 

                                                                          Håvard Lyngmo
                                                                          lovrådgjevar

Vedlegg

Arbeids- og sosialdepartementet
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Aksjonærforeningen
Bedriftsforbundet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finans Norge
Landsorganisasjonen i Norge
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norsk Kapitalforvalterforening, c/o advokatfirmaet BAHR AS
Norges Rederiforbund
Norsk Olje og Gass
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo Børs
Regelrådet
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
Storbedriftenes skatteforum
Tax Justice Network - Norge
Verdipapirforetakenes forbund
Verdipapirsentralen ASA
Økonomiforbundet