Høyring – forslag om endringar i lovgivinga om tilskott til trudoms- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja (om statstilskott til pensjonspremie og eigenkapital til Den norske kyrkja)

Når Den norske kyrkja skiljast frå staten 1. januar 2017 vil det medføre nokre endringar i statens økonomiske overføring til Den norske kyrkja.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 15.09.2016

Vår ref.: 16/2180

Verksemder i Den norske kyrkja som i dag er ein del av statsforvaltinga, skal frå 1. januar 2017 skiljast ut frå staten. Verksemdene vil bli ført over til ei ny juridisk og økonomisk eining (rettssubjekt) for Den norske kyrkja. Grunnlaget for denne reforma går fram av Prop. 55 L (2015–2016) Endringer i kirkeloven (omdanning av Den norske kirke til eget rettssubjekt m.m.) som vart behandla av Stortinget 18. mai 2016, sjå Innst. 256 L (2015–2016).

Dei budsjettmessige konsekvensane av saka vil bli innarbeidd i statsbudsjettet for 2017. I budsjettopplegget for Den norske kyrkja tek departementet sikte på å innarbeide eit tilskott til pensjonspremien som Den norske kyrkja skal betale i 2017, og eit tilskott til eigenkapital til Den norske kyrkja.

Etter lovgivinga om tilskott til trudoms- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal løyvingar frå staten til Den norske kyrkja som utgangspunkt reknast med i grunnlaget for statstilskott til andre trudoms- og livssynssamfunn.

Departementet meiner at delar av tilskottet til pensjonspremien som Den norske kyrkja skal betale, og tilskottet til eigenkapitalen ikkje skal reknast med i grunnlaget for statstilskott til andre trudoms- og livssynssamfunn. Kulturdepartementet har i denne saka innhenta ei fråsegn frå Lovavdelinga i Justis- og beredskapsdepartementet. Kulturdepartementet foreslår på denne bakgrunnen endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og i lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Vi viser til vedlagte høyringsnotat, der departementet gjer greie for forslaget.

Høyringsfristen er 15. september 2016.

Bruk den digitale løysinga for å sende høyringsfråsegn ved å klikke på "Send inn høringssvar". Høyringsfråsegner er offentlege og vil bli publiserte på nettstaden til regjeringa.  

 

Med helsing

Ingrid Vad Nilsen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Jørn Hagen
fagdirektør

 

Departementa

Riksrevisjonen

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar
Norsk senter for menneskerettar, Universitetet i Oslo
Likestillings- og diskrimineringsombodet

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Norges Kristne Råd
Islamsk Råd Norge

Kyrkjerådet