Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023 – spesielle opptakskrav til lærarutdanning

Kunnskapsdepartementet sender med dette ut på høyring forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023–spesielle opptakskrav til lærarutdanning. Departementet foreslår endra opptakskrav til grunnskulelærar- og lektorutdanningane frå opptaket til studieåret 2022-2023.

Status: På høring

Høringsfrist: 05.01.2022

Vår ref.: 21/6023

Høyring forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023 – spesielle opptakskrav til lærarutdanning

Kunnskapsdepartementet har fastsett forskrift om opptak til høgare utdanning 6. januar 2017 nr 13 (opptaksforskrifta) med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler, jf. §§ 3-6, 3-7 og 4-9.

Forskrift om opptak til høgare utdanning for opptaksåret 2022-2023 blei sendt på høyring 8. juli 2021, med frist 8. oktober. Forskrifta blir fastsett i november 2021. Etter den ordinære høyringa har regjeringa bestemt at opptakskrava til grunnskulelærarutdanningane og lektorutdanninga, skal endrast. Kunnskapsdepartementet sender med dette forslag til endring i opptaksforskrifta på høyring. Endringane skal gjelde frå opptaket til studieåret 2022-2023.

Bakgrunn for endringsforslaga er at det er behov for fleire lærarar mange stader i landet. Nokre universitet og høgskular har kapasitet til å ta inn fleire studentar. Regjeringa ønsker å rekruttere breiare og at opptakskrava ikkje skal stenge godt kvalifiserte søkjarar ute frå lærarutdanninga. Samstundes vil regjeringa oppretthalde høge krav til dei som skal ta ei lærarutdanning.

Endringa inneber ikkje strengare krav enn dei som gjeld i dag. Derfor meiner departementet at det er rimeleg å sende forslaga på ei forkorta høyringsrunde. Dette er naudsynt for at Samordna opptak, søkjarar, universiteta og høgskulane skal få nok tid til å førebu seg på dei nye reglane før opptaket våren 2022.

Departementet viser til at forskrifta er fastsett i nynorsk språkform. Vi ber derfor høyringsinstansane om å nytte nynorsk når dei uttalar seg om forslaga.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2886008.

Det skal sendast kopi av høyringssvara til HK-dir/SO til post@hkdir.no

Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er onsdag 5. januar 2022.

Departementet viser til vedlagde forslag til endringar i opptaksforskrifta.

Forslag frå departementet

§ 4-7.Spesielle opptakskrav til lærarutdanningar

Sidan opptaket 2005 har det vore krav om minimum 35 skulepoeng og minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk (393 timar) og i fellesfaget matematikk (224 timar), for søkjarar til allmennlærarutdanning. Kravet gjaldt seinare òg for opptak til grunnskulelærarutdanningane, lektorutdanninga og lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag. Frå og med opptak til studieåret 2016-2017 har det vore krav om minimum gjennomsnittskarakter 4 i fellesfaget matematikk for søkjarar til grunnskulelærarutdanningane og lektorutdanninga. For søkjarar som kan dokumentere bestått programfag i matematikk (140 timar), har det ikkje vore karakterkrav i faget.

Fleire universitet og høgskular som tilbyr lærarutdanning, samt organisasjonane, har peika på at krava kan ha hindra søkjarar som ikkje hadde karakter 4 i matematikk, men som har hatt høgt karaktersnitt og høge karakterar i andre fag dei vil undervise i, i å bli lærarar.

Regjeringa vil at det framleis skal være høge krav for opptak til lærarutdanning, men at dei må vere meir treffsikre enn dagens krav. Samstundes kan ein ikkje endre krava slik at søkjarar som er førebudde på dagens krav risikerer å ikkje oppfylle nytt krav.

Simuleringar som Unit har gjort for Kunnskapsdepartementet viser at ein kan få fleire kvalifiserte søkjarar ved å kombinere fleire krav, der søkjarane berre må dekke eitt av krava. Derfor foreslår departementet følgjande to alternative krav for opptak til grunnskulelærarutdanningane og lektorutdanninga:

  1. Minimum 40 skulepoeng og minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og gjennomsnittskarakter 3 i fellesfaget matematikk
  2. Minimum 35 skulepoeng og minimum gjennomsnittskarakter 3 i norsk og gjennomsnittskarakter 4 i fellesfaget matematikk

Søkjarane må tilfredsstille eit av krava. For søkjarar som kan dokumentere bestått programfagsmatematikk med eit omfang på minst 140 timar, er det ikkje karakterkrav i faget.

For lærarutdanning i praktiske og estetiske fag er det framleis krav om minimum 35 skulepoeng og ein gjennomsnittskarakter på minimum 3 i norsk (393 timar) og i fellesfaget matematikk (224 timar). Studentar som vel matematikk i den femårige utdanninga, må framleis dokumentere karakter 4 i faget, men dette er nedfelt i forskrift om rammeplan og  ikkje i opptaksforskrifta. Endringa i opptaksforskrifta inneber at rammeplanen harmoniserast på dette punktet, sjå forslag om endring i rammeplanen.

 

 

Med helsing

Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør                                                 Katrine Elida Aaland
                                                                                seniorrådgivar

  • Universitet og høgskular
  • Unit, Samordna opptak
  • Utdanningsdirektoratet
  • Fylkeskommunane
  • Statsforvaltarane
  • Fagskular
  • Elevorganisasjonen
  • Norsk studentorganisasjon (NSO)
  • ANSA
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter (ONF)

Kopi:

  • HK-direktoratet
  • Universitets- og høgskolerådet
  • NOKUT
  • Forum for fagskoler
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Likestillings- diskrimineringsombudet
  • Statens lånekasse for utdanning
  • NAV
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Barne- og familiedepartementet
  • Forskerforbundet
  • Lærarutdanningsinstitusjonane
  • Creo