Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Klage på avslag på søknad om tilskot frå Riksantikvaren til restaurering av M/S Atløy, Askvoll kommune i Sogn og fjordane

Atløys venner søkte om kr. 850.000,- i tilskot til restaurering av fartøyet M/S Atløy. Riksantikvaren avslo søknaden da fartøyet ikkje nådde opp i konkurranse med andre fartøy. Vedtaket vart påklaga av Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Riksantikvaren opprettheld sitt vedtak og sendte saka til departementet for handsaming. Departementet meinte at sjøl om fartøyet oppfyller kriteria for å kunne bli prioritert gir dette søker kun ein mogligheit for å få tilskot i konkurranse med andre prosjekt. Om fartøyet faktisk blir prioritert vil avhenge av en rekke forhold som tilgjenglege middel, søkartalet osv. På bakgrunn av dette fant departementet ikkje grunn til å overprøve Riksantikvaren si vurdering og opprettheld vedtaket om avslag i saken.

Miljøverndepartementet syner til dykkar brev datert 27.3.2012 med klage på Riksantikvaren sitt vedtak av 9.3.2012 om ikkje å gi tilskot til restaurering av M/S Atløy.

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering, ikkje funne grunn til å gjere om Riksantikvaren sitt vedtak. Klagen tas ikkje til følgje.

Frå 1991 til 2011 har Riksantikvaren gitt til saman kr 4.170.500,- i tilskot til restaurering av M/S Atløy. Den 11.1.2012 søkte Skiftinga Atløy om kr 850.000,- i tilskot til restaurering av M/S Atløy. Riksantikvaren avslo søknaden, den 9.3.2012, da fartøyet ikkje nådde opp i konkurranse med andre fartøy. Vedtaket vart påklaga av Kystmuseet i Sogn og Fjordane i brev datert 27.3.2012. Riksantikvaren oppretthalde sitt vedtaket og har derfor sendt saka til departementet for handsaming den 2.5.2012.   

Klagar sine merknader, jf. brev datert 27.3.2012

Klagar viser til at det i søknaden er gjort greie for ein godt planlagt progresjon i restaureringa som er utarbeidet på grunnlag av den allmenne interessa som båten har, og at båten er offentleg tilgjenglig. Klagar viser i denne samanheng til at det er eit stort lokalt engasjement i prosjektet. Vidare har M/S Atløy vist eit godt driftspotensial gjennom mangeårig drift. Restaureringa har vore finansiert med midlar frå Riksantikvaren saman med inntekt frå drift av Atløy. Båten har dei tre siste åra fått kr 1.060.00,- frå Riksantikvaren, men ikkje tilskot frå Fylkeskommunen. Dei totale kostnadene til restaurering av båten i same periode er på

kr 2.415.000,-. For å få fullfinansiert naudsynte reparasjonar har båten vore avhengig av god drift og sponsormidlar som Atløys Venner har skaffa gjennom å vere eit synleg, attraktivt og levande kulturminne. Klagar konkluderer med at fartøyet ikkje vil greie dei kostnader som er nødvendige for restaureringsprosjektet utan hjelp gjennom offentlege midlar. Dette vil bety at båten ikkje får godkjenning og blir liggande på slipp.  

Riksantikvaren si vurdering, jf. oversending datert 2.5.2012

Riksantikvaren er samd i at M/S Atløy oppfyller dei fleste krav som vart lagt til grunn for tildelingane i 2012. M/S Atløy er eit viktig fartøy som både har høgt formidlingspotensial, syner god lokal aktivitet og vart nytta som eit aktivt kulturminne i sitt gamle fartsområde. Fartøyet vil normalt være blant dei som får tilskot frå Riksantikvaren. Tilskotsmidlane i 2012 utgjer likevel berre 22 % av den samla søknadsmassen. Disponibel sum er i realiteten mindre då førehandstilsegn og forpliktingar knytt til bestemte prosjekt, på til saman 8 millionar kroner, må dekkjast av tilskotsmidlane for gjeldande år. Riksantikvaren har derfor vore nøydd til å gjere ytterligare prioriteringar, noko som medfører at fleire skip som Riksantikvaren normalt ville gitt tilskot, ikkje får det i 2012. Omsynet til ei rimeleg fordeling mellom typar av fartøy og prioriteringa av freda fartøy blant desse, medfører at Riksantikvaren ikkje har midlar til M/S Atløy i 2012.

Riksantikvaren påpeker at det naudsynte arbeidet på M/S Atløy allereie er utført og at fartøyet vil kunne få sine sertifikat for sesongen i 2012. Det er difor ingen overhengande fare for at fartøyet no må gå i opplag. Det er likevel slik at det må utførast meir arbeid før sesongen 2013. Riksantikvaren vil fordele midlane for komande år i god tid før neste seglingssesong, slik at M/S Atløy også kan søke om tilskot til det vidare arbeidet. Riksantikvaren konkluderer med at det ikkje er grunnlag for å gjere om vedtaket i saka.

Departementet sine merknader

Miljøverndepartementet er i hovudsak einig i Riksantikvaren si vurdering i saka. Departementet vil spesielt vise til utgreiinga om det store talet på søknader sett i forhold til midla til fordeling. Det er fleire faktorar som spelar inn når det skal avgjerast kva for prosjekt som får støtte med kor stort beløp. Konkurransen er stor og prioriteringa blir som følgje av dette også streng.

Det forholdet at fartøyet oppfyller kriteria for å kunne bli prioritert, betyr at man kan søkje om tilskot og at det er ein mogligheit for å få tilskot i konkurranse med andre prosjekter. Om fartøyet faktisk får tilskot, vil avhenge tilgjenglege middel, søkartalet, den totale søknadssummen og ikkje minst de ulike prosjektas innhald, omfang og kor viktig dei er. Departementet finner ikkje grunn til å overprøve Riksantikvaren si vurdering i denne samanhengen.

Departementet kan for øvrig ikkje se at det foreligg feil i sakssamhandlinga eller lovanvendinga som kan ha vært avgjerande for innhaldet i vedtaket jf forvaltningslova § 41.

Konklusjon

Miljøverndepartementet har vurdert alle sider av saka og har etter ei samla vurdering ikkje funne grunn til å gjere om Riksantikvaren sitt vedtak. Klagen tas ikkje til følgje.

Med hilsen

 

Elisabeth Platou
Avdelingsdirektør (e.f.)

Zubair Ali Syed
rådgiver

Kopi:
Riksantikvaren