Meld. St. 19 (2018–2019)

Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn

I Folkehelsemeldinga presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Folkehelsearbeidet er tverrsektorielt, og noko av formålet med denne meldinga er å samle og gjere greie for arbeidet i ulike sektorar. Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Ein viktig del av dette er å skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre område ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen. Dette gjeld områda tidleg innsats for barn og unge, førebygging av einsemd og mindre sosial ulikskap i helse. Den norske folkehelsemodellen legg opp til ei systematisk arbeidsform i ein fireårssyklus med rapportering om status, utvikling av tiltak og evaluering. Denne folkehelsemeldinga inngår dermed i denne systematikken – ei arbeidsform som regjeringa med dette fører vidare.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no