11 Kommunal- og distriktsdepartementet
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kommunal- og distriktsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025) meinte ikkje var kvittert ut. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet òg vil rapportere konkret på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.
Departementet har foreslått å avslutte rapporteringa på fleire vedtak der vedtaket gir føringar for politikkutforming på eit konkret område, og der departementet har omtala korleis dette skal følges opp i politikken framover. Orientering til Stortinget om det vidare arbeidet i desse sakene vil skje i den ordinære omtalen i dei årlege budsjettframlegga og i andre dokument til Stortinget.
Tabell 11.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
|---|---|---|---|
|
2024–2025 |
17 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – lokale språk- og kulturarenaer |
Ja |
|
2024–2025 |
19 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – økonomiske rammer for kommunar og fylkeskommunar |
Ja |
|
2024–2025 |
28 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – offentleg tilsette sin kunnskap |
Ja |
|
2024–2025 |
29 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – forpliktande handlingsplanar |
Nei |
|
2024–2025 |
30 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering om utvikling av kvensk språk |
Ja |
|
2024–2025 |
31 |
Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering til Stortinget |
Ja |
|
2024–2025 |
89 |
Distriktstilskot for kommunar i innsatssona i Nord-Troms |
Ja |
|
2024–2025 |
451 |
Sjølvkostregelverk: Forlenge maksimal avskrivingstid |
Ja |
|
2024–2025 |
452 |
Sjølvkostregelverk: Periode for tilbakeføring/framføring av overskot/underskot |
Ja |
|
2024–2025 |
524 |
Forsøks-/frikommuneprinsippet |
Ja |
|
2024–2025 |
525 |
Gjennomgang av kommunesektorens oppgåver |
Ja |
|
2024–2025 |
697 |
Gjennomgang av partilova |
Nei |
|
2024–2025 |
878 |
Mindre føringar i areal- og transportplanar |
Ja |
|
2024–2025 |
880 |
Enklare handsaming av byggesaker |
Ja |
|
2024–2025 |
885 |
Reduserte plankrav i plan- og bygningslova |
Ja |
|
2024–2025 |
1026 |
Grunneigarfinansiering: Pilotprosjekt med utval av kommunar |
Ja |
|
2024–2025 |
1027 |
Grunneigarfinansiering: Evaluere bruken av omsynssonar |
Ja |
|
2024–2025 |
1028 |
Grunneigarfinansiering: Unngå utvida bruk av omsynssonar |
Ja |
|
2024–2025 |
1103 |
Kommunalt sjølvstyre i plan-, areal- og byggesaker |
Ja |
|
2024–2025 |
1104 |
Forbetre ordninga for ressurskrevjande tenester |
Ja |
|
2024–2025 |
1105 |
Særskild rentekompensasjon for ferjeavløysingsprosjekt |
Nei |
|
2024–2025 |
1107 |
Tilskot til ressurskrevjande tenester – enklare utforming |
Ja |
|
2024–2025 |
1108 |
Vidareføring av ferjeavløysingsordninga |
Ja |
|
2024–2025 |
1148 |
Fordeling av auken i dei frie inntektene til fylkeskommunane |
Ja |
|
2024–2025 |
1221 |
Korttidsutleige av bustader |
Ja |
|
2024–2025 |
1234 |
Merkur-ordninga |
Ja |
|
2024–2025 |
1241 |
Frie inntekter til kommunesektoren |
Ja |
|
2024–2025 |
1258 |
Særskilte tiltak i innsatssonen |
Ja |
|
2023–2024 |
1 |
Endringar i partilova |
Ja |
|
2023–2024 |
74 |
Klimagassrekneskap |
Ja |
|
2023–2024 |
93 |
Ikkje-kommersielle bustader |
Ja |
|
2023–2024 |
155 |
Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser |
Ja |
|
2023–2024 |
156 |
Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushalding |
Ja |
|
2023–2024 |
456 |
Organisatoriske tiltak mot flaum |
Ja |
|
2023–2024 |
756 |
Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom |
Nei |
|
2023–2024 |
757 |
Forbod mot blankoskøyter |
Ja |
|
2023–2024 |
784 |
Styringsverktøy for områder med villrein |
Ja |
|
2023–2024 |
797 |
Gjeninnføre tilskot til utleigebustader |
Ja |
|
2023–2024 |
813 |
Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane |
Ja |
|
2023–2024 |
815 |
Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga |
Ja |
|
2023–2024 |
909 |
Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader |
Nei |
|
2022–2023 |
24 |
Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg |
Ja |
|
2022–2023 |
88 |
Husleigelovutval |
Nei |
|
2022–2023 |
454 |
Strategi for massehandtering |
Ja |
|
2022–2023 |
455 |
Digital marknadsplass for overskotsmassar |
Ja |
|
2022–2023 |
780 |
Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins |
Nei |
|
2022–2023 |
821 |
Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar |
Ja |
|
2022–2023 |
824 |
Evaluering av frikommuneforsøk |
Ja |
|
2022–2023 |
934 |
Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg |
Ja |
|
2021–2022 |
35 nr. 35 |
Blankoskøyter og plikt til tinglysing |
Ja |
|
2021–2022 |
35 nr. 54 |
Studentbustader som eige føremål i kommunale arealplanar |
Ja |
|
2021–2022 |
726 |
Energifleksibel oppvarming |
Ja |
|
2018–2019 |
55 |
Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar |
Ja |
|
2015–2016 |
646 |
Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise |
Ja |
11.1 Stortingssesjon 2024–2025
Sannings- og forsoningskommisjonen – lokale språk- og kulturarenaer
Vedtak 17, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå status for aktive, lokale språk- og kulturarenaer for urfolk og nasjonale minoriteter og vurdere hva som er nødvendig for å sikre slike arenaer stabil drift over tid.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Departementet har sett i gang arbeidet med å gjennomgå status for kultur- og språkarenaer og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Sannings- og forsoningskommisjonen – økonomiske rammer for kommunar og fylkeskommunar
Vedtak 19, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen se på de økonomiske rammene for kommuner og fylkeskommuner sitt ansvar for språkutvikling.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Departementet vil sjå på dei økonomiske føresetnadene kommunar og fylkeskommunar har for å ivareta språkutvikling og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Sannings- og forsoningskommisjonen – offentleg tilsette sin kunnskap
Vedtak 28, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen ta ansvar for en planmessig oppdatering av offentlig ansattes kunnskap om urfolks og nasjonale minoriteters rettigheter, språk, kultur og tradisjoner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Departementet har eit e-læringsprogram for offentleg tilsette om samar og nasjonale minoritetar, sist oppdatert i 2024. Departementet vil sjå på andre måtar å nå ut med informasjon om e-læringsprogrammet, i tillegg til å vurdere andre tiltak for å spreie informasjon om gruppene blant offentlege tilsette.
Departementet arbeider med å revidere rettleiar for kommunar og fylkeskommunar om konsultasjonar med samiske interesser.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Sannings- og forsoningskommisjonen – forpliktande handlingsplanar
Vedtak 29, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere effektene av gjeldende virkemiddelapparat og å utforme forpliktende handlingsplaner for å styrke språkene som ble utsatt for fornorsking, med et tilpasset ambisjonsnivå, for henholdsvis levende og utdødde språk.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Vedtaket er under oppfølging. Departementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for kvensk språk. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå kvenske organisasjonar og institusjonar og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar. Det er enno ikkje sett dato for når handlingsplanen skal vere ferdig.
Departementet har starta arbeidet med ein handlingsplan for skogfinsk kulturarv med språklege element hausten 2025. Det er etablert ei referansegruppe med representantar frå dei skogfinske organisasjonane og institusjonane, og ei samarbeidsgruppe med deltakarar frå relevante departement og etatar.
Departementet har planar om å sette i gang arbeid med handlingsplanar for dei samiske språka.
Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering om utvikling av kvensk språk
Vedtak 30, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen om en regelmessig rapportering om utviklingen av kvensk språk etter modell av dagens rapportering for de samiske språkene, og en vurdering av hva som er et hensiktsmessig omfang av en slik rapportering.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Det er i dag inga regelmessig rapportering om utviklinga av dei samiske språka som kan brukast som modell for rapportering på kvensk språk. Departementet svarer på dette vedtaket ved å vise til rapporteringa på oppmodningsvedtak 29.
Noreg har ratifisert Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk og rapporterer kvart femte år til Europarådet om oppfyllinga av forpliktingane, mellom anna når det gjeld kvensk språk og dei samiske språka.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Sannings- og forsoningskommisjonen – rapportering til Stortinget
Vedtak 31, 12. november 2024
«Stortinget ber regjeringen melde tilbake til Stortinget ved fremleggelse av budsjettet hvert år om hvordan arbeidet overfor urfolk og nasjonale minoriteter følges opp i de respektive departementers ansvarsområder. Det skal i tillegg legges frem en helhetlig melding om forsoningspolitikken og status i oppfølgingsarbeidet. Meldingen legges fram for Stortinget en gang i hver stortingsperiode, første gang i 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Dokument 19 (2022–2023) Rapport til Stortinget fra Sannhets- og forsoningskommisjonen og Innst. 30 S (2024–2025).
Regjeringa sin politikk overfor samar og nasjonale minoritetar og oppfølginga av oppmodningsvedtaka går fram av dei årlege budsjettproposisjonane til departementa. Kommunal- og distriktsdepartementet har òg samanfatta rapportering på oppmodingsvedtaka i oppfølginga av Sannings- og forsoningskommisjonens rapport, i del III Omtale av særlege tema.
Kommunal- og distriktsdepartementet vil starte arbeidet med ei stortingsmelding om forsoning og status for oppfølginga oppmodningsvedtaka på nyåret 2026, slik at meldinga kan leggast fram i 2027.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Distriktstilskot for kommunar i innsatssonen i Nord-Troms
Vedtak 89, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen i kommuneproposisjonen for 2026 utrede behovet for at kommuner i innsatssonen i Nord-Troms skal få distriktstilskudd Nord-Norge mer lik satsene i Finnmark.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 1 S (2024–2025) Statsbudsjettet 2025 og Innst. 2 S (2024–2025).
Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom vurderingane i Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026, kap. 3.1.2, der det vart foreslått å ikkje endre satsane for distriktstilskot Nord-Noreg for kommunane i innsatssona i Nord-Troms. Fleirtalet på Stortinget hadde ingen merknader til dette, jf. Innst. 532 S (2024–2025).
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Sjølvkostregelverk: Forlenge maksimal avskrivingstid
Vedtak 451, 11. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen forlenge maksimal avskrivningstid på renseanlegg, pumpestasjoner, høydebasseng og ledningsnett i forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommuner og fylkeskommuner mv. til 80 år i tråd med SØF-rapport nr. 06/24 Selvkost i kommunene – avskrivningstid, kalkylerente og framføringsperiode.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå Anne Kristine Linnestad, Erlend Larsen, Liv Kari Eskeland, Mahmoud Farahmand og Turid Kristensen om lavere vann- og avløpsgebyr, jf. Dokument 8:21 S og Innst. 127 S (2024–2025).
Kommunal- og distriktsdepartementet sende 8. mai 2025 ut eit forslag til endringar i dei maksimale avskrivingstidene i budsjett- og rekneskapsforskrifta. Høyringsfristen var 3. september 2025. Forslaga fekk god støtte i høyringa. På bakgrunn av dette endra departementet 12. september 2025 forskrifta i tråd med høyringsforslaga. Endringa vil tre i kraft frå og med budsjett- og rekneskapsåret 2026.
Avskrivingstida for leidningsnett blir endra frå 40 til 80 år, og det vil gjelde for både tidlegare og framtidige anskaffingar.
For reinseanlegg, forbrenningsanlegg, pumpestasjonar og høgdebasseng blir gjeldande avskrivingstid på 40 år vidareført. Denne vart endra frå 20 til 40 år i 2020, men gjaldt då berre for nye investeringar. No vil òg investeringar som kommunane gjorde i slike anlegg fram til og med 2019, få ei maksimal avskrivingstid på 40 år.
Avskrivingar er per definisjon ei fordeling av investeringskostnaden over den forventa levetida til investeringa. Avskrivingstida må derfor samsvare med forventa levetid. Samsvar med forventa levetid er ein føresetnad for at avskrivingane skal gi eit rimeleg uttrykk for det årlege kapitalslitet, og for at nedbetalinga av investeringa skal skje over tida investeringa er i bruk, både når det gjeld nedbetaling av kommunen sine lån og den nedbetalinga som skal bli dekt av gebyr innanfor sjølvkostområda. Om avskrivingstida blir sett lengre enn forventa levetid, blir nedbetalingstida for lang.
NTNU Samfunnsforskning vurderte forventa bruks-/levetider for kommunale investeringar. Forslaga som departementet sendte på høyring, var i tråd med deira faglege anbefalingar. I SØF-rapport nr. 06/24 vart det peika på at pumpestasjonar, høgdebasseng og reinseanlegg har ei forventa levetid på ca. 50 år, men komponentar i desse anlegga har kortare levetid. Rapporten anbefalte ikkje konkrete endringar i avskrivingstider for desse anlegga. Rapporten gav altså ikkje fagleg grunnlag for å auke avskrivingstida på pumpestasjonar, høgdebasseng og reinseanlegg frå 40 til 80 år.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Sjølvkostregelverk: Periode for tilbakeføring/framføring av overskot/underskot
Vedtak 452, 11. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen revidere forskrift om beregning av samlet selvkost for kommunale og fylkeskommunale gebyrer (selvkostforskriften) med mål om å forlenge perioden for når fremtidig overskudd må tilbakeføres eller underskudd kan fremføres.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå Anne Kristine Linnestad, Erlend Larsen, Liv Kari Eskeland, Mahmoud Farahmand og Turid Kristensen om lavere vann- og avløpsgebyrer, jf. Dokument 8:21 S og Innst. 127 S (2024–2025).
Kommunal- og distriktsdepartementet sende 8. mai 2025 på høyring forslag om endringar i budsjett- og rekneskapsforskrifta for kommunane og i sjølvkostforskrifta. I høyringa ba departementet om synspunkt på framføringsperioden for under- og overskot i sjølvkostrekneskapen, sjølv om forslaget i høyringsnotatet var at gjeldande periode på fem år blir vidareført. Høyringsfristen var 3. september 2025.
Gjeldande regel er ei avveging mellom omsynet til at kostnadene ved dagens tenester skal bli dekte av dagens brukarar (generasjonsprinsippet) på den eine sida og omsynet til stabile gebyr og jamne gebyraukar på den andre. Høyringsinstansane meinte dagens framføringsperiode på fem år i hovudsak fungerer godt, og forslaget om å vidareføre dagens reglar på dette punktet fekk god støtte. På bakgrunn av dette vil departementet vidareføre gjeldande framføringsperiode på fem år.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Forsøks-/frikommuneprinsippet
Vedtak 524, 25. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at flere kommuner kan gjennomføre forsøk med nye måter å løse sine oppgaver på etter forsøks-/frikommuneprinsippet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur, Sandra Bruflot, Anne Kristine Linnestad og Charlotte Spurkeland om ein gjennomgang av kommunesektorens oppgåver og tilskot, jf. Dokument 8:38 S og Innst. 163 S (2024–2025).
I mai 2023 inviterte departementet kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk (frikommuneforsøk) – og dermed bli forsøkskommunar. Forsøka måtte vere innanfor rammene av eksisterande forsøksheimlar.
Det kom totalt 87 søknader frå 77 kommunar og tre fylkeskommunar, og 12 søknader vart tatt med vidare i forsøksordninga. Søknadane vart vurdert i samarbeid med dei aktuelle fagdepartementa. Til no er fire forsøk med unntak frå opplæringslova godkjente. I tillegg er det godkjent eit forsøk i Oslo kommune om delegering av myndigheit til å fatte vedtak i saker om nedsetting og ettergivnad av eigedomsskatt til eigedomsskattekontoret, og eit forsøk i fire kommunar i Indre Namdalen om felles legeteneste i eit kommunalt oppgåvefellesskap med myndigheit til å fatte vedtak. For dei resterande søknadane som vart valde ut, er arbeidet med å konkretisere prosjekta i gang. Årsaka til at mange søknader ikkje vart tatt med vidare i forsøksordninga var mellom anna at kommunar søkte om forsøk der det ikkje var naudsynt med unntak frå regelverk for å gjennomføre tiltaket, at det var i gang lovarbeid på området og at søknader var uklare om kva for regelverk ein søkte unntak frå. I nokre tilfelle opna ikkje forsøksregelverket for det forsøket det var søkt om.
Departementet har inngått avtale med Rambøll Management Consulting om å evaluere forsøksordninga. Det inneber å evaluere om rammene for forsøksordninga som regjeringa inviterte til, er ein føremålstenleg måte å legge til rette for forsøk på. Denne evalueringa vil òg kunne gi eit grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i forsøksregelverket på sikt, som igjen vil kunne ha betyding for kva for forsøk som bør bli iverksett.
Sett i lys av at regjeringa allereie har invitert kommunar og fylkeskommunar til å søke om forsøk, og at kommunar og fylkeskommunar når som helst kan søke om forsøk etter dei forsøksheimlane som gjeld i dag, meiner departementet at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Gjennomgang av kommunesektorens oppgåver
Vedtak 525, 25. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid med å gjennomgå kommunesektorens oppgaver, med sikte på at kommunene kan løse oppgaver mer effektivt, tiltrekke seg nødvendig kompetanse og øke det lokale handlingsrommet, slik at kommuner og fylkeskommuner får økt frihet til å prioritere og sikre innbyggernes rettigheter og tjenester av høy kvalitet. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur, Sandra Bruflot, Anne Kristine Linnestad og Charlotte Spurkeland om ein gjennomgang av kommunesektorens oppgåver og tilskot, jf. Dokument 8:38 S og Innst. 163 S (2024–2025).
Regjeringa har sett ned ein kommisjon som skal foreslå endringar i den statlege styringa av kommunesektoren som legger til rette for god ressursbruk, fleksibel bruk av personell og effektiv oppgåveløysing i kommunesektoren. Kommisjonen skal òg vurdere og foreslå tiltak om det er andre forhold som binder kompetanse unødvendig, bidrar til unødvendig høge kostnader eller lite effektiv oppgåveløysing i kommunar og fylkeskommunar. Kommisjonen skal etter planen levere ein første rapport før jul i år, medan neste rapport skal kome i 2026.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Gjennomgang av partilova
Vedtak 697, 20. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen foreta en helhetlig gjennomgang av partiloven, herunder regelverket for finansiering av politiske partier, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mudassar Kapur og Trond Helleland om økt openheit rundt bidrag i form av direkte kandidatstøtte og i form av naturalytingar, jf. Dokument 8:118 L og Innst. 275 L (2024–2025).
Regjeringa vil sette ned eit utval som skal foreslå ny partilov. Dei politiske partia på Stortinget skal bidra med innspel til mandatet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Mindre føringar i areal- og transportplanar
Vedtak 878, 4. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen påse at fylkeskommunenes areal- og transportplaner ikke legger så sterke føringer på kommunene og lokaldemokratiet at de hindrer boligbygging og gode lokale løsninger og bidrar til sentralisering og ensretting av boligtilbudet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Erlend Wiborg, Hans Andreas Limi, Per-Willy Amundsen og Terje Halleland om ein betre politikk for å eie bustad og få bustad- og byggebransjen i gang, jf. Dokument 8:183 S og Innst. 339 S (2024–2025).
Regjeringa visar til at fylkeskommunen etter plan- og bygningslova skal utarbeide regionale planar for spørsmål som er fastsett i regional planstrategi. Dei regionale planane er retningsgivande og skal bli lagt til grunn for kommunal og statleg planlegging.
Regjeringa legg til grunn at kommunane skal ha friheit til å styre eigen arealutvikling innanfor rammene som nasjonale og vesentlege regionale interesser sett. Der kor konfliktar om innhaldet i og praktiseringa av regionale planer ender med føresegn eller vesentlege innvendingar vil desse kunne komme til behandling i Kommunal- og distriktsdepartementet, kor statsråden vil ta stilling frå sak til sak.
Plan- og bygningslova seier at kommunane skal legge til rette for tilstrekkeleg bygging av bustader. Lova gir fylkeskommunane og kommunane fleksibilitet til å tilpasse planlegginga til behovet for ulike typar bustader. I dei nye statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet har regjeringa differensiert meir mellom kommunar i storregionar og øvrige kommunar. Når fylkeskommunane lager regionale planer, bør dei legge vekt på dette. Dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet inneheld ein eigen retningslinje 3.4 om bustad og bustadsamansetning som ivaretar og avveier hensyna bak oppmodningsvedtaket: «Det skal bli lagt til rette for tilstrekkeleg og variert bustadbusetnad. Planlegginga skal bidra til gode bumiljø for alle. Potensialet for fortetting i bustadområder og andre utbygde areal skal bli kartlagt og bør bli utnytta før det blir lagt til rette for utviding av eksisterande bustadområder og utbygging i nye områder».
Intensjonane i oppmodningsvedtaket vil bli følgt opp gjennom praksis knytt til plan- og bygningslova. I tillegg vil det vere naturlig å drøfte problemstillingane i oppmodningsvedtaket i samband med ei stortingsmelding om arealplanlegging og arkitektur som regjeringa vil igangsette, og som vil inkludere ein bred medverkings- og innspelsprosess.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Enklare handsaming av byggesaker
Vedtak 880, 4. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen avbyråkratisere og forenkle byggesaksbehandlingen og gjennomgå fordyrende tekniske krav med tanke på at slike ikke skal bidra til unødig høye kostnader. Innenfor godkjente reguleringsplaner bør prinsippet om forenklet byggesak gjelde.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Erlend Wiborg og Per-Willy Amundsen om dispensasjonar, motsegner og forenklingar i plan og bygningsloven for å skape vekst, jf. Dokument 8:185 S og Innst. 340 S (2024–2025).
Det har over fleire år vore jobba med å digitalisere og forenkle byggesaksprosessane, noko som har gitt store innsparingar for både næringa og kommunane. Digitalisering gjer sakshandsaminga enklare og raskare, og kan bidra til å synleggjere kompliserte, unødvendige eller motstridande reglar. Regjeringa styrkjer innsatsen for digitalisering av plan- og byggesaker. Våren 2025 leverte ei arbeidsgruppe med deltakarar frå byggenæringa, kommunane og staten fleire forslag til tiltak for raskare plan- og byggesaksprosessar. Arbeidsgruppa peikte ikkje på tekniske krav som særleg utfordrande for bustadbygging, og meinte desse i hovudsak ligg på eit fornuftig nivå. Likevel er det enkelte krav kan verke lite føremålstenlege og fordyrande. Dette følgjer departementet opp.
Det er eit betydeleg forenklingspotensial i å omstrukturere dei byggtekniske krava slik at regelverket blir betre tilrettelagt for digital bruk. Direktoratet for byggkvalitet er i gang med digitalisering av byggteknisk forskrift for å gjere det enklare å forstå når eit krav gjeld, kva kravet konkret inneber, og når det er oppfylt. Det er uklart kva som er meint med at prinsippet om forenkla byggesak skal gjelde innanfor godkjende reguleringsplanar. Eit slikt prinsipp og omgrepsbruk er ikkje etablert i plan- og bygningsregelverket. Departementet er oppteken av at byggesakshandsaminga skal vere enkel og effektiv. Våren 2025 vart eit forslag til lov- og forskriftsendringar som skal bidra til raskare og enklare handsaming av byggesøknader sendt på høyring. Forslaget skal gjere det lettare å utarbeide byggesøknaden på rett måte, slik at kommunane kan handsame han med ein gong. Det er i dag òg mogleg å sende inn byggesøknad som må avgjerast av kommunen innan tre veker dersom tiltaket er i samsvar med reguleringsplan, og ein ikkje treng ytterlegare løyve, samtykke eller fråsegn frå annan myndigheit, og naboar ikkje har merknader.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Redusere plankrav i plan- og bygningslova
Vedtak 885, 4. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om reduserte plankrav i plan- og bygningsloven.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Heidi Greni, Kathrine Kleveland og Sigbjørn Gjelsvik om å gi kommunane større friheit til å løyse oppgåvene og å redusere det statlege styringstrykket, jf. Dokument 8:247 S og Innst. 415 S (2024–2025).
Asplan Viak AS har på oppdrag frå departementet utarbeidd ein rapport om tidsbruk i plansaker, og har kome med forslag til tiltak som kan redusere tidsbruken. Rapporten peikar på at årsaka til auka tidsbruk ser ut til å vere meir komplekse planar og fleire krav til utgreiingar i tillegg til motsegn og klager. Rapporten peikar vidare på ei rekke forslag til tiltak som kan bidra til å redusere tidsbruken. Det vert i liten grad peika på behov for justeringar i regelverket. Mange kommunale planar har unødvendig mange og komplekse føresegner, men dette er ikkje ei nødvendig følgje av plan- og bygningslova. Lova gjev kommunane ei rekke verktøy til bruk i arealplanlegginga, og stor fleksibilitet og fridom til å bruke desse. I lova § 3-1 går det tydeleg fram at planar ikkje skal «vere meir omfattande enn nødvendig». Lova seier òg at det berre kan gjevast planføresegner i naudsynt utstrekning. Erfaringa er at det er praktiseringa av lovas føresegner som gjer at planane vert kompliserte og omfattande, ikkje lova i seg sjølv. Kommunane treng òg meir rettleiing om korleis praksis kan forbetrast.
Departementet har følgt opp rapporten og har i eit brev til kommunar, byggenæringa og statlege styresmakter oppmoda til auka innsats, raskare prosessar og betre oversikt. I brevet blir kommunane oppmoda om ha oversikt over framtidig bustadbehov og setje av nok areal. Brevet påpeikar òg at kommunane må vere medvitne om kva krav dei kan stille i plan- og byggesaker. Dei bør unngå å ta inn tekniske krav i planføresegner som høyrer heime i byggesaksbehandlinga, og ikkje bruke tid på å kontrollere krav som ansvarlege aktørar skal dokumentere. Departementet vil sjå på motsegnpraksis, vurdere byggtekniske krav og styrkje digitaliseringa av plan- og byggesaksprosessane, i tillegg til å innføre fleire fristar som kan redusere tidsbruken.
Departementet har saman med Klima- og miljødepartementet sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar. Det kan i den samanheng bli naudsynt med nokre endringar i plan- og bygningslova. Det kan då vere aktuelt å vurdere justeringar av lova sitt krav om bruk av planprogram.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Grunneigarfinansiering: Pilotprosjekt med utval av kommunar
Vedtak 1026, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for egnede og begrensede pilotprosjekter med et representativt utvalg av kommuner for å kunne høste tidlige erfaringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).
Kommunar som ønskjer å bruke den nye modellen for finansiering av infrastruktur er inviterte til å ta direkte kontakt med departementet for bistand. Vi vil blant anna på grunnlag av slik kontakt legge til rette for pilotering av modellen.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Grunneigarfinansiering: Evaluere bruken av omsynssonar
Vedtak 1027, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen evaluere bruken av hensynssoner med krav om grunneierfinansiering etter at ordningen har vært virksom i noe tid og komme tilbake til Stortinget ved behov for justeringer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).
Vedtaket vil bli følgt opp med ei evaluering av ordninga når ho har vore i verksemd ei stund. Dersom departementet ser at det er behov for lovjusteringar vil vi kome tilbake til stortinget med eit forslag om det. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Grunneigarfinansiering: Unngå utvida bruk av omsynssonar
Vedtak 1028, 11. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sørge for at reglene om hensynssone med krav om grunneierfinansiering av infrastruktur i praksis ikke gir kommunen et utvidet handlingsrom i vurderingen av hva som er nødvendig infrastruktur, sammenlignet med bruk av utbyggingsavtaler.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 115 L (2024–2025) Endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.) og Innst. 450 L (2024–2025).
Departementet vil i si rettleiing søkje å tydeleggjera kva som skal reknast som nødvendig infrastruktur. Når ordninga har vore i verksemd ei stund, vil departementet vurdere praksisen og behovet for å eventuelt å klargjere regelverket på dette punktet. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Kommunalt sjølvstyre i plan-, areal- og byggesaker
Vedtak 1103, 17. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen vektlegge sterkere det kommunale selvstyret som en grunnleggende verdi i plan-, areal- og byggesaker enn dagens praksis.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).
Departementet vil setje i gang eit arbeid for å forbetre og effektivisere dialogen mellom kommunane og statlege og regionale styresmakter i planprosessane. Målet er å sikre at planane legg grunnlag for ønska lokal utvikling samstundes som nasjonale interesser blir ivaretatt. Departementet vil òg ta initiativ til eit tettare samarbeid med dei departementa som har størst interesser i arealplanlegginga, med mål om betre samordning av den statlege arealpolitikken. Som ein del av dette arbeidet vil departementet òg gå nøye gjennom motsegnspraksisen.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Forbetre ordninga for ressurskrevjande tenester
Vedtak 1104, 17. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen i forslaget til statsbudsjett for 2026 vurdere å forbedre toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester i kommunene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).
Toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester vart lagt om og forbetra frå 2025. I Prop. 1 S (2025–2026) blir det foreslått endringar i innslagspunktet i samband med at verdien for kriteriet i inntektssystemet for personar med utviklingshemming 16 år og over blir redusert. Departementet vurderer at det ikkje er behov for å gjere andre endringar i toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester no. Sjå òg vedtak 815, 19. juni 2024, der regjeringa vart bedt om å evaluere omlegginga av ordninga og vurdere innslagspunktet i samband med ordinære budsjettprosessar.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Særskild rentekompensasjon for ferjeavløysingsprosjekt
Vedtak 1105, 17. juni 2025
«Stortinget ber regjeringa vidareføre den særskilde rentekompensasjonsordninga for fergeavløsningsprosjektet som Stortinget har vedtatt, der fylkeskommunen får kompensert for inntil 50 prosent av dei faktiske årlige rentekostnadene de fem første åra etter at veiprosjektet er ferdig, også for prosjekt som vert ferdigstilte etter 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).
Den særskilde rentekompensasjonsordninga, som vart lagt fram i kommuneproposisjonen for 2022, kan kompensere fylkeskommunane for inntil 50 pst. av årlege, berekna rentekostnader dei første fem åra etter at vegprosjektet er ferdig, for ferjeavløysingsprosjekt som blir ferdig mellom 2022 og 2027. Det er ein føresetnad at finansieringa av ordninga ikkje skal gå ut over andre fylkeskommunar. Ordninga som vart omtalt i kommuneproposisjonen for 2022 hadde ein årleg ramme på inntil 50 mill. kroner.
Hittil er det Nordøyvegen-prosjektet i Møre og Romsdal som har vore aktuelt for dette tilskotet. Prosjektet har fått eit tilskot til dekking av kapitalkostnader for dei fem første åra etter at prosjektet vart ferdigstilt, men tilskotet vart utbetalt over to år (2024 og 2025).
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Tilskot til ressurskrevjande tenester – enklare utforming
Vedtak 1107, 17. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen følge opp anbefalingene fra Riksrevisjonens rapport om tilskudd til ressurskrevende helse- og omsorgstjenester i kommunene, slik at tilskuddsordningen utformes enklere og mindre administrativt krevende for kommunene, og slik at en unngår forskjellsbehandling og ineffektiv ressursbruk. Regjeringen bes komme tilbake til Stortinget i kommuneproposisjonen for 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).
Regjeringa vil følgje opp Riksrevisjonen sin rapport der dette er relevant og hensiktsmessig. Departementet har mellom anna bedt Helsedirektoratet greie ut moglege forenklingar i ordninga.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget i kommuneproposisjonen for 2027 og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Vidareføring av ferjeavløysingsordninga
Vedtak 1108, 17. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at ferjeavløsningsordningen blir videreført som en del av finansieringen for å erstatte ferjesamband med fast forbindelse.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 142 S (2024–2025) Kommuneproposisjonen 2026 og Innst. 532 S (2024–2025).
Eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband. Ferjeavløysingsordninga inneber at fylkeskommunane kan delfinansiere slike prosjekt med midlane dei får for ferjesambandet gjennom inntektssystemet. Regjeringa meiner at ferjeavløysingsordninga er ei god ordning for fylkeskommunane som bidrar til ei stor, langvarig og føreseieleg delfinansiering av nye vegsamband. Det er òg viktig at fylkeskommunane er med på å delfinansiere eigne vegprosjekt.
Regjeringa foreslår inga endring i ferjeavløysingsordninga i statsbudsjettet for 2026, og vidarefører dermed ordninga.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Fordeling av auken i dei frie inntektene til fylkeskommunane
Vedtak 1148, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fordele midlene tilhørende bevilgning på kap. 572, post 60 på 250 mill. kroner for en satsing på samferdsel i fylkeskommunene etter tabell C-fk, kolonne 1, Opprusting og fornying av fylkesvegnettet i Grønt hefte 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).
I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2025, vedtok Stortinget å auke dei frie inntektene til fylkeskommunane med totalt 500 mill. kroner, med grunngiving i auka satsing på samferdsle. Kommunal- og distriktsdepartementet fordelte 250 mill. kroner av desse midlane etter tabell C-saka om opprusting og fornying av fylkesvegnettet i Grønt hefte 2025. Midlane vart utbetalte til fylkeskommunane 2. juli 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Korttidsutleige av bustader
Vedtak 1221, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede hjemler i løpet av 2026 for at kommuner kan forby kortidsutleie i hele eller deler av kommunen samt at borettslag og sameier bedre kan begrense og håndheve reglene om kortidsutleie.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).
Husbanken er beden om å auke kunnskapen om marknaden for kortidsutleige av bustader, og å vurdere behovet for rettleiing, presisering av reglane og nye tiltak. Ut frå tilrådingane frå Husbanken, vil departementet vurdere å foreslå for Stortinget å endre reglane for kortidsutleige av bustader. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Merkur-ordninga
Vedtak 1234, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen gi føringer om å øke maksimal årlig støtteramme per butikk under Merkur-ordningen til 800 000 kroner.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).
Departementet vil justere maksimalt tilskotsbeløp på Merkur-programmet si investeringsstøtte frå inntil 600 000 kroner per butikk per år til inntil 800 000 kroner per butikk per år. Før endringa kan settast i verk må Merkur-forskrifta justerast.
Departementet tar sikte på at endringa vil tre i kraft frå nyttår og meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Frie inntekter til kommunesektoren
Vedtak 1241, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen legge til grunn at vekst i frie inntekter til kommunesektoren for 2026 skal regnes fra vedtatt nivå i revidert budsjett for 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2024–2025) Revidert nasjonalbudsjett 2025 og Innst. 540 S (2024–2025).
Det er vanleg praksis at vekst i frie inntekter i budsjettåret blir rekna frå vedtatt nivå i revidert nasjonalbudsjett året før. Vekst i frie inntekter for 2026 er rekna frå vedtatt nivå i revidert nasjonalbudsjett for 2025. I vedtatt nivå inngår mellom anna kompensasjon for meirkostnader til pensjon på 4,1 mrd. kroner og vekst i frie inntekter på 1,6 mrd. kroner.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Særskilte tiltak i innsatssonen
Vedtak 1258, 20. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen vurdere innretningen av de særskilte tiltakene i Nord-Troms og Finnmark (innsatssonen) for å få bedre resultater for tilflytting og økt verdiskaping.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Bengt Rune Strifeldt, Carl I. Hagen, Dagfinn Henrik Olsen, Morten Stordalen, Per-Willy Amundsen og Sylvi Listhaug om ein tiltakspakke for å styrke næringsliv og befolkningsutvikling i Finnmark, jf. Dokument 8:175 S og Innst. 541 S (2024–2025).
Innsatssona (tidlegare Tiltakssona) er viktig for Noreg sin tryggleik og beredskap. Målet er at det skal bli meir attraktivt å bu og flytte til kommunar i sona. Det er stor etterspørsel etter arbeidskraft og kompetanse i både offentleg og privat sektor i sona. Regjeringa vurderer fortløpande tiltak som kan medverke til auka busetting og aktivitet. Regjeringa gjer fleire tiltak for å styrke og målrette dei særskilte tiltak i sona. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025 vart det innført eit Finnmarkstillegg i barnetrygda. I budsjettet for 2026 foreslår regjeringa å auke Finnmarksfrådraget og satsen for gjeldsslette i innsatssonen aukar frå 30 000 til 60 000 kroner slik regjeringa varsla i samband med budsjettet for 2025.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
11.2 Stortingssesjon 2023–2024
Endringar i partilova
Vedtak 1, 5. oktober 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til endring av partiloven som sikrer at reelle bidragsytere av bidrag over de beløpsgrenser som loven fastsetter, innberettes og offentliggjøres. Regjeringen bes om å komme tilbake til Stortinget på egnet måte etter utredningen er gjennomført.»
Vedtaket vart fatta i samband med trontaledebatten 5. oktober 2023.
Regjeringa la i Prop. 144 L (2024–2025) Endringer i partiloven (innberetning og offentliggjøring av bidrag fra bakenforliggende givere) fram forslag til endringar i partilova. Departementet foreslo at bestemte vilkår må vere oppfylt for at parti og partiledd skal kunne ta imot bidrag frå juridiske personar som har som føremål eller ein vesentleg del av si verksemd å støtte politiske parti økonomisk, eller frå privatpersonar som har mottatt bidrag frå andre for å gi til politiske parti. Politiske parti og partiledd kan berre motta bidrag frå desse givarane viss dei har mottatt dokumentasjon frå givaren om kven givaren i inneverande og førre kalenderår har mottatt bidrag frå, og på storleiken på bidraget. I tillegg foreslo departementet at parti og partiledd skal rapportere identiteten til dei bakanforliggande givarane og storleiken på bidraga viss bidraga er over dei fastsette beløpa i lova.
Stortinget slutta seg til forslaget frå regjeringa, jf. Innst. 528 L (2024–2025), og lovendringa trådde i kraft frå og med 1. juli 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Klimagassrekneskap
Vedtak 74, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sikre at data fra klimagassregnskap, som det stilles krav om i TEK 17, samles inn slik at det kan bidra til en faglig utvikling av klimagassregnskapene og kravene som stilles i TEK 17.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Kravet i byggteknisk forskrift om at det skal utarbeidast klimagassrekneskap for bygging av bustadblokker og yrkesbygg har verknad frå 1. juli 2023, og gjeld for prosjekt som søkjer om byggeløyve etter dette. Ein klimagassrekneskap blir gjort ferdig først når byggeprosjektet er gjennomført, og det vil derfor ta tid før det finst data som kan bidra til fagleg utvikling som følgje av dette kravet.
Direktoratet for byggkvalitet har arbeidd med tiltak knytt til standardisering, rapportering og deling av informasjon frå byggeprosjekt, og vil etablere ei digital teneste for frivillig innsending av klimagassrekneskap.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Ikkje-kommersielle bustader
Vedtak 93, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen om å utrede hvordan ikke-kommersielle boliger, med pris- og omsetningskontroll, kan defineres, og komme tilbake på egnet måte innen 1. juli 2024.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2023–2024) Nasjonalbudsjettet 2024 og Innst. 2 S (2023–2024).
Regjeringa gjorde greie for korleis ikkje-kommersielle bustader kan definerast i Meld. St. 13 (2023–2024) Bustadmeldinga. I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til regjeringas tilbakemelding om at den i løpet av første halvår 2025 skal kome tilbake til Stortinget med eit forslag til korleis ikkje-kommersielle bustader, med pris- og omsetjingskontroll, kan definerast og brukast i innretninga av juridiske og økonomiske verkemidlar. På denne bakgrunn meiner fleirtalet rapporteringa ikkje kan avsluttast.
Departementet gjer under programkategori 13.80, mål 1 i denne proposisjonen greie for korleis ikkje-kommersielle bustader med og utan pris- og omsetjingskontroll, kan bli definert og brukt i juridiske og økonomiske verkemiddel.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Regjeringsmedlemmar sine verv og økonomiske interesser
Vedtak 155, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen sikre at kravene til registreringen av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser til enhver tid er minimum like strenge som kravene for stortingsrepresentanter.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).
Registreringsplikta følgjer av forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser. Desse reglane er like strenge som reglane for stortingsrepresentantar. Se forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser § 3 som viser til reglement om register for stortingsrepresentantenes verv og økonomiske interesser.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Verv og økonomiske interesser i regjeringsmedlemmar sin hushalding
Vedtak 156, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til registrering av verv og økonomiske interesser for regjeringspolitikeres medlemmer av husholdningen, inkludert ektefeller og samboere, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 12 L (2023–2024) Endringer i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser (hjemmel for registreringsplikt for statssekretærer og politiske rådgivere), Innst. 121 L (2023–2024) og Lovvedtak 22 (2023–2024).
Departementet har vurdert forslaget, men vil ikkje tilrå å innføre ei slik registreringsplikt for personar som ikkje sjølve er folkevalde. Departementet vurderer at behovet til allmenta er tilstrekkeleg tatt hand om ved at regjeringspolitikaren sjølve alltid må vurdere eigen habilitet, inkludert inhabilitet som følgje av til dømes ektefelle eller sambuar sin tilknyting til ei sak. Departementet har mellom anna lagt vekt på den nærståande sitt personvern da vedkommande ikkje sjølv har søkt eit offentleg verv. Forslaget er òg vanskeleg å avgrense. Det gjeld heller ikkje ei tilsvarande plikt for stortingsrepresentantar.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Organisatoriske tiltak mot flaum
Vedtak 456, 16. januar 2024
«Stortinget ber regjeringen tillate at kommuner kan bruke organisatoriske tiltak fremfor permanent sikring for å sikre ny bebyggelse mot flom, i tråd med anbefalingene fra NVE.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn og Innst. 161 S (2023–2024).
Eit forslag til endringar i byggteknisk forskrift (TEK17) som vil opne for bruk av organisatoriske tiltak på gitte vilkår, vart sendt på høyring i juni, med høyringsfrist 3. oktober 2025. Departementet vil følgje opp saka vidare.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Innføre obligatorisk registrering av eigarskap i fast eigedom
Vedtak 756, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre obligatorisk registrering av eierskap i fast eiendom»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).
Regjeringa ser dette i samanheng med vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021, der «Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.», og vedtak 757, 12. juni 2024 «Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt.». Ein eventuell innføring av pliktig eigedomsregistrering og eit forbod mot blankoskøyter må òg sjåast i samanheng med tinglysinga og dokumentavgifta. For at ei slik regelendring skal virke, må den òg koordinerast med anna arbeid knytt til kven som eiger eigedom og selskap.
Oppmodingsvedtakets underliggande problemstilling må sjåast i samanheng med den moglege bruken til styresmaktene av opplysningar om eigarskap til aksjar og fast eigedom. Finansdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet ga Skatteetaten, Brønnøysundregistera og Kartverket i oppdrag å kartlegge styresmaktene si moglege bruk av opplysningar om eigarskapsforhold til aksjar og fast eigedom.
Kartverket har som følgje av oppdraget frå departementa gjennomført ein konseptvalutredning om innsamling, lagring og deling av opplysningar for å sikre tilstrekkeleg oversikt over og kontroll med eigarskap til fast eigedom. Oppdraget bygger blant anna på rapporten Kartlegging av myndighetenes bruk av opplysninger om eierskap av aksjer og fast eiendom, og er gjennomført i samarbeid med Skatteetaten.
Utgreiinga vart levert 16. juni 2025 og er lagt ut på høyring på Kartverket sine heimesider. Det skal no gjennomførast KS1 hausten 2025 med leveranse av sluttrapport innan utgangen av november. Det må deretter tas stilling til konsept.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Forbod mot blankoskøyter
Vedtak 757, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et forslag om å innføre et forbud mot blankoskjøter, hvor det vurderes et unntak for utbyggingsprosjekt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 15 (2023–2024) Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av kriminalitet og Innst. 412 S (2023–2024).
Oppfølginga av vedtaket har nær samanheng med og vil bli følgt opp under vedtak 756, 12. juni 2024, og det vises til omtale under dette vedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Styringsverktøy for områder med villrein
Vedtak 784, 13. juni 2024
«Stortinget ber regjeringa på eigna måte sørgje for at alle villreinområda får styringsverktøy tilsvarande dei regionale planane, enten gjennom kommunale arealplanar, regionale planar eller på annan eigna måte inkludere eigna føresegner for villreinfjellet i eksisterande plansystem som kommunane rår over.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein og Innst. 374 S (2023–2024).
Oppfølging av vedtaket vil sjåast i samanheng med dei andre oppmodingsvedtaka (783, 785, 786) knytt til stortingsmeldinga om villrein, og som Klima- og miljødepartementet har ansvar for.
Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet følgjer opp oppmodningsvedtaket saman. Eit forprosjekt, utført av Norsk villreinsenter, er gjennomført, der planstatusen i alle dei 24 villreinområda er kartlagt. Det er òg sett på korleis leveområda til villreinen blir forvalta gjennom arealplanar etter plan- og bygningslova, og verneområde etter naturmangfaldlova. Departementa samarbeider vidare om ei meir grundig hovudevaluering som skal gi eit fagleg grunnlag for å vurdere kva for typar styringsverktøy som er mest føremålstenlege, særleg med tanke på forvaltinga av dei villreinområda som i dag ikkje har regionale planar. Behovet for å revidere eksisterande planar blir òg vurdert i samband med evalueringa.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Gjeninnføre tilskot til utleigebustader
Vedtak 797, 14. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen gjeninnføre Husbankens tilskuddsordning for utleieboliger og tilhørende virkemidler for å gjøre det enklere å få tilgang på boliger i bosettingsarbeidet.»
Dokumenta som ligg til grunn er representantforslag frå stortingsrepresentantane Abid Raja, André N. Skjelstad, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Ola Elvestuen om ein tiltakspakke for å ruste norske kommunar i integreringsarbeidet, jf. Dokument 8:103 S og Innst. 382 S (2023–2024).
I Innst. 216 S (2024–2025) merkar fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen seg at oppmodningsvedtaket ikkje vart følgt opp i statsbudsjettet for 2025, og meiner derfor rapporteringa til Stortinget ikkje kan avsluttast.
På generelt grunnlag meiner regjeringa at offentlege tilskot vanskeleg kan løyse utfordringane med høge bustad- og leigeprisar og låg bustadbygging. Tiltak retta mot tilbodssida av marknaden er då meir effektivt. Vidare er det integreringstilskotet som skal dekke utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar, slik at flyktningane kan forsørge seg sjølve og ta del i samfunnet.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Evaluering av nytt inntektssystem for kommunane
Vedtak 813, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen evaluere det nye inntektssystemet for kommunene i løpet av 2029.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka seinast i samband med kommuneproposisjonen for 2030, som skal leggast fram våren 2029, og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Evaluere omlegginga av toppfinansieringsordninga
Vedtak 815, 19. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen evaluere omleggingen av toppfinansieringsordningen for ressurskrevende tjenester og vurdere innslagspunktet for ressurskrevende tjenester i forbindelse med ordinære budsjettprosesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 102 S (2023–2024) Kommuneproposisjonen 2025 og Innst. 440 S (2023–2024).
Før 2025 kompenserte toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester kommunar for 80 pst. av netto lønsutgifter ut over innslagspunktet. Eigenandelen over innslagspunktet var dermed på 20 pst. Inntektssystemutvalet (NOU 2022: 10) tilrådde å legge om toppfinansieringsmodellen slik at han i større grad tar utgangspunkt i kommunen sine utgifter målt per innbyggar enn utgiftene for den enkelte mottakar. Bakgrunnen for dette var at i dåverande modell ville to kommunar med ulikt innbyggartal og like høge utgifter til ressurskrevjande tenester, få like stort tilskot. Dette til tross for at utgiftene til ein mindre kommune normalt vil vere ei større belasting for kommuneøkonomien enn for ein større kommune.
Toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester vart lagt om frå 2025. Eigenandelen over innslagspunktet for landet vil framleis vere 20 pst., men eigenandelen har blitt delt i to, ein eigenandel per innbyggar, som er variabel, og ein eigenandel som er fast. Eigenandelen per innbyggar tar omsyn til kommunar med høge utgifter til ressurskrevjande tenester i høve til innbyggartalet.
Kommunane som har rapportert inn låge utgifter til ressurskrevjande tenester per innbyggar i tilskotsordninga, har tapt på omlegginga. Kommunar som har lågare enn om lag 3 000 kroner i netto lønsutgifter over innslagspunktet per innbyggar, taper på den nye modellen. Desse kommunane har i gjennomsnitt tapt 78 kroner per innbyggar. Kommunar som har høgare enn 3 000 kroner per innbyggar i netto lønsutgifter over innslagspunktet, tener på den nye modellen. Denne gevinsten blir gravis høgare med auka lønsutgifter til ressurskrevjande tenester over innslagspunktet per innbyggar.
Når ein ser på kommunestorleiken, så er det dei minste kommunane (under 3 200 innbyggarar) som tener mest på den nye modellen. Nokre av desse kommunane får òg tilleggskompensasjon. I gjennomsnitt tener kommunar med under 3 200 innbyggarar 172 kroner per innbyggar på den nye modellen. Kommunar med mellom 3 200 innbyggarar og 50 000 innbyggarar tener i gjennomsnitt 43 kroner per innbyggar på den nye modellen, medan kommunar med over 50 000 innbyggarar taper i gjennomsnitt 60 kroner per innbyggar. Dette viser at omlegginga har ført til betre fordelingsverknader.
Innslagspunktet blir vurdert i samband med dei årlege budsjettprosessane. For 2026 er innslagspunktet foreslått sett til 1 921 000 kroner. Departementet viser til omtale under kap. 575 om korleis innslagspunktet er berekna.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Husbanklån til ideelle stiftingar til bygging av studentbustader
Vedtak 909, 21. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av 2024 sende på høring endrede retningslinjer for tildeling av Husbanklån til studentboliger, slik at også ideelle stiftelser er berettiget husbanklån til bygging av studentboliger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024 og Innst. 447 S (2023–2024).
Vedtaket er under oppfølging. Saka vart ikkje sendt på høyring i 2024. Regjeringa vil vurdere saka på nytt etter at lov om registrering av ideelle velferdsaktørar er på plass, jf. oppmodningsvedtak nr. 87 (2024–2025), som blir handsama av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
11.3 Stortingssesjon 2022–2023
Unntak frå søknadsplikta etter plan- og bygningslova for mindre solenergianlegg
Vedtak 24, 18. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere å midlertidig eller tidsbegrenset unnta mindre solenergianlegg fra søknadsplikt etter plan- og bygningsloven, med unntak for fredede og verneverdige bygg, og fjerne kravet om nettinnmelding på anlegg under 7 kW.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby og Ola Elvestuen om ekstraordinære tiltak som følgje av straumkrisa, jf. Dokument 8:289 S (2021–2022) og Innst. 25 S (2022–2023).
Forskrift om elektriske lågspenningsanlegg blir forvalta av Justis- og beredskapsdepartementet. Kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit for mellom anna solenergianlegg, blir nærare regulert i § 14 i forskrifta. Av tredje ledd i føresegna går det fram at denne meldeplikta i hovudregelen ikkje gjeld for anlegg med ytingar på 10 kW eller lågare. Anlegg med ytingar under 7 kW er allereie unntatt frå kravet om førehandsmelding til sentral tilsynsmyndigheit. Justis- og beredskapsdepartementet meiner med dette at denne delen av oppmodningsvedtaket er følgt opp.
Eit forslag til endringar i byggesaksforskrifta (SAK10) som vil gi unntak frå søknadsplikt for installasjon av solcellepanel og solfangarar på eksisterande småhusbygg innanfor ei branncelle, vart sendt på høyring 13. mars 2025. Høyringsfristen var 13. juni 2025. Departementet vil følgje opp saka vidare.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Husleigelovutval
Vedtak 88, 1. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen sette ned et Husleielovutvalg som går gjennom Husleieloven for å vurdere hvordan den kan styrke leietagernes rettigheter, sikre grunnleggende botrygghet og at loven samsvarer bedre med dagens situasjon på leiemarkedet. Utvalget settes ned våren 2023, og en ny lov skal behandles i inneværende stortingsperiode.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023 og Innst. 2 S (2022–2023).
I Innst. 216 S (2024–2025) viser fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025), der regjeringa ikkje legger opp til at ei ny lov skal behandlast i inneverande stortingsperiode, slik oppmodningsvedtaket krev. Fleirtalet legg til grunn at ei ny lov behandlast i inneverande periode.
Husleigelovutvalet har levert ei grundig utgreiing som gir eit godt grunnlag for å fornye husleigelova. Utgreiinga viser tydeleg at det er delte meiningar om fleire saker, noko som òg kom fram i høyringa. Departementet arbeider no med ein lovproposisjon til Stortinget der alle forslag frå utvalet blir sett i samanheng. Eit mål for arbeidet er å finne den rette balansen mellom rettar og plikter for både leigarar og utleigarar. Begge partar skal oppleve lova som rettvis, trygg og pårekneleg. Lova må òg stå seg over tid, og fungere godt både i periodar med høgt og lågt press i leigemarknaden. Arbeidet med proposisjonen har høg prioritet, og regjeringa vil legge fram eit forslag for Stortinget når nødvendig førearbeid er gjort.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Strategi for massehandtering
Vedtak 454, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå relevant regelverk og utarbeide en tverrsektoriell strategi for massehåndtering i samarbeid med bygge- og anleggsnæringen.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Departementet arbeider med ein rettleiar om handtering av overskotsmassar etter gjeldande lovverk. Rettleiaren skal bidra til at berekraftig masseforvalting vert sett på dagsorden tidleg i aktuelle planprosessar, og at sektorlovverket som rører masseforvalting vert praktisert likt. Rettleiaren er venta ferdig hausten 2025. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Digital marknadsplass for overskotsmassar
Vedtak 455, 12. januar 2023
«Stortinget ber regjeringen legge til rette for etableringen av en digital markedsplass for overskuddsmasser, etter modell fra Bærum ressursbank.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Mathilde Tybring-Gjedde og Nikolai Astrup om ein meir sirkulær økonomi, jf. Dokument 8:254 S (2021–2022) og Innst. 124 S (2022–2023).
Departementet har innhenta ein rapport frå Asplan Viak AS (2025) som inneheld forslag til korleis staten kan legge til rette for etablering av digitale marknadsplassar for overskotsmassar ulike stader i landet. På kort sikt vurderer departementet, i samarbeid med andre relevante departement, å opprette eit nasjonalt samarbeidsforum for handtering av overskotsmassar. Samarbeidsforumet skal mellom anna bidra til erfaringsutveksling mellom regionane om berekraftig massehandtering og utbreiing av digitale marknadsplassar. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Fordeling av førehandsstemmer og stemmer på valkrins
Vedtak 780, 7. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at forhåndsstemmer og stemmer avgitt i en annen valgkrets enn der velger er manntallsført ved valgoppgjøret, fordeles på den krets der velgeren er manntallsført.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 45 L (2022–2023) Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven), Innst. 431 L (2022–2023) og Lovvedtak 96 (2022–2023).
Forslaget vil krevje endring i vallova om korleis kommunane tar imot stemmer og korleis oppteljing av stemmer skal gjerast. Det må difor gjerast ei større utgreiing for å sjå på korleis oppmodningsvedtaket kan følgjast opp. Departementet har merka seg at kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 347 L (2023–2024) understrekar at det er viktig at Stortinget får ei sak om korleis dette kan gjerast i god tid før kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2027.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Evaluering av inntektssystemet for fylkeskommunar
Vedtak 821, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av inntektssystemet for fylkeskommuner i forbindelse med fremleggelsen av kommuneproposisjonen våren 2027.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Departementet tar sikte på å kome tilbake til saka i samband med kommuneproposisjonen for 2028, som skal leggast fram våren 2027 og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Evaluering av frikommuneforsøk
Vedtak 824, 13. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med en evaluering av frikommuneforsøk på egnet tidspunkt.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024 og Innst. 488 S (2022–2023).
Departementet har inngått avtale med Rambøll Management Consulting om å evaluere forsøksordninga. Det inneber å evaluere om rammene for forsøksordninga som regjeringa har invitert til, er ein hensiktsmessig måte å legge til rette for forsøk på. Denne evalueringa vil kunne gi eit grunnlag for å vurdere eventuelle endringar i forsøksregelverket på sikt. Dei enkelte forsøka skal òg evaluerast i eigne oppdrag.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget om evalueringa av forsøksordninga og foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Etablering av solceller og/eller lokalprodusert energi på nye næringsbygg
Vedtak 934, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i løpet av første halvår 2024 sende på høring et forslag med krav om at det skal etableres solceller og/eller lokalprodusert energi på alle nye næringsbygg over 500 m2 utenfor LNF-områder.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023 og Innst. 490 S (2022–2023).
I Innst. 216 S (2024–2025) er fleirtalet i kontroll- og konstitusjonskomiteen einige om at regjeringa skal sende forslaget på høyring før 1. mai 2025.
Forslaget vart sendt på høyring i juni 2025, med høyringsfrist 26. september 2025. Forslaget er ein del av arbeidet med å gå gjennom energikrava i byggteknisk forskrift og relevante krav i byggesaksforskrifta, og vurdere moglege endringar som kan bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
11.4 Stortingssesjon 2021–2022
Blankoskøyter og plikt til tinglysing
Vedtak 35 nr. 35, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede bruken av blankoskjøter og plikt til tinglysing ved eiendomskjøp.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Oppfølginga av dette vedtaket har nær samanheng med og vil bli følgt opp under vedtak 756, 12. juni 2024. Det vises til omtale under dette vedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
Studentbustader som eige føremål i kommunale arealplanar
Vedtak 35 nr. 54, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen vurdere forslag til endringer i plan- og bygningsloven om at studentboliger blir et eget formål i kommunale arealplaner, innen utgangen av 2022.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Eit forslag om å innføre studentbustader som nytt arealformål vart utgreidd og sendt på høyring 15. april 2024, med høyringsfrist 5. august 2024. Det nye arealformålet er teke inn i kart- og planforskrifta som nyleg er revidert. Forskrifta vart vedteken 20. januar 2025 og trådde i kraft 1. juli 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Energifleksibel oppvarming
Vedtak 726, 10. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede energieffekten og konsekvenser for byggekostnadene av å stramme inn kravet til energifleksibel oppvarming, og vurdere hvor mye kravet kan strammes inn.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Innst. 446 S (2021–2022) Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, representantforslag om å forlenge strømkompensasjonen, representantforslag om å bygge opp ei kraftfull norsk havvindsatsing, representantforslag om energipolitikk for framtida, representantforslag om hurtigspor for flytande havvind, representantforslag om uavhengige konsekvensutgreiingar i vindkraftsakar og representantforslag om energi for framtida.
Direktoratet for byggkvalitet har greidd ut moglege endringar i krava til energifleksibel oppvarming. Utgreiingane syner at det ikkje er lønsamt å stramme inn kravet. Det er føremålstenleg å gjere andre endringar i energikrava i byggteknisk forskrift for å bidra til auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon. Dette er greidd ut i arbeidet med ei heilskapleg gjennomgang av energikrava i byggteknisk forskrift og relevante krav i byggesaksforskrift, eit arbeid som er sett i gang i samband med handlingsplanen for energieffektivisering i alle delar av norsk økonomi.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
11.5 Stortingssesjon 2018–2019
Opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar
Vedtak 55, 27. november 2018
«Stortinget ber regjeringen utrede og sende på høring forslag om endring i lov om registrering av regjeringsmedlemmers verv og økonomiske interesser. Herunder opplysningsplikt for statsråder og statssekretærer til å registrere sine tidligere oppdragsgivere og oppdragenes innhold der vedkommende, de siste to år før tiltredelse, har arbeidet med å fremme politiske eller næringsmessige interesser.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag frå stortingsrepresentantane Karin Andersen, Torgeir Knag Fylkesnes, Kari Elisabeth Kaski, Gina Barstad og Marius Meisfjord Jøsevold om opplysningsplikt for statsrådar og statssekretærar, jf. Dokument 8:108 LS (2017–2018) og Innst. 54 L (2018–2019).
Lov om registrering av regjeringsmedlemmars verv og økonomiske interesser vart endra i 2023 ved at det òg vart innført registreringsplikt for statssekretærar og politiske rådgivarar. Regjeringsmedlemmar, statssekretærar og politiske rådgivarar har med det den same plikta til å registrere eksisterande inntektsgivande forhold og avtalar med framtidige oppdragsgivarar som stortingsrepresentantar. Det følgjer av forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser § 2. Stortingspolitikarar er ikkje pålagde å registrere tidlegare oppdragsgivarar eller innhaldet i slike oppdrag.
Departementet sette hausten 2019 ned ei arbeidsgruppe for å greie ut forslaget om å utvide registreringsplikta til òg å omfatte tidlegare oppdragsgivarar og oppdraga sitt innhald i situasjonar der regjeringspolitikaren har arbeidd med å fremje politiske eller næringsmessige interesser. Arbeidsgruppa leverte si utgreiing i juni 2022.
Departementet har gått gjennom utgreiinga og vurderer at det ikkje er grunnlag for å sende eit slikt forslag på høyring no. Dagens regelverk for stortingsrepresentantar, som forskrift om registrering av regjeringsmedlemmers, statssekretærers og politiske rådgiveres verv og økonomiske interesser viser til, gir eit godt balansert regelverk mellom omsynet til openheit og omsynet til den enkelte. Det ligg til den enkelte regjeringspolitikar å vurdere sin habilitet i den enkelte sak, inkludert om det er grunnlag for inhabilitet på grunn av tilknyting til tidlegare oppdragsgivar. Eit register over tidlegare oppdragsgivarar og oppdraga sitt innhald vil uansett ikkje gi ei uttømmande liste over alle forhold som kan medføre inhabilitet.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.
11.6 Stortingssesjon 2015–2016
Unntak frå plan- og bygningslova og grannelova ved nasjonal flyktningkrise
Vedtak 646, 10. mai 2016
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer som ved en nasjonal flyktningkrise gir kommunene myndighet til å fravike plan- og bygningsloven og grannelova. Det settes frist for kommunens beslutning, som treffes etter anmodning fra annen kommunal eller statlig myndighet. Saken overføres departementet hvis fristen ikke holdes, og departementet kan også ved overprøving prøve alle sider av saken. Beslutning om at det foreligger en nasjonal flyktningkrise kan treffes av Kongen i statsråd eller av departementet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er Prop. 43 L (2015–2016) Endringer i plan- og bygningsloven (unntak ved kriser, katastrofer eller andre ekstraordinære situasjoner i fredstid) og Innst. 229 L (2015–2016).
Stortinget har vedtatt mellombelse beredskapsheimlar i plan- og bygningslova for å avhjelpe situasjonar der mange flyktningar kjem til landet. Dei gjeld fram til 1. juni 2026. Departementet vil ikkje prioritere eit arbeid med nye reglar no, men vil vurdere saka på nytt når dei mellombelse heimlane løper ut.
Departementet foreslår på denne bakgrunn at rapporteringa blir avslutta.