2 Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak
Nedanfor følger ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025, og dei vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025) meinte ikkje var kvitterte ut. Tabellen nedanfor viser òg om departementet reknar med at rapporteringa om oppmodingsvedtaket no er avslutta, eller om departementet vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettproposisjonen neste år òg.
Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapportering avslutta (Ja/Nei) |
|---|---|---|---|
|
2024-2025 |
59 |
Representantforslag om tiltak som kan auke organisasjonsgraden blant unge |
Ja |
|
2024-2025 |
220 |
Særskild kompensasjonsordning for oljepionerane |
Ja |
|
2024-2025 |
460 |
Forslag som får ned saksbehandlingstida for arbeidsløyve for høgt kvalifisert arbeidskraft frå tredjeland betydeleg |
Ja |
|
2024-2025 |
495 |
Frivillig medlemskap i folketrygda for norske arbeidstakarar i hotell- og restaurantverksemd på NIS-registrerte skip |
Ja |
|
2024-2025 |
539 |
Initiativ til fleire bilaterale samarbeidsavtalar mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland |
Nei |
|
2024-2025 |
609 |
Tydeleggjere at også menneske med utviklingshemming har krav på ei individuell arbeidsevnevurdering og bistand til å delta i arbeidslivet |
Ja |
|
2024-2025 |
610 |
Endringar i tiltaksforskrifta for utsette unge i alderen 16 til 19 år |
Ja |
|
2024-2025 |
611 |
Fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre |
Nei |
|
2024-2025 |
612 |
Arbeide for at gradert sjukmelding blir brukt i større grad, og for at Nav-kontoret startar oppfølginga av sjukmelde tidleg |
Ja |
|
2024-2025 |
613 |
Skilje ut «Varig lønnstilskot» som ein eigen budsjettpost i statsbudsjettet |
Ja |
|
2024-2025 |
614 |
Legge til rette for ein saumlaus overgang frå vidaregåande skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA) |
Nei |
|
2024-2025 |
616 |
Gjere nødvendige regelendringar for å sikre at deltakarar i arbeidsførebuande trening (AFT)òg kan følgast opp på hensiktsmessig måte etter tilsetting, og opne for at deltakarar kan ta del i fag- og yrkesopplæring som fører fram mot fagbrev |
Ja |
|
2024-2025 |
617 |
Trappe opp VTA med 1 000 plassar i året |
Nei |
|
2024-2025 |
618 |
Gå gjennom korleis ytingar og lovreglar for arbeidstid og ferie kan innrettast slik at dei fremmar moglegheitene til å stå lenger i arbeid |
Ja |
|
2024-2025 |
619 |
Komme med forslag som styrker opptrappingsplanen for VTA ytterlegare |
Ja |
|
2024-2025 |
620 |
Sørge for at varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT) ikkje kan settast ut på anbod |
Ja |
|
2024-2025 |
621 |
Prioritere ideelle og offentlege aktørar i arbeidsmarknadstiltak for å sikre best mogleg kvalitet i tiltaka for brukarane |
Nei |
|
2024-2025 |
790 |
Sikre Arbeidstilsynet lovheimlar for å kunne offentleggjere grove og gjentatte brot |
Ja |
|
2024-2025 |
791 |
Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot |
Nei |
|
2024-2025 |
792 |
Betre kunnskapsgrunnlaget og auke forskinga om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet |
Ja |
|
2024-2025 |
793 |
Styrke samarbeidet med sjølvstendige organisasjonar, som for eksempel Fair Play Bygg Norge |
Ja |
|
2024-2025 |
795 |
Greie ut krav om skriftleg arbeidskontrakt frå første arbeidsdag |
Nei |
|
2024-2025 |
796 |
Greie ut ei digital løysing for arbeidskontraktar for å sikre enklare kontroll av rettane til arbeidstakarane og at lønnskrav blir ivaretatt |
Nei |
|
2024-2025 |
797 |
Gi Arbeidstilsynet moglegheit til å vise bort arbeidstakarar som ikkje har HMS-kort, frå byggeplass |
Ja |
|
2024-2025 |
798 |
Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot, slik at gjengangarane blir sanksjonerte strengare |
Nei |
|
2024-2025 |
799 |
Sikre Arbeidstilsynet lovheimlar for å kunne offentleggjere grove og gjentatte brot |
Ja |
|
2024-2025 |
801 |
Gå gjennom og forbetre informasjonen som blir gitt til utanlandske arbeidstakarar i forbindelse med registrering for arbeid i Noreg |
Ja |
|
2024-2025 |
802 |
Innføre eit prikksystem, eit rullebladregister eller ei tilsvarande ordning for juridiske og fysiske personar som er dømde for arbeidslivskriminalitet |
Nei |
|
2024-2025 |
803 |
Etablere ein innsynsportal for seriøsitet som samlar informasjon frå etablerte register |
Nei |
|
2024-2025 |
804 |
Utvide ordninga med HMS-kort til fleire utsette bransjar og forsterke korta |
Nei |
|
2024-2025 |
805 |
Inkludere fleire sanntidsopplysningar i HMS-kortet og sørge for at sannsynlege brot på reglane automatisk blir rapporterte til den aktuelle tilsynsmyndigheita |
Nei |
|
2024-2025 |
806 |
Krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utferding av HMS-kort |
Nei |
|
2024-2025 |
807 |
Heimel for Arbeidstilsynet til å handheve lønnstjuveri |
Ja |
|
2024-2025 |
808 |
Auka løyving til Fair Play Bygg Norge |
Ja |
|
2024-2025 |
809 |
Forslag til målretta tiltak for arbeidstakarar som blir grovt utnytta i arbeidslivet |
Ja |
|
2024-2025 |
811 |
Fjerne unntaket for psykiske og fysiske belastningslidingar i folketrygdlova § 13-3 tredje leddet |
Nei |
|
2024-2025 |
812 |
Endre det avdempa ulykkesomgrepet i folketrygdlova § 13-3 andre leddet |
Nei |
|
2024-2025 |
813 |
Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at kreftformene som rammar kvinnelege brannkonstablar (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkane), blir godkjende som yrkessjukdom |
Nei |
|
2024-2025 |
814 |
Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at brystkreft som rammar arbeidstakarar i turnus/nattarbeid, blir godkjende som yrkessjukdom |
Nei |
|
2024-2025 |
815 |
Tydeleggjere presumsjonsregelen, slik at bevisbyrda blir snudd i favør av den sjuke |
Nei |
|
2024-2025 |
816 |
Endre arbeidsulykkeomgrepet for å forhindre at tilsette i risikofylte yrke har dårlegare yrkesskadedekning |
Nei |
|
2024-2025 |
817 |
Endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedeknking skal gjelde under øvingar og trening pålagt av arbeidsgivaren har pålagt |
Nei |
|
2024-2025 |
818 |
Endre arbeidsulykkeomgrepet slik at tilsette i risikable yrke ikkje står utan dekning under øving |
Nei |
|
2024-2025 |
819 |
Oppdatere yrkessjukdomslista slik at krefttypane der IARC har funne ein samanheng mellom brannyrket og kreft (sju diagnosar) blir godkjende for brannfolk og feiarar |
Nei |
|
2024-2025 |
820 |
Etablere eit hurtigspor for å sikre at dei sju kreftformene der IARC har funne ein samanheng med brann- og feiaryrket, blir godkjende som yrkessjukdom i tråd med klassifiseringa til IARC |
Nei |
|
2024-2025 |
923 |
Vurdere behovet for å gjere endringar i arbeidsmiljølova for å sikre at styrkeforholdet og interessene til arbeidstakarane i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberekning av arbeidstid blir ivaretatt på ein god måte |
Nei |
|
2024-2025 |
951 |
Tiltak for å motverke at busette flyktningar flyttar frå busettingskommunen etter avslutta introduksjonsprogram |
Nei |
|
2023–2024 |
16 |
Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjende sjukepleiarar tilsett i bemanningsføretak |
Nei |
|
2023–2024 |
52 |
Strategi for å styrke rolla og tilbodet til ideell sektor på arbeids- og velferdsfeltet |
Nei |
|
2023–2024 |
56 |
Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom |
Ja |
|
2023–2024 |
69 |
Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp |
Ja |
|
2023–2024 |
147 |
Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet |
Ja |
|
2023–2024 |
643 |
Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige |
Ja |
|
2023–2024 |
660 |
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – auka kunnskap og kompetanse |
Ja |
|
2023–2024 |
661 |
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot si eiga vilje |
Ja |
|
2023–2024 |
728 |
Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri |
Ja |
|
2023–2024 |
770 |
Legge fram ein styrkt handlingsplan mot tvangsekteskap |
Ja |
|
2023–2024 |
801 |
Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høgkvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland |
Nei |
|
2023–2024 |
842 |
Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse |
Nei |
|
2023–2024 |
843 |
Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning |
Ja |
|
2022–2023 |
37 |
Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering) |
Nei |
|
2022–2023 |
491 |
Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og staduavhengige arbeidsplassar |
Nei |
|
2022–2023 |
493 |
Endringar i arbeidsmiljølova m.m. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern) |
Ja |
|
2022–2023 |
530 |
Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn |
Ja |
|
2022–2023 |
531 |
Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar» |
Ja |
|
2022–2023 |
532 |
Representantforslag om å gå gjennom og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova |
Ja |
|
2022–2023 |
604 |
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging |
Nei |
|
2022–2023 |
727 |
Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera |
Ja |
|
2022–2023 |
728 |
Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet |
Ja |
|
2022–2023 |
730 |
Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar |
Ja |
|
2022–2023 |
937 |
Vurdere omlegging av fribeløpet i uføretrygda og andre endringar |
Ja |
|
2021–2022 |
456 |
Greie ut om sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring |
Ja |
|
2021–2022 |
794 |
Tilgjenge til og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving |
Ja |
|
2021–2022 |
813 |
Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt. |
Nei |
|
2020–2021 |
911 |
Forenkling av yrkesskadereglane |
Ja |
|
2020–2021 |
1200 |
Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre |
Ja |
|
2019–2020 |
626 |
Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar |
Ja |
|
2019–2020 |
627 |
Rettshevdinga til å stanse køyretøy |
Nei |
|
2017–2018 |
42 |
Særaldergrenser for tilsette i staten |
Nei |
|
2017–2018 |
321 |
Overgangsordning for fosterforeldre |
Ja |
2.1 Stortingssesjon (2024–2025)
Representantforslag om tiltak som kan auke organisasjonsgraden blant unge
Vedtak 59, 28. november 2024
«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som kan øke organisasjonsgraden blant unge, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:178 S (2023–2024), Innst. 52 S (2024–2025).
Det er først og fremst organisasjonane sjølve som har ansvaret for å rekruttere nye medlemmer. Myndigheitene kan legge til rette for at det skal vere enkelt å organisere seg, bl.a. gjennom å informere om den norske arbeidslivsmodellen og ved å auke skattefrådraget for fagforeiningskontingenten. Det siste tiltaket treffer særleg unge arbeidstakarar, som ofte har lågare lønn enn resten av befolkninga.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Særskild kompensasjonsordning for oljepionerane
Vedtak 220, 17. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen, i arbeidet med kompensasjon for oljepionerene, legge en særskilt kompensasjonsordning til grunn, i tråd med anbefalingene fra NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:16 S (2024–2025), Innst. 101 S (2024–2025).
I samanheng med framlegginga av Prop. 1 S (2025–2026) foreslår regjeringa å etablere ei kompensasjonsordning for oljepionerane som i hovudsak baserer seg på tilrådingane og berekningane frå rapporten til oljepionerkommisjonen, NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning. Stortinget løyvde 14 mill. kroner til arbeidet med å konkretisere dei praktiske og administrative førebuingane til arbeidet i revidert nasjonalbudsjett 2025. Regjeringa tar sikte på å ha ordninga oppe og gå så tidleg som mogleg i 2026.
For nærmare omtale sjå kap. 6.2.4 Kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar og under Programkategori 09.40, kapittelomtalen under kap. 647 Kompensasjonsordning for oljepionerane.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forslag som får ned saksbehandlingstida for arbeidsløyve for høgt kvalifisert arbeidskraft frå tredjeland betydeleg
Vedtak 460, 13. februar 2025
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig og senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2026 komme med forslag som får ned saksbehandlingstiden for arbeidstillatelser for høykompetent arbeidskraft fra tredjeland betydelig. Det vises til Oslo kommunes pilotprosjekt Kompetansespor som en mulig modell for en slik løsning.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 6 (2024–2025), Innst. 128 S (2024–2025).
I samanheng med oppfølginga av vedtak nr. 801, 17. juni 2024, arbeider departementet alt med å greie ut forenklingar i regelverket om opphaldsløyve for høgt kvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland. I dette arbeidet inngår òg forenklingar som skal redusere saksbehandlingstida, slik Stortinget ber om i vedtak nr. 460, 13. februar 2025.
Erfaringane Oslo kommune har gjort med pilotprosjektet Kompetansespor, tilseier at å bruke ny teknologi i den ordinære saksbehandlinga vil krevje betydelege omleggingar av arbeidsprosessane og utvikling av nye saksbehandlingssystem i utlendingsforvaltninga. I åra framover skal det realiserast nye digitale fellesløysingar for utlendingsforvaltninga, og erfaringane frå pilotprosjektet vil vere nyttige for det vidare arbeidet i moderniseringsprogrammet. Det er likevel ikkje mogleg å endre saksbehandlingsprosessane og -systema for faglærtsaker frå 2026.
På bakgrunn av departementet si oppfølging av vedtak nr. 801, 17. juni 2024, og erfaringane med pilotprosjektet, bl.a. at bruk av denne teknologien vil krevje betydelege omleggingar og utvikling i utlendingsforvaltninga, foreslår departementet at vedtak nr. 460 blir oppheva, jf. forslag til romartalsvedtak.
Frivillig medlemskap i folketrygda for norske arbeidstakarar i hotell- og restaurantverksemd på NIS-registrerte skip
Vedtak 495, 6. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede og legge frem en sak for Stortinget om å muliggjøre frivillig medlemskap i folketrygden for norske arbeidstakere i hotell- og restaurantvirksomhet på NIS-registrerte skip. Frivillig skal forstås slik at arbeidstaker er den som avgjør hva han eller hun ønsker, og at vedkommende da innvilges samme rettigheter ved inntreden i folketrygden som alle andre arbeidstakere.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 40 L (2024–2025), Innst. 146 L (2024–2025).
Personar som er tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS), er i dag eksplisitt unntatt frå både pliktig og frivillig medlemskap i folketrygda, gjennom folketrygdlova § 2-12. Føresegna gjeld både norske og utanlandske statsborgarar.
Føresegna kom inn i folketrygdlova i 1994, som følgje av EØS-avtalen. Tidlegare hadde slike arbeidstakarar på norskregistrerte skip vore medlemmer av folketrygda, men berre dersom dei var norske statsborgarar eller busette i Noreg. I samsvar med føresegnene i trygdeforordninga, som er ein del av EØS-avtalen, ville det med verknad frå 1. januar 1994 innanfor EØS ikkje lenger vere høve til slik forskjellsbehandling på bakgrunn av statsborgarskap eller bustad. Følgeleg måtte ein enten utvide verkeområdet til folketrygda til å omfatte alle EØS-borgarar på norskregistrerte skip, eller gjere unntak frå folketrygda også for norske borgarar og andre personar med bustad i Noreg. Den sistnemnde løysinga blei vald.
I Prop. 40 L (2024–2025) blei det foreslått å oppheve folketrygdlova § 2-12, for å likestille personar tilsette i hotell- og restaurantverksemd på turistskip registrerte i NIS med andre kategoriar av arbeidstakarar på slike skip. Det blei òg foreslått korresponderande endringar i andre lover.
Da Stortinget behandla proposisjonen 6. mars 2025, blei han lagt ved protokollen, og det blei gjort eit oppmodingsvedtak. Slik departementet forstår oppmodingsvedtaket, ber Stortinget om ei utgreiing av moglegheita for å opne opp for frivillig medlemskap i folketrygda for den aktuelle yrkesgruppa, men da slik at denne moglegheita berre skal gjelde for norske arbeidstakarar. Vi viser i denne samanhengen til at eit fleirtal i komiteen i innstillinga framheva som grunngiving for ei slik løysing at det «[…] kan bidra til å redusere bruken av utenlandsk arbeidskraft i denne delen av næringen».
Løysinga vil, som nemnt ovanfor, innebere ei ulovleg forskjellsbehandling i EØS-rettsleg meining. Vi viser i denne samanhengen til diskrimineringsforbodet i artikkel 4 i EØS-avtalen og likebehandlingsprinsippet i artikkel 4 i trygdeforordninga, som var årsaka til at folketrygdlova § 2-12 i si tid blei gitt. Departementet legg derfor til grunn at løysinga ikkje kan innførast innanfor rammene av dei folkerettslege forpliktingane til Noreg.
Regjeringa foreslår derfor at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Initiativ til fleire bilaterale samarbeidsavtalar mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland
Vedtak 539, 1. april 2025
«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til flere bilaterale samarbeidsavtaler mot arbeidslivskriminalitet med aktuelle tredjeland, for å oppnå mer strategisk og operativt samarbeid, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 8 LS (2024–2025), Innst. 182 S (2024–2025).
Dei norske EØS-midlane har gjort det mogleg å utvikle eit nærmare samarbeid mellom arbeidstilsyna i Noreg og EU/EØS-land i Sentral- og Aust-Europa. Dette samarbeidet vil bli vidareført. Som oppfølging av handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet vil regjeringa vurdere behov og moglege løysingar for å styrke samarbeidet med myndigheiter i land utanfor EU/EØS-området. Det føreset finansiering av tiltaka, slik at mottakarlanda kan involverast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna vis.
Tydeleggjere at også menneske med utviklingshemming har krav på ei individuell arbeidsevnevurdering og bistand til å delta i arbeidslivet
Vedtak 609, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre at også mennesker med utviklingshemming har krav på en individuell arbeidsevnevurdering og bistand til å delta i arbeidslivet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Eit vilkår for å få innvilga uføretrygd er at inntektsevna til søkaren er nedsett med minst halvparten. Med mindre det er openbert at arbeidsretta tiltak ikkje er hensiktsmessige, kan uføretrygd berre innvilgast dersom søkaren har gjennomført eller prøvd å gjennomføre individuelle og hensiktsmessige arbeidsretta tiltak. Dei fleste må derfor få arbeidsretta bistand før dei kan få innvilga uføretrygd.
Det følger av rundskriv at behandling av såkalla kurantsaker skal prioriterast. Kurantsaker er saker der nokon har søkt om uføretrygd og det går klart fram av medisinske opplysningar og funksjonsbeskrivingane at heile inntektsevna til søkaren er varig nedsett. Saker der det er klart at søkaren ikkje kan fungere i eit ordinært arbeid på grunn av utviklingshemming, er nemnde som eitt av fleire eksempel på moglege kurantsaker. I slike tilfelle blir arbeidsretta bistand rekna som unødvendig for behandling av søknaden. Formålet med å prioritere kurantsaker er at personar som uansett ikkje kan fungere i eit ordinært arbeid, skal få behandla søknaden sin raskare.
Dersom det er uklart om ein person med utviklingshemming kan fungere i eit ordinært arbeid, eller det ikkje finst god nok dokumentasjon for å vurdere dette, skal Nav-kontoret vurdere arbeidsevna til personen før dei behandlar kravet om uføretrygd. Personen kan da få arbeidsavklaringspengar fram til arbeidsevna er avklart.
Samtidig gir Nav-lova § 14 a alle som tar kontakt med Arbeids- og velferdsetaten, ein rett til å få vurdert behovet sitt for bistand til å komme i arbeid. I Ot.prp. nr. 4 (2008–2009) understreka departementet at også personar som på tidspunktet for vurderinga blir rekna som å stå langt frå arbeid, har rett til å få kartlagt behovet sitt for hjelp. Dette gjeld sjølv om slik bistand blir rekna som unødvendig for behandling av søknaden om uføretrygd. Regelen gjeld for alle, også personar med utviklingshemming, og også personar som får uføretrygd. Personar som har behov for ei meir omfattande vurdering av behovet for bistand, har altså allereie ein rett til å få ei arbeidsevnevurdering.
At ein person har utviklingshemming og får uføretrygd, er m.a.o. ikkje til hinder for at personen kan få arbeidsretta bistand og tilbod om arbeidsmarknadstiltak. Det er likevel ikkje nokon rett til å delta i arbeidsmarknadstiltak, men også det gjeld alle og ikkje berre personar med utviklingshemming. Arbeidsmarknadstiltak blir tildelte etter ei individuell vurdering av kva slags arbeidsretta bistand den enkelte treng.
Varig tilrettelagt arbeid er eit arbeidsmarknadstiltak for personar som får uføretrygd eller venteleg får det i nær framtid, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Varig tilrettelagt arbeid er eit viktig tiltak for personar med utviklingshemming, og gruppa er prioritert for inntak til tiltaket.
Regjeringa ønsker å tydeleggjere at mottakarar av uføretrygd kan få bistand til å komme i arbeid. Frå 2026 vil alle unge mottakarar av uføretrygd som har vore uføre i minst to år, få ei melding frå Arbeids- og velferdsetaten som forklarer regelverket og informerer om moglegheitene for arbeidsretta oppfølging. Sjå nærmare omtale under del II, punkt 6.1.2. Også unge mottakarar med utviklingshemming vil få denne meldinga. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Endringar i tiltaksforskrifta for utsette unge i alderen 16 til 19 år
Vedtak 610, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen endre tiltaksforskriften med virkning fra 1. august 2025 slik at Arbeids- og velferdsetaten ved særlige tilfeller kan være med og medfinansiere tiltak for utsatte unge i alderen 16 til 19 år. Derved kan disse få fullført sin tilrettelagte fag- og yrkesopplæring gjennom et offentlig-offentlig samarbeid med fylkeskommunen.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har vedtatt endringar i opplæringstiltaket som gir Arbeids- og velferdsetaten moglegheit til å tilby ungdom i alderen 16–19 år, som har falle ut av ordinær skolegang, eit alternativt og tilrettelagt fag- og yrkesopplæringstilbod i samarbeid med fylkeskommunen. Departementet har vidare gjort endringar i mentortiltaket som opnar for at alle under 30 år som gjennomfører tilrettelagd fag- og yrkesopplæring, kan få støtte og oppfølging frå ein mentor i inntil tre år. Endringa legg til rette for at arbeidsgivarar som tilset lærlingar eller lærekandidatar som er i eit opplæringstiltak via Arbeids- og velferdsetaten, kan få økonomisk tilskot til å følge dei opp gjennom skoleløpet.
Forskriftsendringane tredde i kraft 1. august 2025. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre
Vedtak 611, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til vurdering i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Departementet viser samtidig til omtalen under oppmodingsvedtak 937, 16. juni 2023, der det no blir foreslått andre endringar for å gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeidsinntekt.
Arbeide for at gradert sjukmelding blir brukt i større grad, og for at Nav-kontoret startar oppfølginga av sjukmelde tidleg
Vedtak 612, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen arbeide for at gradert sykemelding brukes i større grad, og at Navs oppfølging av sykemeldte starter tidlig.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Regjeringa ser oppfølginga av oppmodingsvedtaket i samanheng med bl.a. oppfølginga av tiltak i avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028, inkludert to lovarbeid – eitt om endringar som kan presisere, og ev. forsterke, medverknads- og aktivitetsplikta til den sjukmelde og tilretteleggingsplikta til arbeidsgivaren, og eitt for å regulere ei meir behovstilpassa sjukefråværsoppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten, og prosjektet Berekraftig sjukmelding, som skal styrke rolla til fastlegen i sjukefråværsarbeidet og auke helsekompetansen i befolkninga. Vidare heng oppfølginga saman med oppfølginga av områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar i folketrygda. Sjå omtale under del II, punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet og punkt 6.7 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Skilje ut «Varig lønnstilskot» som ein eigen budsjettpost i statsbudsjettet
Vedtak 613, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som skiller ut «Varig lønnstilskudd» som en egen budsjettpost i statsbudsjettet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Regjeringa foreslår å skilje ut tiltaket varig lønnstilskot på ein eigen budsjettpost i statsbudsjettet for 2026. Sjå omtale under del II, programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Legge til rette for ein saumlaus overgang frå vidaregåande skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA)
Vedtak 614, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig fremme forslag som legger til rette for en sømløs overgang fra videregående skole til varig tilrettelagt arbeid (VTA) for personer som fullfører videregående skole, og som har behov for varig tilrettelagt arbeid.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Regjeringa vil sjå på problemstillinga og komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Gjere nødvendige regelendringar for å sikre at deltakarar i arbeidsførebuande trening (AFT) òg kan følgast opp på hensiktsmessig måte etter tilsetting, og opne for at deltakarar kan ta del i fag- og yrkesopplæring som fører fram mot fagbrev
Vedtak 616, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gjøre nødvendige regelendringer for å sikre at deltakere i arbeidsforberedende trening (AFT) også kan følges opp på hensiktsmessig måte etter ansettelse, og åpne for at deltakere kan delta i fag- og yrkesopplæring som leder frem mot fagbrev»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Det er gjort endringar i tiltaksforskrifta kap. 13 – arbeidsførebuande trening (AFT) – som legg til rette for at AFT-deltakarar kan få oppfølging frå tiltaksarrangøren etter at ein har fått lønt arbeid. Endringa gjeld òg der deltakarar blir tilsette som lærlingar eller lærekandidatar. Vidare er det opna for at deltakarane kan gjennomføre formell opplæring som ein del av AFT-tiltaket. Det er òg gjort justeringar som gir større moglegheit for å delta i AFT-tiltaket på deltid og i kombinasjon med andre arbeidsmarknadstiltak.
Regelverksendringane trer i kraft frå 1. januar 2026. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Trappe opp VTA med 1 000 plassar i året
Vedtak 617, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen trappe opp antallet nye varig tilrettelagte arbeidsplasser (VTA) med 1 000 plasser i året, med oppstart i forslaget til statsbudsjett for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
I Prop. 1 S (2023–2024) la regjeringa fram ein langsiktig plan for å styrke varig tilrettelagt arbeid (VTA) med om lag 2 000 plassar i perioden 2024–2027. Planen følger opp oppmodingsvedtak 605 frå 18. april 2023. Planen er følgt opp med løyvingar som svarer til om lag 500 nye plassar i statsbudsjetta for både 2024 og 2025. Tilsvarande blir foreslått i statsbudsjettet for 2026.
Regjeringa vil framleis følge opp opptrappingsplanen i tråd med signala som blei gitt til Stortinget i statsbudsjettet for 2024.
Gå gjennom korleis ytingar og lovreglar for arbeidstid og ferie kan innrettast slik at dei fremmer moglegheitene til å stå lenger i arbeid
Vedtak 618, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå hvordan ytelser og lovregler for arbeidstid og ferie kan innrettes slik at de fremmer mulighetene for at arbeidstakere kan stå lenger i arbeid når de blir eldre.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Arbeidsmiljølova og ferielova har fleire reglar som rettar seg mot seniorar i arbeidslivet. Arbeidstakar har f.eks. rett til ei ekstra veke med ferie frå det året ein fyller 60 år, og rett til redusert arbeidstid etter fylte 62 år. Det skal også bli teke omsyn til alder ved arbeidsgivar si organisering og tilrettelegging av arbeidssituasjonen til den enkelte. Departementet vurderer derfor innretninga på dagens ytingar og reglane for arbeidstid og ferie for å vere formålstenleg for at arbeidstakarar kan stå lenger i arbeid når dei blir eldre. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Komme med forslag som styrker opptrappingsplanen for varig tilrettelagt arbeid ytterlegare
Vedtak 619, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som styrker opptrappingsplanen for varig tilrettelagt arbeid (VTA) ytterligere, med mål om 1 000 nye plasser per år.».
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Vi viser til vedtak 617, 6. mai 2025. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Sørge for at varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT) ikkje kan settast ut på anbod
Vedtak 620, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen sørge for at varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsforberedende trening (AFT) ikke settes ut på anbud.».
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Varig tilrettelagt arbeid og arbeidsførebuande trening er regulerte i forskrifta om arbeidsmarknadstiltak. Regjeringa har ikkje planar om å endre forskrifta slik at tiltaka blir sette ut på anbod. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Prioritere ideelle og offentlege aktørar i arbeidsmarknadstiltak for å sikre best mogleg kvalitet i tiltaka for brukarane
Vedtak 621, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen prioritere ideelle og offentlige aktører i arbeidsmarkedstiltak for å sikre best mulig kvalitet i tiltakene for brukerne.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 33 (2023–2024), Innst. 150 S (2024–2025).
Regjeringa ser oppfølging av vedtaket i lys av korleis Avkommersialiseringsutvalget blir følgt opp. Rapporten frå utvalet har vore på høyring. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet følger opp høyringa, sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Regjeringa har vidareført innsatsområda i Strategi for økt innovasjon og bedre tjenester på arbeids- og velferdsfeltet frå Solberg-regjeringa.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på høveleg vis.
Sikre Arbeidstilsynet lovheimlar for å kunne offentleggjere grove og gjentatte brot
Vedtak 790, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at Arbeidstilsynet har hjemler for å kunne offentliggjøre grove og gjentatte brudd der pålegg eller stansingsvedtak fra Arbeidstilsynet ikke etterleves innen fastsatte frister, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Som omtalt i handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet (2025), skal Arbeidstilsynet publisere tilsynsdokument og stansingsvedtak på eInnsyn, som er ei digital søketeneste for dokument frå offentlege postjournalar. Tilsynet vil gjere løysinga synleg og lett tilgjengeleg på nettsidene sine. Dette vil bidra til at verksemder, innkjøparar og forbrukarar får betre tilgang til informasjon som gjer det mogleg å velje bort useriøse og kriminelle aktørar. Arbeidstilsynet skal arbeide vidare med løysingar for å gjere den publiserte informasjonen tilgjengeleg for innkjøparar og forbrukarar på ein enklare måte. Regjeringa legg til grunn at Arbeidstilsynet har heimel til slik offentleggjering og reknar derfor oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet, der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot
Vedtak 791, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede et prikksystem hos Arbeidstilsynet, hvor sanksjonene blir hardere etter gjentatte brudd, slik at gjengangerne sanksjoneres strengere, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Betre kunnskapsgrunnlaget og auke forskinga om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Vedtak 792, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen bedre kunnskapsgrunnlaget og øke forskningen om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet for å sikre at innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet virker etter intensjonen og at virkemidler og tiltak har den ønskede effekten, og deretter komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
I samsvar med handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet (2025) vil regjeringa betre kunnskapsgrunnlaget og auke forskinga på sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i Noreg. Dette skal gjennomførast både gjennom departementets eigne forskingsinitiativ og i dialog med Forskingsrådet. Resultata frå forskinga vil bli brukte til å vidareutvikle innsatsen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Styrke samarbeidet med sjølvstendige organisasjonar, som for eksempel Fair Play Bygg Norge
Vedtak 793, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen styrke samarbeidet med selvstendige organisasjoner, som for eksempel Fair Play Bygg Norge, som jobber for et trygt og seriøst arbeidsliv, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Gjennom den felles innsatsen sin mot arbeidslivskriminalitet har Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten utvikla eit omfattande samarbeid med andre offentlege etatar, kommunar, partane i arbeidslivet og frivillige organisasjonar. Fair Play Bygg, som er etablert med grupper mange stader i landet, er blitt ein sentral samarbeidspart for etatane. Tips og informasjon frå Fair Play Bygg-gruppene bidrar til auka kunnskap om utviklingstrekk og situasjonen for dei som blir offer for arbeidslivskriminalitet. Dei bidrar òg med tips og informasjon om konkrete trusselaktørar. Det blir òg vist til omtale under vedtak 808, 27 mai 2025, der det går fram at regjeringa foreslår ei samla løyving på 6 mill. kroner til Fair Play Bygg i 2026. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Greie ut krav om skriftleg arbeidskontrakt frå første arbeidsdag
Vedtak 795, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede krav om skriftlig arbeidskontrakt fra første arbeidsdag, og som minimum innføre krav om at lønnsopplysninger og de mest sentrale arbeidsvilkårene skal være gitt skriftlig fra dag én, og komme tilbake til Stortinget i løpet av 2025.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Greie ut ei digital løysing for arbeidskontraktar for å sikre enklare kontroll av rettane til arbeidstakarane og at lønnskrav blir ivaretatt
Vedtak 796, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede en digital løsning for arbeidskontrakter for å sikre enklere kontroll av arbeidstakernes rettigheter og at lønnskrav blir ivaretatt, og komme tilbake til Stortinget innen statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet har Arbeidstilsynet, i dialog med Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten, greidd ut ulike sider ved ei eventuell innføring av digitale arbeidsavtalar. Som omtalt i handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet vil departementet på bakgrunn av utgreiinga vurdere eventuelle tiltak for å forbetre den digitale informasjonen om arbeidskontraktar og arbeidsforhold.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinga på eigna måte.
Gi Arbeidstilsynet moglegheit til å vise bort arbeidstakarar som ikkje har HMS-kort, frå byggeplass
Vedtak 797, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gi Arbeidstilsynet mulighet til å bortvise arbeidstakere fra byggeplass der de ikke besitter pliktig HMS-kort og ikke er registrert i Aa-registeret (Navs arbeidsgiver- og arbeidstakerregister), og komme tilbake til Stortinget innen statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Arbeidstilsynet har i dag ikkje heimel til å vise bort personar; det er det politiet som har. Etter departementet sitt syn føreset en heimel om bortvising at den myndigheit som viser bort også må kunne nytte fysisk makt om den aktuelle personen ikkje samarbeider. Departementet legg til grunn at det ikkje er aktuelt å gi Arbeidstilsynets inspektørar slik politimyndigheit. Departementet meiner derfor at det ikkje er aktuelt å følgje opp vedtaket. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Greie ut eit prikksystem hos Arbeidstilsynet der sanksjonane blir hardare etter gjentatte brot, slik at gjengangarane blir sanksjonerte strengare
Vedtak 798, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede et prikksystem hos Arbeidstilsynet, hvor sanksjonene blir hardere etter gjentatte brudd, slik at gjengangerne sanksjoneres strengere, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Sikre at Arbeidstilsynet har lovheimlar for å kunne offentleggjere grove og gjentatte brot
Vedtak 799, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at Arbeidstilsynet har hjemler for å kunne offentliggjøre grove og gjentatte brudd der pålegg eller stansingsvedtak fra Arbeidstilsynet ikke etterleves innen fastsatte frister, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Sjå omtale av vedtak 790, 27. mai 2025. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Gå gjennom og forbetre informasjonen som blir gitt til utanlandske arbeidstakarar i forbindelse med registrering for arbeid i Noreg
Vedtak 801, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og forbedre informasjonen som gis til utenlandske arbeidstakere i forbindelse med registrering for arbeid i Norge, herunder ved utdeling av d-nummer, og sikre at Arbeidstilsynet og andre offentlige aktører møter utenlandske arbeidstakere med forbedret informasjonsmateriell innen 1. januar 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
I samsvar med handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet (2025) skal ein nytte sentrale møtestader som Skatteetaten sin ID-kontroll og Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar (SUA) til å formidle informasjon til utanlandske arbeidstakarar. I samarbeid med partane i arbeidslivet skal relevante myndigheiter utforme og vidareutvikle lett tilgjengeleg informasjonsmateriell om rettar og plikter i norsk arbeidsliv. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Innføre eit prikksystem, eit rullebladregister eller ei tilsvarande ordning for juridiske og fysiske personar som er dømde for arbeidslivskriminalitet
Vedtak 802, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen innføre et prikksystem, et rullebladregister eller en tilsvarende ordning for juridiske og fysiske personer som har blitt dømt for arbeidslivskriminalitet, der gjentatte grove brudd medfører karantene eller tap av rettighet til å eie og drive en bedrift.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet.
Etablere ein innsynsportal for seriøsitet som samlar informasjon frå etablerte register
Vedtak 803, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen etablere en innsynsportal for seriøsitet som samler informasjon fra etablerte registre, slik at bedrifter og privatpersoner enkelt kan sjekke om bedrifter innfrir kriterier for seriøsitet, og komme tilbake til Stortinget senest innen fremleggelsen av statsbudsjettet for 2026.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til vurdering i departementet.
Utvide ordninga med HMS-kort til fleire utsette bransjar og forsterke korta
Vedtak 804, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utvide ordningen med HMS-kort til flere utsatte bransjer og forsterke kortene med biometriske data og formelle kvalifikasjoner, og deretter utvide kortenes gyldighetstid, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Inkludere fleire sanntidsopplysningar i HMS-kortet og sørge for at sannsynlege brot på reglane automatisk blir rapporterte til den aktuelle tilsynsmyndigheita
Vedtak 805, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen inkludere flere sanntidsopplysninger i HMS-kortet, herunder lage en kobling til a-ordningen (lønn og skattetrekk), OTP-innbetalinger og ytelsesutbetalinger fra Nav, samt sørge for at sannsynlige brudd på reglene automatisk rapporteres til den aktuelle tilsynsmyndigheten, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utferding av HMS-kort
Vedtak 806, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede krav om fysisk ID-sjekk eller bruk av BankID ved utstedelse av HMS-kort og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Heimel for Arbeidstilsynet til å handheve lønnstjuveri
Vedtak 807, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen utrede å gi Arbeidstilsynet hjemmel til å håndheve lønnstyveri.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Reguleringa av lønnstjuveri finst i straffelova. I Noreg er det politi, påtalemyndigheit og domstolane som er gitt myndigheit til å handheve strafferettslege føresegner. Departementet legg til grunn at det ikkje er aktuelt å gi Arbeidstilsynet slik myndigheit. Regjeringa foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Auka løyving til Fair Play Bygg Norge
Vedtak 808, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen øke bevilgningen til Fair Play Bygg Norge.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
I samsvar med handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet blir støtta til Fair Play Bygg vidareført. I tillegg blir det lagt fram forslag om å auke løyvinga i statsbudsjettet for 2026, slik at den totale løyvinga deira blir 6 mill. kroner. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Forslag til målretta tiltak for arbeidstakarar som blir grovt utnytta i arbeidslivet
Vedtak 809, 27. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til målrettede tiltak for arbeidstakere som blir grovt utnyttet i arbeidslivet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 80 L (2024–2025), Innst. 334 L (2024–2025), Lovvedtak 74 (2024–2025).
Regjeringa har lagt fram ein strategi mot menneskehandel for å samordne og styrke innsatsen og hjelpe personar som blir offer for slik utnytting. I samsvar med handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet blir det gjennomført ei kartlegging av arbeidstakarar i gråsona mellom sosial dumping og menneskehandel til tvangsarbeid. Ein rapport frå kartlegginga skal leggast fram mot slutten av 2025. På bakgrunn av rapporten skal departementet vurdere eventuelle vidare tiltak som kan førebygge og motverke denne typen grov kriminalitet og styrke situasjonen for offera. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Fjerne unntaket for psykiske og fysiske belastningslidingar i folketrygdlova § 13-3 tredje leddet
Vedtak 811, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen foreslå å endre folketrygdloven § 13-3 tredje ledd, slik at unntaket for psykiske og fysiske belastningslidelser fjernes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Endre det avdempa ulykkesomgrepet i folketrygdlova § 13-3 andre leddet
Vedtak 812, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen legge frem et forslag til endring av det avdempede ulykkesbegrepet i folketrygdloven § 13-3 annet ledd, slik at sammenligningen med hva som er normalt i arbeidet, strykes, for å sikre at skader som skyldes egenskaper ved arbeidet eller arbeidsstedet, også fanges opp.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Regjeringa viste i Prop. 134 L (2024–2025) Endringer i folketrygdloven (yrkessykdommer og elektronisk melding av yrkesskade) til at dagens arbeidsulykkeomgrep inneber at enkelte kan oppleve at dei ikkje får skaden godkjend som yrkesskade fordi dei har eit risikofylt arbeid. Ei endring av omgrepet kan vere viktig for denne gruppa. Regjeringa varsla derfor i proposisjonen at departementet tok sikte på å sende på høyring eit forslag om endringar i arbeidsulykkeomgrepet våren 2025.
Oppmodingsvedtak 812 og oppmodingsvedtaka 816, 817 og 818, vedtatte 2. juni 2025, gjeld alle ulykkesomgrepet. Departementet sende 5. september 2025 på høyring forslag til endringar i arbeidsulykkeomgrepet, og desse følger òg opp oppmodingsvedtaka, med frist 5. desember 2025. Sjå òg omtale under del II, programkategori 29.90, kap. 5701.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at kreftformene som rammar kvinnelege brannkonstablar (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkane), blir godkjende som yrkessjukdom
Vedtak 813, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at kreftformene som rammer kvinnelige brannkonstabler (brystkreft, livmorhalskreft, kreft i eggstokkene), godkjennes som yrkessykdom.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Oppdatere yrkessjukdomslista, slik at brystkreft som rammar arbeidstakarar i turnus/nattarbeid, blir godkjende som yrkessjukdom
Vedtak 814, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at brystkreft som rammer arbeidstakere i turnus/nattarbeid, godkjennes som yrkessykdom.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Tydeleggjere presumsjonsregelen, slik at bevisbyrda blir snudd i favør av den sjuke
Vedtak 815, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen foreslå å tydeliggjøre presumsjonsregelen, slik at bevisbyrden snus i favør av den syke. Dersom andre forklaringer er mer sannsynlige enn eksponering i yrket, er det Nav eller forsikringsselskapet som får bevisbyrden.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Endre arbeidsulykkeomgrepet for å forhindre at tilsette i risikofylte yrke har dårlegare yrkesskadedekning
Vedtak 816, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i arbeidsulykkebegrepet for å forhindre at ansatte i risikofylte yrker i realiteten har dårligere yrkesskadedekning enn ansatte i lite risikofylte yrker.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818, vedtatte 2. juni 2025, gjeld alle ulykkesomgrepet. Vi viser til omtale under vedtak 812, 2. juni 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedekning skal gjelde under øvingar og trening arbeidsgivaren har pålagt
Vedtak 817, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre yrkesskaderegelverket slik at yrkesskadedekning skal gjelde under øvelser og trening pålagt av arbeidsgiver.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818, vedtatte 2. juni 2025, gjeld alle ulykkesomgrepet. Vi viser til omtale under vedtak 812, 2. juni 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Endre arbeidsulykkeomgrepet slik at tilsette i risikable yrker ikkje står utan dekning under øving
Vedtak 818, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å endre arbeidsulykkebegrepet slik at ansatte i risikable yrker ikke står uten dekning under øvelse som følge av krav om at selve hendelsen som forårsaker ulykken, er uventet, eller at hendelsen ikke kan ansees som usedvanlig for yrket. Forslaget bør ikke begrense seg til enkelte yrkesgrupper, men gjelde generelt for alle.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtak 812, 816, 817 og 818, vedtatte 2. juni 2025, gjeld alle ulykkesomgrepet. Vi viser til omtale under vedtak 812, 2. juni 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Oppdatere yrkessjukdomslista slik at krefttypane der IARC har funne ein samanheng mellom brannyrket og kreft (sju diagnosar) blir godkjende for brannfolk og feiarar
Vedtak 819, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen oppdatere yrkessykdomslisten, slik at krefttypene der IARC har funnet en sammenheng mellom brannyrket og kreft (7 diagnoser), godkjennes som yrkessykdom for brannfolk og feiere.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Etablere eit hurtigspor for å sikre at dei sju kreftformene der IARC har funne ein samanheng med brann- og feiaryrket, blir godkjende som yrkessjukdom i tråd med klassifiseringa til IARC
Vedtak 820, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen etablere et hurtigspor for å sikre at de syv kreftformene der IARC har funnet en sammenheng med brann- og feieryrket, godkjennes som yrkessykdom i tråd med IARCs klassifisering.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:134 S (2024–2025), Innst. 361 S (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Vurdere behovet for å gjere endringar i arbeidsmiljølova for å sikre at styrkeforholdet og interessene til arbeidstakarane i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberekning av arbeidstid, blir ivaretatt på ein god måte
Vedtak 923, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen, i tett dialog med partene i arbeidslivet, vurdere om det er behov for å gjøre endringer i arbeidsmiljøloven § 10-5 første og andre ledd for å sikre at arbeidstakeres styrkeforhold og interesser i forbindelse med avtale om gjennomsnittsberegning av arbeidstid ivaretas på en god måte. Dette må vurderes opp mot øvrige bestemmelser i arbeidsmiljøloven § 10-5 samt § 10-12 fjerde ledd.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:210 LS (2024–2025), Innst. 466 L (2024–2025).
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet.
Tiltak for å motverke at busette flyktningar flyttar frå busettingskommunen etter avslutta introduksjonsprogram
Vedtak 951, 2. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre tiltak for å motvirke at bosatte flyktninger flytter fra bostedskommunen ved endt introduksjonsprogram.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:181 S (2024–2025), Innst. 330 S (2024–2025).
I statsbudsjettet for 2026 styrker regjeringa områdesatsingane i utvalde kommunar i Østfold. Desse kommunane har store levekårsutfordringar og ein overrepresentasjon av innbyggarar med sosioøkonomiske utfordringar, svak tilknyting til arbeidslivet og innvandrarbakgrunn. Belastninga på dei aktuelle områda kan bli forsterka av at vanskelegstilte innvandrarar og flyktningar flyttar dit frå kommunane dei opphaveleg blei busette i. Å styrke områdesatsingane, med tiltak som bl.a. kan bidra til at fleire med innvandrarbakgrunn kjem i arbeid, kan dempe dei negative konsekvensane kommunane opplever.
Frå og med 2025 har eit nytt inntektssystem for kommunane trådd i kraft. Kriteriet flyktningar utan integreringstilskot inngår i utgiftsutjamninga, og fangar opp kostnadsulemper knytt til ein høg andel flyktningar i kommunen – også dei som flyttar til kommunen etter at perioden for integreringstilskot er over. I det nye systemet har dette kriteriet fått høgare vekt enn tidlegare. Samla sett har kriterium som omhandlar flyktningar og andre levekårsfaktorar fått auka betydning i berekninga av kommunane sine inntekter. Dette gir kommunane betre økonomiske føresetnader for å styrke tenestetilbodet til flyktningar. Slik kan kommunane vere betre rusta til å lukkast med integrering.
Departementet arbeider framleis med å følgja opp vedtaket og vil komma tilbake til Stortinget på høveleg måte.
2.2 Stortingssesjon (2023–2024)
Greie ut medlemskap i pensjonsordning for sjukepleiarar for offentleg godkjende sjukepleiarar tilsette i bemanningsføretak
Vedtak 16, 7. november 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede om offentlig godkjente sykepleiere ansatt i bemanningsforetak og som leies ut til institusjoner under sykepleierpensjonsloven, også bør være medlemmer i pensjonsordningen for sykepleiere.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024), Lovvedtak 1 (2023–2024).
Regjeringa har prioritert å få på plass nye pensjonsreglar for yrkesgrupper som har særaldersgrenser, inkludert sjukepleiarar. Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedtatt nye pensjonsreglar. Dei nye pensjonsreglane likebehandlar inntekt frå bemanningsføretak og andre arbeidsgivarar for pensjonerte sjukepleiarar.
Departementet arbeider framleis med å følge opp vedtak nr. 16, 7. november 2023, bl.a. i lys av dei nye pensjonsreglane, og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Strategi for å styrke rolla og tilbodet til ideell sektor på arbeids- og velferdsfeltet
Vedtak 52, 28. november 2023
«Stortinget ber regjeringen fremme en strategi for å styrke ideell sektors rolle og tilbud på arbeids- og velferdsfeltet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:261 S (2022–2023), Innst. 61 S (2023–2024).
Regjeringa ser oppfølginga av vedtaket i lys av korleis Avkommersialiseringsutvalget blir følgt opp. Rapporten frå utvalet har vore på høyring. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet følger opp høyringa. Sjå omtale i Prop. 1 S (2024–2025) frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Regjeringa har vidareført innsatsområda i Strategi for økt innovasjon og bedre tjenester på arbeids- og velferdsfeltet frå Solberg-regjeringa.
Representantforslag om betre ordningar for sjølvstendige og frilansarar ved svangerskap og sjukdom
Vedtak 56, 30. november 2023
«Stortinget ber regjeringen foreslå bedre ordninger for gründere og selvstendig næringsdrivende ved svangerskap og sykdom for å gi tryggere rammer og større mulighet til å satse.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:234 S (2022–2023), Innst. 68 S (2023–2024).
Departementet har vurdert og greidd ut utvalde problemstillingar knytt til dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Etter ei samla vurdering meiner regjeringa at rettane til gruppene er gode og at det ikkje er grunn til å endre innretningane på dei sosiale ordningane for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Utfordringa ligg heller i manglande informasjon om dei rettane som finst, og lågt inntektsgrunnlag for enkelte grupper. Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført og sett i verk fleire tiltak for å betre informasjonen, rettleiinga og fagkompetansen om dei ulike ytingane. Departementet vil òg vurdere om informasjon om sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og personar med kombinasjonsinntekter i større grad kan knytast til og rettast mot dei digitale brukarflatene desse gruppene føretrekker. Vidare har Kultur- og likestillingsdepartementet sett i gang eit arbeid med å utarbeide rettleiande verdiprinsipp for rimeleg betaling for kunstnarisk arbeid, og ein oppfølgande strategi som skal gjelde for statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar og tilskotsordningar. Sjå nærmare omtale i del II, punkt 6.7.4 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak 456 (2021–2022).
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Oppdatering av rettleiaren om økonomisk sosialhjelp i lys av SIFO-rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp
Vedtak 69, 4. desember 2023
«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen for økonomisk sosialhjelp innen 1. juli 2024 for å tydeliggjøre hvordan dekningen av utgifter til internett, telefon og moderate utgifter til transport skal inngå ved utmåling av stønadsnivå. Oppdateringen skal ses i lys av den kommende SIFO-rapporten om grunnlaget for de statlige veiledende satsene for økonomisk sosialhjelp.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2023–2024), Innst. 2 S (2023–2024).
På oppdrag frå departementet har Arbeids- og velferdsdirektoratet oppdatert rettleiaren om økonomisk sosialhjelp. Direktoratet har på relevante stadar i rettleiaren lagt inn tekst som minner saksbehandlarane i Nav-kontora på at dei må vere merksame på utgifter til internett, telefon og transport. Slik gjer rettleiaren det tydelegare at ein skal vurdere slike utgifter ved utmåling av økonomisk sosialhjelp der det er relevant.
SIFO foreslår å klargjere kva for utgiftskomponentar som bør inngå ved at utgifter til bl.a. transport heilt eksplisitt ikkje blir omfatta av dei rettleiande satsane. Dei peiker òg på at utgifter til internett og breiband bør vurderast individuelt. Departementet har følgt opp SIFO sitt forslag om at internett og transport ikkje skal inngå i dei rettleiande satsane, og at dette skal stå heilt eksplisitt i det årlege rundskrivet om de rettleiande satsane, sjå del II, punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Regelverket for pårørande sine permisjonsmoglegheiter i arbeidslivet
Vedtak 147, 12. desember 2023
«Stortinget ber regjeringa gjennomgå og forbedre regelverket for pårørendes permisjonsmuligheter i arbeidslivet for å sikre likestilling og bedre mulighetene til å kombinere arbeid og omsorg uten å pådra seg økonomiske problemer eller falle ut av arbeidslivet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 24 (2022–2023), Innst. 112 S (2023–2024).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har greidd ut gjeldande ordningar og behov for endringar, med utgangspunkt i forsking om kva oppgåver dei pårørande gjer, og kor mykje tid dei bruker på slike oppgåver. Forskinga som finst, gir ikkje grunnlag for å seie at pårørande pådrar seg økonomiske problem eller fell ut av arbeidslivet som følge av omfattande pårørandeinnsats. Regjeringa har etter dette bestemt at ho ikkje vil foreslå regelverksendringar knytte til retten til permisjon, og foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva.
Utgreiing om å fjerne unntaket for helsesektoren i regelverket for innleige
Vedtak 643, 14. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede fjerning av unntaket for helsesektoren i regelverket for innleie, med sikte på å redusere bruken av innleie i helsesektoren, uten å svekke kommunenes og helseforetakenes evne og mulighet til å redusere ventetider og opprettholde en forsvarlig helsetjeneste.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:108 S (2023–2024), Innst. 296 S (2023–2024).
Ei arbeidsgruppe sett ned av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert behova for og omfanget av innleige i helse- og omsorgssektoren, og sett på ulike tiltak som kan avgrense bruken av innleige utan å svekke moglegheitene kommunane og helseføretaka har til å redusere ventetider og oppretthalde ei forsvarleg helseteneste.
Utgreiinga frå arbeidsgruppa viser at det er gjennomført ei rekke tiltak og satsingar i helse- og omsorgssektoren som skal bidra til å redusere omfanget av innleige frå bemanningsføretak. Oppdaterte tal frå Statistisk sentralbyrå, NHO Service og Handel og fleire helseføretak viser at bruken av innleige frå bemanningsføretak går ned, noko som kan tyde på at tiltaka har hatt effekt.
I lys av dei tiltaka som er sett i gang, er det ikkje foremålstenleg å endre regelverket om innleige no. Regjeringa vil følgje nøye med på utviklinga i bruken av innleige i helse- og omsorgssektoren.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – auka kunnskap og kompetanse
Vedtak 660, 23. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen sette fokus på og sørge for at ansatte i skolene, barnehagene, barnevernstjenesten, helsetjenesten og politiet får økt kunnskap og kompetanse for tidlig å avdekke og følge opp der barn blir utsatt for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).
Vedtaket er følgt opp gjennom tiltak frå handlingsplanen til regjeringa, Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025–2028. Å styrke kompetansen om tematikken blant tilsette i tenesteapparatet er eit av fire innsatsområde i handlingsplanen. I planen er det særskilde tiltak retta mot tilsette i barnevernstenesta, politi og påtalemyndigheit, skole, barnehage, SFO, vaksenopplæringa og helse- og omsorgstenestene.
Regjeringa har også styrka det nasjonale, tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med fleire stillinger. Kompetanseteamet rettleiar tilsette i det ordinære tenesteapparatet i enkeltsaker, og bidrar med kompetanseheving for dei tilsette i tenestene gjennom å halde foredrag og seminar om tematikken.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om konkrete tiltak mot æreskriminalitet – barn og unge som er i utlandet mot si eiga vilje
Vedtak 661, 23. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen utarbeide, oppdatere og styrke informasjon og veiledere om hvordan barn og unge som befinner seg i utlandet mot sin vilje, skal følges opp og gis hjelp dersom de oppnår kontakt med ambassader, barnevernet eller andre offentlige instanser, for å sikre at barna det gjelder, opplever å bli tatt på alvor.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:96 S (2023–2024), Innst. 320 S (2023–2024).
Vedtaket er følgt opp gjennom tiltak frå handlingsplanen til regjeringa, Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025–2028. Å førebygge ufrivillige utanlandsopphald er eit av fire innsatsområde i handlingsplanen. Planen inneheld bl.a. tiltak for å samordne ressursar om tematikken og gjere desse meir kjende, og å styrke samarbeidet mellom kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, norske utanriksstasjonar og andre relevante offentlege tenester i oppfølginga av personar som er utsette for ufrivillige utanlandsopphald.
Juni 2025 la regjeringa fram ein proposisjon med forslag om utreiseforbod for barn som står i fare for å bli utsett for skadeleg opphald i utlandet. Regjeringa foreslår ein ny lovregel i barnevernslova om vedtak om utreiseforbod for barn som risikerer å bli utsett for skadeleg opphald i utlandet, ei særleg plikt for barnevernstenesta til å varsle politiet og utlendingsmyndigheitene, at brot på utreiseforbodet skal vere straffbart, og at ein ikkje skal utstede pass eller ID-kort med reiserett til barn som har eit utreiseforbod. Forslaga skal bidra til å førebygge negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og proposisjonen følger opp forslag frå NOU 2024: 13 Lov og frihet.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om å greie ut korleis staten kan overta inndrivinga ved dei meir openberre tilfella av lønnstjuveri
Vedtak 728, 7. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan staten kan overta inndrivingen ved de mer åpenbare tilfellene av lønnstyveri, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte – med sikte på innføring i 2025.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:142 S (2023–2024), Innst. 376 S (2023–2024).
Som ledd i oppfølginga av vedtaket har regjeringa møtt hovudorganisasjonane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida for å diskutere korleis innsatsen mot lønnstjuveri kan rettast inn mest mogleg effektivt framover. Tilbakemeldinga frå partane var at det er viktig at det ikkje blir etablert ordningar som kan vere med på å bygge opp under kriminell verksemd på statens kostnad, og at det finst andre tiltak enn å etablere ei ordning der staten tar over lønnsansvaret til arbeidsgivaren, som kan vere meir effektive for å sikre dei sårbare arbeidstakarane.
Departementet viser til handlingsplanen mot arbeidslivskriminalitet og sosial dumping. Der går det fram at regjeringa vil evaluere føresegna om lønnstjuveri i straffelova for å undersøke om dei verkar etter si hensikt. I tillegg har handlingsplanen eit tiltak som foreslår at saker om inndriving av løn blir gjort til ein prioritert sakstype for fritt rettsråd, som vil styrke rettstryggleiken til ofra for lønstjuveri. Regjeringa skal og styrke den nettbaserte informasjonen og rettleiing om reglane knytt til lønstjuveri og korleis arbeidstakarane kan gå fram dersom dei meiner dei er utsett for dette. På bakgrunn av dei omtalte arbeida ser regjeringa oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Legge fram ein styrkt handlingsplan mot tvangsekteskap
Vedtak 770, 12. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen legge frem en styrket handlingsplan mot tvangsekteskap og orientere Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 99 L (2023–2024), Innst. 427 L (2023–2024), Lovvedtak 90 (2023–2024).
Regjeringa lanserte i mai 2025 den nye handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025-2028. Tiltak mot tvangsekteskap inngår i planen.
Viktige tiltak er å styrke det rettslege vernet for utsette, betre førebyggingsarbeidet og heve kompetansen om tematikken blant tilsette i tenestene.
Endringar i ekteskapsloven som forbyr ekteskap mellom nære slektningar trådte i kraft 1. januar 2025. Forbodet gjeld ekteskap mellom søskenbarn, og mellom hvv. en tante eller onkel som den eine parten og ein nevø eller niese som den andre parten. Formålet med forbodet er primært å motverke helseskadar hos barn, men det vil også kunne bidra til å motverke tvangsekteskap og negativ sosial kontroll.
Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Greie ut forenklingar i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høgkvalifiserte arbeidstakarar frå tredjeland
Vedtak 801, 17. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede forenklinger i regelverket for norske bedrifter som vil rekruttere høykvalifiserte arbeidstakere fra tredjeland, utrede om regelverket for selvstendig næringsdrivende bør justeres, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 23 (2023–2024), Innst. 360 S (2023–2024).
Departementet arbeider med å følge opp vedtaket og vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Vurdering av eit avgrensa unntak frå arbeidsmiljølova for sjølvstendige konsulentar med spesialkompetanse
Vedtak 842, 20. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen vurdere et avgrenset unntak fra arbeidsmiljøloven slik at selvstendige IT-rådgivere og konsulenter med spesialkompetanse fortsatt skal kunne levere arbeid og oppdrag.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:154 S (2023–2024), Innst. 449 S (2023–2024).
Den 18. desember 2024 sende Arbeids- og inkluderingsdepartementet eit forslag om oppretting av ei partssamansett arbeidsgruppe og midlertidig unntak frå godkjenningsordninga for bemanningsføretak som driv utleige av rådgivings- og konsulenttenester innanfor IKT. Det er sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe i tråd med dette forslaget. Arbeidsgruppa skal kartlegge korleis konsulent- og rådgivingsverksemd blir organisert, identifisere behova til oppdragsgivarar og oppdragstakarar, og belyse eventuelle utfordringar og foreslå moglege løysingar. Arbeidsgruppa skal legge fram vurderingane og forslaga sine, medrekna eit ev. forslag til unntak, i ein rapport til Arbeids- og inkluderingsdepartementet innan 1. april 2026. Vidare arbeid vil skje i dialog med partane i arbeidslivet.
Oppfølging av arbeidet med oljepionerane i lys av kunnskapen frå NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning
Vedtak 843, 20. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen, i lys av kunnskapen fra NOU 2022:19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning, følge opp arbeidet med oljepionerene og komme raskt tilbake til Stortinget på egnet vis.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:161 S (2023–2024), Innst. 444 S (2023–2024).
Det blir vist til omtale av oppmodingsvedtak 220, 17. desember 2024. Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
2.3 Stortingssesjon (2022–2023)
Endringar i folketrygdlova m.m. (synleggjering av folkerettslege forpliktingar til trygdekoordinering)
Vedtak 37, 26. oktober 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en avklaring av forholdet mellom folketrygdlovens bestemmelser og EØS-retten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 71 L (2021–2022), Innst. 33 L (2022–2023), Lovvedtak 2.
Oppmodingsvedtaket er til behandling i departementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
Utviklingstrekk og tiltak for heimekontor og staduavhengige arbeidsplassar
Vedtak 491, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget, på et egnet tidspunkt, med en oppsummering av kunnskapsinnhentingen og om utviklingstrekk for hjemmekontor og stedsuavhengige arbeidsplasser i arbeidslivet samt en vurdering av behovet for ytterligere tiltak i lys av dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:34 S (2022–2023), Innst. 188 S (2022–2023).
Departementet følger opp kunnskapsbehov når det gjeld omfanget og konsekvensane av heimekontor og nye måtar å organisere arbeidet på for arbeidstakarar og verksemder, gjennom tre forskingsprosjekt finansierte av midlar frå Forskingsrådet. To av prosjekta blir gjennomførte ved Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet (CROSSBOW 2021–2026, REFLEX 2023–2027) og eitt prosjekt ved Universitetet i Søraust-Noreg (REMOTE 2021–2026). Vidare gjennomfører Fafo, på oppdrag frå departementet, eit forskingsprosjekt om arbeidstakarane sin rett til å kople frå. Prosjektet kartlegg omfanget og konsekvensane av at arbeidstakarane har kontakt med og tilknyting til jobben utanom ordinær arbeidstid, i ulike yrke og næringar. Prosjektet varer ut 2025. Departementet har god dialog med partane i arbeidslivet om oppfølginga av kunnskapsbehova. Departementet avventar resultata frå forskingsprosjekta før eventuelle nye tiltak blir vurderte. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna vis.
Endringar i arbeidsmiljølova m.m. (arbeidstakaromgrepet og arbeidsgivaransvar i konsern)
Vedtak 493, 21. februar 2023
«Stortinget ber regjeringen snarest mulig utrede et lovforslag om å gi Arbeidstilsynet påleggskompetanse med hensyn til arbeidstakerbegrepet definert i § 1-8 og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 14 L (2022–2023), Innst. 181 L (2022–2023), Lovvedtak 41 (2022–2023).
Oppmodingsvedtaket blei behandla og kvittert ut gjennom Prop. 80 L (2024–2025). Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Utgreiing av heimel for Arbeidstilsynet til å ta beslag i dokument under tilsyn
Vedtak 530, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om en hjemmel for å ta beslag i relevante dokumenter som firmaer ikke vil vise frem under Arbeidstilsynets kontroller, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
I Prop. 80 L (2024–2025) la regjeringa fram forslag til ei føresegn som gir Arbeidstilsynet heimel til, på nærmare vilkår og etter avgjerd av tingretten, å ta beslag i relevante dokument og elektronisk lagra informasjon. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Greie ut heimel for Arbeidstilsynet til å hente inn informasjon frå «tredjepartar»
Vedtak 531, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag som sikrer Arbeidstilsynet adgang til å hente informasjon fra flere aktører, en såkalt tredjepart, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
I Prop. 80 L (2024–2025) la regjeringa fram forslag til ei føresegn som gir Arbeidstilsynet heimel til, på nærmare vilkår, å hente inn informasjon frå andre enn den eit tilsyn er retta mot, såkalla tredjepartar. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Representantforslag om å gå gjennom og vurdere Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmoglegheiter etter arbeidsmiljølova
Vedtak 532, 14. mars 2023
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere Arbeidstilsynets hjemler for tilsyn, informasjonstilgang og sanksjonsmuligheter etter arbeidsmiljøloven.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:70 S (2022–2023), Innst. 196 S (2022–2023).
I Prop. 80 L (2024–2025) gjekk departementet grundig gjennom Arbeidstilsynet sine heimlar for tilsyn, moglegheit til å innhente opplysningar og sanksjonsmoglegheiter. I same proposisjon la regjeringa – i tillegg til forslaga som er omtalt under vedtak 530 og 531 av 14. mars 2023 – fram forslag til føresegner som gir Arbeidstilsynet heimel til å gi lovbrotsgebyr «på staden», dvs. under tilsynet, og å gi fysiske personar lovbrotsgebyr under nærmare vilkår. Departementet la òg fram forslag som styrker heimlane Arbeidstilsynet har for å ta seg inn i ei verksemd dei etter lova har tilgang til, både på eiga hand og gjennom bistand frå politiet. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Menneskerettar for personar med utviklingshemming – regelendringar for å gi personar med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging
Vedtak 604, 18. april 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for nødvendige regelendringer for å gi personer med utviklingshemming i VTA-O varig oppfølging, uavhengig av hvilket fylke man bor i, og med et omfang tilsvarende det som praktiseres i HELT MED. Oppfølgingen må kunne gis også av andre enn Nav, eksempelvis HELT MED eller vekst- og attføringsbedriftene, gjerne ved at dagens tilskudd erstattes med varig oppfølging av både arbeidstaker og arbeidsgiver. Regjeringen bes komme tilbake med sin oppfølging i forbindelse med statsbudsjettet for 2024.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 8 (2022–2023), Innst. 246 S (2022–2023).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende forslag til justering av forskrift om arbeidsmarknadstiltak på høyring 25. juni 2025 med høyringsfrist 20. oktober. Forslaget legg til rette for varig oppfølging av deltakarane i varig tilrettelagt arbeid i ordinære verksemder. Arbeids- og velferdsetaten vil kunne drive oppfølging med eigne tilsette eller kjøpe oppfølginga som ei teneste frå førehandsgodkjende verksemder som oppfyller krava i tiltaksforskrifta § 14-5. Som regel vil desse vere aksjeselskap med kommunal eller fylkeskommunal aksjemajoritet, men forskrifta opnar òg for ideelle organisasjonar som har som primær verksemd å drive sosiale aktivitetar for vanskelegstilte personar.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i gang eit pilotprosjekt i samarbeid med stiftinga Helt med. Erfaringar frå pilotprosjektet vil bli trekte inn i arbeidet med den permanente ordninga.
Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Prioritering av operative kontrollar, sanksjonering og etterforsking frå a-krimsentera
Vedtak 727, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene prioriterer operative kontroller, sanksjonering og etterforskning, samt at kunnskapsinnhentingen innrettes for å understøtte dette.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023).
Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten gjennomfører ein felles innsats mot arbeidslivskriminalitet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har gitt etatane eit felles oppdrag om å vidareutvikle samarbeidet sitt. Etatane er i gang med ulike tiltak som bidrar til dette. Det er innført ei tydelegare og meir målretta styring av samarbeidet for å oppnå likare prioritering av tiltak mot dei kriminelle aktørane i arbeidslivet. Vidare er det gjennomført felles kunnskapsinnhenting som grunnlag for ein samla kontrollinnsats frå a-krimsentra og det lokale a-krimsamarbeidet mellom etatane. Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) har fått ei tydelegare rolle i arbeidet med å bygge opp kunnskap om arbeidslivskriminalitet i etatane. Det er i gang eit arbeid med nytt regelverk for å legge betre til rette for at NTAES kan dele informasjon på aktørnivå. Som oppfølging av handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet vil departementa sette i gang eit vidare arbeid med utvikling av det tverretatlege samarbeidet. Eit sentralt mål er å sikre ein god balanse mellom den operative kontrollinnsatsen og arbeidet med etterretning og kunnskapsutvikling. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Vurdere bruk av arrest og utlegg frå kriminelle aktørar i a-krimsamarbeidet
Vedtak 728, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at man i a-krimsamarbeidet prioriterer bruk av arrest og utlegg fra kriminelle aktører.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023).
Formålet med den felles innsatsen mot arbeidslivskriminalitet er at dei samla ressursane, verkemidla og sanksjonane til etatane skal bli sette i samanheng og nytta på ein effektiv måte, slik at dei kriminelle aktørane får mindre handlingsrom. Eit av desse verkemidla er at Skatteetaten kan krevje inn pengebeløp gjennom arrest og utlegg. Dei siste åra er a-krimsentera og det lokale a-krimsamarbeidet blitt knytte tettare til Skatteetaten sin divisjon for innkrevjing. Saker som blir avdekte gjennom a-krimsamarbeidet, blir ofte følgde opp i linjeorganisasjonen til etaten. I arbeidet med å sikre verdiar og redusere tap av inntekter ved manglande betaling av skattar og avgifter nyttar ein fleire verkemiddel i kombinasjon – og går meir målretta mot a-krimaktørar. Effekten av arrest og utlegg har auka. Av årsrapporteringa for 2024 går det fram at Skatteetaten, i saker som hadde utspring i a-krimsamarbeidet, sikra i overkant av 100 mill. kroner ved bruk av utlegg, arrest, erstatningskrav og konkurskrav. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Plan for samarbeidet mellom a-krimsentera og ikkje-statlege aktørar
Vedtak 730, 1. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen sørge for at a-krimsentrene har en plan for samarbeidet med ikke-statlige aktører som er tett på ofrene for arbeidslivskriminalitet, samt at det etableres et kontaktpunkt / en tipsløsning.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:198 S (2022–2023), Innst. 388 S (2022–2023).
Gjennom den felles innsatsen mot arbeidslivskriminalitet har Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, politiet og Skatteetaten utvikla eit omfattande samarbeid med andre offentlege etatar, kommunar, partane i arbeidslivet og frivillige organisasjonar. Fair Play Bygg, som no er etablert med grupper mange stader i landet, er blitt ein sentral samarbeidspart for etatane. Tips og informasjon frå Fair Play Bygg-gruppene bidrar til auka kunnskap om utviklingstrekk og situasjonen for dei som blir offer for arbeidslivskriminalitet. Dei bidrar òg med tips og informasjon om konkrete trusselaktørar. Gjennom a-krimsamarbeidet har etatane dessutan faste møteplassar med organisasjonar som gir bistand til enkeltpersonar som kan vere utsette for menneskehandel eller andre former for utnytting i arbeidsforhold. Som del av arbeidet med å vidareutvikle a-krimsamarbeidet skal etatane ev. vurdere behovet for ein nærmare plan for samarbeid med ikkje-statlege aktørar.
Innsatsen mot arbeidslivskriminalitet skjer både i a-krimsentera og gjennom arbeidet til etatane. Det er derfor nødvendig og ønskeleg at tips og informasjon blir formidla til etatane som har det faglege ansvaret. Såleis har det ikkje vore aktuelt å innføre ordningar med felles løysingar for dette som del av a-krimsamarbeidet. Med det ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Vurdering av omlegging av fribeløpet i uføretrygda og andre endringar
Vedtak 937, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med en vurdering av en omlegging av fribeløpet i uføretrygden, herunder en vurdering av en økning av fribeløpet inntil 1 G og andre endringer med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 2 (2022–2023), Innst. 490 S (2022–2023).
I Prop. 1 S (2024–2025) vurderte departementet nivået på fribeløpet og varsla at ein ville komme tilbake i Prop. 1 S (2025–2026) med ei vurdering av andre endringar. Regjeringa foreslår to endringar som kan gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Ein del uføre har høg kompensasjonsgrad og dermed høg reduksjonsprosent for uføretrygda når dei kombinerer trygd med arbeidsinntekt. For at det skal lønne seg meir for dei å arbeide, foreslår regjeringa at det blir sett eit tak på 70 pst. for reduksjonsprosenten. Vidare foreslår regjeringa at minste inntekt før uførleik for dei som lever saman med ein ektefelle eller sambuar, blir auka frå 3,3 til 3,5 G. Det er same nivå som for einslege. Dermed blir uføregraden uavhengig av sivilstand, og gifte og sambuande som hadde låg inntekt før dei blei uføre, vil få meir igjen for å arbeide. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
2.4 Stortingssesjon (2021–2022)
Greie ut om sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar skal opparbeide seg sterkare rettar til inntektssikring
Vedtak 456, 31. mars 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:92 S (2021–2022), Innst. 215 S (2021–2022).
Departementet har vurdert og greidd ut utvalde problemstillingar knytt til dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Etter ei samla vurdering meiner regjeringa at det ikkje er grunn til å endre innretningane på dei sosiale ordningane for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Sjå omtale av oppmodingsvedtak 56 (2023–2024) og omtale i del II, punkt 6.7.4 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Tilgjenge til og kvalitet i økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving
Vedtak 794, 15. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en rapport om dekningsgrad for gjeldsrådgivere, ventetiden for å få time hos en gjeldsrådgiver og hvilken kompetanse gjeldsrådgiverne har.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:200 S (2021–2022), Innst. 373 S (2021- 2022).
Oxford Research har på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomført ei undersøking av den økonomiske rådgivinga i Nav-kontora (rapport 2024/11).
Tenesta blir dekt av økonomiske rådgivarar, medrekna gjeldsrådgivarar, men òg av andre Nav-rettleiarar med brukarkontakt. Økonomiske rådgivarar handterer dei tyngre og meir kompliserte sakene, inkludert tiltak på kreditorsida. Alle Nav-kontora i undersøkinga har dedikerte økonomiske rådgivarar. Den vanlegaste utdanningsbakgrunnen er økonomiske og administrative fag. Dei økonomiske rådgivarane opplever i stor grad å ha tilstrekkeleg kompetanse. Ein stor andel av andre Nav-rettleiarar med brukarkontakt yter òg enkel økonomisk rådgiving og rettleiing. Mange av desse peiker på behov for meir kompetanse og formell opplæring. Oxford Research finn at økonomisk rådgiving fungerer godt i dei tyngste sakene, men at kartlegginga og saksbehandlinga i enklare saker er meir varierande.
Blant Nav-kontora som var med i undersøkinga, varierte ventetida frå tre veker til eit halvt år. Eit fåtal kontor hadde ikkje ventetid. Desse tala er ikkje sikre på grunn av varierande praksis med omsyn til om og korleis ventetid blir målt.
Sjå òg omtale av økonomi- og gjeldsrådgiving under del II, programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Berekning av uføretrygd når inntektsevna tidlegare har vore nedsett pga. delvis uførleik utan at inngangsvilkåret for uføreytingar i folketrygda har vore oppfylt
Vedtak 813, 16. juni 2022
«Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av problemstillingen om at arbeidsfolk som blir syke, men som ønsker å fortsette i inntektsbringende arbeid utover 50 pst., får lavere uføretrygd dersom de på et seinere tidspunkt må søke uføretrygd fordi arbeidskapasiteten blir ytterligere redusert, og komme tilbake på egnet måte til Stortinget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:189 S (2021–2022), Innst. 424 S (2021- 2022).
Denne saka inneber avvegingar mellom sentrale omsyn som regelverket for uførepensjon frå tenestepensjon og uføretrygd frå folketrygda skal vareta. Oppmodingsvedtaket er derfor framleis til vurdering i departementet, og regjeringa vil komma tilbake til Stortinget på eigna måte.
2.5 Stortingssesjon (2020–2021)
Forenkling av yrkesskadereglane
Vedtak 911, 11. mai 2021
«Stortinget ber regjeringen i samråd med partene i arbeidslivet legge frem et forslag til nødvendig forenkling av yrkesskadereglene som er i tråd med utviklingen i samfunnet og arbeidslivet, og som sikrer den enkelte arbeidstaker. Stortinget ber også regjeringen gjennomgå og om nødvendig oppdatere yrkessykdomslisten.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Dokument 8:150 S (2020–2021), Innst. 382 S (2020–2021).
Arbeids- og inkluderingsdepartementet foreslo endringar i yrkesskadereglene i Prop. 134 L (2024–2025) Endringer i folketrygdloven (yrkessykdommer og elektronisk melding av yrkesskade). Som det går fram av proposisjonen punkt 2.3 og 2.4, følger forslaga opp oppmodingsvedtaket.
Yrkessjukdomslista er ei forskrift som listar opp sjukdommar som på nærmare vilkår kan likestillast med yrkesskade og gi grunnlag for erstatning. Forskrifta har i all hovudsak vore uendra sidan 1958.
Departementet foreslo å opprette eit rådgivande yrkessjukdomsutval, noko som vil innebere jamlege vurderingar av kva for sjukdommar som skal stå på yrkessjukdomslista, og ei styrking av forskinga på området. Departementet foreslo òg ein sikringsventil for sjukdommar som ikkje er tatt opp på yrkessjukdomslista. Stortinget slutta seg til desse forslaga, jf. Innst. 346 L (2024–2025) og lovvedtak 75 (2024–2025).
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Avkorting i uføretrygd for fosterforeldre
Vedtak 1200, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 133 L (2020–2021), Innst. 625 L (2020–2021), Lovvedtak 173-174 (2020–2021).
Departementet viser til at ein som hovudregel vil komme betre økonomisk ut ved å ta på seg (eller halde fram med) fosterheimsoppdrag enn ved berre å motta uføretrygd. Godtgjeringa frå fosterheimsoppdraget gir opptening til alderspensjon i folketrygda. Uføre fosterforeldre får i tillegg utgiftsdekning, barnetrygd, og dei kan ha rett til behovsprøvd barnetillegg.
Oppmodingsvedtaket frå Stortinget inneber ein overkompensasjon for uføre som er fosterforeldre samanlikna med andre uføre som har pensjonsgivande inntekt, og ulik behandling av ulike former for pensjonsgivande inntekt.
Regjeringa vil derfor ikkje foreslå eigne reglar for kombinasjon av uføretrygd og pensjonsgivande inntekt for uføre fosterforeldre, og foreslår å oppheve oppmodingsvedtaktet. Sjå nærmare omtale i del II, programkategori 29.50, kap. 2655.
Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak 321 av 15. desember 2017 med forslag om å føre vidare særreglar for arbeidsavklaringspengar og dagpengar.
2.6 Stortingssesjon (2019–2020)
Juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøparar/transporttingarar
Vedtak 626, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utrede innføring av et objektivt juridisk og økonomisk medansvar for transportkjøpere/transportbestillere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Det objektive ansvaret må inkludere medansvaret for at lønns- og arbeidsvilkårene i sektoren er oppfylt. Utredningen må videre inneholde en vurdering av behovet for et register med virksomheter som oppfyller kravene til å drive med transporttjenester etter modell av for eksempel Renholdsregisteret. Utredningen må også vurdere en avgrensning av oppdragsgivere som skal omfattes av medansvaret.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
Statens vegvesen og Arbeidstilsynet har, som ei oppfølging av handlingsplanen mot sosial dumping i transportsektoren frå 2022, utarbeidd eit forslag til klargjering av medansvaret for transportkjøparar mm. som i dag følger av forskrift om arbeidstid for sjåførar.
Det er etablert to registreringsordningar for gods- og persontransport på veg. Krav om løyve og registrering i løyveregister gjeld for store delar av gods- og persontransportnæringa i Noreg og andre EØS-land. Regjeringa har fastsett krav til løyve for nasjonal transport med varebil (totalvekt mellom 2500 og 3500 kg) som tar til å gjelde 1. januar 2026. Vidare har Noreg, med verknad frå 3. november 2023, slutta seg til den felles registreringsordninga til EU for internasjonal gods- og persontransport som inneber utsending av sjåførar. Dette inneber at bl.a. kabotasjetransport skal meldast til Arbeidstilsynet på førehand. I tillegg er det fastsett krav om HMS-kort for varebiltransport som òg tar til å gjelde 1. januar 2026. Slik regjeringa ser det, vil dette gi ytterlegare oversikt og effektivisering av tilsynsarbeidet i denne delen av sektoren. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt Samfunnsøkonomisk analyse AS i oppdrag å kartlegge korleis solidaransvarsordninga og sjå-til-plikta som i dag er nedfelte i allmenngjeringslovgivinga fungerer. Behovet for ytterlegare endringar vil bli vurdert på bakgrunn av denne evalueringa.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.
Rettshevdinga til å stanse køyretøy
Vedtak 627, 28. mai 2020
«Stortinget ber regjeringen utarbeide og legge frem for Stortinget forslag om at Statens Vegvesen skal gis håndhevingsrett til å stanse kjøretøyer etter vedtak fra Arbeidstilsynet.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 60 L (2019–2020), Innst. 293 L (2019–2020), Lovvedtak 105 (2019–2020).
I handlingsplanen til regjeringa mot sosial dumping i transportsektoren frå 2022 varsla regjeringa at ho vil legge fram forslag om å gi Statens vegvesen myndigheit til å reagere mot køyring i strid med stansingsvedtak som Arbeidstilsynet har fastsett. Arbeidstilsynet og Statens vegvesen leverte på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Samferdselsdepartementet ein rapport i mai 2025, der dei greidde ut forslaget, bl.a. nødvendige regelverksendringar og praktiske løysingar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eit seinare tidspunkt.
2.7 Stortingssesjon (2017–2018)
Særaldersgrenser for tilsette i staten
Vedtak nr. 42, 4. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen vurdere, i samråd med partene i arbeidslivet, om dagens system med særaldersgrenser for ansatte i staten og statlige virksomheter bør endres, i tråd med utviklingen i samfunns- og yrkesliv.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Meld. St. 1 (2017–2018), Innst. 2 S (2017–2018).
I avtalen om nye pensjonsreglar for personar med særaldersgrense frå august 2023 går det fram at partane er innforståtte med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får nyttiggjort kompetansen til personar som i dag har særaldersgrenser. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna tidspunkt og på eigna måte.
Overgangsordning for fosterforeldre
Vedtak 321, 15. desember 2017
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte, med en ytterligere vurdering av Stortingets anmodningsvedtak 11. mai 2017. Stortinget fastslår at regjeringen i sitt forslag etablerer en overgangsordning for fosterforeldre som mottar dagpenger eller AAP. Stortinget merker seg videre at det ikke er gjennomførbart å utvide ordningen ytterligere innen 1. januar 2018, også fordi det ikke er utredet hvordan ytterligere regelverksendringer knyttet til inntektsbegrepet og dets betydning for avkortning kan utformes.»
Vedtaket blei gjort ved behandling av Prop. 1 S (2017–2018), Innst. 15 S (2017–2018).
Både dagpengar og arbeidsavklaringspengar blir avkorta på grunnlag av timar mottakaren har arbeidd.
Som det står i oppmodingsvedtaket, er det frå 1. januar 2018 fastsett i forskrift at dagpengane og arbeidsavklaringspengane ikkje skal avkortast ved arbeid som fosterforeldre. Ordninga er vidareført som ei varig ordning og timar i arbeid som fosterforeldre fører ikkje til avkorting i desse ytingane.
Gjeldande regler for dagpengar og arbeidsavklaringspengar er i tråd med Stortinget sin intensjon med oppmodingsvedtaket om at fosterforeldre ikkje skal få avkorting i ytingar som følge av fosterheimsoppdraget. Sjå òg omtale av vedtak 1200, 10. juni 2021.
Med dette ser departementet oppmodingsvedtaket som følgt opp.