13 Kunnskapsdepartementet

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og alle vedtak som Stortinget ikkje har godkjent oppfølginga av.

I kolonnen lengst til høgre i tabell 13.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er ført opp at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, slik at oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 13.1 Oversikt over oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2024–2025

16

Nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett

Nei

2024–2025

18

Fleire barn skal få språkopplæring i samisk og kvensk

Nei

2024–2025

20

Nasjonal satsing på språkopplæring i samisk og kvensk

Nei

2024–2025

21

Betre tilgang på utdanning i og på kvensk og samisk

Nei

2024–2025

60

Samarbeid i overgangen mellom ulike nivå i skulen

Nei

2024–2025

61

Undervisningsopplegg om livsmeistring og folkehelse

Ja

2024–2025

62

Vidareføring og utvikling av mobbeombodsordninga

Nei

2024–2025

63

Opptrappingsplan for skulemåltid i grunnskulen

Ja

2024–2025

64

Utgreiing av styrking av laget rundt elevar og lærarar

Ja

2024–2025

65

Strategi for spesialpedagogisk kompetanse i skulen og tilstrekkeleg kapasitet i PP-tenesta

Nei

2024–2025

81

Fremje forslag om å lovfeste rett til 12 timar gratis SFO på 1.–3. trinn

Ja

2024–2025

481

Styrke satsinga på teiknspråklege læremiddel

Ja

2024–2025

487

Julegudstenester i opplæringslova

Ja

2024–2025

490

Barnets beste ved oppseiing av barnehageplass

Ja

2024–2025

667

Kompetanseheving i samband med endra opplæringslov

Ja

2024–2025

668

Rettleiar for å førebygge fysisk makt og tvang

Nei

2024–2025

670

Rett til barnehageplass for desemberbarn

Nei

2024–2025

681

Nemningar for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Nei

2024–2025

682

Ansvar til fagskular for realkompetansevurdering

Nei

2024–2025

683

Høgare yrkesfagleg utdanning og ECTS

Nei

2024–2025

684

Plan for føreseieleg finansiering for fagskulane

Nei

2024–2025

685

Vurdering av eit gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2024–2025

737

Auke kommersialiseringa av norsk forsking

Ja

2024–2025

738

Styrke studentinvolvering i forsking og studentdrivne forskings- og innovasjonsprosjekt

Nei

2024–2025

741

Knyte studiestøtte til grunnbeløpet i folketrygda

Nei

2024–2025

778

Om individregister over barn i barnehagar og grunnskuleopplæring

Ja

2024–2025

863

Private barnehagar: Pensjonstilskot

Ja

2024–2025

864

Private barnehagar: Vurdere behov for eigen regel om bruk av tilskot til eigedomskostnader

Nei

2024–2025

865

Vurdere omsyn til barn med særskilde behov ved opptak til barnehage

Nei

2024–2025

866

Private barnehagar: Greie ut definisjonen av ideelle barnehagar

Nei

2024–2025

867

Private barnehagar: Ikkje-tidsavgrensa søknadsordning for pensjonskostnader som skal evaluerast etter tre år

Ja

2024–2025

868

Private barnehagar: Ny søknadsordning for pensjonstilskot

Ja

2024–2025

869

Private barnehagar: Søknadsordning som kan kompensere for mellombelse høge utgifter

Ja

2024–2025

870

Private barnehagar: Vurdering av tilskot til eigedom og eigedomskostnader

Nei

2024–2025

871

Private barnehagar: Ordning for rehabilitering av private barnehagebygg

Nei

2024–2025

872

Private barnehagar: Forskrift om tildeling av tilskot

Nei

2024–2025

875

Inkludering av det samiske KI-arbeidet i satsinga på forskingssenter for kunstig intelligens

Ja

2024–2025

1214

Utarbeide kampanje for å redusere bruken av narkotika

Ja

2024–2025

1215

Utvide ordninga med kommunale beredskapsteam

Ja

2024–2025

1228

Setje ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut gratis barnehageplass for alle barn

Ja

2024–2025

1242

Innføre ordning med toppa bemanning i alle ordinære barnehagar

Ja

2024–2025

1244

Tilskot til fleksible og desentraliserte tilbod innanfor yrkesfagleg vidaregåande opplæring

Ja

2024–2025

1251

Opprette nytt bransjeprogram for tilsette i barnehagesektoren

Ja

2023–2024

578

Hindre misbruk av personopplysningane til barn og unge

Ja

2023–2024

621

Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar

Nei

2023–2024

707

Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar

Nei

2023–2024

906

Kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilboda

Ja

2022–2023

471

Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Ja

2022–2023

472

Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Ja

2022–2023

484

Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Ja

2022–2023

625

Vald og truslar i skulen

Ja

2022–2023

734

Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Nei

2022–2023

735

IB-tilbod både i grunnskulen og i vidaregåande skule

Ja

2022–2023

738

Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Nei

2021–2022

35, pkt. 44

Private barnehagar: Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett

Ja

2021–2022

35, pkt. 45

Private barnehagar: Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn

Ja

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Nei

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Ja

2018–2019

51

Private barnehagar: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Ja

2017–2018

461

Private barnehagar: Vilkår på linje med offentlege barnehagar

Ja

2017–2018

802

Private barnehagar: Finansieringssystemet som ivaretek mangfaldet

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Ja

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Ja

13.1 Stortingssesjon 2024–2025

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett

Vedtak nr. 16, 12. november 2024:

Stortinget ber regjeringen utrede en organisering av et nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett, med ansvar for forskning, dokumentasjon, formidling og forsoningsarbeid. Arbeidet må bygge videre på eksisterende kompetanse-, forsknings- og formidlingsmiljøer og gjøres i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljøer.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet vil be Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet om å greie ut mogleg organisering av eit nasjonalt kompetansesenter om fornorskingspolitikk og urett i tråd med føresetnadene frå Stortinget om å bygge på eksisterande fagmiljø, og i tett dialog med samiske, kvenske/norskfinske og skogfinske miljø. Regjeringa tilrår å tildele 7 mill. kroner på kap. 260, post 50 til arbeid med kompetansesenteret.

Vedtaket er under behandling.

Fleire barn skal få språkopplæring i samisk og kvensk

Vedtak nr. 18, 12. november 2024:

Stortinget ber regjeringen gjennomgå språkopplæringen i samisk og kvensk, og iverksette tiltak for at flere barn skal lære språkene i opplæringsløpet. Samarbeidet mellom språksentre, kommuner, fylkeskommuner og andre relevante aktører innen språkopplæring bør styrkes. I dette arbeidet må hindringer identifiseres og tiltak for rekruttering av samisk og kvensk språkkompetanse til barnehage og skole forbedres.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet har valt å sjå oppmodingsvedtaka 18, 20 og 21 under eitt og dermed sjå oppfølginga av desse tre vedtaka i samanheng.

For samisk fell oppfølginga av vedtaka saman med oppfølginga av innsatsområda i Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning.

For kvensk vil Kunnskapsdepartementet mellom anna følge opp oppmodingsvedtaka gjennom handlingsplanen for kvensk språk.

Vedtaket er under behandling.

Nasjonal satsing på språkopplæring i samisk og kvensk

Vedtak nr. 20, 12. november 2024:

Stortinget ber regjeringen raskt komme tilbake til Stortinget med forslag til en nasjonal satsing på gjennomgående språkopplæring for kvensk og samiske språk fra barnehage til voksenopplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).

Sjå omtale under vedtak nr. 18 over.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Betre tilgang på utdanning i og på kvensk og samisk

Vedtak nr. 21, 12. november 2024:

Stortinget ber regjeringen aktivt støtte opp under teknologiutvikling og nye undervisningsmuligheter som kan bidra til bedre tilgang på utdanning i og på kvensk og samiske språk, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Sannings- og forsoningskommisjonen sin rapport Dokument 19 (2022–2023) Sannhet og forsoning – grunnlag for et oppgjør med fornorskingspolitikk og urett mot samer, kvener/norskfinner og skogfinner, jf. Innst. 30 S (2024–2025).

Sjå omtale under vedtak nr. 18.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Samarbeid i overgangen mellom ulike nivå i skulen

Vedtak nr. 60, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen sikre tilstrekkelig informasjonsdeling og samarbeid i overgangene mellom ulike nivåer i skolen, særlig for elever med særskilte behov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet sende den 16. juni 2025 eit forslag på høyring om å innføre lovreglar som utvidar høvet til informasjonsdeling om elevar ved skulebyte. Forslaget gjeld både opplæringslova og privatskulelova. I dag er det få opplysningar som kan delast utan at eleven eller foreldra samtykker. Dette inneber at ny skule i nokre tilfelle ikkje vil vere godt nok førebudd på å ta imot enkelte elevar ved skulestart. Dette kan til dømes gjelde tilfelle der skulen ikkje er kjent med valds- eller trusselhistorikken til ein elev eller konfliktar mellom ulike elevar eller elevgrupper. Mangel på informasjon kan få negative konsekvensar for skulemiljøet til medelevar og arbeidsmiljøet til tilsette. Ved inntak til vidaregåande opplæring vil mangel på slik informasjon mellom anna kunne føre til mindre gunstige klassesamansetjingar eller ineffektiv ressursallokering.

Departementet har derfor foreslått å utvide høvet til informasjonsdeling om elevar ved skulebyte. Departementet foreslår at skulane ved skulebyte innanfor same skuleslag og ved overgang til vidaregåande opplæring kan dele personopplysningar om elevar dersom dette er nødvendig for å ivareta skulemiljøet til medelevar og arbeidsmiljøet til tilsette. Høyringsfristen er 10. oktober 2025.

Departementet vil vurdere vidare oppfølging etter at høyringsfristen er gått ut.

Undervisningsopplegg om livsmeistring og folkehelse

Vedtak nr. 61, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever får tilgang på undervisningsopplegg som ivaretar intensjonene i det tverrfaglige emnet livsmestring og folkehelse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet viser til at det ikkje er nasjonale myndigheiter som utformar konkrete undervisningsopplegg for skulen, då både skular og lærarar har stor fridom til å bestemme korleis dei vil undervise innanfor rammene av læreplanane. For å støtte skulane i utviklinga av gode undervisningsopplegg bidreg nasjonale myndigheiter til kompetanseheving for lærarane på ulike vis. I juni 2024 fekk Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utvikle ein nasjonal kompetansepakke for å støtte arbeidet i skulen med det tverrfaglege emnet folkehelse og livsmeistring. Kompetansepakken skal, med utgangspunkt i læreplanverket, bidra til refleksjon om kva arbeid med folkehelse og livsmeistring i og på tvers av fag kan handle om. Kompetansepakken skal dekke breidda i det tverrfaglege temaet og vere gratis tilgjengeleg for alle skular. Pakken skal etter planen lanserast hausten 2026.

Departementet viser elles til at undervisningsopplegget ROBUST, som komiteen omtalar i Innst. 55 S (2024–2025), allereie er fritt tilgjengeleg, medan undervisningsopplegget YAM, som komiteen også viser til, ser ut til å kome med ein kostnad eller ei forplikting for skulane.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vidareføring og utvikling av mobbeombodsordninga

Vedtak nr. 62, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen videreføre og utvikle mobbeombudsordningen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Departementet foreslår å vidareføre midlane til mobbeombudsordninga i budsjettforslaget for 2026, og vil sjå på korleis ordninga kan utviklast.

Vedtaket er under behandling.

Opptrappingsplan for skulemåltid i grunnskulen

Vedtak nr. 63, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen legge frem en opptrappingsplan for innføring av et daglig sunt og enkelt skolemåltid for alle elever i grunnskolen, og komme tilbake i statsbudsjettet for 2026 med en plan for hvordan dette skal innføres.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet har utarbeidd ein opptrappingsplan som omfattar opprettinga av ei tilskotsordning for stegvis innføring av eit dagleg sunt og enkelt skulemåltid over tre skuleår.

Opptrappingsplanen gjer at kommunar med tilsvarande 1/3 av elevane som ønsker å starte opp eller vidareføre allereie eksisterande skulemåltidsordningar, kan få tilskot frå det første skuleåret. Ordninga kan utvidast kvart av dei to neste skuleåra fram til full utrulling er oppnådd. Med ein slik plan meiner Kunnskapsdepartementet at det er mogleg å lovfeste eit skulemåltid for alle elevar i grunnskulen når full utrulling er oppnådd etter tre år. Ei slik ordning vil ha ein kostnad på 450 mill. kroner første året, 1 530 mill. kroner andre året, 2 611 mill. kroner tredje året og 3 241 mill. kroner fjerde året når ordninga er ferdig utrulla. Dette er synleggjort i tabell 13.2:

Tabell 13.2 Opptrappingsplan av tilskotsordning til skulemåltid

År 1

År 2

År 3

År 4 (varig)

Samla kostnad

0,5 mrd. kroner

1,5 mrd. kroner

2,6 mrd. kroner

3,2 mrd. kroner

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Utgreiing av styrking av laget rundt elevar og lærarar

Vedtak nr. 64, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen i dialog med partene utrede og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med helhetlige og konkrete tiltak for hvordan laget rundt elevene og lærerne best kan og bør styrkes, slik at alle elever og lærere får de nødvendige støtteressursene inn i skolehverdagen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Det er kommunane som har ansvar for at dei har tilstrekkeleg kompetanse og kapasitet både i barnehagar og skular og i dei kommunale tenestene, og at samarbeidet mellom dei er godt. Dette er eit arbeid som bør bygge på moglegheitene og utfordringane lokalt, og kommunane bør derfor ha handlingsfridom til å utvikle laget rundt barn og unge slik at det fungerer godt i konteksten deira. Regjeringa har ulike tiltak og prosessar for å støtte opp under arbeidet i kommunane med å styrke laget rundt barn og unge. Dette omfattar både tilgang til ulik fagkompetanse og samarbeid mellom ulike yrkesgrupper i barnehagar og skular og samarbeid mellom barnehagar, skular og ulike tenester i kommunen. Departementet har mykje dialog med dei partane dei ulike prosessane vedkjem, blant anna gjennom referansegrupper, dialogmøte, høyringar og andre innspelsprosessar.

I mai 2025 la regjeringa fram strategien System for kompetanse- og karriereutvikling for ansatte i barnehage og skole. Systemet blir fasa inn i 2025 og 2026 og skal bidra til at lærarar og andre yrkesgrupper får betre føresetnader for å møte krava og forventningane dei står overfor i jobben. Framover skal fleire yrkesgrupper i barnehage og skule få gode moglegheiter for kompetanseutvikling gjennom heile yrkeslivet. Det skal gi betre læring og trivsel for barn og unge, og bidra til at barnehagar og skular er attraktive arbeidsplassar som rekrutterer og beheld både lærarar og andre yrkesgrupper.

Hovudgrepa i strategien er at fleire yrkesgrupper i barnehage, skule og SFO skal kunne få permisjon med lønn når dei tek vidareutdanning. I tillegg skal fleire nyutdanna lærarar i både barnehage, grunnskule og vidaregåande skule få rettleiing dei to første åra for å unngå fråfall frå yrket. Saman med partane i sektoren har departementet utvikla dokumentet Prinsipper og forplikelser for profesjonsfaglig veiledning av nyutdannede lærere i barnehage og skole. Dette skal bidra til at partane jobbar saman for eit likeverdig rettleiingstilbod av god kvalitet.

Regjeringa tek utfordringane med skulemiljø på alvor. Å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø er ei av dei grunnleggande oppgåvene til skulen.

Samstundes veit vi at mange skular står i utfordringar som det er krevjande å løyse åleine. I 2024 oppretta regjeringa derfor ei ordning der kommunar kan søke om tilskot til å etablere eller styrke kommunale skulemiljøteam. Skulemiljøteama skal bidra til å førebygge mobbing og gi ekstra tett oppfølging og sikre raskare og betre innsats til skular som har særlege utfordringar med skulemiljøet. Skulemiljøteam kan òg ha barnehagar som målgruppe, slik at det førebyggande arbeidet kan starte allereie der. I 2024 mottok 23 kommunar midlar til skulemiljøteam. Det var stor interesse blant kommunane, og det kom inn 137 søknader om tilskot. I 2025 er det løyvd 45 mill. kroner til skulemiljøteam. I 2025 kom det inn 168 søknader, og 40 kommunar fekk tilskot. For 2026 foreslår regjeringa å vidareføre løyvinga på 45 mill. kroner.

Regjeringa oppretta i 2025 eit eige tilskot til kommunar for å etablere nye eller styrke eksisterande beredskapsteam som eit førebyggande tiltak mot barne- og ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø. I 2025 er det løyvd 80 mill. kroner til beredskapsteam, og for 2026 foreslår regjeringa å vidareføre løyvinga på 80 mill. kroner. Sjå også omtale under vedtak nr. 1215, 20. juni 2025.

6. juni 2025 la regjeringa fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn (oppvekstmeldinga). Meldinga viser til ambisjonane til regjeringa om å styrke det breie laget rundt barn og unge. For i større grad å kunne prioritere ressursar til førebyggande tiltak for barn og unge der behova er størst, foreslår Kunnskapsdepartementet saman med Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, med bidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, å opprette ei felles, tverrsektoriell tilskotsordning (programfinansiering) frå 2026. Programfinansiering inneber at statlege tilskot til kommunesektoren, som i dag er øyremerkte til avgrensa formål innanfor ein eller fleire sektorar, i staden blir knytt til meir overordna formål og føringar uavhengig av sektor.

For å bidra til at tenestene til barn og unge blir betre samordna og meir heilskaplege, er det sett i gang eit samarbeid mellom fleire av velferdsdirektorata om eit felles leiarutviklingstilbod på tvers av sektorar og nivå i kommunane. Vidare sender departementa felles styringssignal til underliggande direktorat og statsforvaltarar om samarbeid og samordning av verkemiddel i kommunane for å styrke laget rundt barn og unge. Arbeidet med felles politikkutforming i utgreiings-, avgjerds- og iverksetjingsfasen når det gjeld det breie laget rundt barn og unge, blir følgt opp gjennom samarbeidet i kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU), som består av sju departement og 13 direktorat, etatar og institutt.

Regjeringa har sett i gang eit målretta samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv, jf. Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn (oppvekstmeldinga) og Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Dette er ei satsing som skal mobilisere alle relevante aktørar på tvers av sektorar og nivå til eit felles arbeid for å finne effektive og innovative inkluderingstiltak. Samfunnsoppdraget skal bidra til at det blir utvikla ny kunnskap gjennom å prøve ut nye måtar å arbeide på, og til at kunnskapen om kva som verkar, blir teken i bruk. For å bidra til god dialog og ei brei mobilisering vil det bli oppretta ei partnarskapsgruppe for samfunnsoppdraget, med representantar frå kommunal og frivillig sektor og partane i arbeidslivet. Det skal òg bli etablert ei innsatsgruppe med Forskingsrådet som vertskap.

Regjeringa vil bidra til å vise døme på gode løysingar, slik at kommunane kan lære av kvarandre. Kunnskap om kva for yrkesgrupper som er med i laget rundt barnet og eleven, er nyttig i denne samanhengen. Regjeringa vil gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å innhente statistikk frå SSB med nokre års mellomrom for både barnehage og skule. Konkret kan det vere aktuelt å be SSB samanlikne informasjon om ulike yrkesgrupper i skulen for å sjå på forskjellar når det gjeld kommune- og skulestorleik, regionale forskjellar, og kva yrkesgrupper som er vanlegast rundt omkring i landet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Strategi for spesialpedagogisk kompetanse i skulen og tilstrekkeleg kapasitet i PP-tenesta

Vedtak nr. 65, 28. november 2024:

Stortinget ber regjeringen styrke tilbudet til barn som trenger tilrettelegging, ved å legge frem en konkret strategi for å sikre spesialpedagogisk kompetanse i skolen og tilstrekkelig kapasitet i PP-tjenesten.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn, jf. Innst. 55 S (2024–2025).

Den spesialpedagogiske kompetansen for tilsette i barnehage og skule har blitt styrkt dei seinare åra gjennom kollektive kompetansetiltak for tilsette, PP-tenesta og andre tenester i laget rundt i kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, og gjennom mange fleire vidareutdanningstilbod i spesialpedagogikk for lærarar.

I det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling som regjeringa no innfasar, vil kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis bli ivareteke og inkludert i dei to nye tilskotsordningane for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskule og for vidaregåande opplæring som tek til å gjelde frå 2026. Frå 2026 vil også fleire lærarar og andre yrkesgrupper tilsette i barnehage og grunnopplæring få moglegheit til å ta vidareutdanning med like vilkår. Det er kommunen, fylkeskommunen og private eigarar som må prioritere kven av dei tilsette som skal delta i kompetansetiltaka ut frå ei vurdering av lokale kompetansebehov. Tilsette i PP-tenesta er også omfatta av desse kompetansetiltaka.

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet eit oppdrag om oppdatert kunnskap, status og aktuelle tiltak for å sikre betre tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging. Ein del av oppdraget er at Utdanningsdirektoratet skal gjennomføre ei statusoppsummering av arbeidet med tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for barn og elevar i barnehage, skule og SFO, med gjennomgang av utfordringar på feltet og forslag til tiltak for vidare oppfølging. Denne delen av oppdraget skal etter planen leverast februar 2026. På bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget som blir utarbeidd, skal Utdanningsdirektoratet tilrå kva tiltak som bør innførast for betre å sikre at skulane gjennomfører vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringa og andre vedtak som gir grunnleggande føresetnader for å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og kva verkemiddel det bør vere for oppfølging der skulane ikkje gjennomfører slike vedtak. Denne delen av oppdraget skal etter planen leverast oktober 2025.

Vedtaket er under behandling.

Fremje forslag om å lovfeste rett til 12 timar gratis SFO på 1.–3. trinn

Vedtak nr. 81, 5. desember 2024:

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å lovfeste retten til 12 timers gratis SFO i uken for elever fra 1.–3. trinn innen juni 2025.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2024–2025) for Kunnskapsdepartementet, jf. Innst. 2 S (2024–2025).

I tråd med oppmodingsvedtaket fremja Kunnskapsdepartementet 20. juni 2025 for Stortinget Prop. 160 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova (rett til 12 timer gratis skolefritidsordning i uken for elever på 1. til 3. trinn).

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Styrke satsinga på teiknspråklege læremiddel

Vedtak nr. 481, 20. februar 2025:

Stortinget ber regjeringen komme med tiltak for å styrke satsingen på tegnspråklige læremidler.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:27 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hilde Marie Gaebpie Danielsen, Kathy Lie, Christian Torset og Cato Brunvand Ellingsen om en handlingsplan for å styrke døve og tegnspråklige sine rettigheter og muligheter, jf. Innst. 136 S (2024–2025).

Regjeringa har følgt opp vedtaket om å styrke satsinga på teiknspråklege læremiddel ved å auke løyvinga til Statped. I revidert budsjett for 2025 vedtok Stortinget ei omprioritering av 2 mill. kroner ekstra til Statped for å auke produksjonen av teiknspråklege læremiddel. Regjeringa foreslår for 2026 ein varig auke til 4,5 mill. kroner til produksjon av læremiddel for teiknspråklege.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Julegudstenester i opplæringslova

Vedtak nr. 487, 20. februar 2025:

Stortinget ber regjeringen vurdere om muligheten til å avholde julegudstjenester kan forankres i opplæringsloven på en hensiktsmessig måte, for å sikre at denne tradisjonen fortsetter, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:29 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjell Ingolf Ropstad, Dag-Inge Ulstein og Olaug Vervik Bollestad om at alle elever skal få tilbud om å delta på skolegudstjenester og Dokument 8:33 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Himanshu Gulati og Tor André Johnsen om at julegudstjenester må forankres i opplæringsloven, jf. Innst. 141 S (2024–2025).

Regjeringa har gjort ei vurdering slik Stortinget har bede om. Regjeringa har kome fram til at høvet til å halde julegudstenester allereie er forankra i opplæringslova på ein formålstenleg måte. Dagens regulering er godt eigna til å sikre at denne tradisjonen held fram.

Høvet til å tilby elevane å vere med på julegudstenester er allereie forankra i opplæringslova. Det stemmer ikkje at justeringa i føresegna om forkynning i opplæringslova betyr at det ikkje lenger er tillate å gi tilbod om å delta i skulegudstenester. I den nye opplæringslova er det gjort tydeleg at forbodet mot forkynning gjeld i alle fag, ikkje berre i KRLE. Det inneber ikkje noka realitetsendring. At forbodet mot forkynning ikkje rammar moglegheita til å gjennomføre skulegudstenester kjem fram av forarbeida til lova og rettleiing på udir.no. Det kjem fram av innstillinga til opplæringslova at Stortinget ikkje har meint å gjere endringar i skulane sitt høve til å tilby å vere med på skulegudsteneste. Regjeringa har kommunisert tydeleg at tilbod om skulegudsteneste ikkje blir omfatta av forbodet mot forkynning i opplæringa, og at det ikkje er behov for endringar i opplæringslova for å presisere at skulegudstenester er tillatne.

Ytterlegare regulering av skulegudstenester kan innebere ei detaljregulering av kommunane og fylkeskommunane som er lite formålstenleg. Det bør ligge innanfor det lokale handlingsrommet å avgjere korleis jula skal markerast i skulen. Staten bør ha tiltru til at skuleeigarane gjer fornuftige vurderingar i desse spørsmåla. Etter vurderinga til departementet er det tilstrekkeleg med rettleiing som viser korleis det kan leggast til rette for at dei elevane som ønsker det, kan vere med på skulegudsteneste.

Det er ikkje gitt at ytterlegare regulering av skulegudstenester vil føre til meir uklare tilhøve, eller at debatten rundt skulegudstenester vil stilne. Ei endring kan føre til auka uklarleik, ikkje minst når det gjeld forholdet til andre religionar og livssyn, ritual og festar, enn kristendom og skulegudstenester. Slik departementet vurderer det, balanserer dagens tolking av gjeldande rett dette på ein formålstenleg måte. Ein ny ordlyd rundt desse tema kan skape ny usemje og ny debatt.

Etter departementet si vurdering verkar det samla sett ikkje som formålstenleg å bruke ressursar på eit slikt regelverksarbeid.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Barnets beste ved oppseiing av barnehageplass

Vedtak nr. 490, 20. februar 2025:

Stortinget ber regjeringen gjøre en samlet vurdering av om barnets beste er godt nok ivaretatt i regelverket ved oppsigelse av barnehageplass, og ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:32 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hege Bae Nyholt, Tobias Drevland Lund og Marie Sneve Martinussen om å sikre like rettigheter for barn i private barnehager ved oppsigelse av barnehageplass, jf. Innst. 140 S (2024–2025).

Oppseiing av barnehageplass er ikkje direkte regulert i barnehagelova. Det følger likevel av barnehagelova § 8 at alle barnehagar er pålagde å ha vedtekter. Vedtektene til barnehagen skal gi opplysningar om det som har noko å seie for forholdet foreldra har til barnehagen. Oppseiing av barnehageplass vil vere et slikt forhold. Det inneber at barnehagen mellom anna skal informere om vilkår og prosess for oppseiing av barnehageplass. Dette gjeld alle barnehagar, både kommunale og private.

Barnets beste er uttrykkeleg regulert i barnehagelova. Etter barnehagelova § 3 skal barnets beste vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn. Behova og føresetnadene til barnet er utgangspunktet for ei vurdering av kva som er barnets beste. Der barnehagen skal ta avgjerder om barn, må han i kvart tilfelle gjere ei konkret og individuell vurdering av kva som vil vere til det beste for kvart enkelt barn. Barnehagen skal avvege omsynet til barnets beste opp mot andre omsyn i ei sak. Dette gjeld generelt i alle saker som berører barn. Departementet meiner det følger av plikta til å ta omsyn til barnets beste at alle barnehagar, både kommunale og private, skal ta omsyn til kva som er til det beste for barnet i vurderingar om oppseiing av barnehageplass, og at vedtaket derfor er godt nok vareteke i regelverket i dag.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Kompetanseheving i samband med endra opplæringslov

Vedtak nr. 667, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen sørge for at det gjennomføres kompetansehevingstiltak i skolen i forbindelse med endringen av opplæringslova med en utvidelse av adgangen til fysisk inngripen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 51 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (utvidelse av adgangen til fysisk inngripen), sjå Innst. 243 L (2024–2025), Lovvedtak 49 (2024–2025).

Regjeringa bruker i 2025 nærare 2,9 mrd. kroner på kompetansetiltak retta mot lærarar og andre tilsette i barnehage og skule. Gjennom tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling er det lagt til rette for at kommunar kan setje i verk nødvendige kompetansetiltak basert på lokale behov.

Departementet har òg varsla at det vil bli utarbeidd rettleiing til reglane, og det ligg no føre mellom anna informasjonsvideoar på udir.no. Dette vil fungere som eit kompetansehevingstiltak, saman med merknadene til føresegna. Regjeringa vil òg følge med på korleis reglane verkar. Sjå mellom anna Prop. 51 L (2024–2025), pkt. 5.3.

Det finst fleire ulike nasjonale kompetansetiltak som skal gi barnehagar, skular og eigarar støtte til å bygge trygge og gode miljø og til å førebygge, avdekke og handtere krenkingar. Utdanningsdirektoratet har i 2025 vidareutvikla, samordna og målretta dei digitale støtteressursane og forsking på feltet, blant anna for å støtte dei tilsette i skulane med å handtere saker der elevar ikkje har det trygt og godt på skulen.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Rettleiar for å førebygge fysisk makt og tvang

Vedtak nr. 668, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen utarbeide en veileder til skolene om pedagogiske virkemidler for å forebygge bruk av fysisk makt og tvang.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 51 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (utvidelse av adgangen til fysisk inngripen), sjå Innst. 243 L (2024–2025), Lovvedtak 49 (2024–2025).

Departementet har varsla at det vil bli utarbeidd rettleiing til reglane, og det ligg no føre mellom anna informasjonsvideoar på udir.no. Rettleiing på dette punktet må sjåast i samanheng med anna rettleiing om reglane for å kunne gripe fysisk inn. Førebygging av bruk av fysisk makt og tvang må òg sjåast i samanheng med andre tiltak og innsatsar for trygge og gode skulemiljø, som kompetanseutvikling, skule-heim-samarbeid, relasjonsbygging, klasseleiing med meir. Utdanningsdirektoratet har utvikla fleire ressursar som skular kan nytte fritt, jf. nettsidene til Utdanningsdirektoratet.

Vedtaket er under behandling.

Rett til barnehageplass for desemberbarn

Vedtak nr. 670, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige lovforslag for å sikre at barn født i desember får rett til barnehageplass innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år, på lik linje med barn født i september, oktober og november.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:108 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Svardal Bøe, Erna Solberg, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup og Sandra Bruflot om lovfestet rett til barnehageplass for barn født i desember, innen utgangen av måneden de fyller ett år, jf. Innst. 239 S (2024–2025).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Om individregister over barn i barnehagar og grunnskuleopplæring

Vedtak nr. 778, 26. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget dersom individregistre over barn i barnehager og grunnskole skal utvides ut over kategoriene som er redegjort for i Prop. 131 L (2024–2025).

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 131 L (2024–2025) Endringer i opplæringslova, privatskolelova og barnehageloven (individregistre over barn i barnehager og grunnskoleopplæring, overtredelsesgebyr m.m.), jf. Innst. 374 L (2024–2025) og Lovvedtak 69 (2024–2025).

Regjeringa vil legge fram forslag til endring i opplæringslova og barnehagelova dersom det blir aktuelt å utvide registera til å inkludere særlege kategoriar personopplysningar. Regjeringa vil òg kome tilbake til Stortinget med ei orientering om eventuelle forskriftsendringar dersom det blir aktuelt å utvide registera til andre personopplysningar enn det som er gjort greie for i Prop. 131 L (2024–2025).

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Private barnehagar: Pensjonstilskot

Vedtak nr. 863, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen i forskrift fastsette tre sjablonger for beregninger av pensjonstilskudd til private barnehager, hvorav en av sjablongene representerer bransjestandard.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet viser til omtale av barnehageforliket i 2024 i kategoriinnleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar. Med dei nye reglane i barnehagelova skal pensjonstilskotet bereknast ved å gonge talet på årsverk i barnehagen med samla lønn per årsverk i barnehagen, ein prosentsats basert på pensjonsvilkåra til den enkelte barnehage og lokal arbeidsgivaravgift.

Regjeringa sende 25. juni 2025 forslag til forskrift om tilskot til private barnehagar på høyring. Det er mellom anna foreslått at det skal vere tre prosentsatsar/sjablongar på 5, 8 og 11 pst. av lønnskostnadene i barnehagen for berekning av pensjonstilskot. Det er lagt til grunn at den øvste satsen på 11 pst. vil representere ei form for bransjestandard. Høyringsfristen er 30. september 2025. De tre prosentsatsane vil bli vurdert i lys av innspela i høyringa.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Private barnehagar: Vurdere behov for eigen regel om bruk av tilskot til eigedomskostnader

Vedtak nr. 864, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen i arbeidet med mer treffsikre vurderinger av eiendomskostnader for private barnehager vurdere om det er behov for en egen regel om bruk av tilskudd til eiendomskostnader, og hvordan denne eventuelt kan utformes slik at den treffer formålet med reguleringen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Vurdere omsyn til barn med særskilde behov ved opptak til barnehage

Vedtak nr. 865, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan tas ytterligere hensyn til barn med særskilte behov ved opptak, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Private barnehagar: Greie ut definisjonen av ideelle barnehagar

Vedtak nr. 866, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen utrede om det er behov for å stille ytterligere krav til definisjonen av ideelle barnehager for at den skal virke etter intensjonen, herunder om det må stilles krav til andre ledd i organisasjonen hvis en ideell barnehage er del av et konsern eller eierstruktur.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

I NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører har Støstad-utvalet foreslått ein felles definisjon av kva som er ein ideell velferdsaktør. Som ein del av oppfølginga av forslaga i NOU-en vil regjeringa vurdere om det er behov for å stille ytterlegare krav til definisjonen av ideelle barnehagar for at han skal verke etter intensjonen, mellom anna om det må stillast krav til andre ledd i organisasjonen dersom ein ideell barnehage er ein del av eit konsern eller ein eigarstruktur. Regjeringa vil også vurdere om det bør stillast krav til eigaren av eigedomen.

Vedtaket er under behandling.

Private barnehagar: Ikkje-tidsavgrensa søknadsordning for pensjonskostnader som skal evaluerast etter tre år

Vedtak nr. 867, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen legge opp til at søknadsordningen beskrevet i Prop. 138 L (2024–2025) ikke skal være tidsavgrenset, og at ordningen evalueres etter tre år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet viser til omtale av barnehageforliket i 2024 i kategoriinnleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar. Regjeringa sende 25. juni 2025 forslag til forskrift om tilskot til private barnehagar på høyring, med høyringsfrist 30. september 2025. Det er mellom anna foreslått å innføre ei ny søknadsordning for pensjonstilskot til private barnehagar som ikkje får dekt pensjonsutgiftene sine etter den foreslåtte hovudregelen om tilskot til pensjon. Den foreslåtte søknadsordninga er ikkje tidsavgrensa.

Kunnskapsdepartementet vil i tildelingsbrevet for 2026 gi Utdanningsdirektoratet i oppdrag å evaluere den nye søknadsordninga for pensjonstilskot til private barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Private barnehagar: Ny søknadsordning for pensjonstilskot

Vedtak nr. 868, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen innføre en ny søknadsordning for pensjonstilskudd for private barnehager. Søknadsordningen må være forutsigbar, med tydelig regelverk, ha et rimelig tak og være utformet slik at barnehagene får dekket dokumenterte pensjonskostnader. Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en konkretisering av modellen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet viser til omtale av barnehageforliket i 2024 i kategoriinnleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar. Regjeringa sende 25. juni 2025 forslag til forskrift om tilskot til private barnehagar på høyring. Det er mellom anna foreslått å innføre ei ny søknadsordning for pensjonstilskot til private barnehagar som ikkje får dekt pensjonsutgiftene sine etter den foreslåtte hovudregelen om tilskot til pensjon. Private barnehagar som samla over tre år har meir enn 5 pst. høgare pensjonsutgifter enn dei får dekt gjennom hovudregelen, skal etter forslaget få dekt utgiftene som overstig 5 pst., men avgrensa til 13 pst. av pensjonsgivande lønn i den private barnehagen. Høyringsfristen er 30. september 2025. Endeleg modell for ny søknadsordning vil bli vurdert i lys av innspela i høyringa.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Private barnehagar: Søknadsordning som kan kompensere for mellombelse høge utgifter

Vedtak nr. 869, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til hvordan søknadsordningen for pensjonstilskudd for private barnehager kan bidra til å kompensere barnehager for midlertidige høye utgifter i enkeltår, eksempelvis i forbindelse med innføring av AFP.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet viser til omtale av barnehageforliket i 2024 i kategoriinnleiinga til programkategori 07.30 Barnehagar. Regjeringa sende 25. juni 2025 forslag til forskrift om tilskot til private barnehagar på høyring. Det er mellom anna foreslått å innføre ei ny søknadsordning for pensjonstilskot til private barnehagar som ikkje får dekt pensjonsutgiftene sine etter den foreslåtte hovudregelen om tilskot til pensjon. Private barnehagar som samla over tre år har meir enn 5 pst. høgare pensjonsutgifter enn dei får dekt gjennom hovudregelen, skal etter forslaget få dekt utgiftene som overstig 5 pst., men avgrensa til 13 pst. av pensjonsgivande lønn i den private barnehagen. Dersom ein barnehage har mellombelse utgifter i enkelte år, til dømes i samband med innføring av AFP, vil dette bli dekt gjennom søknadsordninga, men avgrensa til 13 pst. av pensjonsgivande lønn i den private barnehagen. Høyringsfristen er 30. september 2025. Endeleg modell for ny søknadsordning vil bli vurdert i lys av innspela i høyringa.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Private barnehagar: Vurdering av tilskot til eigedom og eigedomskostnader

Vedtak nr. 870, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen gjøre en helhetlig vurdering av treffsikkerheten i tilskudd til eiendom og private barnehagers eiendomskostnader og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Vurderingen skal gjøres i lys av nytt tallgrunnlag og erfaringene med nytt eiendomstilskudd, den mulige ordningen for støtte til rehabilitering av barnehagebygg samt øvrige endringer i tilskuddsregelverket.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Private barnehagar: Ordning for rehabilitering av private barnehagebygg

Vedtak nr. 871, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen utrede en ordning for at private barnehager skal kunne få støtte til rehabilitering av barnehagebygg, i form av låneordning i Husbanken eller andre innretninger som vil oppfylle det samme formålet. Ordningen skal legge vekt på behovet til små og ideelle barnehager. Utredningen må gjøre rede for eventuell statsstøtteproblematikk og behov for krav knyttet til salg av barnehagebygg det er mottatt støtte til.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Vedtaket er under behandling.

Private barnehagar: Forskrift om tildeling av tilskot

Vedtak nr. 872, 3. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen vurdere om forskrift om tildeling av tilskudd til private barnehager § 8 fjerde ledd andre punktum bør endres, slik at kommunen ikke har anledning til å legge et annet barnetall til grunn, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren), jf. Innst. 510 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Utarbeide kampanje for å redusere bruken av narkotika

Vedtak nr. 1214, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen utarbeide en kampanje overfor elever på ungdomsskolen og videregående skoler for å redusere bruken av narkotika i tråd med prinsippene om kunnskapsbasert forebyggende arbeid.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet ga i september 2025 eit oppdrag til Utdanningsdirektoratet om å utarbeide ein haldningskampanje retta mot elevar på ungdomskulen og vidaregåande skule for å redusere bruken av narkotika, i tråd med prinsippa om kunnskapsbasert førebyggande arbeid. Innhaldet i kampanjen, saman med ein tidsplan for gjennomføringa, skal etter planen vere klart innan 31. januar 2026. For å kunne gjennomføre oppdraget trengs kompetanse som både Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet har, og det er derfor spesifisert i oppdraget at direktorata skal samarbeide. Dei kan også velje å samarbeide med andre relevante etatar. Oppdraget skal sjåast i samanheng med regjeringa sitt pågåande arbeid for å utvikle og implementere eit nasjonalt program for rusmiddelførebyggande arbeid blant barn og unge.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Utvide ordninga med kommunale beredskapsteam

Vedtak nr. 1215, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen utvide ordningen med kommunale beredskapsteam med 10 mill. kroner. Ordningen utvides tematisk for å kunne benyttes til å ta tak i problemer knyttet til narkotikakriminalitet blant barn og unge.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet foreslår å vidareføre styrkinga på 10 mill. kroner i revidert budsjett 2025 og løyve totalt 80 mill. kroner til beredskapsteam i 2026, jf. omtale i del II under programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 226, post 65.

Tilskotsordninga for etablering og styrking av kommunale beredskapsteam er direkte retta mot barne- og ungdomskriminalitet. Beredskapsteama skal rette seg mot nærmiljø og skulemiljø for barn og unge i kommunen. Det skal leggast til rette for samarbeid på tvers av bydelar, kommunegrenser og skuleslag. Beredskapsteama skal arbeide tverretatleg og tverrfagleg, på gruppe- og individnivå, både i og med nærmiljøet og skulemiljøet. Utfordringar med narkotikakriminalitet blant barn og unge skal vere ein del av arbeidet, og retningslinjene for tilskotet er reviderte for å ta omsyn til dette.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Setje ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut gratis barnehageplass for alle barn

Vedtak nr. 1228, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen nedsette en hurtigarbeidende partssammensatt arbeidsgruppe for å utrede hvordan innføre gratis barnehageplass for alle barn i Norge. Arbeidsgruppen skal ta utgangspunkt i at gratisprinsippet skal være styrende i barnehagesektoren på linje med resten av utdanningssektoren. Arbeidsgruppen skal som en del av oppdraget vurdere konsekvenser innføring av gratis barnehage kan ha for barnehagesektoren og samfunnet for øvrig, herunder tilgjengelighet og deltakelse, sosial utjevning, bemanningssituasjon, rekruttering til barnehagelærerutdanningene, opptak av barn og rett til plass, hvilke samfunnsmessige og økonomiske besparelser en universell ordning vil gi, og eventuelt andre forhold arbeidsgruppen anser relevante.
Arbeidsgruppen kan også peke på behov for andre tiltak som bør iverksettes parallelt med innføring av gratis barnehage. Arbeidsgruppen bes også vurdere modell for innføring av gratis barnehage for alle. Arbeidsgruppen skal levere første delrapport innen utgangen av oktober 2025 og endelig rapport innen medio mai 2026. Det settes av 5 mill. kroner til arbeidet på kap. 231 post 21.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Kunnskapsdepartementet har hausten 2025 sett ned ei hurtigarbeidande partssamansett arbeidsgruppe som skal greie ut gratis barnehageplass for alle barn. Arbeidsgruppa skal etter planen levere sluttrapporten i 2026.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Innføre ordning med toppa bemanning i alle ordinære barnehagar

Vedtak nr. 1242, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen innføre en ordning med toppet bemanning i alle ordinære barnehager. Den toppede bemanningen skal enten bidra til å styrke grunnbemanningen eller avlaste grunnbemanningen. Styrking må skje enten gjennom ekstra årsverk barnehagelærer/fagarbeider/assistent som del av grunnbemanningen som arbeider med barna, eller til merkantilt/kjøkkenassistent som kan avlaste grunnbemanningen. Det skal gis tilskudd etter en modell hvor det tilføres midler til å dekke ekstra årsverk ut fra eksisterende årsverk, og dermed forholdsmessig ut fra barnehagens størrelse. De ekstra årsverkene skal ikke inngå i barnehagens oppfyllelse av den lovfestede bemanningsnormen eller pedagognormen, men komme som ekstra årsverk utover normene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Det er oppretta ei øyremerkt tilskotsordning under kap. 231, post 60 Toppa bemanning i barnehagane, jf. omtale i del II, programkategori 07.30 Barnehagar. Det blei løyvd 200 mill. kroner i revidert budsjett for 2025, og for 2026 foreslår departementet å vidareføre tilskotet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Tilskot til fleksible og desentraliserte tilbod innanfor yrkesfagleg vidaregåande opplæring

Vedtak nr. 1244, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen opprette et tilskudd til fleksible og desentraliserte tilbud innenfor yrkesfaglig videregående opplæring i områder med store avstander og lave befolkningstall.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Departementet har oppretta eit tilskot til fleksible og desentraliserte tilbod innanfor yrkesfagleg vidaregåande opplæring i område med store avstandar og låge befolkningstal. Utdanningsdirektoratet vil forvalte tilskotsordninga. Regjeringa foreslår å løyve 15 mill. kroner i 2026 for å vidareføre auka frå revidert budsjett 2025 til dette tilskotet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Nemningar for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk

Vedtak nr. 681, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget innen utgangen av stortingssesjonen 2025–2026 med forslag til benevnelser for fullført og bestått fagskoleutdanning på nivå NKR 6 og 7 som er i tråd med benevnelsene i de andre europeiske landene Norge samarbeider mest med.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).

Stortinget har slutta seg til tiltaket i meldinga om å innføre ei yrkesfagleg søyle på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Innføring av nivå 6 og 7 vil gi fagskulane meir handlingsrom til å imøtekome aukande krav til kompetanse i arbeidslivet. Vidare vil ei yrkesfagleg søyle skape ein meir synleg karriereveg, særleg for fagarbeidarar, og gi fleire moglegheiter for spesialisering og fagleg fordjuping gjennom heile yrkeslivet.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget før utgangen av stortingssesjonen 2025–2026.

Ansvaret til fagskular for realkompetansevurdering

Vedtak nr. 682, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen i samarbeid med fagskolesektoren vurdere om fagskolene skal få ansvaret for realkompetansevurdering, hvordan det kan standardiseres, samt hvilke budsjettmessige konsekvenser det vil få, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).

Fagskulane har i dag ansvar for realkompetansevurdering ved opptak til høgare yrkesfagleg utdanning. For å følge opp vedtaket er det nødvendig å greie ut om fagskulane skal få ansvar for realkompetansevurdering utover det ansvaret dei allereie har.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Høgare yrkesfagleg utdanning og ECTS

Vedtak nr. 683, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen sørge for at høyere yrkesfaglig utdanning i Norge kobles til ECTS i løpet av stortingssesjonen 2025–2026. Utredningen som er igangsatt knyttet til tiltakspunkt 25 i Meld. St. 11 (2024–2025), må utrede og bidra med forslag til hvordan en ECTS-tilkobling best kan etableres og implementeres.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).

I 2024 fekk Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) i oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) å greie ut føresetnader for bruk av ECTS (European Credit Transfer and Accumulation System) for utdanningar og moglegheita for eventuell bruk av ECTS i høgare yrkesfagleg utdanning. Vidare skal utgreiinga ta for seg kva for konsekvensar innføring av ECTS kan ha for både høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. NIFU skal levere utgreiinga til HK-dir i oktober 2025. Etter at utgreiinga er lagd fram, vil departementet greie ut korleis dette best kan gjerast.

Vedtaket er under behandling.

Plan for føreseieleg finansiering for fagskulane

Vedtak nr. 684, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en oversikt over fagskolenes totale finansiering, og en plan for hvordan forutsigbar finansiering kan sikres.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) publiserer årleg ein tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning som viser fagskulesektoren i tal og analysar om studentar, fagskular, utdanningstilbod og finansiering. I tilstandsrapporten er det ei oversikt over finansieringskjeldene til fagskulane, mellom anna omfanget av statleg tilskot, skulepengar og prosjektmidlar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vurdering av eit gratisprinsipp i høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 685, 13. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringen av fagskolestudier og vurdere det opp mot gratisprinsippet i norsk utdanningssystem, og fremme en sak for Stortinget innen utgangen av 2026.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, jf. Innst. 266 S (2024–2025).

Det er opp til fylkeskommunane om fagskular som får offentleg driftstilskot, skal kunne ta skulepengar i tillegg. Dette gjeld både for offentlege og private fagskular som får offentleg driftstilskot. Ifølge Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2025 fekk offentlege fagskular 30,6 mill. kroner i skulepengar i 2024. Skulepengane ved offentlege fagskular tilsvarer 1 pst. av den samla finansieringa til offentlege og private fagskular.

Departementet tek sikte på å kome tilbake til vedtaket i statsbudsjettet for 2027.

Auke kommersialiseringa av norsk forsking

Vedtak nr. 737, 26. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen i ny langtidsplan for forskning og høyere utdanning komme med konkrete forslag til hvordan en kan øke kommersialiseringen av norsk forskning.

Oppmodingsvedtaket kom i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden, jf. Innst. 290 S (2024–2025).

I Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032 blir forsking, utvikling, innovasjon og høgare utdanning sett på som grunnleggande for verdiskapinga i samfunnet. Forskingsrådet sikrar høg kvalitet i forskinga og bidreg til at forskingsbaserte idear og resultat blir tekne i bruk. Kommersialisering er ein sentral del av dette arbeidet og styrker overgangen frå forsking til bruk i næringsliv og offentleg sektor. Innsatsen omfattar både kultur- og strukturbygging i forskingsinstitusjonane, og prosjektstøtte i tidlege fasar av ofte lange og kapitalkrevjande løp for kommersialisering.

Støtte til kultur- og strukturbygging skjer gjennom TTO-funksjonsstøtte. Ordninga vart etablert i 2023 og er retta inn mot forskingsorganisasjonar. Ho støttar opp om forskingsorganisasjonars tidlege fase i teknologioverføringsarbeidet, sikrar strukturar og kompetanse for å vareta dei lovpålagte oppdraga deira om IP-forvalting og bidreg dessutan til innovasjon. Ordninga erstattar ei tidlegare ordning, og den når fleire forskingsorganisasjonar (40 stk.). Ordninga er anerkjent blant forskingsorganisasjonane, det er stor aktivitet, høge ambisjonar og eksisterande teknologioverføringskontor er godt påkopla.

Prosjektstøtte skjer gjennom dei to støtteordningane kvalifiserings- og verifiseringsstøtte. Ordningane er retta inn mot forskingsorganisasjonar og næringsliv. Begge ordningane har no løpande søknadsfrist. Målet med eit kvalifiseringsprosjekt er å vurdere moglegheiter for kommersiell bruk av forskingsresultat. Resultatet her kan gi grunnlag for eit verifiseringsprosjekt, som kan føre forskingsresultat nærare eit produkt eller ei løysing som er klart for marknaden. No blir innsatsen òg retta direkte inn mot framifrå forskingsmiljø, for å stimulere til at ein større del av forskingsresultata frå desse miljøa blir tekne i bruk. Ordningane er tett kopla til EU-program som ERC Proof of Concept og EIC Transition, og fungerer som springbrett til vidare finansiering nasjonalt, i EU og i kapitalmarknaden.

Samla sett bidreg kommersialiseringsinnsatsen til auka volum, fart og profesjonalitet, frå ei større breidde av forskingsorganisasjonane. Det gjer at fleire nye idear, konsept og teknologiar med kommersielt potensial blir tekne i bruk. Talet på og kvaliteten på søknader til Forskingsrådet aukar, både i breidde og omfang. Samtidig peikar Draghi-rapporten The future of European competitiveness på at Noreg ligg etter samanliknbare land når det gjeld kommersialisering.

Forskingsrådet koplar forskingsmiljø med næringsliv, investorar, klyngjer og EU-partnarar gjennom nasjonale og internasjonale nettverk. Dette fremjar kunnskapsoverføring og gir tilgang til kompetanse, ressursar og infrastruktur. Samtidig samarbeider Forskingsrådet tett med aktørar som Innovasjon Noreg, Siva, Enova, Investinor, Nysnø og EU for å styrke verdikjeda frå forsking til marknad. Saman med Innovasjon Noreg har Forskingsrådet òg framheva behovet for ei norsk akseleratorordning etter europeisk modell, for å skalere framtidas idear og bedrifter.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Styrke studentinvolvering i forsking og studentdrivne forskings- og innovasjonsprosjekt

Vedtak nr. 738, 26. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen i oppfølgingen av Meld. St. 14 (2024–2025) vurdere tiltak for å styrke studentinvolvering i forskningen og å tilrettelegge for studentdrevne forsknings- og innovasjonsprosjekter.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden, jf. Innst. 290 S (2024–2025).

Involvering av studentar i forsking er ein av fleire måtar å realisere den grunnleggande tanken om forskingsbasert høgare utdanning på. Slik involvering skjer i ulike former, avhengig av blant anna fagtradisjonar. Departementet vil vurdere behov for tiltak for auka studentinvolvering basert på informasjon om status, blant anna frå Studiebarometeret.

Vedtaket er under behandling.

Knyte studiestøtte til grunnbeløpet i folketrygda

Vedtak nr. 741, 26. mai 2025:

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om å knytte studiestøtten til grunnbeløpet i folketrygden, med innføring kommende stortingsperiode.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:182 S (2024–2025) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Grete Wold, Kari Elisabeth Kaski og Kathy Lie om å knytte studiestøtten til grunnbeløpet i folketrygden, jf. Innst. 320 S (2024–2025).

For studieåret 2025–26 er basislånet på 166 859 kroner. Det er ein auke på 40 500 kroner sidan studieåret 2021–22. Endringa har gitt studentane 3 600 kroner meir i månaden. Basislånet har auka meir enn grunnbeløpet i folketrygda (G) i løpet av dei siste ti åra. I 2015–16 svarte basislånet til 1,12 G, medan det i 2025–26 er på 1,28 G.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Inkludering av det samiske KI-arbeidet i satsinga på forskingssenter for kunstig intelligens

Vedtak nr. 875, 4. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen sørge for at det samiske KI-arbeidet blir inkludert i Forskningsrådets satsning på forskningssentre for kunstig intelligens (KI-sentre).

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 17 (2024–2025) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kommunale tenestetilbod til samiske innbyggarar, jf. Innst. 408 S (2024–2025). Mindretalsforslaget frå H, SV og Raudt fekk støtte frå Sp, og dermed fleirtal. Dei seks forskingssentera for kunstig intelligens blei utpeikt av Noregs forskingsråds porteføljestyre for mogleggjerande teknologiar i møte 10. juni, altså berre seks dagar etter Stortingets vedtak. Det var derfor ikkje mogleg for Forskingsrådet å ta omsyn til Stortingets vedtak i si behandling av saka. Departementet viser òg til at Forskingsrådet gjennom vedtektene har fagleg autonomi i forvaltninga av tilskot, og at det er tverrpolitisk einigheit om denne autonomien. Departementet kunne derfor ikkje ha instruert Forskingsrådet om å utpeike eit senter som hadde samiske partnarar. Intensjonen i vedtaket er likevel vareteken i og med at samiske miljø hadde vore med på fleire av søknadene, også nokre av dei som var med i siste runde av saksbehandlinga. Departementet viser samstundes til at regjeringa foreslår å løyve 1 mill. kroner til samisk kunstig intelligens, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Opprette nytt bransjeprogram for tilsette i barnehagesektoren

Vedtak nr. 1251, 20. juni 2025:

Stortinget ber regjeringen opprette et nytt bransjeprogram for ansatte i barnehagesektoren som får en varighet på tre år og innrettes for ansatte i barnehage. Målet med bransjeprogrammet skal være å styrke fagskoleutdanningen i sektoren, sikre høy kvalitet i tjenestene og møte de spesifikke behovene til barnehagebarn.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025, jf. Innst. 540 S (2024–2025).

I revidert budsjett for 2025 vart det løyvd 7,5 mill. kroner til eit bransjeprogram for tilsette i barnehagesektoren. Løyvinga får heilårseffekt i 2026, og departementet foreslår å løyve 15 mill. kroner til dette førmålet i 2026, sjå del II, programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring. Kvart bransjeprogram kan få tilsegn om tilskot i inntil tre år.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

13.2 Stortingssesjon 2023–2024

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Hindre misbruk av personopplysningane til barn og unge

Vedtak nr. 578, 23. april 2024:

Stortinget ber regjeringen styrke arbeidet med veiledning til barnehage- og skoleeiere om etterlevelse av personvernregelverket for å hindre misbruk av barn og unges personopplysninger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:92 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om et lærebokløft og mindre og bedre regulert skjermbruk i skolen, jf. Innst. 263 S (2023–2024).

Kunnskapsdepartementet gav i samband med Strategi for digital kompetanse og infrastruktur for barnehage og skole 2023–2030. Utdanningsdirektoratet fekk i oppgåve å greie ut korleis ein best kan lage ei eller fleire felles støttetenester til kommunane for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming av digitale læremiddel. Direktoratet leverte i desember 2024 utgreiinga, som tek føre seg juridiske og forvaltningsmessige spørsmål, og foreslo modellar for korleis ei eller fleire støttetenester kan organiserast.

Departementet har som oppfølging av dette gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å etablere ei felles støtteteneste for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming av digitale læremiddel, læringsressursar og plattformer. Støttetenesta skal etablerast med både myndigheitsfunksjonar som rådgiving, kompetanseheving og utarbeiding av sentraliserte delvurderingar for personvern, informasjonstryggleik og universell utforming og publisering av desse. Støttetenesta vil utføre om lag 80 pst. av vurderingane som må gjerast etter regelverket, medan skuleeigarane må stå for dei siste lokale delvurderingane som tek omsyn til lokale forhold og tilpassingar. Utdanningsdirektoratet skal ha myndigheitsfunksjonen for tenesta og har hovudansvar for etablering og forvaltning. Arbeidet vil skje i tett samarbeid med Sikt som tenesteleverandør, og aktørar som KS og Statped skal også trekkast inn i arbeidet.

Kunnskapsdepartementet har også gitt midlar til KS’ arbeid med ein nasjonal DPIA (Data Protection Impact Assessment) for Google Workspace for Education i 2023, som er ei plattform mange skular nyttar på dei digitale einingane sine, og ein nasjonal DPIA for Microsoft-produkt i skulen i 2025. Nasjonale DPIA-ar vil styrke kommunane si evne til å etterleve regelverket for personvern og er ein viktig grunnplanke for det kommande arbeidet til støttetenestene.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Fleire elevar på ekskursjon til fange- og konsentrasjonsleirar

Vedtak nr. 621, 7. mai 2024:

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med fremleggelsen av den nye handlingsplanen mot antisemittisme komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan det kan sørges for at flere skoleelever, fra hele landet, får mulighet til å besøke tidligere fange- og konsentrasjonsleirer, som for eksempel Falstadsenteret og Falstad fangeleir, Grini fangeleir, Auschwitz og Sachsenhausen, innenfor hvert års vedtatte budsjettrammer.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:95 S (2023–2024) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erlend Wiborg, Himanshu Gulati, Silje Hjemdal, Sylvi Listhaug og Christian Tybring-Gjedde om å styrke kampen mot antisemittisme, jf. Innst. 267 S (2023–2024).

Handlingsplan mot antisemittisme 2025–2030 blei lagd fram av regjeringa i november 2024. Dei 22 tiltaka er fordelte på tre innsatsområde: Dialog og eit velfungerande demokrati, Kunnskap og kompetanse og Tryggleik og sikkerheit. Eitt av tiltaka er å gå gjennom og vurdere vidareføring av den nasjonale tilskotsordninga for skuleturar under kap. 225, post 66. Deloitte fekk i oppdrag å evaluere ordninga og leverte evalueringsrapporten i mai 2025.

Evalueringa skulle svare på om tilskotsordninga er innretta og forvalta på ein slik måte at ho bidreg til at fleire ungdommar får høve til å reise på tur til minnestadar frå andre verdskrigen ved at prisen for turen blir redusert. Samla sett vurderer Deloitte at det er noko uvisse rundt effekten av tilskotsordninga, men at ho kan vere eit verkemiddel for å oppnå auka kunnskap om tema som antisemittisme, menneskerettar, menneskeverd og demokrati. Samtidig peikar evalueringa på behov for ei rekke endringar. Det er mellom anna ein tydeleg konflikt mellom målet om at fleire skal få dra på skuletur og gratisprinsippet i skulen.

Kunnskapsdepartementet peikar på at evalueringa er grundig, og at ho har gitt meir djupnekunnskap og eit betre grunnlag for å vurdere endringar i tilskotsordninga. Departementet er i gang med oppfølginga av evalueringa.

Kunnskapsdepartementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vurdering av omfang og lovkrav om mellombels tilsetjing av lærarar

Vedtak nr. 707, 5. juni 2024:

Stortinget ber regjeringen vurdere omfanget av midlertidig ansettelse av lærere innen sommeren 2027, og eventuelt komme tilbake til Stortinget med et skjerpet lovkrav om at skoleeier alltid vurderer ansettelse på vilkår før annen midlertidig ansettelse, når det ikke er kvalifiserte lærere som søker ledig undervisningsstilling.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 62 L (2023–2024) Endringer i opplæringslova og privatskolelova (kompetansekrav, faglig ansvar og bruk av fysisk inngripen for å avverge skade m.m.), jf. Innst. 389 L og Lovvedtak 78 (2023–2024).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilboda

Vedtak nr. 906, 21. juni 2024:

Stortinget ber regjeringen innen 1. januar 2025 om å kartlegge bemanningssituasjonen i SFO-tilbudene i samarbeid med partene. Dette skal skissere nye tiltak for å bedre bemanning og kvaliteten i SFO-tilbudene. Kartleggingen skal også innhente informasjon om omfanget av skyss i tilknytning til SFO, skoleferietilbud og tilrettelegging for barn med behov for særskilt tilrettelegging, og identifisere relevante tiltak tilknyttet disse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 2 (2023–2024) Revidert nasjonalbudsjett 2024, jf. Innst. 447 S (2023–2024).

Nedanfor gjer Kunnskapsdepartementet greie for den informasjonen som er tilgjengeleg innanfor fristen sett i vedtaket. Teksten nedanfor bygger på ulike kjelder: Grunnskolens informasjonssystem (GSI), Spørsmål til Skole-Norge våren 2025, ulike evalueringar og undersøkingar og eigne undersøkingar Utdanningsdirektoratet har gjennomført basert på nettstadane til kommunane.

Bemanning

Det er i dag ikkje krav til bemanning i skulefritidsordninga (SFO) i opplæringslova. Kommunen har ansvar for at det er tilstrekkeleg kompetanse til å drive ei forsvarleg verksemd i tråd med regelverket. Kunnskapsdepartementet vil understreke at vi berre kan gjere greie for kva slags bemanning eller kompetanse som finst på nasjonalt nivå. Kva som er riktig eller forsvarleg bemanning eller kompetanse, må vurderast lokalt, ut ifrå behovet til barnegruppa. Truleg vil det også vere ulike meiningar om kva som er forsvarleg bemanning, avhengig av kven ein spør, for eksempel skuleeigar, skuleleiar, tilsette i SFO eller foreldre.

Tal på tilsette

Frå GSI har departementet tilgang til tal for bemanning, gjennom rapportering om talet på tilsette uavhengig av kva prosentdel dei tilsette arbeider i. Dette betyr at departementet ikkje har informasjon om utviklinga i årsverk i SFO. Departementet har heller ikkje kunnskap om korleis bemanninga er fordelt utover SFO-dagen.

Talet på barn som har plass i SFO, har auka vesentleg etter innføringa av 12 timar gratis SFO per veke. Det kan derfor ventast at det har vore ein auke i talet på tilsette. Likevel kan det vere SFO-ar som tidlegare har hatt høg bemanning, slik at det ikkje har vore nødvendig eller riktig å prioritere auka bemanning sjølv om det har blitt høgare SFO-deltaking etter innføringa av 12 timar gratis SFO. Det kan også vere at skulane har gjort andre organisatoriske endringar, til dømes endringar i stillingsbrøkar eller korleis bemanninga er fordelt innanfor opningstida. Dette har ikkje departementet oversikt over. Ifølge GSI har talet på tilsette i SFO auka med 11,3 pst. frå skuleåret 2021–22 til skuleåret 2024–25. Talet på tilsette i SFO har auka mindre enn talet på barn i SFO, som har auka med 22,4 pst. i same tidsrom.

Tabell 13.3 Utviklinga i talet på barn, tilsette og barn per tilsett i SFO for heile landet

Skuleår

Tal på barn i SFO

Tal på tilsette

Barn per tilsett1

2024–25

187 169

21 017

8,9

2023–24

174 404

20 713

8,4

2022–23

165 045

19 384

8,5

2021–22

152 955

18 876

8,1

1 Barn per tilsett er ei berekning frå Kunnskapsdepartementet og ikkje ein indikator som blir publisert av Utdanningsdirektoratet.

Kjelde: GSI

SSB har våren 2025 publisert ein artikkel på nettstaden sin der dei analyserer tal om SFO frå ulike kjelder, jf. Flere barn i SFO etter innføring av gratis deltid. Basert på tal frå GSI kjem det fram at det er fleire barn per tilsett i dei sentrale kommunane enn i resten av landet. Medan snittet for heile landet var 8,1 barn per tilsett i 2021 og 8,9 barn per tilsett i 2024, var tilsvarande tal for sentrale kommunar 9,7 og 10,3 barn per tilsett i SFO. I distriktskommunane var det 5,2 barn per tilsett i 2021, og gjennomsnittet har auka til 6,1 barn per tilsett i 2024. SSB seier at talet på barn per tilsett kan vere påverka av skulestorleiken. Store skular vil til ei viss grad kunne dra nytte av stordriftsfordelar og setje saman elevgrupper slik at det trengs færre tilsette for å tilfredsstille alle behova.

I Innføring av rammeplan i SFO – Sluttrapport fra evalueringen av de første årene med rammeplan kjem det fram at SFO-ar opplevde at det var fleire barn i SFO, utan at det følgde med meir personalressursar. I denne undersøkinga trekker mange tilsette fram det auka talet på barn som negativt, fordi det er dårlegare fysisk plass på SFO, og fordi bemanningstettleiken blir lågare.

I Spørsmål til Skole-Norge våren 2025 blei skuleeigarane og skuleleiarane i grunnskulen spurde om dei hadde ei rettleiande bemanningsnorm for talet på tilsette i SFO. 75 pst. av skuleeigarane i kommunane svarte at dei har ei slik norm, medan prosentdelen blant skuleleiarar i grunnskulen ligg noko lågare (57 pst.). Det vanlegaste er å ha ei rettleiande norm på 15 barn per tilsett på første trinn, og det nest vanlegaste er å ha ei norm på 12 barn per tilsett.

Etter budsjettforliket om statsbudsjettet for 2025 mellom Sosialistisk Venstreparti og regjeringspartia vart dei frie inntektene til kommunane auka med 550 mill. kroner for å styrke bemanninga i SFO.

Den formelle kompetansen til SFO-leiaren

I Spørsmål til Skole-Norge våren 2025 blei skuleleiarar i grunnskulen spurde om kva utdanningsbakgrunn leiaren i SFO har. Rundt seks av ti skuleleiarar svarte at leiarar i SFO har høgare pedagogisk utdanning, medan om lag éin av fire har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna høgare utdanning, fagskuleutdanning og anna vidaregåande utdanning er mindre utbreidd, og ingen av desse gruppene overstig 10 pst. Det er vanlegast at SFO-leiaren har høgare pedagogisk utdanning i dei større kommunane og dei mest sentrale kommunane.

Tabell 13.4 Utdanningsbakgrunn til SFO-leiaren

Utdanningsbakgrunn til SFO-leiar

Prosentdel

Høgare pedagogisk utdanning

62

Barne- og ungdomsarbeidar

24

Anna høgare utdanning

8

Fagskuleutdanning

3

Anna vidaregåande utdanning

2

Kjelde: Spørsmål til Skole-Norge våren 2025

Skuleeigarar i kommunane blei spurde om dei hadde lokale kompetansekrav til ein SFO-leiar. 37 pst. av skuleeigarane seier at dei har krav om at SFO-leiaren skal ha pedagogisk utdanning, og 25 pst. seier at SFO-leiaren skal ha minimum fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Det er mindre vanleg å stille krav om minimum fagskule. 30 pst. seier at dei ikkje har lokale kompetansekrav til SFO-leiaren.

Den formelle kompetansen til dei tilsette

GSI gir også kunnskap om kompetansen til dei tilsette. Gruppa «Personale med annan kompetanse» gjeld både ufaglærte og tilsette med annan formell kompetanse.

Tabell 13.5 Kompetansen til dei tilsette, skuleåret 2024–25

Menn

Kvinner

Sum

Personale med godkjend lærar- eller barnehagelærarutdanning

330

1 288

1 618

Personale med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget

1 478

7 569

9 047

Personale med annan kompetanse

2 620

7 428

10 048

Sum bemanning

4 428

16 285

20 713

Kjelde: GSI

Ifølge SSB har prosentdelen tilsette i distriktskommunane med godkjend lærar- eller barnehagelærarutdanning auka frå 7 pst. i 2021 til 10 pst. i 2022, men gått ned igjen til 8 pst. i 2024. Prosentdelen som har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, har gått ned i perioden, frå 53 pst. av alle tilsette i SFO i 2021 til 48 pst. i 2024. Prosentdelen tilsette med annan kompetanse har auka. I dei sentrale kommunane har det vore motsett utvikling. I desse kommunane har prosentdelen tilsette med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget auka frå 35 pst. i 2021 til 37 pst. i 2024. Samtidig har delen av tilsette med annan kompetanse gått ned i same periode, frå 58 til 56 pst. Prosentdelen tilsette med godkjend lærar- eller barnehagelærarutdanning var høgast i dei mellomsentrale kommunane i tre av dei fire åra, med mellom 8 og 9 pst. frå 2021 til 2024.

Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle – Nasjonal evaluering av skolefritidsordningen i Norge undersøkte også kompetansen til dei tilsette, med fleire detaljar enn det GSI viser.

Tabell 13.6 Høgaste utdanningsnivå hos de tilsette i SFO i pst.

Utdanningsnivå

Prosentdel

Ikkje fullført vidaregåande

10

Barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev

27

Anna fagbrev/vidaregåande

21

Førskulelærar/barnehagelærar

5

Allmennlærar/spesialpedagog

2

Grunnskulelærar

1

Lektor

1

Anna høgare utdanning inntil 4 år

27

Anna høgare utdanning over 4 år

5

Kjelde: Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle. Nasjonal evaluering av skolefritidsordningen i Norge NTNU Samfunnsforsking 2018. N = 1023

Kompetansebehov

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomførte Rambøll i 2022 ei kartlegging av korleis tilsette og leiarar i SFO sjølv oppfattar kompetansebehova i SFO. Leiarane i SFO og dei tilsette er relativt samstemde om kva for område dei tilsette har behov for kompetanse på. Spørjeundersøkinga viser at dei områda der det er størst behov for kompetanseheving, er:

  • bruk av nye teknologiar

  • arbeid med barn med behov for særskild tilrettelegging

  • arbeid med barn i eit fleirkulturelt og fleirspråkleg miljø

  • leiing av barnegruppa

  • kultur og kulturaktivitetar

  • fagkunnskap relevant for skulefaga til barna

Regjeringa innfører eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling der tilsette i SFO inngår i målgruppa i både kollektiv kompetanseutvikling, vidareutdanning og leiarutvikling. Frå 2026 får fagarbeidarar og andre tilsette med høgare utdanning i SFO høve til å ta vidareutdanning på like vilkår som lærarar. Det er kommunen som planlegg og prioriterer kven av dei tilsette i barnehage, skule og SFO som skal delta i kompetansetiltaka ut ifrå lokale behov.

Skulefritidsordninga og skyss

Elevar som har lang veg til skulen, har ifølge opplæringslova rett til skuleskyss. Elevar med lang skuleveg har likevel ikkje rett til skyss til og frå SFO eller leksehjelp, men dei har rett til skyss dei dagane dei ikkje nyttar eit slikt tilbod.

NTNU Samfunnsforskning peikte i evalueringa av SFO frå 2018 på at det var eit samsvar mellom kommunar med låg SFO-dekning og utkantkommunar med store avstandar.

Utdanningsdirektoratet har undersøkt om det er indikasjonar på at manglande rett til skyss heim frå SFO kan vere til hinder for deltaking, gjennom å sjå på om færre elevar deltek i SFO på skular der fleire får skuleskyss. På skulenivå ser direktoratet ein tydeleg samanheng mellom skuleskyss og deltaking i SFO. Deltakinga i SFO går ned dess fleire elevar som får skyss på skulen. Det er nærare 20 prosenteiningar fleire som deltek i SFO på skulane der færrast elevar får skyss, enn på skulane der flest får skyss. Forskjellane varierer mellom trinna og er størst på 2. og 3. trinn.

Tabell 13.7 Prosentdel elevar som deltek i SFO fordelt på prosentdel elevar på skulen som får skyss.1 Skuleåret 2023–24

Skyssdekning (pst.)

1. trinn (pst.)

2. trinn (pst.)

3. trinn (pst.)

4. trinn (pst.)

Talet på skular i kategorien

80–100

80

76

45

26

259

60–79

85

81

45

25

193

40–59

90

86

49

25

242

20–39

92

89

52

26

340

0–19

96

94

69

42

1115

1 Skyssdekning er berekna ut frå den delen av elevane på 1. trinn som får skyss. Skular som ikkje har elevar på 1. trinn, er derfor ikkje med i utvalet.

Kjelde: GSI

Prosentdelen elevar i skulen som deltek i SFO, har auka sidan skuleåret 2021–22 (sjå tabell 13.8) på grunn av innføringa av 12 timar gratis SFO. Deltakinga har auka minst på skular der mindre enn 20 pst. av elevane får skyss.

Tabell 13.8 Prosentdel elevar som deltek i SFO fordelt på prosentdel elevar på skulen som får skyss. Skuleåret 2021–221

Skyss dekning (pst.)

1. trinn (pst.)

2. trinn (pst.)

3. trinn (pst.)

4. trinn (pst.)

Talet på skular i kategorien

80–100

62

55

37

22

277

60–79

66

58

41

21

208

40–59

72

65

47

22

269

20–39

77

69

46

21

335

0–19

88

82

63

34

1101

1 Skyssdekning er berekna ut frå prosentdel elevar på 1. trinn som får skyss. Skular som ikkje har elevar på 1. trinn, er derfor ikkje med i utvalet.

Kjelde: GSI

Analysane tyder på at manglande rett til skyss heim frå SFO kan føre til at færre elevar nyttar skulefritidsordninga. Sjølv om mykje tyder på at manglande rett til skyss er ei viktig forklaring på lågare deltaking på skular med høg skyssdekning, kan vi ikkje utelukke andre årsaker. Til dømes kan lang skuleveg ete av tida elevane ville ha vore på SFO, eller elevane ville ha fått for lange dagar om dei skulle ha delteke på SFO i tillegg til reisevegen.

I Spørsmål til Skole-Norge våren 2025 blei skuleeigarar og skuleleiarar i grunnskulen spurde om det er tilbod om skyss til og frå SFO for barn som har vedtak om skyss til og frå skulen. 20 pst. av skuleeigarane og 21 pst. av skuleleiarane svarte at alle barn som har vedtak om skyss til og frå skulen, også får tilbod om skyss til og frå SFO. Det er vanlegare med tilbod om skyss til og frå SFO på større skular (33 pst.) og på skular i meir sentrale område (36 pst.).

SFO-tilbod i skuleferiane

Kommunane rapporterer ikkje i GSI om dei har SFO-tilbod i feriane. Utdanningsdirektoratet har derfor gjort ein manuell gjennomgang av nettstadane til kommunane hausten 2024. Denne viste at 84 pst. av kommunane i hovudsak held skulefritidsordninga open i feriar, med unntak av nokre veker om sommaren, planleggingsdagar og jul/nyttår. Kommunane som i liten grad har open SFO i feriar, er hovudsakleg kommunar med lågt folketal. Det er vanskeleg å kome med meir presise tal, ettersom det varierer kor detaljert informasjon kommunane har om SFO-tilbodet på nettstadane sine.

Også undersøkinga Spørsmål til Skole-Norge våren 2025 viste at 84 pst. av kommunane hadde tilbod om SFO i feriar, utanom juli og heilagdagar. 91 pst. av desse seier at dei ikkje har endra tilbodet etter at 12 timar gratis SFO i veka blei innført. 3 pst. seier at dei har auka tilbodet i feriane, medan 6 pst. seier at dei har redusert tilbodet i feriane.

Barn i SFO med behov for særskild tilrettelegging

Departementet har ikkje tilstrekkeleg kunnskap om barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO. Rapporten Lek, læring og ikke-pedagogikk for alle. Nasjonal evaluering av skolefritidsordningen i Norge frå NTNU Samfunnsforsking i 2018 peikte på at foreldre til barn med behov for særskild tilrettelegging vurderte SFO meir negativt enn andre foreldre. Særleg gjaldt dette spørsmål som handla om bemanning, kompetanse, aktivitetstilbod og leksehjelp. Evalueringa peika på at mange tilsette opplevde ressursmangel som ei stor utfordring i arbeidet med å inkludere barn med behov for særskild tilrettelegging. I NTNU Samfunnsforsknings Innføring av rammeplan i SFO – Sluttrapport fra evalueringen av de første årene med rammeplan frå 2024 kjem det fram at dei tilsette har om lag lik vurdering av om barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO deltek i aktivitetar på lik linje med andre barn frå 2018 (93 pst.) til 2022 (94 pst.). På den andre sida har det vore ein nedgang i vurderinga av dette samanlikna med 2023 (88 pst.) når ein ser på svaralternativa «Ja, absolutt» og «Ja, til dels» samla. Det har også vore ei negativ utvikling mellom dei to svarkategoriane frå 2018 til 2023. Innføringa av, og arbeidet med, rammeplanen kan ha ført til auka medvit blant dei tilsette om barn med behov for særskild tilrettelegging, og dette kan forklare noko av denne nedgangen. Det er heller ikkje usannsynleg at auken i talet på barn i SFO som kom med innføringa av 12 timar gratis SFO, og den reduserte bemanningstettleiken, har gjort tilbodet for barn med behov for særskild tilrettelegging dårlegare.

I Spørsmål til Skole-Norge våren 2025 fekk skuleleiarar i grunnskulen spørsmål om korleis skulen legg til rette for barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO. Fleire svar var moglege. Undersøkinga viser at over halvparten av skuleleiarane som svarte på undersøkinga, seier at assistentar vanlegvis følger med vidare frå skulen til SFO (55 pst.), og at det er ein eller fleire tilsette som har eit særskilt ansvar for å følge opp barn med behov for særskild tilrettelegging (54 pst.). Det er også 47 pst. som seier at dei har auka grunnbemanninga for å ivareta tilretteleggingsbehov for enkelte barn. Det er berre eit fåtal (17 pst.) som seier at dei har same bemanning uavhengig av om dei har barn med behov for særskild tilrettelegging.

Skuleeigarane i kommunen fekk same spørsmål, men andre svarkategoriar. Her var det eit fleirtal (65 pst.) som sa at dei vurderer om barn med vedtak om personleg assistanse etter opplæringslova § 11-4 også har behov for assistent i SFO. Ein mindre prosentdel av skuleeigarane seier at dei har nokre tilsette med særleg kompetanse som hjelper SFO-ar som har barn med behov for særskild tilrettelegging (35 pst.), at enkelte diagnosar/funksjonsnedsetjingar utløyser midlar til auka bemanning i SFO (29 pst.), eller at SFO-ar med barn med behov for særskild tilrettelegging kan søke kommunen om auka grunnbemanning (21 pst.). Fleire svar var moglege.

Kartlegginga av kompetansebehov i SFO som Utdanningsdirektoratet gjennomførte i 2023, viser at arbeid med barn med behov for særskild tilrettelegging er eit område der mange ønsker kompetanseheving. Direktoratet har utvikla støttemateriell om inkluderande fellesskap for barn med behov for særskild tilrettelegging i SFO. SFO er omfatta av Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, eit tiltak for leiarar og tilsette i barnehagar, skular og PP-tenesta som skal bidra til å styrke kompetansen til dei tilsette. Målet er at alle barn og unge skal oppleve eit godt tilpassa og inkluderande tilbod i barnehage og skule. Gjennom kompetanseløftet har kommunane fått tilskot til kollektiv kompetanseutvikling på arbeidsplassen, utvikling av relevante nettressursar og kompetansepakkar og vidareutdanningstilbod i spesialpedagogikk. Over 300 kommunar deltok i ordninga i 2023 og utviklar lokale kompetansetiltak i samarbeid med universitet og høgskular (partnarskap). 42 pst. av partnarskapane rapporterer at SFO deltek i dei kollektive kompetansetiltaka i kompetanseløftet. I 2025 blei det løyvd 165 mill. kroner til kompetanseløftet. Frå 2026 vil kompetanseløftet inngå i og bli ivareteke i tilskotsordningane for kollektiv kompetanseutvikling i det heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling. Departementet viser også til auken i frie inntekter til kommunane for å styrke bemanninga i SFO frå 2025.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

13.3 Stortingssesjon 2022–2023

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Vedtak nr. 472, 31. januar 2023:

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi for å styrke laget rundt læreren og eleven slik at læreren får bedre tid til sine kjerneoppgaver og eleven får tettere oppfølging, herunder øke antall ansatte og styrke samarbeidet mellom faginstanser og få flere yrkesgrupper med helse- og sosialfaglig kompetanse inn i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta læreryrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Departementet viser til omtale under vedtak nr. 64, 28. november 2024 om utgreiing av styrking av laget rundt elevar og lærarar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Vald og truslar i skulen

Vedtak nr. 625, 25. april 2023:

Stortinget ber regjeringen om årlig å rapportere om statistikk og utviklingen når det gjelder vold og trusler i norsk skole.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8:144 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Himanshu Gulati, Sylvi Listhaug, Terje Halleland, Marius Arion Nilsen, Dagfinn Henrik Olsen og Erlend Wiborg, jf. Innst. 288 S (2022–2023).

Departementet legg til grunn at intensjonen bak dette vedtaket er å få meir informasjon og kunnskap om vald og truslar i skulen. Departementet vurderer det slik at den beste måten å oppfylle dette på er å få fram eit kunnskapsgrunnlag som både gjer greie for tilstanden i skulen og som kan nyttast til å vurdere kva som er gode tiltak – både nasjonalt og lokalt. Departementet meiner at dette kan gjerast best gjennom å halde fram å nytte den statistikken som allereie blir publisert av SSB og STAMI (Statens arbeidsmiljøinstitutt) kvart tredje år, og bygge ut kunnskapsgrunnlaget gjennom meir kvalitativ kunnskap og forsking. Dette er i tråd med Utdanningsdirektoratets faglege vurdering og sektoren sine innspel og tilbakemeldingar. Sektoren er heilt tydeleg på at det ikkje er behov for meir statistikk, men at skulane og skuleeigarar treng meir kvalitativ kunnskap for å kunne setje inn treffsikre tiltak. Departementet støttar dette. Som eit første ledd i å auke kunnskapsgrunnlaget mottok departementet i august 2025 ein rapport frå NIFU om vald og truslar i skulen, Når skolen blir utrygg for de voksne – En studie av vold og trusler mot ansatte i skolen. Rapporten gir eit nyttig innblikk i kor komplekse saker dette er og at skulanes handtering av slike utfordringar er ulik. Forskarane bak rapporten viser til at det er lite kunnskap om tiltak som kan førebygge omfanget av vald og truslar. Departementet vil derfor i 2026 innhente endå meir kunnskap om vald og truslar i skulen.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Vedtak nr. 734, 5. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kunnskapsinnhenting rundt omfanget av bruken av læringsstøttende ressurser i opplæringen som ikke foreligger på begge målformer, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av i hvilken grad dette påvirker særlig nynorsk-elevenes rett til opplæring på eget språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å gjennomføre ei kunnskapsinnhenting om omfanget av bruken av læringsressursar som ikkje ligg føre på begge målformer. NIFU har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet gjennomført ei kunnskapsinnhenting om læringsressursar på nynorsk i dagens skule, som svar på dette. Departementet fekk kartlegginga våren 2025, og den syner mellom anna at det er færre læringsressursar på nynorsk enn på bokmål, og at det i mange tilfelle er vanskeleg å finne fram til dei nynorske læringsressursane. Læreboka på nynorsk blir meir nytta enn læringsressursar, og læringsressursane som blir nytta, er i mange tilfelle på bokmål. Forskarane finn at læringsressursane blir brukte som eit tillegg for å variere, aktualisere eller samanfatte.

Vidare skal direktoratet vurdere i kva grad omfanget av bruken påverkar særleg elevar med nynorsk som hovudmål og retten deira til opplæring på eige språk, og vurdere aktuelle tiltak. Direktoratet skal sende tilrådingane sine til departementet innan 1. desember 2025.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

IB-tilbod både i grunnskulen og vidaregåande skule

Vedtak nr. 735, 5. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen vurdere å åpne for muligheten til å tilby International Baccalaureate (IB) både i grunnskolen og videregående skole, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

International Baccalaureate (IB) er ei internasjonal skulelinje på både grunnskulenivå og vidaregåande nivå som finst i meir enn 100 land, inkludert Noreg. Offentlege grunnskular kan ikkje tilby IB, men det er mogleg for offentlege vidaregåande skular å tilby IB. Skulane som ønsker å tilby IB, må godkjennast av IBO (International Baccalaureate Organization). IB-opplæring inneber at opplæringa følger dei internasjonale IB-programma med mellom anna eigne læreplanar i fag, eiga fag- og timefordeling og engelsk som opplæringsspråk. IB-programma avvik frå den norske inndelinga av skuleslag og skuletrinn. IB-programmet PYP (1–6) kan samanliknast med 1. til 6. trinn i norsk grunnskule, IB-programmet MYP (1–5) kan samanliknast med 7. til 10. trinn i norsk grunnskule, og IB-programmet DP kan samanliknast med vg2 og vg3 i norsk vidaregåande opplæring.

Departementet har i arbeidet med å følge opp oppmodingsvedtaket innhenta innspel frå statsforvaltarane, fylkeskommunane, KS, Norwegian IB Schools (NIBS) og Abelia.

Grunnskulen

Kommunane kan ikkje tilby internasjonal opplæring som del av den offentlege grunnskulen i Noreg i dag, fordi det følger av opplæringslova § 2-3 første ledd at den offentlege grunnskuleopplæringa skal følge norske læreplanar, fag- og timefordeling og så vidare. Private grunnskular kan tilby IB ved godkjenning etter godkjenningsgrunnlaget «internasjonalt» i privatskulelova § 2-1, eller med godkjenning etter opplæringslova § 22-1.

Etter departementets vurdering er det reint prinsipielt problematisk at eit skuletilbod som ikkje følger norske læreplanar og fag- og timefordeling, skal kunne inngå i den offentlege norske grunnskuleopplæringa. Norske myndigheiter har i utgangspunktet ingen innverknad på innhaldet i IB-opplæringa, og det vil utfordre kva som skal vere felles av innhaldet i den offentlege skulen, og dermed kunne vatne ut den norske fellesskulen. Regjeringa meiner at norske myndigheiter bør ha kontroll på grunnskuleopplæringa som er eit offentleg tilbod.

I tillegg viser kunnskapsgrunnlaget at IB ikkje kan reknast som tilstrekkeleg inkluderande. Østlandsforskning har evaluert eit forsøk med IB i grunnskulen i Oslo kommune og leverte sluttrapport om dette i august 2022 (Evaluering av forsøket med grunnskoletilbud etter IB-læreplaner i Oslo kommune, Skriftserien 21-2022). Sjølv om Østlandsforskning viser til fleire positive sider ved forsøket, peikar dei på enkelte utfordringar med IB-opplæring i grunnskuletilbodet til kommunen. Dei viser mellom anna til utfordringar med å nå ut til ei brei samfunnsgruppe, sidan foreldra til barna som er med på forsøksordninga, har høgare utdanning og inntekt enn gjennomsnittet i Oslo. Østlandsforskning peika òg på manglande sosial omgang mellom IB-elevar og ordinære elevar som ei utfordring i forsøket i Oslo, og at IB blir opplevd som «ein skule i skulen».

I tillegg vil eit offentleg IB-tilbod kunne legge press på kommuneøkonomi og lærarressursar. Kommunane må rekne med ein monaleg meirkostnad for IB-opplæring samanlikna med alminneleg grunnskuleopplæring. Relevante kostnader er mellom anna årskontingent til IBO og kursing av lærarar. I tillegg gjennomfører IBO ei «5 year evaluation», som inneber tilsyn og kontroll av ei rekke krav. Norwegian IB Schools (NIBS) har spelt inn at dette sikrar god kvalitet i opplæringa, men at evalueringa tidvis krev mykje ressursbruk frå skulane. Totalt sett vil IB-opplæring krevje ein del ressursar som kan gå ut over den ordinære opplæringa i kommunen.

Departementet meiner det er realistisk at berre dei største og/eller mest sentrale kommunane vil kunne tilby IB-opplæring, både på grunn av behov for ressursar (økonomi og kompetanse) og med tanke på elevgrunnlag. Dette kan gi store forskjellar i tilbodet ut frå bustad.

Departementet meiner vidare at det reelle behovet for IB-tilbod i den offentlege grunnskulen er avgrensa. Departementet får tidvis innspel om at kommunar bør kunne tilby IB, mellom anna som verkemiddel for å tiltrekke seg relevant og høgt utdanna arbeidskraft frå utlandet, og fordi det vil kunne vere fordelaktig for utanlandske familiar som bur mellombels i Noreg, eller for norske familiar som planlegg utanlandsopphald. Når det gjeld behovet for å kunne tiltrekke seg høgt utdanna internasjonal arbeidskraft, meiner departementet at dette omsynet er ivareteke av høvet til å få godkjent private skular etter privatskulelova og opplæringslova § 22-1. Ved innføringa av godkjenningsgrunnlaget «internasjonalt» i privatskulelova blei det vist til nettopp behova for kompetanse i arbeids- og næringslivet, jf. Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) punkt 8.2.6.1. Desse familiane vil derfor kunne få behova sine dekte av private IB-tilbod, slik som er vanleg i dei fleste land. Sjølv om enkelte delar av sektoren er positive til å inkludere IB i den offentlege grunnskulen, har ikkje departementet identifisert eit stort behov for IB-opplæring på grunnskulenivå i kommunal regi.

Departementet har òg gjort ei vurdering av kva som er best for barna. Isolert sett kan det argumenterast for at fleire valalternativ er til det beste for barna. På den andre sida følger det av Østlandsforsknings evaluering av forsøket i Oslo, at IB blir oppfatta som ein skule i skulen, noko som generelt kan påverke trivsel, inkludering og skulemiljø negativt. For barn flest kan det vere negativt om kommunen prioriterer eit kostbart tilbod til nokre få på kostnad av det ordinære opplæringstilbodet. Fleire valalternativ for nokre få elevar kan gi færre moglegheiter for fleirtalet.

Departementet vurderer at det ikkje er formålstenleg å foreslå endringar i opplæringslova som gir kommunane høve til å tilby IB i den offentlege grunnskuleopplæringa.

Vidaregåande opplæring

Opplæringslova opnar ikkje for at opplæringa kan følge andre læreplanar, men departementet har sidan 2007 lagt til grunn at «opplæringsloven i seg selv [ikke er] til hinder for at fylkeskommunene tilbyr IB, men IB er ikke formelt en del av den offentlige tilbudsstrukturen» (sjå Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) punkt 8.2.6.1). I dag er det fleire fylkeskommunar som tilbyr diplomprogrammet (DP) i IB. Denne opplæringa er ikkje omfatta av opplæringslova. Det er òg private skular som tilbyr slik opplæring i dag, både skular godkjende etter privatskulelova med rett til offentleg tilskot og skular som driv utan offentleg godkjenning og utan rett til offentleg tilskot.

Departementet har ikkje motteke innspel om at det bør regulerast eit forbod mot at fylkeskommunane kan tilby IB-opplæring. Dei sentrale aktørane er likevel noko delte i synet på om det er nødvendig å gjere opplæringslova gjeldande for tilboda. Departementet har fått enkelte innspel om at det å gjere opplæringslova gjeldande for IB-opplæringa på vidaregåande nivå kan gjere det tydelegare for elevane kva regler som gjeld og ikkje gjeld for IB-tilboda i offentleg regi. På den andre sida opplyser dei fleste statsforvaltarembeta at dei ikkje har fått innspel om eller førespurnader som indikerer at det er behov for å klargjere kva regler som gjeld for IB-tilboda og for elevane som nyttar desse tilboda.

Etter departementet si vurdering er det ikkje behov for å regulere dette i opplæringslova no. Departementet vil likevel følge med og kome tilbake til Stortinget om behovet endrar seg.

Departementet viser til vurderingane over og legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Vedtak nr. 738, 5. juni 2023:

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringen kan sikres, og påklages. I påvente av dette ber Stortinget regjeringen om å legge til grunn at manglende gjennomføring av individuell tilrettelegging av opplæringen fortsatt kan påklages til statsforvalteren.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

I oppdrag nr. 2025-01 i tildelingsbrevet for 2025 har Utdanningsdirektoratet fått ulike deloppdrag om kunnskap, status og tiltak for å sikre betre tidleg innsats, tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging.

Deloppdrag 3 og 4 blei gjevne som oppfølging av oppmodingsvedtaket. I del 3 blei Utdanningsdirektoratet bede om å utarbeide eit kunnskapsgrunnlag om i kva grad og korleis statsforvaltarane behandlar klager på manglande gjennomføring av vedtak etter opplæringslova i dag. Som del av dette skulle Utdanningsdirektoratet undersøke kor stor innverknad klagebehandlinga har på oppfølginga av dei aktuelle sakene i kommunane og fylkeskommunane (på skulane), og på at elevane får oppfylt rettane sine. Utdanningsdirektoratet leverte svar på del 3 av oppdraget innan fristen 16. april 2025. I del 4 av oppdraget skulle Utdanningsdirektoratet bruke kunnskapsgrunnlaget frå del 3 til å tilrå kva tiltak som bør innførast for betre å sikre at skulane gjennomfører vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringa og andre vedtak som gir grunnleggande føresetnader for å sikre at elevane får tilfredsstillande utbytte av opplæringa, og kva verkemiddel det bør vere for oppfølging der skulane ikkje gjennomfører slike vedtak. Opphavleg frist for del 4 var 30. juni, seinare vart han forlengd til 15. oktober 2025.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Vedtak nr. 471, 31. januar 2023:

Stortinget ber regjeringen legge til rette for mer variert praksis i lærerutdanningene og sikre bedre oppfølging og veiledning av nye lærere i starten av karrieren, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta læreryrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Kunnskapsdepartementet held fram med å legge om til ei meir overordna styring av lærarutdanningane. Formålet er at institusjonane får større fridom og fleksibilitet til å utvikle utdanningane. 30. juni 2023 fastsette Kunnskapsdepartementet forenklingar i rammeplanane som mellom anna skal bidra til meir variert praksis. Regjeringa si ekspertgruppe om styring av lærarutdanningane leverte sine tilrådingar til forskings- og høgare utdanningsministeren 20. juni 2024. Gruppa tilrår mellom anna at det blir laga éin rammeplan for lærarutdanningane som skal erstatte dagens elleve rammeplanar. Gruppa tilrår vidare at partnarskap mellom lærarutdanningsinstitusjonane og praksisfeltet blir forskriftsfesta.

Gode partnarskapar er ein føresetnad for god praksis og kan bidra til meir variasjon. I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet slår regjeringa fast at ho vil halde fram med satsinga på partnarskapssamarbeid i lærarutdanningane og forventar at universitet og høgskular samarbeider med arbeidslivet om innhaldet i utdanningane. I meldinga står det òg at regjeringa vil vurdere å fjerne det forskriftsfesta kravet om fordeling av praksis i lærarutdanningane i oppfølginga av arbeidet til ekspertgruppa om styring av lærarutdanningane. Lengre praksisperiodar kan gi studentane breiare erfaring frå kvardagen i skulen, og med det meir relevant praksis. Fagleg råd for lærarutdanning 2025 har greidd ut omgrepet «utvida praksis» i lærarutdanningane. Ei utvida forståing av praksis som noko meir enn dei ordinære praksisdagane kan bidra til å gi studentane meir varierte praksiserfaringar gjennom utdanninga.

Regjeringa lanserte i mai 2025 strategien for eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og grunnopplæring. Eit av hovudtiltaka i systemet er å styrke rettleiinga av nyutdanna lærarar i barnehage og skule. Frå hausten 2025 er tilskotsordninga til rettleiing for nyutdanna lærarar utvida til også å gjelde nyutdanna lærarar i barnehage og vidaregåande skule, og ordninga er styrkt med 75 mill. kroner. Regjeringa foreslår å auke tilskotet ytterlegare med 75 mill. kroner i 2026, slik at løyvinga totalt blir på 225,8 mill. kroner.

Regjeringa ønsker å bidra til at utdanningsinstitusjonane kan tilby meir fleksibel, meir relevante og meir praksisnære lærarutdanningar. I mars 2025 konkluderte regjeringa med å gå frå elleve til to rammeplanar for lærarutdanningane; ein rammeplan for dei ordinære og ein rammeplan for dei samiske lærarutdanningane. Departementet har gitt Fagleg råd for lærarutdanning 2025 i oppdrag å utarbeide forslag til ein felles rammeplan for dei ordinære lærarutdanningane. Dette er ei oppfølging av prosessen for meir overordna styring av lærarutdanningane. Målet med prosessen er å legge betre til rette for at institusjonane, i samarbeid med praksisfeltet, kan utvikle kvaliteten i norsk lærarutdanning og samtidig gi meir fleksibilitet for å tilpasse utdanningane betre til lokale og regionale kompetansebehov. I april 2025 sende departementet ut eit brev til alle lærarutdanningsinstitusjonane med ei oppmoding om å gjennomføre forsøk med alternativ organisering av lærarutdanningane. Dette inneber meir og meir variert praksis og at nyutdanna lærarar blir endå betre førebudde på kvardagen i skular og barnehagar etter fullført utdanning. Forsøka med alternative organiseringar av lærarutdanningane skal gi ny kunnskap om og erfaring med korleis profesjonsretting og praksisnærleik kan styrkast innanfor den eksisterande ramma av lærarutdanningane.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 484, 14. februar 2023:

Stortinget ber regjeringen, i arbeidet med en stortingsmelding om fagskoler, legge fram en plan for videreutviklingen av den høyere yrkesfaglige utdanningen som blant annet drøfter finansiering, studiepoengsystem, kapasitet og akkreditering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032, jf. Innst. 170 S (2022–2023).

Regjeringa la våren 2025 fram ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning, Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for ein ny tid – med høgare yrkesfagleg utdanning. Gjennom høgare yrkesfagleg utdanning vil regjeringa sikre arbeidslivet fleire kandidatar og fleire meir kompetente kandidatar. For å få til dette og utvikle fagskulesektoren framover blir det i meldinga lagt opp til å styrke høgare yrkesfagleg utdanning gjennom 29 tiltak som er retta mot fagskulane, fagskulestudentane og fylkeskommunane. Tiltaka har i stor grad fått tilslutning frå Stortinget.

Eit tiltak i meldinga er at fagskulane vil få rammetildeling av dei statlege midlane som fylkeskommunane tildeler til drift. Dette betyr mindre detaljstyring av fagskulane og meir fleksibilitet for å tilpasse utdanningstilboda til skiftande behov i arbeidslivet og etterspurnad frå studentane. Vidare skal fagskulane kunne tilby høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7 i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). Dette vil gi fleire moglegheiter for spesialisering og fagleg fordjuping gjennom heile yrkeslivet. Stortinget opna for institusjonsakkreditering for fagskular i mai 2024, og i juni 2025 har Kunnskapsdepartementet fastsett vilkåra for institusjonsakkreditering.

For at fleire skal kunne ta høgare yrkesfagleg utdanning, foreslår regjeringa midlar til 900 nye studieplassar i fagskulane i statsbudsjettet for 2026. Ei satsing på kapasitetsvekst i høgare yrkesfagleg utdanning er i samsvar med Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning.

I behandlinga av meldinga om høgare yrkesfagleg utdanning har Stortinget gjort fem vedtak. Desse vedtaka gjeld mellom anna bruk av European Credit Transfer and Accumulation System (ECTS) i høgare yrkesfagleg utdanning og nemningar på grader på NKR-nivå 6 og 7. Sjå omtale av oppmodingsvedtak nr. 681–685, som er vedtekne 13. mai 2025.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

13.4 Stortingssesjon 2021–2022

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Private barnehagar: Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett

Vedtak nr. 35, pkt. 44, 2. desember 2021:

Stortinget ber regjeringen i forskrift og lovforslag innføre meldeplikt til kommunen når eiendomsrett til barnehage i kommunen blir overført til andre enn staten eller den fylkeskommune der eiendommen ligger, og utrede hvordan det kan innføres en forkjøpsrett for kommuner.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket om å innføre meldeplikt til kommunen blei våren 2022 følgt opp i Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). I proposisjonen blei det foreslått krav om at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar. Stortinget behandla forslaget 31. mai 2022, jf. Innst. 403 L (2021–2022).

I Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren) foreslo Kunnskapsdepartementet å lovfeste at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved overføring av eigedom. Endringa skal gjere det tydeleg at meldeplikta også gjeld der det berre er eigedom som blir overført. Stortinget behandla forslaget 3. juni 2025, jf. Innst. 510 L (2024–2025). For meir utførleg informasjon om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Private barnehagar: Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn

Vedtak nr. 35, pkt. 45, 2. desember 2021:

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige forslag for å gjeninnføre kommunenes rett til å føre tilsyn med private barnehager, herunder gi kommunene innsyn i alle økonomiske disposisjoner i barnehager i kommunen som mottar tilskudd.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

I Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren) foreslo Kunnskapsdepartementet å lovfeste at kommunen kan gjere vedtak om at tilskot til barnehagen skal haldast tilbake, reduserast eller krevjast tilbakebetalt ved brot på krav i barnehagelova med forskrifter som kommunen fører tilsyn med. Departementet bad om høyringsinstansane sine synspunkt på om det er behov for å gi kommunen heimel til å føre tilsyn med krava til bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling i barnehagelova kapittel V med forskrifter. Høyringsinstansane som har uttalt seg om dette, ser det ikkje som tenleg at kommunane skal få tilbake ein slik heimel. Stortinget behandla forslaget 3. juni 2025, jf. Innst. 510 L (2024–2025). For meir utførleg informasjon om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

13.5 Stortingssesjon 2020–2021

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Vedtak nr. 79, 12. november 2020:

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, er utvida i opplæringslova som tok til å gjelde 1. august 2024. Det omfattar fleire straffebod enn politiregisterlova § 39, og dette inneber eit avvik frå den elles einsarta reguleringa av barneomsorgsattestar.

Regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket vidare gjennom eit interdepartementalt samarbeid for gjennomgang og eventuell revisjon av reglane om barneomsorgsattestar etter politiregisterlova. Det blir arbeidd for å sende eit forslag til endring av politiregisterlova og reglane om politiattest på høyring. Gjennom revisjon av politiregisterlova tek ein sikte på å etablere ein einsarta praksis for innhaldet av barneomsorgsattestar i samarbeid mellom dei departementa det gjeld.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Heilskaplege og koordinerte tenester

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021:

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den enkelte, og at det er innført rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene som blei publisert hausten 2022.

Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. NTNU Samfunnsforskning leverte delrapport 1 i juli 2023 og delrapport 2 i september 2024. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.

Regjeringa vil vente til evalueringa er ferdig, før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

13.6 Stortingssesjon 2019–2020

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020:

Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Regjeringa legg til grunn at vedtaket omfattar totalt 5 000 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Stortinget har i perioden 2020–2025 løyvd midlar til totalt 4 100 nye studieplassar i fagskulane. Dette er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong.

Det er ein aukande mangel på kompetent arbeidskraft. Regjeringa vil gjennom høgare yrkesfagleg utdanning sikre fleire kandidatar og fleire meir kompetente kandidatar til norsk arbeidsliv. For at fleire skal kunne ta høgare yrkesfagleg utdanning, foreslår regjeringa midlar til 900 nye studieplassar i fagskulane i 2026. Ei satsing på kapasitetsvekst i høgare yrkesfagleg utdanning er i samsvar med Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

13.7 Stortingssesjon 2018–2019

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Private barnehagar: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Vedtak nr. 51, 22. november 2018:

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

I Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren) foreslo Kunnskapsdepartementet nye reglar om tilskot til private barnehagar. Forslaget til nye reglar om driftstilskot tek omsyn til at enkelte barnehagar kan ha nokre særlege driftsføresetnader. Det kan til dømes vere små barnehagar som må ha høgare bemanning enn det som følger av lova. Då kan tilskota differensierast på bakgrunn av dette. Forslaga til nye reglar om pensjonstilskot opnar for større differensiering av tilskot ut frå vilkåra i pensjonsavtalane til barnehagane. Det er også foreslått ein særregel for private barnehagar med historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon. Desse barnehagane skal få dekt pensjonsutgiftene opp til ei øvre grense. Det er i tillegg foreslått å gi kommunane høve til å prioritere ideelle barnehagar ved etablering av nye private barnehagar. Stortinget behandla forslaget 3. juni 2025, jf. Innst. 510 L (2024–2025). For meir utførleg informasjon om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

13.8 Stortingssesjon 2017–2018

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Private barnehagar: Vilkår på linje med offentlege barnehagar

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018:

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

I Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren) foreslo Kunnskapsdepartementet nye reglar om tilskot til pensjon. Forslaga opnar for større differensiering av tilskot ut frå vilkåra i pensjonsavtalane til barnehagane. Det er også foreslått ein særregel for private barnehagar med historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon. Desse barnehagane skal få dekt pensjonsutgiftene opp til ei øvre grense. Stortinget behandla forslaget 3. juni 2025, jf. Innst. 510 L (2024–2025). For meir utførleg informasjon om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Private barnehagar: Finansieringssystem som ivaretek mangfaldet

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018:

Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

I Prop. 138 L (2024–2025) Endringer i barnehageloven (styring og finansiering av barnehagesektoren) foreslo Kunnskapsdepartementet nye reglar om tilskot til private barnehagar. Forslaget til nye reglar om driftstilskot tek omsyn til at enkelte barnehagar kan ha nokre særlege driftsføresetnader. Det kan til dømes vere små barnehagar som må ha høgare bemanning enn det som følger av lova. Då kan tilskota differensierast på bakgrunn av dette. Det er også foreslått ei plikt for kommunen til å gi ekstra grunntilskot til private barnehagar for å finansiere nye krav frå det tidspunktet krava får verknad for private barnehagar. Forslaga til nye reglar om pensjonstilskot opnar for større differensiering av tilskot ut frå vilkåra i pensjonsavtalane til barnehagane. Det er i tillegg foreslått ein særregel for private barnehagar med historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon. Desse barnehagane skal få dekt pensjonsutgiftene opp til ei øvre grense. Stortinget behandla forslaget 3. juni 2025, jf. Innst. 510 L (2024–2025). For meir utførleg informasjon om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

13.9 Stortingssesjon 2016–2017

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017:

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

I samband med evalueringa av fagskulemeldinga gjennomførte Deloitte ei spørjeundersøking der respondentane fekk spørsmål om tilknyting til studentsamskipnad. Hausten 2022 svarte 37 pst. av rektorane at fagskulen er knytt til ein studentsamskipnad. Blant fagskulane med offentleg eigarskap var det 57 pst. som svarte at fagskulen var knytt til ein studentsamskipnad. Inntrykket frå evalueringa til Deloitte og innspela til Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning er at det er brei semje i sektoren om at det er ønskeleg med ein rett til medlemskap i studentsamskipnad for fagskular, men at det ikkje er formålstenleg med ei plikt. Som omtala i Meld. St. 11 (2024–2025) ) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, meiner regjeringa derfor at det ikkje er nødvendig å utgreie dette nærare.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.

13.10 Stortingssesjon 2015–2016

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016:

Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgt opp gjennom ei lovendring som tok til å gjelde 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, har samanheng med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk.

Regjeringa la våren 2023 fram Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Meldinga skildar situasjonen og peiker på hovudutfordringane for å få fleire samiske språkbrukarar. Dette er komplekse utfordringar som vil krevje systematisk innsats på fleire område samstundes. Vidare skildrar meldinga pågåande prosessar og prioriterte innsatsområde som kan bidra til å auke talet på samiskspråklege på alle nivå i utdanningsløpet. Mangelen på samiskspråkleg kompetanse er den største utfordringa for å kunne gi gode tenester til den samiske befolkninga. Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 473 S (2022–2023).

Samiske barnehagetilbod er eit av dei viktigaste tiltaka for å styrke bruken av samisk språk. Mangelen på samiskspråklege tilsette er den største utfordringa for å styrke og utvikle samisk språk og samisk identitet i barnehagane. I dialog med Sametinget vil regjeringa setje ned ei ekspertgruppe som skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om samiske barnehagetilbod og vurdere korleis samiske barnehagetilbod kan forbetrast.

Regjeringa meiner det må vere mogleg for kommunane å oppfylle nye lovkrav som blir sette til dømes til språk og kompetanse hos dei tilsette i barnehagane. Å innføre eit lovkrav no om at alle tilsette i samiske barnehagar skal beherske samisk språk vil ikkje vere realistisk for kommunane å oppfylle. Regjeringa har gjennom meldingar til Stortinget lagt fram status og tiltak som på sikt vil betre situasjonen, seinast i Meld. St. 17 (2024–2025) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kommunale tjenestetilbud til samiske innbyggere, mellom anna ekspertgruppa nemnt ovanfor og tiltak for auka kompetanse og rekruttering i barnehagane og grunnopplæringa. Stortinget har i si behandling slutta seg til vurderingane til regjeringa.

Regjeringa vil framleis følge med på situasjonen og på sikt vurdere om det er tilstrekkeleg med samisk kompetanse i barnehagane til at det kan utformast forslag til eit lovkrav i barnehagelova.

Departementet legg til grunn at oppmodingsvedtaket med dette er følgt opp.