4 Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2024–2025 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 S (2024–2025) meinte ikkje var følgde opp ferdig. I tabellen nedanfor blir det òg opplyst om departementet planlegg at rapporteringa knytt til oppmodingsvedtaket no blir avslutta eller om departementet vil rapportere konkret på vedtaket òg i budsjettproposisjonen for neste år.
Tabell 4.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
|
Sesjon |
Vedtak nr. |
Stikkord |
Rapporteringa blir avslutta (Ja/Nei) |
|---|---|---|---|
|
2024–2025 |
86 |
Registreringsordning for ideelle velferdsaktørar |
Nei |
|
2024–2025 |
87 |
Ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar |
Nei |
|
2024–2025 |
493 |
Sløkking av 2G-nettet |
Ja |
|
2024–2025 |
615 |
Prioritere dei med funksjonshemming i stillingsutlysingar |
Ja |
|
2024–2025 |
639 |
Prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans |
Ja |
|
2024–2025 |
641 |
Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar |
Ja |
|
2024–2025 |
1087 |
Gjennomgang av instruks om handtering av bygge- og leigesakar i statleg sivil sektor |
Ja |
|
2023–2024 |
501 |
Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge |
Ja |
|
2023–2024 |
625 |
Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten |
Ja |
|
2023–2024 |
718 |
Forbod mot utvinning av kryptovaluta |
Ja |
|
2022–2023 |
196 |
Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame |
Ja |
|
2022–2023 |
197 |
Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer |
Ja |
|
2022–2023 |
583 |
Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar |
Ja |
|
2021–2022 |
35 nr. 42 |
Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester |
Ja |
|
2021–2022 |
35 nr. 43 |
Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester |
Ja |
4.1 Stortingssesjon 2024–2025
Registreringsordning for ideelle velferdsaktørar
Vedtak nr. 86, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen i løpet av inneværende stortingssesjon fremme forslag om en registreringsordning for ideelle velferdsaktører.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) for budsjettåret 2025 – Statsbudsjettet (Gul bok) og Innst. 2 S (2024–2025).
Regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga frå Støstad-utvalet, NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktørar. Eit sentralt forslag i utgreiinga er at det skal etablerast ei registreringsordning for ideelle velferdsaktørar. Regjeringa arbeider med lovgrunnlaget for registreringsordninga gjennom ei eiga lov om registrering av ideelle velferdsaktørar. Arbeidet skal òg avklare kva statleg myndigheit som skal vere registerfører, kva oppgåver og ansvar registermyndigheita skal ha og korleis sjølve registreringsordninga skal innrettast. Støstad-utvalet var ikkje satt opp som eit lovutval, og i arbeidet må fleire rettslege problemstillingar avklarast. Arbeidet har høg prioritet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar
Vedtak nr. 87, 5. desember 2024
«Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til ny lov om registrering av ideelle velferdsaktører, som også inkluderer en juridisk definisjon av ideelle velferdsaktører. Lovproposisjonen fremmes for Stortinget i løpet av inneværende stortingssesjon.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Prop. 1 S (2024–2025) for budsjettåret 2025 – Statsbudsjettet (Gul bok) og Innst. 2 S (2024–2025).
Ei registreringsløysing og ei lov om registrering av ideelle velferdsaktørar må sjåast i samanheng, og arbeidet må skje parallelt. Regjeringa er i gang med å følgje opp utgreiinga frå Støstad-utvalet, NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktørar, gjennom eit arbeid med ei ny lov om registrering av ideelle velferdsaktørar, som inkluderer ein juridisk definisjon av ideelle velferdsaktørar. Støstad-utvalet var ikkje satt opp som eit lovutval, og i arbeidet må fleire rettslege problemstillingar avklarast. Arbeidet har høg prioritet.
Departementet vil kome tilbake til Stortinget på eigna måte.
Sløkking av 2G-nettet
Vedtak nr. 493, 6. mars 2025
«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en konsekvensutredning for å få en oversikt over hvilke systemer av betydning for sikkerhet og beredskap som ikke vil virke etter at 2G-nettet slukkes.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Helge André Njåstad, Tor André Johnsen, Morten Wold, Bengt Rune Strifeldt, Sivert Bjørnstad og Sylvi Listhaug om å utsette sløkking av 2G-nettet, jf. Dokument 8:23 S (2024–2025) og Innst. 147 S (2024–2025).
Telia har planlagt ei gradvis sløkking av sitt 2G-nett frå hausten 2025. Telenor vil vente med å sløkke sitt nett til utgangen av 2027. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet ga i tildelingsbrevet for 2025 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppdrag mellom anna å kartlegge viktige løysingar/funksjonar som framleis var avhengige av 2G og forsikre seg om at aktørane som er ansvarlege for desse løysingane/funksjonane har ein plan for overgang til anna og framtidsretta teknologi. Med bakgrunn i Stortingets vedtak nr. 493, 6. mars 2025 bad departementet Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit om å gjennomføre ei konsekvensutgreiing. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har innhenta informasjon frå aktørar i statleg, kommunal og privat sektor, og leverte rapport for utgreiinga 1. juli 2025. Denne viser at det ikkje er avdekt tilhøve som tyder på at det kan oppstå uhandterlege konsekvensar for system av betyding for sikkerheit og beredskap ved at Telia startar å sløkke sitt nett.
Dette tilseier at ei gradvis og kontrollert sløkking av Telias 2G-nett kan gjennomførast frå hausten 2025. Ei gradvis regional sløkking gir grunnlag for å avdekke eventuelle uventa konsekvensar på kontrollert vis og moglegheit til å gjere målretta avbøtande tiltak.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Prioritere dei med funksjonshemming i stillingsutlysingar
Vedtak nr. 615, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen sikre at utlysninger av stillinger i statens virksomheter utformes slik at stillingens krav og ansettelsesprosessen kan prioritere funksjonshemmede. Regjeringen bes også arbeide sammen med kommuner og fylkeskommuner for tilsvarende praksis i deres stillingsutlysninger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd og Innst. 150 S (2024–2025).
Regjeringa arbeider for at statlege verksemder skal kunne føre ein inkluderande rekrutteringspraksis og eit mangfaldig arbeidsliv. Det er gitt fleire reglar og iverksett fleire tiltak som skal støtte opp under dette. Det er utarbeidd ei mangfaldserklæring som mange statlege verksemder tar inn i stillingsutlysinga når dei lyser ut ledige stillingar. Mangfaldserklæringa signaliserer at alle er ønskte som søkjarar til ledige stillingar, og at eventuell nedsett funksjonsevne ikkje er ei hindring. Det er gitt reglar om at minst ein kvalifisert søkjar som oppgir å ha funksjonsnedsetting skal innkallast til intervju. Personar som oppgir å ha funksjonsnedsetting kan tilsettast dersom dei er tilnærma like godt kvalifiserte som den best kvalifiserte søkjaren. Dette er reglar om positiv særbehandling, og som det blir opplyst om i utlysinga på rekrutteringsportalane som statlege verksemder brukar. Regelen om at minst ein kvalifisert søkjar som oppgir å ha funksjonsnedsetting skal innkallast til intervju skal bidra til at søkjarar med funksjonsnedsetting skal få synleggjort kompetansen sin, og at kompetansen deira skal bli reelt vurdert opp mot kvalifikasjonskrava i utlysinga.
Kvalifikasjonsprinsippet som gjeld for tilsettingar i staten blir styrt av kvalifikasjonskrava verksemdene stiller i utlysinga. Kvalifikasjonskrava i utlysinga avgjer derfor vurderinga av kven av søkjarane som er best kvalifisert, og moglegheita til å gjere bruk av positiv særbehandling ved tilsettinga. Regjeringa oppfordrar statlege verksemder til å gå kritisk gjennom kva for kvalifikasjonskrav som er nødvendige for dei enkelte stillingane, og til ikkje å stille høgare krav enn nødvendig. Unødvendig høge krav kan verke ekskluderande, og vil særleg kunne ramme personar med til dømes funksjonsnedsetting, som kan støyte på særskilde barrierar i arbeidslivet og i rekrutteringsprosessar. Oppfordringa til statlege verksemder om å vurdere kritisk kva for kvalifikasjonskrav som er nødvendig for kvar enkelt stilling blei formidla til dei statlege verksemdene under arbeidsgivarkonferansen i staten i september 2025. Alle statlege verksemder var invitert til konferansen. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil halde fram med å formidle dette i ulike forum framover, som i ulike seminar og møter med statlege verksemder.
Traineeprogrammet i staten for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en er ei av satsingane til staten på inkludering. Traineeprogrammet i staten fungerer slik at ordinære stillingar blir lyste ut som del av programmet, og berre personar med høgare utdanning og funksjonsnedsetting eller hol i CV-en kan søkje. Stillingane i programmet er midlertidige stillingar, men det er moglegheit for fast tilsetting i verksemda utan at stillinga må lysast ut dersom vedkommande er kvalifisert for arbeidet.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har hatt dialog med KS om dei ulike verkemidla for inkludering og erfaringar i statleg og kommunal sektor. Denne dialogen vil halde fram i regjeringa sitt vidare arbeid for at fleire personar med nedsett funksjonsevne skal bli tilsett i staten.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans
Vedtak nr. 639, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen prioritere å forsterke infrastruktur og sikre redundans i en form og størrelsesorden som følger av digitaliseringstakten, samfunnets avhengighet av ekom og risiko- og trusselbildet i samfunnet.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen og Innst. 242 S (2024–2025).
Gjennom å få på plass den nye ekomlova med forskrifter som tredde i kraft i starten av 2025, stiller regjeringa strengare krav til tilbydarane til sikkerheit og beredskap enn tidlegare. Ekomforskrifta stiller mellom anna krav til styringssystem for sikkerheit, risiko og sårbarheitsvurderingar, grunnsikring og skadeavgrensingstiltak, sikringsplanar, beredskapsplanar og øvingar. Vidare er ei rekke selskap i sektoren underlagt sikkerheitslova og ytterlegare sikkerheitskrav. Dette rammeverket er viktig for å bidra til å oppnå føremålet med oppmodingsvedtaket, men det er behov for auka innsats. Regjeringa la i september 2025 derfor fram ein nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur. Sikkerheitsplanen følgjer opp den nasjonale sikkerheitsstrategien og totalberedskapsmeldinga, og er nødvendig som følgje av digitaliseringa si betyding i det norske samfunnet og risiko- og trusselbiletet. Gjennom sikkerheitsplanen og ei foreslått dobling av løyvinga til telesikkerheit og -beredskap, prioriterer regjeringa å styrkje den digitale infrastrukturen gjennom ei lang rekke tiltak. Takta på tiltak som fungerer bra, mellom anna programmet for forsterka ekom og dei regionvise risiko- og sårbarheitsanalysane med tilhøyrande tiltak, blir auka. Dette inneber at om lag 100 kommunar etter planen får forsterka ekom innan 2030 og at det kan bli gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar i heile landet. I tillegg blir det sett i gang ei lang rekke nye tiltak, mellom anna ytterlegare forsterkingar av reservestraum i mobilnetta og pilot for å gjenopprette mobildekning med transportable basestasjonar.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar
Vedtak nr. 641, 6. mai 2025
«Stortinget ber regjeringen følge opp at virksomheter med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjoner inkluderer bortfall av ekom i sine risiko- og sårbarhetsanalyser og reduserer egen sårbarhet ved å anskaffe nødvendige reserveløsninger.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen og Innst. 242 S (2024–2025).
Verksemder med ansvar for viktige og kritiske samfunnsfunksjonar har eit ansvar for å vurdere risiko- og sårbarheiter og iverksette tiltak for styrka sikkerheit og beredskap. Bortfall av ekom er eit viktig område å inkludere i desse analysane.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit gir råd til offentlege og private verksemder om digital sikkerheit og beredskap, mellom anna gjennom arbeidet med årlege risiko- og sårbarheitsvurderingar for ekomsektoren (EkomROS). Målgruppa for EkomROS er myndigheiter, aktørar i ekomsektoren og i sektorar der elektronisk kommunikasjon har betyding for eige sikkerheits- og beredskapsarbeid, til dømes kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarane og private og offentlege verksemder.
I den nye nasjonale sikkerheitsplanen for digital infrastruktur som blei lagt fram i september 2025 har regjeringa prioritert arbeidet med råd om digital eigenberedskap. Regjeringa vil styrkje arbeidet med digital eigenberedskap for å vareta kommunikasjon og samhandling ved hendingar oppover i krisespennet, og utarbeide råd for digital eigenberedskap for offentlege og private verksemder. Råda skal peike på moglege tiltak for å oppretthalde viktige og kritiske samfunnsfunksjonar og nødvendig kommunikasjons- og samhandlingsbehov ved hendingar, i krise og i krig.
Vidare inneheld sikkerheitsplanen tiltak knytt til reduksjon av sårbarheit ved bruk av reserveløysingar. Mellom anna vil regjeringa at verksemder som har ansvar for eller understøttar kritiske samfunnsfunksjonar vurderer å skaffe satellittbaserte reserveløysingar for digital kommunikasjon i kriser og krig. Dette vil bli følgd opp vidare i gjennomføringa av sikkerheitsplanen.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Gjennomgang av instruks om handtering av bygge- og leigesakar i statleg sivil sektor
Vedtak nr. 1087, 13. juni 2025
«Stortinget ber regjeringen, på bakgrunn av Riksrevisjonens undersøkelse, jf. Dokument 3:8 (2024–2025), igangsette en gjennomgang av instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor for å redusere risikoen for at det inngås leieavtaler med ulovlige forpliktelser for staten.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Dokument 3:8 (2024–2025) Riksrevisjonens undersøkelse av statlige virksomheters leieavtaler for lokaler i markedet og Innst. 494 S (2024–2025).
Med bakgrunn i saka om låneopptak hos Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) har departementet starta prosessen med å gå gjennom bygge- og leigesaksinstruksen. Av det som blir vurdert å ta inn i instruksen er at Statsbygg er obligatorisk rådgivar ved leige i marknaden. Statsbygg har mellom anna etablert ei standard leigeavtale, som vil redusere risikoen for ulovlege forpliktingar. Statsbygg jobbar òg systematisk i leigemarknaden for å få til fleksible og økonomisk fordelaktige avtaler for staten. Det er viktig at departementa tar ansvaret dei har for leigeavtaler som underliggande verksemder inngår. Ei tydeliggjering av ansvaret vil bidra til betre kontroll med dei avtalene som blir inngått. Aktiv involvering frå departementa vil bidra til ei betre oversikt over lokalbruken og gi eit godt grunnlag for styring av verksemdene sin lokalbruk.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
4.2 Stortingssesjon 2023–2024
Forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge
Vedtak nr. 501, 5. mars 2024
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med implementering av forordningen om digitale tjenester om å sikre et forbud mot adferdsbasert markedsføring rettet mot barn og unge.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og Kjell Ingolf Ropstad om ei verifiserbar aldersgrense for sosiale medium og regulering av innhald og reklame retta mot barn, jf. Dokument 8:247 S (2022–2023) og Innst. 191 S (2023–2024).
Då Digital Services Act (DSA) var under utarbeiding i EU, fremja regjeringa ein posisjon frå Noreg der regjeringa mellom anna foreslo eit forbod mot åtferdsbasert marknadsføring retta mot barn og unge. I forordninga som er vedtatt i EU ligg det inne eit forbod mot åtferdsbasert reklame til mindreårige basert på profilering ved bruk av personopplysningane deira, når plattforma med rimeleg sikkerheit kan fastslå at mottakaren av tenesta er mindreårig.
DSA er ei indre marknadsregulering, og er EØS-relevant og aktuell for innlemming i EØS-avtala. Ei eventuell nasjonal gjennomføring av forordninga vil krevje lovendring. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sende utkast til lov om digitale tenester på offentleg høyring i juli 2025, og dette legg til rette for at lova, inkludert eit forbod mot åtferdsbasert reklame mot mindreårige, kan tre i kraft og at DSA vil gjelde i Noreg frå sommaren 2026.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Inkludere fleire med funksjonshindringar og hol i CV-en i arbeidslivet i staten
Vedtak nr. 625, 7. mai 2024
«Stortinget ber regjeringen igangsette et arbeid for å utrede ytterligere og sterkere tiltak for å inkludere flere mennesker med funksjonshindre og flere mennesker med hull i CV-en i arbeidslivet i staten, inkludert tiltak i statens arbeidsgiverpolitikk samt tiltak for å bygge ned samfunnskapte funksjonshindre og diskriminering, og komme tilbake til Stortinget med forslag innen utgangen av vårsesjonen 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Henrik Asheim, Anna Molberg, Aleksander Stokkebø, Mudassar Kapur, Sveinung Rotevatn og Dag-Inge Ulstein om å innføre inkluderingsmål i statleg og kommunalt arbeidsliv, jf. Dokument 8:105 S (2023–2024) og Innst. 289 S (2023–2024).
Oppmodingsvedtaket er følgt opp i Prop. 146 S (2024–205) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025 der regjeringa informerte om at arbeidet med å inkludere fleire personar med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV-en i arbeidslivet i staten skal styrkast gjennom aktiv formidling av dei moglegheitene statlege verksemder har til å føre ein inkluderande rekrutteringspraksis, og leite etter kompetanse i heile befolkninga.
Regjeringa vil òg arbeide for at statlege verksemder i samband med utlysing av ledige stillingar går kritisk gjennom kva krav som blir stilte til kvalifikasjonar. Regjeringa meiner det er viktig at verksemdene, samstundes som dei skal søkje etter den kompetansen som er nødvendig for å løyse samfunnsoppdraget, ikkje stiller unødvendige krav som kan verke ekskluderande, særleg for enkelte utsette grupper.
Regjeringa vil revitalisere traineeprogrammet gjennom aktiv promotering overfor dei statlege verksemdene for å gjere det betre kjent og auke bruken. Traineeordninga skal òg evaluerast. Evalueringa skal munne ut i enkelte tilrådingar knytte til korleis programmet kan nyttast meir.
Sjølv om faste heile stillingar er eit viktig mål, vil Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet undersøkje om utlysing av deltidsstillingar i større grad kan bidra til at menneske med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan bli tilsette i staten. Enkelte i målgruppa kan ha behov for dette. Dersom moglegheit for deltid blir synleggjort i utlysinga, vil departementet sjå om det kan bidra til at fleire i målgruppa søkjer og kan bli tilsette i staten.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Forbod mot utvinning av kryptovaluta
Vedtak nr. 718, 6. juni 2024
«Stortinget ber regjeringen utrede et forbud mot utvinning av kryptovaluta i Norge og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med fremleggelsen av statsbudsjettet for 2025.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad og Lars Haltbrekken om konsesjon på datasentre, jf. Dokument 8:106 S (2023–2024) og Innst. 383 S (2023–2024).
I Prop. 1 S (2024–2025) for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet blei det informert om at regjeringa har ein klar intensjon om å avgrense utvinning av kryptovaluta mest mogleg, og at regjeringa har sett i gang eit arbeid for å vurdere handlingsrommet for korleis dette kan gjerast.
Utvinning av kryptovaluta er kraftkrevjande, og kastar lite av seg i lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar og inntekter. Noreg er eit attraktivt land for utvinning av kryptovaluta på grunn av kombinasjonen av låge kraftprisar, fornybar kraft, eit stabilt kraftsystem og eit kjølig klima, noko som betyr lågare kostnadar til kjøling. Kraftprisen er ein viktig lokaliseringsfaktor for kryptoaktørar.
Regjeringa har fått gjort ei brei vurdering av handlingsrommet for regulering av utvinning av kryptovaluta, mellom anna eit generelt forbod mot utvinning av kryptovaluta. Basert på dei EØS-rettslege vurderingane, meiner regjeringa at det er vanskeleg per no å sjå at grunnlaget for å innføre eit generelt forbod mot utvinning av kryptovaluta er til stades. Mindre inngripande ordningar enn eit generelt forbod vil vere lettare foreinleg med Noreg sine EØS-rettslege plikter enn eit totalforbod.
Regjeringa har av den grunn i staden utgreia eit mindre inngripande tiltak i form av eit mellombels forbod mot lokalisering av datasenter som i all hovudsak driv med kraftkrevjande utvinning av kryptovaluta. Tiltaket, som blei presentert i regjeringa sin nye datasenterstrategi i juni 2025, vil vere ei statleg planforskrift heimla i plan- og bygningslova. Forskrifta vil kunne innrettast slik at den legg til rette for at slike datasenter enten må få godkjenning frå Kommunal- og distriktsdepartementet som øvste planmynde, eller at det berre kan byggast dersom ein godkjend kommunal arealplan opnar for det ut frå krav gitt i den statlege planforskrifta. Statlege planforskrifter er juridisk bindande reglar og blir vedtekne som kongelege resolusjonar. Utforminga og effektane av ei slik ordning må utgreiast nærmare. Det same gjeld forholdet til EØS-retten. Kommunal- og distriktsdepartementet vil utgreie eit slikt forbod.
Målet med tiltaket er å frigjere kraft, nettkapasitet og areal til andre føremål. Vi må sikre oss at tiltak er effektive og treff utvinning av kryptovaluta. På same tid må ikkje tiltaka råke datasenter som er nødvendige for den ønskte digitaliseringa av samfunnet. Det er avgjerande for næringa å ha føreseielege og hensiktsmessige rammevilkår. Datasenter er ein viktig del av den digitale infrastrukturen og ein kritisk føresetnad for all digitalisering. Det er usikkert kor stort omfanget av kryptoutvinning vil vere i Noreg framover. Registreringsplikta i den nye datasenterforskrifta skal gjere det enklare å få oversikt, følgje med på utviklinga og føre tilsyn med datasenter, medrekna dei som vinn ut kryptovaluta.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
4.3 Stortingssesjon 2022–2023
Konsekvensar ved eit norsk forbod mot atferdsbasert reklame
Vedtak nr. 196, 12. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvilket handlingsrom Norge har til å regulere digitale tjenester utover reguleringen i Digital Services Act og Digital Markets Act, med tanke på å vurdere konsekvenser ved et norsk forbud mot reklame som er basert på masseinnsamling av personopplysninger, sporing og profilering av enkeltpersoner på digitale plattformer. Vurderingen skal omfatte både innhentingen, bruken og eventuelt salg/utlevering av personopplysningene.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).
Departementet er opptatt av ein god digitaliseringspolitikk som tar vare på både personvernet og næringsinteresser. Det pågår for tida eit arbeid med å gjennomføre både Digital Services Act (DSA) og Digital Markets Act (DMA) i norsk rett. Regjeringa prioriterer dette arbeidet høgt og tar sikte på å legge fram lovforslag våren 2026. DSA er totalharmoniserande innanfor sitt område. Dette inneber at landa ikkje kan fastsette strengare eller meir vidtgåande krav nasjonalt enn dei krava som følgjer av DSA, med mindre DSA sjølve, eller eventuelt andre EU-rettsakter, opnar for det. Det er svært usikkert om Noreg har høve til å regulere atferdsbasert marknadsføring ut over det som følgjer av DSA. Når DSA blir innlemma i EØS-avtala og gjennomført i norsk rett vil det gjelde strengare krav til atferdsbasert marknadsføring på nett. Det blir forbode å rette adferdsbasert, eller målretta, reklame mot mindreårige. Regelverket legg særleg vekt på å verne barn og unge mot skadeleg innhald og å førebygge at barn utviklar avhengigheit. I tillegg til eit forbod mot atferdsbasert marknadsføring retta mot barn, inneheld regelverket eit generelt forbod mot å vise atferdsbasert reklame basert på sensitive personopplysningar, til dømes opplysningar om legning, etnisitet og religion. DSA inneheld òg reglar om at det skal vere mogleg for brukarane å kjenne att reklame når dei ser det, og at det skal opplysast om kven som står bak reklamen, kven som har betalt for han, og kvifor ein blir vist ein bestemt reklame.
Dessutan inneheld DSA eit forbod mot såkalla manipulativt design. Dette skal hindre at plattformar utformar nettsider slik at dei «lurer» brukarane til å samtykke til noko dei eigentleg ikkje vil.
Gjennomføring av DSA i norsk rett vil gi norske forbrukarar eit godt vern mot atferdsbasert reklame. Regjeringa meiner vi no må sjå effekten av desse tiltaka før vi vurderer ytterlegare tiltak.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Lagring av biometriske data frå sosiale medieplattformer
Vedtak nr. 197, 12. desember 2022
«Stortinget ber regjeringen utrede omfanget av og utfordringene rundt lagring av biometriske data fra norske forbrukere på sosiale medieplattformer.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Guri Melby, Sveinung Rotevatn, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Grunde Almeland og Alfred Jens Bjørlo om betre personvern på sosiale media, jf. Dokument 8:167 S (2021–2022) og Innst. 100 S (2022–2023).
Biometriske data er i personvernforordninga art. 4 nr. 14 definert som «personopplysninger som stammer fra en særskilt teknisk behandling knyttet til en fysisk persons fysiske, fysiologiske eller atferdsmessige egenskaper, og som muliggjør eller bekrefter en entydig identifikasjon av nevnte fysiske person, f.eks. ansiktsbilder eller fingeravtrykksopplysninger». Personopplysningar om ein person sine fysiske, fysiologiske eller atferdsmessige eigenskapar, til dømes eit bilete, er i seg sjølv ikkje biometriske opplysningar. For å falle inn under definisjonen, må opplysningane bli behandla slik at eigenskapane blir målt og kategorisert på ein måte som eintydig identifiserer personen.
Dei fleste tilbydarar av sosiale medieplattformer er etablerte utanfor Noreg. Departementet har ikkje heimel til å pålegge desse selskapa å gi informasjon om si behandling av personopplysningar. For å kunne svare på Stortinget sitt oppmodingsvedtak, bad departementet derfor Datatilsynet om bistand. Tilsynet blei bede om å hente informasjon om innsamling og behandling av biometriske data frå eit utval av dei mest brukte sosiale media. I tilbakemeldinga frå Datatilsynet gjer dei greie for at heller ikkje dei kan pålegge dei sosiale media etablert utanfor Noreg å gi informasjon utanom i tilsynssamanheng. Datatilsynet har likevel bidratt med den informasjonen dei har som kan kaste lys over saka.
Etter det Datatilsynet kjenner til, og ut frå personvernerklæringane til selskapa, behandlar verken TikTok, Grindr eller Snapchat biometriske opplysningar. Tinder kan behandle biometriske opplysningar til verifisering av bilete for å bekrefte at brukaren er den vedkomande gir seg ut for å vere. Dette er ei valfri teneste som brukarane må samtykke til. Tilsynet opplyser vidare at Meta lar brukarar av deira teneste «Meta Verified» slå på ein type profilovervaking som bruker biometriske opplysningar til å finne og fjerne falske profilar som bruker bileta deira til svindel. Dette er ein valfri teneste som alle kan betale for, men den er først og fremst retta mot influensarar og andre kjente personar. Meta hadde tidlegare dessutan ei teneste som kunne kjenne att ansiktsbilete og foreslå kven som var avbilda på foto som blei lasta opp på Facebook, slik at ein kunne «tagge» dei i biletet. Denne tenesta har Meta fjerna i EØS-landa. Ut over dette opplyser tilsynet at dei ikkje kjenner til at Meta behandlar biometriske opplysningar om sine brukarar.
Med grunnlag i den informasjonen Datatilsynet har gitt til departementet i anledning oppmodingsvedtaket, meiner departementet det ikkje er grunn til å tru at dei sosiale medieplattformene behandlar biometriske data om norske forbrukarar, slik dette er definert i personvernregelverket, i særleg monn. I den grad det skjer, er det all grunn til å tru at det skjer med grunnlag i samtykke frå brukarane sjølve. I lys av dette, er det departementet si vurdering at dei sosiale medieplattformene si behandling av biometrisk informasjon om norske forbrukarar ikkje utgjer nokon utfordring for brukarane sitt personvern.
Departementet har gjort nærare greie for oppfølginga av oppmodingsvedtaket i Meld. St. 34 (2024–2025) Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2024, og meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Tilgjengeliggjering av data ved inngåing av offentlege kontraktar
Vedtak nr. 583, 13. april 2023
«Stortinget ber regjeringen stille krav om at data gjøres tilgjengelig ved inngåelse av offentlige kontrakter, der det vurderes hensiktsmessig.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er representantforslag frå stortingsrepresentantane Linda Hofstad Helleland, Nikolai Astrup, Anne Kristine Linnestad og Heidi Nordby Lunde om datadreven industri, jf. Dokument 8:73 S (2022–2023) og Innst. 238 S (2022–2023).
Statens standardavtaler (SSA) er dei mest brukte kontraktane når det offentlege inngår avtaler om kjøp av IT- og konsulenttenester. Som ein del av oppfølginga av Meld. St. 22 (2020–2021) Data som ressurs – datadreven økonomi og innovasjon, fekk Direktoratet for forvaltning og økonomistyring i 2022 i oppdrag å vurdere om det var behov for endringar i SSA-ane for å legge betre til rette for deling og gjenbruk av data. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring utarbeidde ein rapport med forslag til tiltak, som mellom anna inneheld forslag om endringar i enkelte kontraktsmalar, kombinert med betre rettleiing i bruken av desse. Det er komplekse problemstillingar knytte til gjennomføringa av dei nødvendige endringane i kontraktsmalane, og arbeidet har derfor teke lengre tid enn først planlagt. I 2025 har Direktoratet for forvaltning og økonomistyring fått i oppdrag å følgje opp forslaga frå den nemnde rapporten, og dette skal gjerast i samanheng med direktoratet si større gjennomgang og vidareutvikling av alle SSA-ane. Endringane skal vere gjennomførte innan utgangen av 2025.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
4.4 Stortingssesjon 2021–2022
Auka openheit i verksemda til private tilbydarar av offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 42, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige tiltak for å sikre økt åpenhet og transparens i virksomheten til private tilbydere av offentlig finansierte velferdstjenester, herunder et offentlig register over alle private virksomheter som leverer offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Problemstillingane har blitt utgreia som ein del av Støstad-utvalet sitt arbeid. Utvalet la fram delrapporten NOU 2024: 1 Definisjon og registrering av ideelle velferdsaktører i januar 2024. Sluttrapporten, NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester, blei levert i august 2024. Begge rapportar har vore på offentleg høyring og er no til oppfølging i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet viser til rapportering på oppmodingsvedtak nr. 86, 5. desember 2024 og oppmodingsvedtak nr. 87, 5. desember 2024.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.
Krav om organisering i sjølvstendig rettssubjekt for selskap som leverer offentleg finansierte velferdstenester
Vedtak nr. 35 nr. 43, 2. desember 2021
«Stortinget ber regjeringen utrede forslag om å stille krav til at selskaper som leverer offentlig finansierte velferdstjenester, organiseres i egne rettssubjekter hvor det ikke er tillatt å drive annen virksomhet enn offentlig finansierte velferdstjenester.»
Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket, er Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022 og Innst. 2 S (2021–2022).
Støstad-utvalet har hatt som ein del av mandatet sitt å vurdere korleis kommersielle aktørar kan regulerast strengare. Eit krav om organisering av slik verksemd som sjølvstendig rettssubjekt, er eitt av fleire døme på tiltak som utvalet har vurdert i NOU 2024: 17 Kommersielle og ideelle aktørers rolle i fellesskapets velferdstjenester. Rapporten har vore på offentleg høyring og er til behandling i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet viser til rapportering på oppmodingsvedtak nr. 86, 5. desember 2024 og oppmodingsvedtak nr. 87, 5. desember 2024.
Departementet meiner med dette at oppmodingsvedtaket er følgt opp.