3 Barne- og familiedepartementet

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under BFD. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2024–2025) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 216 (2024–2025) meinte ikkje var utkvitterte.

I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2024–2025

88

oppbygging av det statlege barnevernet

Ja

2024–2025

439

dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn

Ja

2024–2025

440

stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet

Nei

2024–2025

441

styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre

Nei

2024–2025

472

ein-til-ein-oppfølging av unge i faresona for kriminalitet

Ja

2024–2025

477

tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet

Nei

2024–2025

514

tilgang til informasjon i saker om samvær

Nei

2024–2025

515

personar dømde for overgrep mot barn skal ikkje ha samvær med egne barn

Nei

2024–2025

516

opplysingar om vald og overgrep i foreldretvistsaker etter modell i Sverige

Nei

2024–2025

589

føreseieleg finansiering av prosjektet «LNU Trygg!»

Ja

2024–2025

1000

praksisorienterte tverrfaglege team

Nei

2024–2025

1001

ny organisering av det statlege barnevernet

Nei

2024–2025

1004

partsrettar til barn frå 12 år

Nei

2024–2025

1005

elektroniske kommunikasjonsmiddel og internett

Ja

2024–2025

1006

arbeidserfaring til fagleg personell i barnevernsinstitusjonar

Ja

2024–2025

1007

motverke samværshindring

Nei

2024–2025

1008

moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar

Nei

2024–2025

1009

fastsetjing av medmorskap

Nei

2024–2025

1010

innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret

Nei

2024–2025

1011

innhaldet i «dagleg myndigheit»

Nei

2024–2025

1012

prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko

Nei

2024–2025

1013

lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar

Nei

2024–2025

1014

lovendringar om samvær for barn på krisesenter

Nei

2024–2025

1015

betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn

Nei

2024–2025

1016

tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker

Nei

2024–2025

1017

krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera

Nei

2024–2025

1018

universell utforming av krisesenter

Ja

2024–2025

1019

kunnskapsgrunnlag om felles butilbod på krisesenter

Ja

2024–2025

1020

vidareføring av forsøk med krisesentermodellar

Ja

2024–2025

1021

barn sine rettar på krisesenter

Ja

2024–2025

1022

gratis transport for barn i krisesentertilbodet

Nei

2024–2025

1023

tilbod til valdsutsette med kjæledyr

Ja

2024–2025

1212

melding til Stortinget om fødselstal

Nei

2023–2024

142

godkjend religiøs tilleggsutdanning

Nei

2023–2024

611

verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg

Ja

2023–2024

615

reisekostnader til krisesenter

Nei

2022–2023

138

meldeplikt om barn på skjult og sperra adresse

Ja

2022–2023

782

krisesentertilbod til utsette grupper

Ja

2022–2023

783

rettleiingar om krisesentertilbod

Ja

2021–2022

404

offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Ja

2021–2022

592

krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Ja

2021–2022

620

utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Nei

2020–2021

715

justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Ja

2020–2021

972

eigendel for mat i krisesentera

Ja

2020–2021

1124

tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Ja

2020–2021

1195

krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Ja

2020–2021

1197

ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Ja

2020–2021

1198

alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Ja

2020–2021

1201

oppfølging av tilrådingane frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Ja

2019–2020

637

FNs konvensjonen om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Ja

2016–2017

491

evaluering av felles foreldreansvar

Ja

3.1 Stortingssesjon (2024–2025)

Oppbygging av det statlege barnevernet

Vedtak 88, 5. desember 2024

«Stortinget ber regjeringen i kvalitetsmeldingen for barnevernet foreslå tiltak for oppbygging av det statlige barnevernet, som gir økt kapasitet og beredskap, og som skal kunne bidra til å redusere behovet for dyre enkeltkjøp.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 1 S (2024–2025), jf. Innst. 2 S (2024–2025).

Vedtaket er omtalt i Prop. 83 L (2024–2025) om kvalitetsløftet i barnevernet i kapittelet om ei framtidig innretting av institusjonstilbodet. Under tiltaket Et fleksibelt og individuelt tilpasset institusjonstilbud i avsnitt 8.4.3 skriv BFD følgjande:

«En omstilling fra institusjoner inndelt etter målgrupper til mer fleksible institusjoner, kan gi en mer effektiv ressursbruk i institusjonsbarnevernet. Mer fleksible og robuste institusjoner er ventet å føre til færre flyttinger og redusert behov for enkeltkjøp, jf. anmodningsvedtak nr. 88 av 5. desember 2024 […].»

Ein ny måte å innrette institusjonstilbodet på, i tråd med tiltaka i kvalitetsløftet, blir no prøvd ut i pilotar i fire av regionane til Bufetat. Føremålet med alle pilotane er å prøve ut institusjonar som er tilstrekkeleg fleksible til å gi eit tilpassa og føreseieleg tilbod til alle barn i målgruppa for barnevernsinstitusjon. I tillegg er det etablert ein femte pilot: eit forsterka institusjonstilbod for barn med store og samansette behov, inkludert barn som står attom gjentakande eller alvorleg kriminalitet.

Det er vidare løyvd om lag 350 mill. kroner til arbeidet med å styrkje og omstille tilbodet i perioden 2022–2025. Det er etablert fleire behandlingsplassar i Bufetat, og plassar har blitt forsterka og omstilte. Kapasitetsutnyttinga i institusjonane til Bufetat er auka. Styrkinga har skjedd ved å auke bemanninga, etablere støtteteam og oppgradere eksisterande institusjonsbygg. Midlane har òg blitt nytta til å styrkje det ideelle tilbodet.

I same periode er det løyvd om lag 1 mrd. kroner til Bufetat, for å dekkje utgiftsvekst, i hovudsak på grunn av auka prisar, fleire einskilde kjøp og auka løyving til private rammeavtalar. Dette for å oppfylle bistandsplikta og sikre langsiktig kapasitetsbygging. Med bakgrunn i behovet for å oppfylle bistandsplikta, samstundes som ressursane blir brukte på ein effektiv måte og med betre kostnadskontroll, skal Bufdir innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å oppnå mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal bli prioritert. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det er òg behov for private kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet. Behovet for privat kapasitet òg på lang sikt er formidla tydeleg til leverandørane og Bufdir, og skal takast omsyn til i dialogen direktoratet har med marknaden, og i dei konkrete anskaffingane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn

Vedtak 439, 14. januar 2025

«Stortinget ber regjeringa greie ut og kome attende til Stortinget på eigna måte om tiltak for enklare opprydding av uønskte dobbeltmedlemskap i trus- og livssynssamfunn og tiltak for å styrke den einskilde si innsikt i og kontroll over eigne medlemskap.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av lovproposisjon om endringar i trussamfunnslova, jf. Prop. 116 L (2023–2024) og Innst. 111 L (2024–2025).

Departementet har gitt Brønnøysundregistra i oppdrag å utvikle ei digital ordning for innsyn i personopplysingane dei handsamar i samband med den årlege kontrollen av medlemslistene til trus- og livssynssamfunna. Målet er at løysinga skal lanserast innan 31. desember 2025.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet

Vedtak 440, 14. januar 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan senke terskelen for at barnevernet kan stanse samvær som ikke er til barnets beste.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i, jf. Innst. 110 S (2024–2025).

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) vidare slutta seg til forslaget frå departementet om ein heimel for mellombels stans av skadeleg samvær. I tillegg varslar departementet i lovproposisjonen ei utgreiing av regelverksendringar og andre tiltak for å ivareta barn som har sterk motstand mot samvær.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre

Vedtak 441, 14. januar 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan styrke partsrettighetene til fosterbarn og fosterforeldre ved flytting og/eller tilbakeføring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i, jf. Innst. 110 S (2024–2025).

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslag som gir fosterforeldre og fosterbarn rett til å klage på vedtak om flytting frå fosterheimen. Departementet vil vurdere nærare korleis rettane til fosterforeldre kan bli styrkte i saker som gjeld tilbakeføring til foreldra.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis. Sjå òg oppfølging av vedtak 1 004 av 11. juni 2025.

Kommunale samarbeidsprosjekt for ein-til-ein-oppfølging av unge i faresona for kriminalitet

Vedtak 472, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2026 initiere tiltak for å realisere flere kommunale samarbeidsprosjekter for én-til-én-oppfølging av unge i faresonen for kriminalitet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ein forsterka kamp mot ungdomskriminalitet, jf. Dok. 8:7 S (2024–2025).

I Revidert nasjonalbudsjett i 2025 vart det løyvd 12 mill. kroner til kommunane Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger for å starte arbeidet med ein-til-ein-oppfølging. I budsjettforslaget for 2026 er det føreslått å styrkje arbeidet ytterlegare med 90 mill. kroner, sjå nærare omtale under programkategori 11.10.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skuldig i alvorleg kriminalitet

Vedtak 477, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om et tilpasset bo- og rehabiliteringstilbud for barn under den strafferettslige lavalderen som begår gjentatt og alvorlig kriminalitet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ein forsterka kamp mot ungdomskriminalitet, jf. Dok. 8:7 S (2024–2025).

I vente på ekspertutgreiinga om tiltak retta mot gruppa som gjer seg skuldig i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, vart det sett av 20 mill. kroner i 2025 til å pilotere eit forsterka institusjonstilbod for barn med store og samansette behov, inkludert barn med gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Den 7. mars 2025 opna eit nytt institusjonstilbod i Vestby kommune som ein pilot. Tilbodet er retta mot barn som barnevernstenesta vurderer har behov for eit institusjonsopphald på bakgrunn av at barnet utset utviklinga si for alvorleg fare. Piloten gir barna i målgruppa eit forsterka tilbod innanfor rammene til barnevernet og i tett samarbeid med relevante samarbeidspartnarar. Piloten er i fyrste omgang eit tilbod til barn frå deltakarkommunane Fredrikstad, Lillestrøm, Bærum og Nordre Follo.

Det blir lagt opp til tett samarbeid med aktuelle aktørar rundt barna og ungdommane, heimkommunane deira og systematisk arbeid med familie og nettverk. Det blir òg lagt opp til høgare bemanningstettleik i institusjonen og ei tverrfagleg samansetjing av bemanninga. Arbeidet legg til rette for at endringsarbeidet barnet gjer under opphaldet i institusjonen, kan halde fram òg etter opphaldet.

Straff og samfunnsvern er ikkje barnevernet si oppgåve. Men regjeringa ser at det er naudsynt med eit tilbod som er meir tilpassa enn dagens barnevernsinstitusjonar når det gjeld fysisk utforming av bygg, bemanning og kompetanse, og der kvart barn får tett oppfølging av eit team med tverrfagleg kompetanse.

Det er planlagt at perioden for pilotering skal vare frå 2025 til 2028, og det blir planlagt systematisk kunnskapsinnhenting undervegs. Departementet legg til grunn at piloten i Vestby kommune svarar til den type institusjonar utvalet tilrår å pilotere for barn i høg risiko.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tilgang til informasjon i saker om samvær

Vedtak 514, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det i saker om samvær kan sikres at barnevernet, domstolene og sakkyndige alltid innhenter og får tilgang til all relevant informasjon som omhandler vold og overgrep mot barn og unge, om det bør innføres en varslingsplikt for påtalemyndigheten, samt om andre enn foreldre, f.eks. barnevernet, kan gis søksmålskompetanse for å styrke barns rettssikkerhet i spørsmål om barnefordeling og samvær.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025. Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova). BFD vil sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Beskytte barn og unge mot vald og overgrep i samband med samvær

Vedtak 515, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn og unges rett til beskyttelse mot vold og overgrep styrkes i ny barnelov, samt sørge for en gjennomgang av, og ved behov foreslå nødvendige endringer i annet relevant lovverk, slik at personer dømt for overgrep mot barn normalt ikke skal ha samvær med egne barn.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025.

Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Ny barnelov. BFD viser til omtale av vedtak 611 frå 7. mai 2024 om å verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg i ny barnelov, som departementet reknar som følgd opp. Med same grunngjeving reknar departementet den fyrste delen av dette vedtaket som gjeld å styrkje barn og unge sin rett til beskyttelse mot vald og overgrep i ny barnelov, som følgd opp. BFD vil elles sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Undersøkje korleis domstolane handsamar foreldretvistsaker om vald

Vedtak 516, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en undersøkelse av hvordan norske domstoler innhenter, benytter og vurderer opplysninger om vold og andre overgrep i foreldretvistsaker, etter modell av arbeidet i Sverige.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget vedtok ny barnelov den 16. juni 2025.

Oppmodingsvedtaket kom for seint til å bli følgt opp i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova). BFD vil sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå Stortinget si handsaming av ny barnelov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Føreseieleg finansiering av prosjektet «LNU Trygg!»

Vedtak 589, 24. april 2025

«Stortinget ber regjeringa arbeide for ei føreseieleg finansiering av prosjektet ‘LNU Trygg!’.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2024–2025), jf. Innst. 223 S (2024–2025).

Departementet viser til at regjeringa i Prop. 1 S (2025–2026) føreslår å auke driftstilskotet til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede med 4 mill. kroner under kap. 846, post 70. Auken i driftstilskotet vil bidra til at prosjektet LNU Trygg kan finansierast som ein del av den ordinære drifta til LNU.

Med denne auken i driftstilskot reknar departementet vedtaket som følgt opp.

Praksisorienterte tverrfaglege team

Vedtak 1000, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa i eit samarbeid med KS legge til rette for at kommunar og barnevernstenester som ønskjer det, i 2026 kan sette i gang forsøk med praksisorienterte tverrfaglege team med spisskompetanse som kan få fram naudsynt fagleg, klinisk kunnskap om utsette barn og familiars problem, ressursar og behov. Stortinget skal informerast om forsøka på eigna måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet vurderer den nærare utforminga av forsøket i samarbeid med KS. Det finst fleire modellar for tverrfagleg og tverretatleg samarbeid. Nokre av desse er alt i gang med å bli prøvde ut og vidareutvikla i kommunane. Utgangspunktet til departementet er at det bør byggjast vidare på desse i arbeidet. Det bør òg takast omsyn til endringar i kompetansemodellen for barnevernet og relevante tiltak innanfor ansvarsområdet til Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Ny organisering av det statlege barnevernet

Vedtak 1001, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa fremme forslag om ny organisering av det statlege barnevernet, med bakgrunn i ekspertutvalets rapport, der det er eit tydeleg skilje mellom fagdirektorat og etatsstyring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025. Departementet vil komme tilbake til Stortinget med ei vurdering av rapporten og om oppfølging av forslaga på eigna vis.

Partsrettar til barn frå 12 år

Vedtak 1004, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa fremje lovendringsforslag som gir barn frå 12 år partsrettar i barnevernssaker frå 1. januar 2028.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid og eit høyringsnotat om partsrettar og barnevennlege prosessar og dessutan ein lovproposisjon for Stortinget.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Elektroniske kommunikasjonsmiddel og internett

Vedtak 1005, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre at varigheten av inngrep i barns bruk av elektroniske kommunikasjonsmidler og internett ikke må utgjøre et urimelig inngrep i barnets rettigheter, og at det må stilles strenge krav til inngrepets nødvendighet. Dette må fremkomme tydelig i rundskriv og veileder til barnevernsloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide nytt rundskriv om rettar og inngrep overfor barn på barnevernsinstitusjon.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Arbeidserfaring til fagleg personell i barnevernsinstitusjonar

Vedtak 1006, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sørge for at barnevernsinstitusjonen også kan ansette faglig personell som kan dokumentere minst tre års arbeidserfaring tilsvarende heltidsstilling fra barnevernsinstitusjon, andre barnevernstiltak med døgnbemanning eller andre tilsvarende omsorgstiltak etter annet lov- og regelverk enn barnevernsloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025). Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å sørgje for at rundskriv og anna rettleiande materiale tydeleg viser korleis kravet til kompetanse skal forståast, inkludert korleis kravet til talet på års erfaring skal operasjonaliserast.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Motverke samværshindring

Vedtak 1007, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede ytterligere tiltak for å motvirke samværshindring, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–-2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis. Sjå også omtale under oppmodingsvedtak nr. 715 (2020–2021).

Moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar

Vedtak 1008, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere hvordan momenter som bør legges til grunn ved ‘barnets beste’-vurderinger, kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barneloven og i relevant veiledningsmateriell.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Fastsetjing av medmorskap

Vedtak 1009, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i barnelova § 2-3 om medmorskap, med sikte på å fremme et lovforslag som innebærer at medmorskap fastsettes på samme vis som farskap etter reglene i §§ 2-4 om ekteskap og reglene om erklæring i §§ 2-5 flg.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret

Vedtak 1010, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere hva som er innholdet i omsorgsplikten, og hvordan foreldreansvaret kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barnelova og i relevant veiledningsmateriell.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Innhaldet i «dagleg myndigheit»

Vedtak 1011, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre gjennom veiledning hva som er innholdet i begrepet ‘daglig myndighet’ som utøves overfor barn etter samlivsbrudd, og vurdere om det er behov for særreguleringer.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko

Vedtak 1012, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen prioritere oppfølging av Stortingets anmodningsvedtak nr. 514, 515, 516 og 517 (2024–2025), slik at barn og unge sikres mot vold, overgrep og risiko. Regjeringen bes snarest mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte med plan for det videre arbeidet.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vi viser til omtalen under av oppmodingsvedtak nr. 514, 515 og 516. Ansvaret for nr. 517 ligg til Justis- og beredskapsdepartementet. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar

Vedtak 1013, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som har vært utsatt for eller vært vitne til vold i nære relasjoner som utøves av en forelder, i utgangspunktet ikke skal ha samvær med den voldsutøvende forelderen. Barn gis rett til å midlertidig stanse samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Lovendringar om samvær for barn på krisesenter

Vedtak 1014, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som oppholder seg på krisesenter, ikke skal ha samvær med en forelder som har utøvd vold mot den andre forelderen, og at barn gis rett til å nekte samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn

Vedtak 1015, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede om det bør etableres mer forpliktende kontakt og samarbeid mellom ulike tjenester mv. for bedre å kunne avdekke og håndtere vold, overgrep og annen alvorlig risiko mot barn, og tilfeller med risiko for uberettiget brudd i kontakt mellom barn og forelder.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker

Vedtak 1016, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til hvordan det kan sikres tverrfaglig vurdering i foreldretvistsaker der det er mistanke om eller risiko for vold, seksuelle overgrep eller at barnet på annet vis blir behandlet slik at den fysiske eller psykiske helsa utsettes for skade eller fare.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Vidare oppfølging vil krevje eit utgreiingsarbeid, og må sjåast i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera

Vedtak 1017, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for krav til kompetanse for ansatte ved krisesentre, og vurdere hvordan slike krav best kan reguleres og følges opp.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Krisesenterlova gir heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse til tilsette ved krisesentera. Departementet sende 14. juni 2024 forslag til endringar i krisesenterlova på offentleg høyring. I høyringsnotatet bad departementet om høyringsinstansane sitt syn på behovet for ei slik forskrift. Høyringsinstansane var delte i synet på om det bør utarbeidast ei forskrift med krav til kompetanse, og kva for krav til kompetanse det i så tilfelle bør stillast. Nokre høyringsinstansar peikte òg på at det underliggjande problemet er behovet for kvalifiserte tilsette, og ei forskriftsfesting av krav til kompetanse vil ikkje løyse dette. Departementet må vurdere saka nærare i lys av høyringsfråsegna.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Universell utforming av krisesenter

Vedtak 1018, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede tiltak for å sikre universell utforming og bedre tilrettelegging ved krisesentre og skjerming av særlig utsatte beboere samt utrede kommunenes handlingsrom vedrørende disse kravene.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg som vart etablert i 2025, opnar for finansiering av prosjekt der føremålet er at lokala er betre tilrettelagde for personar med funksjonsnedsetjingar. Dette vil bidra til universell utforming av krisesentera.

Vidare følgjer det av krisesenterlova § 3 fyrste ledd at kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte, til dømes behov for universell utforming. Departementet har i Prop. 122 L (2024–2025) teke stilling til formuleringa «så langt råd er» og fastslått at det er ei erkjenning av at ei fullstendig tilrettelegging for kvar einskilde brukar i praksis vil vere svært vanskeleg og i einskilde tilfelle ikkje mogleg. Bufdir vil oppdatere både Veileder til krisesenterloven og den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet og understreke det ansvaret kommunane har til å leggje til rette for brukarane, uansett kva livssituasjon dei er i.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Kunnskapsgrunnlag om felles butilbod på krisesenter

Vedtak 1019, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen styrke kunnskapsgrunnlaget om felles botilbud på krisesenter ved å legge til rette for at de kommunene som ønsker det, kan gjennomføre forsøk med integrert krisesenter etter bestemmelsene i forsøksloven, og komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Nokre kommunar har teke kontakt med Bufdir for å høyre om høve til å gjennomføre forsøk med integrert krisesenter. Direktoratet gir informasjon til dei aktuelle kommunane om kva som er krava som følgjer av forsøkslova. Departementet vil handsame eventuelle søknader i tråd med forsøkslova. Evaluering av forsøket ved Romerike krisesenter har medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod på krisesenter. Fleire forsøk vil på sikt styrkje kunnskapsgrunnlaget ytterlegare, sjå òg omtale av vedtak 1 020 av 11. juni 2025 under om vidareføring av forsøk med krisesentermodellar. Departementet er kjent med at Romerike krisesenter vil søkje om vidareføring av forsøket.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Vidareføring av forsøk med krisesentermodellar

Vedtak 1020, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen sørge for at allerede igangsatte forsøksprosjekter med ulike krisesentermodeller får fortsette.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Romerike krisesenter fekk i 2021 godkjent eit forsøk om integrert krisesentertilbod for kvinner og menn. Forsøket er godkjent innanfor ramma av forsøkslova. Departementet er kjent med at Romerike krisesenter har positive erfaringar med forsøket, som medverkar til å styrkje kunnskapsgrunnlaget om felles butilbod på krisesenter. Departementet har i brev informert Romerike krisesenter om at dei kan søkje om vidareføring av forsøket, og er kjent med at dei vil fremje ein slik søknad. Ein søknad om vidareføring vil bli handsama i tråd med forsøkslova.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Barn sine rettar på krisesenter

Vedtak 1021, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at beslutninger som angår barn på krisesenter, skal ta utgangspunkt i barnets beste, og at barna selv må få mulighet til å uttrykke seg i saker som angår dem.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Det følgjer av krisesenterlova at kommunen har plikt til å sørgje for å ta vare på barn på ein god måte, som er tilpassa dei særskilde behova deira, og slik at dei får rettane sine etter anna regelverk oppfylt. Barn har sjølvstendige rettar, og foreldra skal i kraft av foreldreansvaret ta hand om rettane og interessene til barna. Barn har mellom anna rett til medverknad og krav på vern. Det følgjer av Grunnlova og FNs konvensjon om barnerettane, jf. også barnelova §§ 31 og 33. Foreldre på krisesenter vil ofte ha behov for støtte for å kunne ta seg av barna. I den faglege rettleiinga frå Bufdir om innhaldet i krisesentertilbodet er det ein omfattande omtale av korleis barn bør følgjast opp på krisesenter, og kva dei har av rettar. Departementet har gitt direktoratet i oppdrag å oppdatere rettleiinga. Direktoratet skal vurdere om og eventuelt korleis prinsippet om det beste for barnet og barn sin rett til å si meininga si, kan tydeleggjerast endå meir i rettleiinga.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Gratis transport for barn i krisesentertilbodet

Vedtak 1022, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede løsninger for at alle barn på krisesenter får rett til gratis og trygg transport til tilbud som fritidsaktiviteter, skolefritidsordning og barnehage.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med dekking av reiseutgifter er drøfta. Å greie ut gratis og trygg transport for barn til fritidsaktivitetar, skulefritidsordning og barnehage må sjåast saman med dette, slik at ein ikkje etablerer ulike overlappande løysingar. Sjå òg omtale av oppfølging av oppmodingsvedtak 615 av 7. mai 2024 om å dekkje reisekostnader til krisesenter nedanfor.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tilbod til valdsutsette med kjæledyr

Vedtak 1023, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en veiledning til krisesentrene om at de skal legge til rette for egne tilbud til voldsutsatte med kjæledyr, eller at de skal inngå avtaler med lokale aktører som kan tilby et trygt og tilgjengelig tilbud for dyrene.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg som vart etablert i 2025, opnar for finansiering av prosjekt der føremålet er å leggje lokala betre til rette for brukarar med kjæledyr òg. I tillegg har departementet gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet slik at behovet for å ta seg av valdsutsette med kjæledyr kjem betre fram.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Melding til Stortinget om fødselstal

Vedtak 1212, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding etter at Fødselstallsutvalgets utredning er levert.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 146 S (2024–2025), jf. Innst. 540 S (2024–2025). Utvalet om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar vil ferdigstille arbeidet og levere endeleg NOU vinteren 2026. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.2 Stortingssesjon (2023–2024)

Godkjend religiøs tilleggsutdanning

Vedtak 142, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om insentiver for å sikre at flere religiøse ledere eller andre nøkkelpersoner i trossamfunn gjennomfører godkjent religiøs tilleggsutdanning i Norge.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om betre førebygging av og meir kunnskap om valdeleg ekstremisme og radikalisering, jf. Dok. 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Det finst fleire kurs- og utdanningstilbod til religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo (TF) tilbyr ein master i «lederskap, etikk og samtalepraksis». I tillegg tilbyr universitetet kurset «Å være religiøs leder i Norge», som departementet gir tilskot til. Kurset er eit etter- og vidareutdanningstilbod og kan takast med og utan studiepoeng. Målgruppa er religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn. Nærare 200 religiøse leiarar har til no teke kurset. TF har på oppdrag frå BFD fått utført ei evaluering av kurset, som også har noko å seie om rekruttering.

Departementet har gitt Forskningsstiftelsen Fafo eit forskings- og utgreiingsoppdrag om kva som kan bidra til at fleire religiøse leiarar og nøkkelpersonar i trus- og livssynssamfunn gjennomfører tilleggsutdanning i samband med rolla som trus- og livssynsleiar i Noreg.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg

Vedtak 611, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen vurdere grep som kan styrke barnets rett til beskyttelse mot vold og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg, og melde tilbake til Stortinget i forbindelse med de varslede endringene i barneloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024).

I Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova) er det tydeleggjort at barn og foreldre sin gjensidige rett til samvær ikkje er vilkårslaus, og at barn har rett til beskyttelse mot vald og overgrep. Det vil seie at det ikkje alltid skal vere samvær. I proposisjonen er det uttalt at risiko for vald eller overgrep typisk vil vere situasjonar der det ikkje vil vere til det beste for barnet med samvær. Det kan òg omfatte situasjonar der barnet er vitne til vald mellom foreldre og vald mot søsken. Samvær skal vere trygt for barnet, og det må vurderast konkret om det skal vere samvær, og i så fall av kva omfang. Det er òg andre endringar i ny lov som er skal gi barn betre beskyttelse mot vald. Det gjeld mellom anna føresegna i det innleiande kapittelet om barn sine rettar, som gir barn rett til omsorg, utvikling og vern mot vald. I tillegg kjem endringar i reglane om sakshandsaming for domstolane, som legg til rette for at saker blir betre opplyste, til dømes gjennom ei ny føresegn om innhenting av dokument frå politiet og at det er innført ein frist på seks veker for retten til å ta mellombels avgjerd etter krav frå ein part der det er påstand om vald eller annan risiko. Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Reisekostnader til krisesenter

Vedtak 615, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024 utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024). Kontroll- og konstitusjonskomitéen har hatt følgjande merknad til saka i innstillinga til Meld. St. 4 (2024–2025):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025). Flertallet mener at regjeringen skal følge opp vedtaket ved å utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket i forbindelse med arbeidet med revidert krisesenterlov i løpet av våren 2025. Flertallet mener arbeidet med revidert krisesenterlov skal prioriteres i 2025.»

Arbeidet med krisesenterlova har blitt prioritert i 2025, og regjeringa la 10. april fram Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med den geografiske tilgjengelegheita til krisesentertilbodet blir drøfta. Det er i proposisjonen gjort greie for problemstillingar som må greiast ut før eit forslag til lovendring kan blir høyrt. Oppfølging av oppmodingsvedtaket må i tillegg sjåast i samanheng med oppfølging av vedtak 1022 av 11. juni 2022, slik at det ikkje blir etablert overlappande løysingar for å dekkje kostnader til transport.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.3 Stortingssesjon (2022–2023)

Meldeplikta barnevernet har til politiet om barn på skjult og sperra adresse

Vedtak 138, 6. desember 2022

«Stortinget ber regjeringen sørge for at regelverket om barnevernets meldeplikt til politiet om barn på skjult og sperret adresse klargjøres, og at det sikres nødvendige rutiner for informasjonsutveksling.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å betre førebyggje og få slutt på partnardrap, jf. Dok. 8:218 S (2021–2022) og Innst. 64 S (2022–2023).

Stortinget har ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslaget frå departementet om at barnevernstenesta utan hinder av teieplikt skal gi informasjon til politiet så snart som mogleg når det blir vurdert, gjort, endra eller oppheva vedtak om skjult eller sperra adresse. Departementet tek sikte på at lovendringa skal gjelde frå 1. januar 2026.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tydeleggjere ansvaret kommunane har for krisesentertilbodet til utsette grupper

Vedtak 782, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025).

Endringa i krisesenterlova § 3 inneber mellom anna at det blir tydeleggjort at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet ved krisesenteret fordi tilrettelegging ikkje er mogleg. Dette vil omfatte brukarar som på grunn av eigen eller andre sin tryggleik, individuelle behov eller av omsyn til andre brukarar ikkje kan vere på krisesenter. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Krisesentertilbodet til utsette grupper – oppdatere rettleiingar

Vedtak 783, 7. juni 2023

«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023).

Departementet viser til Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). Det kjem fram av meldingsdelen at aktuelle rettleiingar skal oppdaterast. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere Veileder til krisesenterloven før lovendringane tek til å gjelde frå 1. januar 2026. Rettleiinga vil tydeleg omhandle krisesentertilbodet til utsette grupper og kva ansvar kommunen har når det gjeld å leggje til rette for eit likeverdig tilbod til særleg utsette grupper.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

3.4 Stortingssesjon (2021–2022)

Offentleg plikt til å tilby tverrfagleg helsekartlegging

Vedtak 404, 3. mars 2022

«Stortinget ber regjeringen utrede at det offentlige skal ha en plikt til å tilby tverrfaglig helsekartlegging når kommunen ber om dette, og raskt komme tilbake til Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 222 L (2020–2021) Endringer i barnevernloven mv. (tverrfaglig helsekartlegging), jf. Innst. 166 L (2021–2022).

I regjeringsstrategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud og i omtale av saka i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) går det fram at regjeringa arbeider for å betre rette inn tverrfagleg helsekartlegging, og at det blir planlagt for å overføre ansvar frå Bufetat til helsesektoren. Det står vidare at Barne- og familiedepartementet, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, vil vurdere behovet for endringar i barnevernslova og eventuell forankring i helse- og omsorgslovgivinga, som følgje av forslag til ny måte å innrette tverrfagleg helsekartlegging på, jf. Prop. 222 L (2020–2021). Konsekvensane av overføring skal greiast ut, og føremålet skal endrast frå sakkunnig oppdrag til helsehjelp.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Krisesentertilbod til den samiske urbefolkninga

Vedtak 592, 30. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8:135 S (2021–2022) og Innst. 339 S (2021–2022).

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Tilskotsordninga har mellom anna bidrege til å etablere eit samarbeid mellom Karasjok kommune og Alta kommune der vaksne og barn frå Karasjok kan nytte seg av krisesentertilbodet i Alta, samstundes som det blir etablert eit dagtilbod med samiskspråklege stillingsressursar i Karasjok.

Departementet viser i tillegg til at Stortinget 16. juni 2025 vedtok endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025). Lovendringane gjeld mellom anna ei lovfesting av at dei særskilde rettane til den samiske befolkninga skal takast vare på i krisesentertilbodet. Føremålet med føresegna er å bidra til å auke merksemda om samar både som individ og gruppe, og med det gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn, i tråd med både nasjonal lovgiving og internasjonale konvensjonar Noreg er forplikta etter. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Vedtak 620, 31. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).

BFD hadde i 2022 på høyring eit forslag om å utvide ordninga for gjeldsinformasjon med ulike typar pantesikra gjeld. Vurderinga til BFD etter dette var at personvernomsyn gjer at ordninga ikkje kan utvidast til å omfatte pantesikra gjeld utan at føremålet til gjeldsinformasjonslova blir endra. Lite tyder på at det er på grunn av at bustad- og bilgjeld ikkje er omfatta av informasjonsordninga, at kredittvurderingar sviktar og einskilde får gjeldsproblem. Ei utviding av ordninga må derfor grunngivast med noko anna enn å skulle motverke gjeldsproblem.

BFD sende 3. april 2025 eit framlegg om å utvide gjeldsinformasjonsordninga med mellom anna pantegjeld. Høyringsfristen var 3. juli 2025. Departementet er i gang med å vurdere innspela frå høyringa og vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.5 Stortingssesjon (2020–2021)

Justering av barnebidragsreglane for å hindre samværshindring

Vedtak 715, 9. mars 2021

«Stortinget ber regjeringen ved oppfølgingen av NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste, utrede om det er behov for å gjøre justeringer i barnebidragsreglene for å sikre at økonomi ikke blir en drivende faktor for samværshindring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværshindring, jf. Dok. 8:40 S (2020–2021) og Innst. 264 S (2020–2021).

Departementet har greidd ut og vurdert om det er behov og høve for å justere i gjeldande regelverk for barnebidrag for å sikre at økonomi ikkje blir ein drivande faktor for samværshindring. Regelverket for offentleg fastsett barnebidrag og samvær er i stor grad regulert på forskriftsnivå. Departementet har særleg sett på om det er mogleg å gjere endringar på forskriftsnivå for å motverke at den bidragspliktige må yte barnebidrag for periodar den bidragspliktige ikkje har samvær etter avtale, og der manglande samvær skriv seg frå at bidragsmottakaren hindrar samværet. Høgsterett har nyleg stadfesta innhaldet i barnelova § 67 om barnebidrag og gjort det klart at barnet sin rett til å bli forsørgd er avgjerande. Høgsterettsdommen tydleggjer den uomtvistelege retten barnet har til å bli økonomisk forsørgd uavhengig av kvar barnet bur, og at barnet har rett på barnebidrag frå den forelderen det ikkje bur saman med, sjølv om bustaden til barnet er i strid med avtale eller dom. Forskriftsendringar som gjer at den bidragspliktige må yte mindre i bidrag på grunn av samværshindring, kan føre til at barnet i mindre grad blir forsørgd. På den bakgrunn meiner departementet at dei vurderte endringane på forskriftsnivå kan føre til at forskrift blir i strid med barnelova. Departementet har derfor sett i gang ein gjennomgang av regelverket, der departementet òg vil sjå nærare på korleis regelverket i størst mogleg grad kan innrettast for å unngå at økonomi kan bli ein drivande faktor for samværshindring.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Eigendel for mat i krisesentera

Vedtak 972, 25. mai 2021

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom lov om kommunale krisesentertilbud og legge opp til at det ikke tas egenandel for mat fra den enkelte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om eit styrkt og gratis krisesentertilbod for valdsutsette, jf. Dok. 8:134 S (2020–2021) og Innst. 427 S (2020–2021).

Departementet viser til Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.). I proposisjonen har departementet presisert at det er grunnleggjande at krisesentertilbodet skal vere eit lågterskeltilbod. Vidare har departementet peikt på at dersom eigendelar til utgifter til mat til kostpris gjer at einskilde valdsutsette av økonomiske grunnar ikkje søkjer vern på krisesenteret, vil tilbodet ikkje lenger vere eit reelt lågterskeltilbod. Sjølv om det er høve til å ta eigendel til utgifter til mat til kostpris, må kommunane derfor vurdere om eigendelar i praksis vil innebere ei hindring for at valdsutsette oppsøkjer hjelp. Desse føringane etter gjeldande rett tek etter departementet si vurdering hand om både omsynet til valdsutsette og det kommunale sjølvstyret. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å oppdatere Veileder til krisesenterloven i tråd med dette.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tverrfagleg kompetanse på rus og vald i krisesentera

Vedtak 1124, 3. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021).

Den 16. juni 2025 vedtok Stortinget endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) og Innst. 439 L (2024–2025).

Endringa i krisesenterlova § 3 inneber mellom anna at det er tydeleggjort i lova at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet ved krisesenteret. Dette vil omfatte brukarar som på grunn av eigen eller andre sin tryggleik, individuelle behov eller av omsyn til andre brukarar ikkje kan vere på krisesenter, til dømes brukarar med rusmiddelproblem. Lovendringa tek til å gjelde frå 1. januar 2026. Det skal leggjast til at det allereie følgjer av krisesenterlova at kommunen skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta hand om dei særskilde behova til brukarane, jf. krisesenterlova § 2 fjerde ledd, som vil gjelde på vanleg måte. I den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet går det vidare fram at krisesentera bør ha kunnskap om vald som rammar personar med alvorlege rusproblem, og om individuell tilrettelegging for denne gruppa.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Krav om autorisasjon for tilsette som skal jobbe med omsorgsovertakingar

Vedtak 1195, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede krav om autorisasjon for de som skal jobbe med omsorgsovertakelser.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Barnevernsutvalet fekk i mandat å greie ut «ordninger for offentlig godkjenning av personell, herunder […] autorisasjon for de i barnevernet som skal jobbe med omsorgsovertakelse […]». Fleirtalet i utvalet uttalte i NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid at dei meinte at dette ikkje var ei god løysing, og føreslo ikkje ei autorisasjonsordning. Eit mindretal på ein medlem ville gå vidare med ei autorisasjonsordning. Utgreiinga har vore på offentleg høyring som gav støtte til tilrådinga frå fleirtalet. I Prop. 83 L (2024–2025) går det fram at departementet ikkje går vidare med eit forslag om ei autorisasjonsordning. Stortinget slutta seg til dette då dei handsama proposisjonen.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak

Vedtak 1197, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om å innføre en ordning med annenhåndsvurdering av akutt-/hastevedtak.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Departementet viser til at Barnevernsutvalet har levert utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utvalet vart bede om å vurdere spørsmålet, men føreslo ikkje å innføre ei ordning med andrehandsvurdering av akuttvedtak. Utvalet meinte mellom anna at systemet vi har i dag, allereie inneheld ei form for andrehandsvurdering. Utgreiinga har vore på offentleg høyring. Få høyringsinstansar uttalte seg om spørsmålet. I Prop. 83 L (2024–2025) går det fram at departementet ikkje vil føreslå ei ny andrehandsvurdering av akuttvedtak. Ved handsaminga av proposisjonen slutta Stortinget seg til forslaget frå departementet om å styrkje rettstryggleiken i slike saker gjennom einskilde presiseringar i reglane om legalitetskontrollen nemnda gjer av akuttvedtak, i barnevernslova.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Alternativt omgrep til «åtferd» i barnevernslova

Vedtak nr. 1198, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen arbeide videre med å finne et alternativt begrep til atferdsbegrepet i barnevernsloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

I ny barnevernslov vart omgrepet «åtferdsinstitusjon» erstatta med omgrepa «barnevernsinstitusjon» eller «institusjon», jf. Prop. 86 L (2021–2022) og Innst. 391 L (2021–2022). Vidare har Stortinget ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) slutta seg til forslaget frå departementet om å innføre alternative omgrep til omgrepet «åtferd» i barnevernslova. Omgrepet «alvorlege åtferdsvanskar» blir erstatta med «utset utviklinga si for alvorleg fare».

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Oppfølging av tilrådingar frå rettstryggleiksutvalet på barnevernsområdet

Vedtak 1201, 10. juni 2021

«Stortinget ber regjeringen følge opp rettsikkerhetsutvalgets anbefalinger på barnevernsområdet uten ubegrunnet opphold.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 133 L (2020–2021) Lov om barnevern (barnevernsloven) og lov om endringer i barnevernloven, jf. Innst. 625 L (2020–2021).

Utvalet som skulle vurdere tiltak for å styrkje kvaliteten og rettstryggleiken i barnevernet, leverte 20. mars 2023 utgreiinga NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid. Utgreiinga vart send på offentleg høyring våren 2024. Lovforslag og fleire andre tiltak frå NOU 2023: 7 er lagde fram for Stortinget i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven (kvalitetsløftet i barnevernet). Dette gjeld mellom anna tiltak for betre tillit og meir openheit i barnevernet, lovforslag om klagerett for barn på vedtak om flytting, tiltak for å styrkje oppfølginga av foreldre etter omsorgsovertaking og andre tiltak for betre rettstryggleik for barn og foreldre når barn har tiltak utanfor heimen.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

3.6 Stortingssesjon (2019–2020)

FNs konvensjon om barnerettane – ny barnevernslov og ny barnelov

Vedtak 637, 28. mai 2020

«Stortinget ber regjeringen sikre at forslagene til ny barnevernlov og ny barnelov er i tråd med FNs barnekonvensjons prinsipper om barns rett til informasjon, til å bli hørt, beslutninger til barnets beste og barns rett til privatliv.»

Vedtaket vart gjort i samband med orienteringa om situasjonen i barnevernet som barne- og familieministeren heldt for Stortinget 26. mai 2020.

Departementet reknar den delen av vedtaket som gjeld ny barnevernslov, som følgd opp i forslaget til ny barnevernslov som vart lagt fram for Stortinget i Prop. 133 L (2020–2021). Stortinget vedtok lova 9. juni 2021, og lova tok til å gjelde 1. januar 2023.

Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni 2025. Regjeringa meiner ny barnelov er i samsvar med og balanserer dei menneskerettslege pliktene våre. Menneskerettane set krav både til utforming av reglar og handsaming av konkrete saker. Den nye lova har eit innleiande kapittel om barns grunnleggjande rettar, irekna barnets beste og barns rett til medverknad. Det er òg ei ny føresegn om barnet sin rett til personvern. Den nye lova understrekar vidare dei forventningar som fyrst og fremst ligg på foreldra når det gjeld å vareta barn sine grunnleggjande rettar i det daglege, som til dømes retten til beskyttelse, omsorg og medverknad som følgjer mellom anna av FNs barnekonvensjon. Myndigheitene har òg ansvar for å oppfylle barn sine rettar på fleire område, og til å gripe inn når det er nødvendig. Barnelova skal òg vareta barnet sin og foreldra sin rett til å bevare familielivet ved samlivsbrot, og foreldra sine rettar og deira rettstryggleik. I nokre tilfelle vil barn og foreldre sine interesser vere motstridande. Det kan til dømes handle om at ein forelder sin rett til familieliv står i motstrid til barnet sin rett til beskyttelse, og dette kan kome på spissen i ein sak om samvær. Det er fleire føresegner i ny lov som skal gje barn vern mot vald og overgrep. Departementet har i forarbeida òg uttalt at risiko for vald eller overgrep typisk vil vere situasjonar der samvær ikkje vil vere til barnet sitt beste. Regjeringa meiner den nye barnelova balanserer dei menneskerettslege pliktane på ein forsvarleg måte, og legg til rette for at barnets rettar blir følgde opp i praksis i konkrete saker.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

3.7 Stortingssesjon (2016–2017)

Evaluering av felles foreldreansvar

Vedtak 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Lovendringa om felles foreldreansvar tok til å gjelde 1. januar 2020 og har no verka i tre år. Som ei følgje av ei endring i barnelova § 35 fekk alle foreldre automatisk felles foreldreansvar for barn dei får saman, uavhengig av om dei er ektefellar, sambuarar eller ikkje bur saman.

Departementet har gjort ei intern evaluering av lovendringa om felles foreldreansvar, og har nytta erfaringane i arbeidet med ny barnelov. Det er gjort greie for verknaden av lovendringa om felles foreldreansvar uavhengig av samlivsstatusen til foreldra i Prop. 117 L (2024–2025) Lov om barn og foreldre (barnelova) under punkt 6.4.4. Stortinget vedtok ny barnelov 16. juni 2025.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.