Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn, høyring og samandrag

1.1 Innleiing og bakgrunn

Med dette legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram ein proposisjon med framlegg om å lovfeste prinsippa i Redaktørplakaten. Bakgrunnen for framlegget går fram av det som følgjer nedanfor.

Eigarskapsutvalet (NOU 1995: 3 Mangfold i media) lanserte ei rekkje mediepolitiske tiltak. Eitt framlegg var at redaktørinstituttet skulle lovfestast ved at norske medium gjennom lov skal påleggjast å ha ein redaktør og å avtalefeste tilhøvet mellom redaktør og eigar med utgangspunkt i Redaktørplakaten.

Kulturdepartementet tilrådde begge framlegga i St. meld. nr. 18 (1996-97) «Eierforhold i mediene». Stortingsfleirtalet slutta seg til dette, jf. Innst. S. nr. 231 (1996-97).

Med utgangspunkt i dette sendte Kulturdepartementet i januar 1998 ut eit høyringsnotat med framlegg om å lovfeste prinsippa i Redaktørplakaten. Lovframlegget galdt føretak som gir ut «periodiske trykte publikasjoner med nyhets- eller aktualitetsstoff», «foretak som driver kringkastingsvirksomhet» og foretak som «utgir periodiske tekster eller sendinger med nyhets- og aktualitetsstoff» gjennom andre medium. Innanfor verkeområdet til lova foreslo departementet ei plikt til å peike ut ein redaktør og ein regel om at eigar eller anna selskapsleiing korkje kan «instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål» eller krevje å få gjere seg kjent med redaksjonelt materiale før publisering.

I si høyringsfråsegn rådde Justisdepartementet frå å gå vidare med framlegget og viste til at det kunne kome i konflikt med den då gjeldande § 100 om ytringsfridom i Grunnlova:

«Etter Lovavdelingens syn vil et lovvedtak som generelt forbyr noen enkeltperson, forening, annen sammenslutning av personer eller en stiftelse å fremsette ytringer direkte og egenredigert gjennom egne «periodiske trykte publikasjoner» med «nyhets- eller aktualitetsstoff», være i strid med grunnloven § 100 første punktum: «Trykkefrihed bør finde Sted».»

På denne bakgrunn valde Kulturdepartementet å ikkje fremje lovforslaget.

Spørsmålet vart teke opp på nytt i St.meld. nr. 57 (2000-2001) «I ytringsfrihetens tjeneste – mål og virkemidler i mediepolitikken». Regjeringa Stoltenberg I viste her til at redaktørane er «... garantister for ytringsfrihet, for uavhengighet, for integritet - kort sagt for at leserne og lytterne kan stole på det som formidles gjennom mediene». På denne bakgrunn gjekk regjeringa inn for å leggje fram forslag om lovfesting av prinsippa i Redaktørplakaten, «... forutsatt at Stortinget i løpet av neste stortings­periode vedtar en grunnlovsbestemmelse som åpner for dette». Under handsaminga i Stortinget støtta eit fleirtal (alle unnateke medlemmene frå Fremskrittspartiet) forslaget, jf. Innst. S. nr. 142 (2001-2002).

1.2 Høyring

Departementet sendte eit utkast til lov om redaksjonell fridom i media på høyring 6. februar 2007. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande instansar, i tillegg til at det var tilgjengeleg på departementets internettsider:

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • Finansdepartementet

  • Fornyings- og administrasjonsdepartementet

  • Justisdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • A-pressen ASA

  • Arbeidstilsynet

  • Den norske fagpresses forening

  • Edda media AS

  • Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

  • Institutt for medier og kommunikasjon, UiO

  • Kanal 24

  • Konkurransetilsynet

  • Landslaget for lokalaviser

  • Landsorganisasjonen

  • Mediebedriftenes landsforening

  • Medietilsynet

  • Norsk journalistlag

  • Norsk lokalradioforbund

  • Norsk medieforskerlag

  • Norsk presseforbund

  • Norsk redaktørforening

  • Norsk rikskringkasting

  • Næringslivets hovedorganisasjon

  • P 4 Radio Hele Norge

  • Schibsted ASA

Høyringsfristen vart sett til 15. april. Det kom inn 20 høyringssvar.

Sentrale høyringsinstansar var negative til delar av framlegga i høyringsnotatet. Kultur- og kyrkjedepartementet sende difor 9. oktober 2007 ut eit nytt, avgrensa høyringsnotat til dei same høyringsinstansane med frist 1. november 2007. Det har kome inn 20 svar.

Merknader frå høyringsinstansane vil bli gjennomgått i samband med drøftinga av dei einskilde framlegga. Med bakgrunn i temaet for lovframlegget vil departementet leggje særleg vekt på høyringsfråsegnene frå Norsk redaktørforening og Mediebedriftenes landsforening.

1.3 Samandrag

Kapittel 2 inneheld ein omtale av tilhøvet til Grunnlova § 100. Konklusjonen er at § 100 i Grunnlova ikkje er til hinder for at prinsippa i Redaktørplakaten blir lovfesta.

I kapittel 3 gjer departementet nærmare greie for gjeldande rett på området; aksjelovgivinga, Redaktørplakaten, Ver varsam-plakaten, straffelova og anna regelverk. Konklusjonen i kapitlet er at Redaktørplakaten har svært stor gjennomslagskraft som avtalerettsleg instrument. Dette gjeld særleg i tradisjonelle massemedium, men etter kvart også i nye elektroniske medium.

Kapittel 4 gir ei kort oversikt over regulering, avtaleverk og praksis rundt vern av redaktørrolla i andre europeiske land. Gjennomgangen syner at prinsippet om redaksjonell fridom generelt står sterkare og har lengre tradisjonar i Skandinavia enn i resten av Europa.

I kapittel 5 drøftar departementet behovet for lovfesting av prinsippet om redaksjonell fridom i media med utgangspunkt i Grunnlovsvernet av ytringsfridom og dei overordna politiske måla på området. Departementet konkluderer etter ei samla vurdering med at gode grunnar talar for å lovfeste eit prinsipp m redaksjonell fridom, og viser mellom anna til at det er brei støtte i mediebransjen for ei slik lovfesting.

I kapittel 6 drøftar departementet avgrensinga av verkeområdet for ei lov om redaksjonell fridom i media, dvs. kva for medium som bør omfattast av lova og rekkjevidda av vernet. Departementet legg til grunn at lova bør avgrensast til dei media som har som føremål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyhende, aktualitetsstoff og debatt, inkludert dagsaviser og andre periodiske publikasjonar, kringkastarar og elektroniske massemedium som har tilsvarande føremål og funksjon som slike medium. Når det gjeld rekkjevidda for vernet gjer departementet framlegg om ei lovtekst som ligg nært opptil ordlyden i redaktørplakaten. Utkastet slår fast at det høyrer under redaktøren å leie den redaksjonelle verksemda og at eigaren ikkje kan instruere eller overprøve eigaren i redaksjonelle spørsmål.

I kapittel 7 gjer departementet framlegg om å lovfeste plikten til å peike ut ein redaktør i alle medium som blir omfatta av verkeområdet for lova.

I kapittel 8 vurderer departementet behovet for tilsyn med reglane i lova og sanksjonar ved brot på lova.

Til toppen
Til forsida av dokumentet