Ot.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om lov om redaksjonell fridom i media

Til innhaldsliste

7 Lovfesting av plikta til å ha redaktør

7.1 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å lovfeste ei plikt til å ha redaktør i alle medium som blir omfatta av verkeområdet for lova.

Departementet meinte at ein slik regel ville innebere ei klargjering for medium der rettssituasjonen per i dag er usikker. Departementet viste også til at regelen ville ha eit anna føremål enn reglane i straffelova kap. 43. Medan føremålet med reglane i straffelova er å sikre at det er mogleg å peike ut ein rettsleg ansvarleg for det som blir publisert, vil føremålet med denne regelen vere å sikre at det i alle medium som blir omfatta av lova blir peika ut ein person som skal ha den uavhengige stillinga i høve til eigar og anna føretaksleiing som lova føreskriv. Ei open og uttrykkeleg utpeiking av ein ansvarleg redaktør kan bidra til bevisstgjering av eigarar og leiinga elles om ansvarsfordelinga i verksemda. Det vil også sikre at det blir synleggjort for publikum kven som har ansvaret for det som blir publisert av verksemda.

7.2 Høyringsinstansanes syn

Mediebedriftenes landsforening , Norsk redaktørforening og Schibsted ASA stør framlegget om å lovfeste plikten til å ha redaktør. MBL og redaktørforeininga meiner likevel det er ein «... grunnleggende svakhet ved loven at redaktørbegrepet ikke forklares ytterligere». Edda media har ein tilsvarande merknad. NR , MBL og Edda media foreslår difor å ta inn ein definisjon av omgrepet redaktør i § 2 i lova tilsvarande straffelova § 436. Ingen av høyringsinstansane går uttrykkeleg mot å lovfeste ein slik plikt.

7.3 Departementets vurdering

Straffelova § 429 inneber ein straffesanksjonert plikt til å peike ut ein ansvarleg redaktør i «blad eller tidsskrift»:

«Er det i et blad eller tidsskrift ikke angitt hvem som er redaktør, straffes redaktøren og forleggeren med bøter.

Er en annen person enn den virkelige redaktør angitt, straffes både denne og forleggeren med bøter eller fengsel inntil 3 måneder. På samme måte straffes også den som uriktig er angitt som redaktør, såfremt angivelsen er skjedd med hans samtykke.»

Det kan argumenterast for at regelen også vil femne publikasjonar på Internett som kan samanliknast med «blad eller tidsskrift». Dette er likevel ikkje avklart per i dag. For kringkastingssendingar følgjer tilsvarande krav av andre reglar (jf. kringkastingslova § 6-3 for NRK og kringkastingsforskrifta § 7-8 for lokalkringkasting). For riksdekkjande kommersiell kringkasting gjeld det likevel inga lovfesta plikt til å peike ut ein redaktør. Heller ikkje gjeldande konsesjonar for riksdekkjande kringkasting inneheld slike krav, sjølv om det blir vist til prinsippet om «redaksjonell selvstendighet». Uansett føreset redaktøransvaret etter straffelova § 431 tredje leddet at det finst ein redaktør.

Departementet meiner at gode grunnar talar for at plikta til å ha redaktør blir nedfelt i lova, og viser i denne samanhengen til argumenta i høyringsnotatet. Sjølv om ein slik plikt allereie kan tolkast ut av reglane om redaktøransvar i straffelova, meiner departementet at det vil vere klargjerande om plikta også går fram av lova om redaksjonell fridom. Departementet viser også til at dei av høyringsinstansane som har uttalt seg om denne delen av framlegget, i hovudsak har vore positive til ei slik lovfesting. Ingen av høyringsinstansane har gått klart imot framlegget.

Nokre av høyringsinstansane har peika på at lova bør innehalde ein definisjon av omgrepet «redaktør». Departementet er einig i at det kan synast hensiktsmessig å ta ein slik definisjon inn i lovteksten. Ettersom det er redaktøren som etter lova skal sikrast redaksjonell fridom, er redaktøromgrepet sentralt og bør definerast. Ved utforminga av definisjonen meiner departementet det er naturleg å ta utgangspunkt i den definisjonen av redaktør som er gitt i straffelova § 436, og som lyder slik:

«Ved redaktør av et blad eller tidsskrift forstås i dette kapitel den som treffer avgjørelse om skriftets innhold eller en del av dette, enten han betegnes som redaktør eller som utgiver eller på annen måte.»

Denne definisjonen fangar etter departementets syn opp kjernen i redaktøromgrepet. Det sentrale elementet er at redaktøren fattar avgjerd om innhaldet i det aktuelle mediet. Definisjonen bør likevel avgrensast til dei media som blir regulert av lova, jf. punkt 6.2 ovanfor.