Historisk arkiv

Oversikt over statlege styre, råd og utval (Organbasen)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

1. januar - 31. desember 2009

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet legg med dette fram oversikt over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2009.

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet legg med dette fram oversikt over statlege styre, råd og utval som har vore verksame i perioden 1. januar til 31. desember 2009.

Oversikta inneheld berre statlege styre, råd og utval, og ikkje dei kommunale og fylkeskommunale organa.

Som innleiing til oversikta har ein først ei samanlikning med 2008 for variabelen geografisk spreiing. Vidare ser vi nærare på endringar i talet styre, råd og utval i dei einskilde departementa. Etter dette kjem ei rekkje tabellar som samanfattar nokre av hovudtrekka ved dei kollegiale organa i 2009. Til slutt fylgjer som vedlegg ei fullstendig oversikt over dei einskilde organa og medlemmene i dei. Samansetjinga av organa er oppdatert pr. 31. desember 2009, men dei medlemmene som er skifta ut i løpet av året, er ikkje tatt med.

Databasen oversikta byggjer på, er oppdatert av departementa og Statsministerens kontor. Det skjer heile tida endring i samansetting av desse organa. Mindre endringar frå eit år til eit anna år kan difor førast attende til når dei er registrerte eller ufullstendig informasjon ved registreringa. Handsaming av datamaterialet og redaksjonell tilrettelegging er utført av Servicesenteret for departementa.