Prop. 1 S (2020–2021)

FOR BUDSJETTÅRET 2021 — Utgiftskapitler: 600–667, 2470, 2541–2543, 2620–2686 Inntektskapitler: 3600–3642, 5470, 5571, 5607, 5701–5705

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særlege tema

7 Fornye, forenkle og forbetre

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten

IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten skal sikre betre tenester for brukarane og auke effektiviteten i saksbehandlinga.

Løysingane for behandling av saker om økonomiske ytingar skal endrast slik at brukar har tilgang til døgnopne sjølvbeteningsløysingar som skal sørge for at dialogen mellom forvaltning og brukar ikkje krev fysisk oppmøte. Brukarane skal finne all naudsynt informasjon om Arbeids- og velferdsetaten sine tenester og eigne saker hos etaten på internett.

Kommunikasjonen mellom Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar skal så langt som mogleg støttast av elektroniske dialogløysingar og automatisert datautveksling.

For Arbeids- og velferdsetaten vil nye løysingar for behandling av saker legge til rette for ein betydeleg auke i saker som kan behandlast automatisk. Dette vil gi raskare saksbehandling, auka likebehandling og betre kvalitet. Effektivisering av saksbehandlinga vil gjere det mogleg å frigjere årsverk i Arbeids- og velferdsetaten som ein kan omdisponere til arbeid med oppfølging for å få fleire i arbeid.

Prosjekt 1 og Prosjekt 2 i IKT-moderniseringa er avslutta. Prosjekt 3 starta opp i 2019 og held fram i 2021 med ei forskyving frå 2019, jf. Prop. 117 S (2019–2020). I Prosjekt 3 vil det utviklast nye løysingar for sjukepengar, pleiepengar, omsorgspengar m.m. I tillegg til forskyving av løyving frå 2019, vil det òg bli ei forskyving frå 2020. Forskyving frå 2020 følger mellom anna av at etaten har hatt behov for å trekke på ressursar frå Prosjekt 3 knytte til koronapandemien, og er basert på venta mindreforbruk i 2020. Basert på endeleg mindreforbruk for 2020 vil det bli gjort naudsynte endringar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021. Forskyving til 2021 vil ikkje gjere Prosjekt 3 dyrare, men vil gi god effektivitet for prosjektet i tråd med opphaveleg omfang av prosjektet (inkl. opsjonar).

I Prosjekt 3 er det planlagt å realisere moderne digitale systemløysingar på sjukepengeområdet. I tillegg til sjukepengar omfattar dette pleiepengar, omsorgspengar, opplæringspengar og svangerskapspengar.

IKT-moderniseringa og utviklinga av moderne systemløysingar held fram med oppstart av eit prosjekt for å fase ut systema Arena/Abetal. Desse systema handterer i dag mellom anna vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet er det òg planlagt å modernisere tenesteyting og forvaltning av arbeidsmarknadstiltaka. Regjeringa foreslår å løyve 60 mill. kroner til dette i 2021. Denne løyvinga vil først løysast ut når Stortinget har tatt ei investeringsavgjerd for prosjektet. Regjeringa vil kome tilbake til saka i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Sjå programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken for nærmare omtale.

Regelverksendringar for å støtte opp under forenkling og digitalisering

Arbeids- og velferdsetaten moderniserer tenestene sine gjennom meir og betre bruk av digital teknologi. Målet for arbeidet med modernisering er å levere betre tenester til befolkninga, effektivisere arbeidsprosessar og å betre saksbehandlinga. Dette er i tråd med regjeringa sin strategi for digitalisering av offentleg sektor (Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge – IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet).

Prop. 135 L (2019–2020) Endringer i arbeids- og velferdsforvaltningsloven, sosialtjenesteloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (behandling av personopplysninger), blei fremma 19. juni 2020, og er til behandling i Stortinget. Arbeids- og sosialdepartementet foreslår i proposisjonen at Arbeids- og velferdsetaten, kommunen i arbeids- og velferdsforvaltninga, Statens pensjonskasse, Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere får ein uttrykkeleg heimel for behandling av personopplysningar, ein uttrykkeleg lovføresegn i dei enkelte lovene om at ein skal kunne fatte hel-automatiserte avgjerder, at Statens pensjonskasse, Pensjonstrygden for sjømenn og Garantikassen for fiskere får ei lovfesta tilgang til å gjenbruke personopplysningar til enkelte andre føremål enn det dei blei henta inn for, mellom anna til statistikk og analyse, og at departementet kan gi nærmare reglar i føresegn om behandling av opplysningar.

Sjukepengesakene vil vere viktig å effektivisere, da det gjeld mange saker kvart år. Arbeids- og sosialdepartementet arbeider med forslag til endringar i reglane i folketrygdloven for sjukepengar og stønad ved sjukdom hos barn og andre nærståande. Arbeids- og sosialdepartementet har hatt forslag til endringar i reglane i folketrygdloven for sjukepengar og stønad ved sjukdom hos barn og andre nærståande på høyring, og vil fremme ein proposisjon for Stortinget.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse jobbar vedvarande med forbetringar av tenester og dagleg drift. Det er ei målsetting å halde graden av automatisering på eit høgt nivå samtidig som nytt regelverk for pensjon blir innført. Løysningane for betening på nett blir vidareutvikla for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søke informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nettet. Det er det siste året lansert ein pensjonskalkulator for dei som er omfatta av ny offentleg tenestepensjon. Det er etablert eit samarbeid med KLP og Arbeids- og velferdsetaten om etablering av felles omgrep og definisjonar knytt til nytt regelverk for offentleg tenestepensjon. Ei arbeidsgruppe frå Statens pensjonskasse, KLP og Oslo Pensjonsforsikring la i juni 2020 fram anbefalingar for maskinell utveksling av pensjonsdata mellom ordningane innanfor offentleg tenestepensjon. Dette er eit tiltak for digitalisering som vil forbetre samhandlinga og som vil medverke til at ordningane kan gi meir fullstendig informasjon til medlemene.

Pensjonsprogrammet PRO 25 for å innføre nytt pensjonsregelverk er inne i sitt tredje år. Ei sentral målsetting er å etablere effektive løysingar som òg er tilrettelagde for digital samhandling med til dømes Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og andre tenestepensjonsleverandørar, men òg med medlemer og medlemsverksemder. Her blir òg beteningsløysingar vidareutvikla.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn har gjennomført eit fornyingsprosjekt på IKT-området. Dei nye systema medfører ei betydeleg modernisering og effektivisering av etaten.

Pensjonstrygda for sjømenn har forenkla og automatisert fleire prosessar gjennom eit robotiseringsprosjekt. Det er òg lansert ei ny nettside for å gjere det enklare for både medlemer og medlemsverksemder å søke informasjon, få svar på spørsmål og få utført fleire oppgåver på nett. Det er utarbeidd ein første versjon av appen «Ditt PTS» som skal gjere det enklare for medlemer å finne eige fartstid, få kunnskap om pensjon for sjømenn, få meldingar, informasjon, simulere eigen pensjon og søke pensjon på mobil eller nettbrett.

IKT-systemet blei lagt til rette slik at det i 2020 kunne vidareutviklast for det justerte pensjonsregelverket i samband med den langsiktige tilpassinga til pensjonsreforma. Pensjonstrygda arbeider med å effektivisere og automatisere drifta ytterlegare.

8 FN sine berekraftmål

FN vedtok i september 2015 berekraftmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. I Nasjonalbudsjettet for 2021 blir det gitt ei samla omtale av nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftmåla.

Regjeringa tar sikte på å legge fram ei melding til Stortinget om arbeidet med berekraftmåla våren 2021.

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvar for koordinering av berekraftmål 1, og bidreg til berekraftmål 8.

Berekraftsmål 1 – innsats mot fattigdom

Arbeids- og sosialdepartementet har ansvaret for å koordinere oppfølging av berekraftsmål 1 nasjonalt om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 følgjast opp nasjonalt gjennom den breie innsatsen for å redusere fattigdom og motverke ulikskap.

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil redusere fattigdom og auke den sosiale mobiliteten gjennom å inkludere fleire i arbeidslivet og redusere risikoen for at levekårsutfordringar går i arv. Regjeringa har som første prioritet i velferdspolitikken å kjempe mot fattigdom, særleg blant barnefamiliar, og sørge for at færre fell ut av samfunns- og arbeidsliv.

Eit av delmåla under berekraftsmål 1 er å minst halvere delen av menn, kvinner og barn som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er utsette for fattigdom, er delen som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, til dømes 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemt periode (om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå punkt 3.4 Lavinntekt og levekår i del I). Sjølv om forskjellane i inntekt og levekår er mindre enn i andre land, er det òg i Noreg tendensar til noko aukande skilnader i inntekt og fleire med låginntekt. Delen i befolkninga med vedvarande låginntekt har auka noko i dei seinare år, og det har over ei tid vore ein auke i talet på barn i hushald med låg inntekt. I perioden 2016–2018 hadde 9,8 pst. av befolkninga vedvarande låginntekt (studentar er haldne utanfor). Det er relativt små forskjellar i omfanget av vedvarande låginntekt for menn (9,2 pst.) og kvinner (10,5 pst.). Delen barn i hushald med vedvarande låginntekt var i perioden 2016–2018 11,3 pst.

Delen av befolkninga med låginntekt vil, når grensa for låginntekt er sett ut i frå medianinntekta, avhenge av utviklinga i det generelle inntektsnivået. Når delen med relativ låginntekt aukar, betyr det at hushald nedst i inntektsfordelinga har ein lågare inntektsvekst enn befolkninga som heilskap. Sjølv om veksten i realinntekta i snitt over tid har vore betydeleg òg for desse, har han vore svakare enn veksten i det generelle inntektsnivået. Frå 1986 til 2017 auka realinntektene – målt som medianinntekt – med 78 pst., medan den gjennomsnittlege inntekta etter skatt for tiden med lågast inntekt auka med 56 pst. Dersom ein låser låginntektsgrensa til nivået for kjøpekraft i eit bestemt år, til dømes år 2005, er delen med låginntekt målt ved 60 pst. av medianinntekta meir enn halvert. Dei siste åra har veksten i realinntekta i norske hushald vore svak, og hushald nedst i inntektsfordelinga har hatt ein nedgang i realinntekta. Delen med låginntekt etter ei fast låginntektsgrense har som følge av dette endra seg lite dei siste åra. Barnefamiliar med små barn, einslege foreldre og unge som bur aleine er grupper som har hatt ei svak inntektsutvikling dei siste åra. Det er forholdsvis stor mobilitet ut av og inn i gruppa med låginntekt. For ei nærmare framstilling av utviklinga i låginntekt og levekår, sjå punkt 3.4 Lavinntekt og levekår i del I.

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om fordeling og sosial berekraft i det norske samfunnet. Meld. St. 13 (2018–2019) tar opp ulikskap og låginntekt i Noreg i eit internasjonalt perspektiv, og betydinga av arbeidsmarknaden, utdanning og trygdeordningar for fordeling og moglegheiter. Meldinga tar òg opp ulikskap i helse, og demokratisk og sosial deltaking. Meldinga presenterer regjeringa sin innsats for å bidra til sosial berekraft og motverke ulikskap og konsekvensar av ulikskap. Offentlege velferdstenester, som barnehage, skole og utdanning og helse- og omsorgstenester, bidrar til likskap i moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

For personar i yrkesaktiv alder, heng fattigdom og låginntekt til stor del saman med manglande eller for låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeids- og velferdspolitikken er derfor sentral i innsatsen mot fattigdom. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte årsak i utfordringar på andre levekårsområde. Personar som har utfordringar med helse, bustad og sosiale forhold kan ha behov for samordna bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester.

Det sosiale tryggingsnettet skal bidra til at alle får naudsynt bistand slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Det sosiale tryggingsnettet omfattar òg velferdstenester som familievern og barnevern, helsetenester og tiltak for rusavhengige, bustadsosialt arbeid og innsats for vanskelegstilte på bustadmarknaden mv. Tiltak og innsatsar i utdanningspolitikken, helse- og omsorgspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken, integreringspolitikken mv. har òg stor betyding for innsatsen mot fattigdom.

Regjeringa har i sin regjeringsperiode tatt mange initiativ for å hindre at enkeltpersonar og familiar fell utanfor arbeidslivet og andre viktige arenaer i samfunnet. Desse utfordringane krev like fullt ein kontinuerleg og fornya innsats. Samfunnet endrar seg, og årsaka til utanforskap er ofte samansette og gjensidig forsterkande. Ein politikk for å førebygge utanforskap må derfor omfatte eit breitt spekter av politikkområde. Regjeringa tar sikte på våren 2021 å legge fram ei melding til Stortinget med ein heilskapleg politikk for å førebygge utanforskap og fremme inkludering av fleire i arbeids- og samfunnsliv.

Arbeids- og sosialdepartementet har eit ansvar for å koordinere regjeringa sin innsats mot fattigdom. Prinsippet om sektoransvar gjeld og inneber at omsynet til fattigdom skal ivaretakast innanfor ansvarsområda til sektordepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2021:

  • 413 mill. kroner til å auke barnetrygda med 300 kroner i månaden for barn under 6 år frå 1. september 2021.

  • 120 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning for barn frå 6 til fylte 18 år.

  • 38,5 mill. kroner til å styrke og utvide Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Av desse vil 2 mill. kroner gå til administrasjon av ordninga i Bufdir.

  • 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet.

  • 45,3 mill. kroner til ei utviding av det forebyggande programmet Familie for første gang/Nurse Family Partnership (NFP).

  • 70 mill. kroner til å auke eingongsstønaden frå 84 720 kroner til 90 300 kroner frå 1. januar 2021.

  • 3,5 mill. kroner til å vidareføre tiltaket i revidert budsjett 2020 om heiltidsplass i barnehage for eittåringar i asylmottak, og 4,9 mill. kroner til å dekke heilårseffekten av heiltidsplass i barnehage for to- og treåringar i asylmottak.

  • 114,5 mill. kroner til å dekke heilårseffekten av den nasjonale ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling for barn på 1.–2. trinn i skolefritidsordninga (SFO) ved offentlege skolar og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

  • 25,2 mill. kroner til å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skolar for 3. og 4. trinn.

  • 3 mill. kroner til å opprette ein tilskotsordning for SFO ved friskolar som ønsker å tilby inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1.–4. trinn.

  • 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

  • 100 mill. kroner til barn og unges psykiske helse.

  • 73,2 mill. kroner til å auke buutgiftstaket i bustøtta for både einslege og barnefamiliar

  • 9,2 mill. kroner for å likestille begge foreldra i bustøtteordninga i tilfelle der barnet har delt bustad.

  • auke Husbankens låneramme med 4 mrd. kroner, til 20 mrd. kroner i 2021.

Nedanfor er satsingar i 2021 og andre innsatsar under Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Kulturdepartementet som har særleg betyding for innsatsen mot fattigdom omtala. Ei meir utførleg omtale er å finne i budsjettproposisjonane til dei ulike departementa.

Arbeid og velferd

Deltaking i arbeidsmarknaden er det viktigaste for å førebygge og redusere fattigdom. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende, og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir òg fellesskap og nettverk. Innsatsen for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv.

Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide.

Regjeringa arbeider for brei deltaking i arbeidslivet. Enkelte grupper opplever særlege utfordringar med å få innpass i arbeidslivet og har behov for bistand som styrker deira moglegheiter til å kome i jobb. Det kan blant anna gjelde fleire med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV-en. Regjeringa har derfor sett i verk ein dugnad for å inkludere fleire med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en inn i arbeidslivet. Innsatsen blir foreslått auka i 2021. Auka løyvingar til individuell jobbstøtte (50 mill. kroner) vil styrke innsatsen for at fleire med psykiske lidingar eller rusproblem skal få innpass i arbeidslivet. Det vil òg gi rom for eit forsøk med individuell jobbstøtte for unge (IPS Ung). Innsatsen i inkluderingsdugnaden omfattar vidare satsing på arbeidsmarknadstiltak, som opplæring, mentor og lønnstilskot samt eigne opplæringskoordinatorstillingar i Arbeids- og velferdsetaten for å gi betre kvalifiseringstilbod til grupper som treng det. Samarbeidsprosjektet Vi inkluderer! mellom Arbeids- og velferdsetaten og partane i arbeidslivet vidareførast i 2021.

Sysselsetjingsutvalet leverte i mars 2019 ein fyrste rapport frå ei ekspertgruppe om tiltak som kan få fleire i arbeid, mellom anna ved å løfte deltakinga i arbeidslivet for utsette grupper. I fase to drøftar partane i arbeidslivet og fagekspertane saman tiltak som kan auke sysselsetjing, med utgangspunkt i forslaga frå ekspertgruppa. Mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa sette i 2017 i verk ein forsterka ungdomsinnsats, som held fram i 2021. Innsatsen skal bidra til at unge under 30 år seinast innan åtte veker får tilbod om individuell og tilpassa arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Det er innført aktivitetsplikt for mottakarar av økonomisk sosialhjelp under 30 år.

For ei vellukka integrering er det viktig at dei som bur i Noreg lærar seg norsk og kjem i arbeid eller utdanning. Regjeringa har i Granavolden-plattforma sagt at ho vil stille krav om deltaking i norskopplæring for mottakarar av økonomisk stønad som pga. manglande norskkunnskapar ikkje er sjølvhjelpne. Arbeids- og sosialdepartementet vil legge fram ein lovproposisjon hausten 2020, med forslag om å innføre norskopplæringsplikt og vurderingsplikt i samband med vedtak om økonomisk sosialstønad.

I lys av situasjonen på arbeidsmarknaden foreslår regjeringa å styrke innsatsen overfor unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det er særleg behov for å styrke tilbodet til unge som manglar formell utdanning og unge som treng arbeidserfaring. Forslag om auka løyvingar til arbeidsmarknadstiltak og styrking av driftsressursane til Arbeids- og velferdsetaten vil gi rom for å intensivere ungdomsinnsatsen i Arbeids- og velferdsetaten. Blant tiltaka er styrking av opplæringstiltak og innføring av eit nytt tilskott til sommarjobb for ungdom.

På Barne- og familiedepartementet sitt område har det blitt foreslått ei styrking av Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, som mellom anna vil legge til rette for arbeidsplassar for utsett ungdom.

Forsøket med NAV-tilsette i vidaregåande skole har særleg vore retta inn mot elevar som står i fare for å slutte som følge av levekårsutfordringar og sosiale problem, med mål om å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring og fremme overgang til arbeid. Det nasjonale forsøket blei avslutta i 2019. Sjå omtale under kap. 621, post 63 i del II i denne proposisjonen.

Arbeids- og velferdsforvaltinga (NAV) skal bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i åra 2016–2018 gjennomført ei systematisk utprøving av ein heilskapleg modell for oppfølging av barnefamiliar med låg inntekt i NAV-kontor. Eigne familiekoordinatorar har følgt opp familiane når det gjeld arbeid, økonomi, bustad og situasjonen for barna. Prosjektet er evaluert. Evalueringa fann ingen effekt av oppfølgingsmodellen eller eigen koordinator på overgang til arbeid og dei andre målområda. Familiekoordinatorane opplevde likevel betre føresetnader for ein heilskapleg og sosialfagleg oppfølging av familiane. Familiane opplevde ein betre familiesituasjon og at relasjonen og tilliten til NAV betra seg. NAV-kontora i prosjektet styrka barneperspektivet. Innsatsen for eit meir inkluderande arbeidsliv og inkludering av utsette grupper på arbeidsmarknaden, og for økonomisk og sosial tryggleik, er nærmare omtalt i del II i denne proposisjonen.

Utdanning

Kunnskap og kompetanse er ein viktig føresetnad for at ein stor del av befolkninga deltek i arbeids- og samfunnslivet. Deltaking i barnehage, skole, læreverksemder og høgare utdanning legg grunnlaget for sjølvstende, sosial mobilitet og medverknad. Ved at den enkelte får utnytta evnene sine, vil dei kunne realisere sine ønsker og ambisjonar, og bidra til fellesskapet ved å delta i arbeids- og samfunnsliv.

Regjeringa har gitt barnehagepolitikken ein tydelegare sosial profil gjennom fleire tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for at barn får gå i barnehage. Gratis kjernetid på 20 timar per veke er eit tilbod til barn i alderen 2–5 år for familiar med låg inntekt. Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn seks pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense.

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil gi rett til barnehageplass for alle barn i mottak, og Kunnskapsdepartementet arbeider med å få finansieringa på plass før ei eventuell lovendring kan skje. Frå hausten 2020 blir det gitt tilskot til å dekke heiltidsplass for alle 1–5-åringar i mottak. Før hausten 2020 blei det berre gitt tilskot for å dekke gratis kjernetid for 1–3-åringane. Regjeringa foreslår for 2021 å løyve 8,3 mill. kroner til å dekke heilårseffekten av heiltidsplass i barnehage for 1–3-åringar i mottak.

Forsøk med gratis deltidstilbod i skolefritidsordninga (SFO) har vist at foreldrebetalinga har vore eit hinder for deltaking. Regjeringa innførte i 2020 ei nasjonal ordning med inntektsgradert foreldrebetaling som gjer at familiane maksimalt skal betale seks pst. av den samla person- og kapitalinntekta til husstanden for eit heiltidstilbod per barn i SFO ved offentlege skolar på 1.–2. trinn. Regjeringa innførte òg gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn.

Regjeringa foreslår for 2021 å løyve 114,5 mill. kroner for å dekke heilårseffekten av den nasjonale ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skolar for 1.–2. trinn og gratis SFO for elevar med særskilde behov på 5.–7. trinn. Regjeringa foreslår å løyve 25,2 mill. kroner til å utvide ordninga med inntektsgradert foreldrebetaling i SFO ved offentlege skolar for 3.–4. trinn frå hausten 2021. Regjeringa foreslår å løyve 3 mill. kroner til å opprette ein tilskotsordning for SFO ved friskolar som ønsker å tilby inntektsgradert foreldrebetaling i SFO på 1.–4. trinn. Regjeringa foreslår òg som del av den same potten å løyve 15,2 mill. kroner til gratis SFO for familiar med låg inntekt i utvalde kommunar.

Regjeringa foreslår å løyve 170 mill. kroner i 2021 til tiltak for å redusere tapt progresjon i skolen for sårbare elever i samband med virusutbrotet våren 2019.

Regjeringa la hausten 2019 fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på. Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Meldinga blir følgt opp vidare i 2021. Målet med oppfølginga er å styrke arbeidet med tidleg innsats og å legge til rette for eit godt tilpassa og inkluderande tilbod for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnader.

0–24-samarbeidet skal gi betre samordna tenester slik at utsette barn og unge og familiane deira får tilpassa og tidleg hjelp. Dette kan bidra til at dei kan lykkast i skolen, noko som igjen kan gi grunnlag for varig deltaking i arbeidslivet. Regjeringa har sendt på høyring forslag til regelendringar i fleire lovar for mellom anna å harmonisere og styrke bestemmingar om samarbeid og reglane om individuell plan, og lovfesta ein tydeleg plikt for kommunane til å samordne tenestetilbodet til barn og unge. Det er òg sette i gang ein pilot for programfinansiering i tolv kommunar i tre fylke, Trøndelag, Innlandet og Vestfold og Telemark. Statlege tilskot retta mot barn og unge under fleire departement er slått saman, og midla skal nyttast til tverrsektorielle og tverrfaglege tiltak for utsette barn og unge og deira familiar. Forsøket starta opp i 2020 og skal gå ut 2022. Grunnstipendet for elevar i vidaregåande opplæring blei lagt om frå skoleåret 2015–16. Ungdommar i låginntektsfamiliar har fått meir i skolestipend.

Regjeringa gjennomfører kompetansereforma Lære heile livet for at ingen skal gå ut på dato i arbeidslivet og for at fleire skal kunne stå lenger i arbeid. Opplæringstilbodet til vaksne med svake grunnleggande ferdigheiter blir styrkt, mellom anna gjennom eigne læreplanar for vaksne. Løyvinga til Kompetansepluss, ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i mellom anna lesing, skriving og rekning, har auka dei siste åra. Regjeringa har våren 2020 lagt fram ei melding til Stortinget om kompetansereforma. Meldinga inneheld fleire tiltak som er retta mot å tette gapet mellom kva for kompetanse arbeidslivet treng, og den kompetansen arbeidstakarane faktisk har.

Utdanningsløftet 2020, som er satsinga til regjeringa på kompetanse for å motverke dei økonomiske konsekvensane av koronautbrotet, har fleire tiltak retta mot vidaregåande opplæring. Dette er tiltak som er viktige for at fleire skal kunne fullføre vidaregåande opplæring, noko som gir betre føresetnader for ei stabil og god tilknyting til arbeidsmarknaden. Personar med svak kompetanse er overrepresenterte blant arbeidsledige og mottakarar av helserelaterte ytingar. Som del av Utdanningsløftet 2020 blei det i 2020 løyvd 300 mill. kroner for å gi permitterte og ledige utan fullført vidaregåande opplæring mogelegheit til å oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Regjeringa vil halde fram med denne satsinga og foreslår å løyve 300 mill. kroner i 2021. Det blei òg løyvd 150 mill. kroner i tilskot til fylkeskommunane for at dei elevane som ikkje fullførte vidaregåande opplæring våren 2020, kunne fortsette med opplæringa. Regjeringa foreslår å vidareføre denne satsinga med 150 mill. kroner i 2021. Som del av Utdanningsløftet 2020 blei det òg løyvd 170 mill. kroner til ein ekstraordinær auke av lærlingtilskotet hausten 2020 og eit tilskot på 175 mill. kroner til fylkeskommunane til tiltak for å rekruttere fleire lærebedrifter og andre målretta tiltak for hardt ramma lærefag. Regjeringa foreslår 170 mill. kroner for å vidareføre den ekstraordinære auken av lærlingtilskotet for våren 2021.

Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

Oppvekst og familie

Deltaking er grunnleggjande for ein god oppvekst i Noreg. Gjennom deltaking i barnehage, skole, skolefritidsordningar og fritidsaktivitetar utviklar barna kunnskap og ferdigheiter som vil vere nyttige seinare i livet. Barn som veks opp i låginntektsfamiliar har større risiko for ei rekke tilleggspåkjenningar samanlikna med andre barn. Dei har oftare dårleg helse, svake skoleprestasjonar og deltar sjeldnare i fritidsaktivitetar enn andre barn. Dei har òg større risiko for å oppleve låg inntekt som vaksne.

Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal kunne delta i sosiale fellesskap på linje med andre barn. Trygg og god omsorg, gode barnehagar og skoler og deltaking på fritida er grunnleggjande i dette arbeidet. Vellukka integrering, trygge butilhøve og gode helsetenester er òg viktig i den samla innsatsen retta mot barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha like høve til å delta og utvikle seg, utan omsyn til kva bakgrunn dei har.

For å legge til rette for at alle barn og unge får ein trygg og god oppvekst, har regjeringa styrkt innsatsen rundt utsette familiar. Løyvingane til barnetrygd, ferie- og fritidsaktivitetar, helsestasjon- og skolehelsetenestene, barnevernet og arbeidet mot vald og overgrep er auka. Bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar er styrka og barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i det bustadsosiale arbeidet. Områdesatsingane i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger bidreg til betre oppveksthøve og nærmiljø i utsette byområde.

Barn som lever i fattigdom, regjeringas strategi (2015–2017) gjekk ut ved årsskiftet 2017–2018. Til hausten skal regjeringa legge fram ein ny samarbeidsstrategi for barn og unge som veks opp i familiar med låg inntekt. Målet for strategien er å dempe dei negative konsekvensane av å vekse opp i fattigdom, auke deltakinga på viktige arenaer i oppveksten, og gjennom dette hindre at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv. Strategien vil innehalde tiltak som bidreg til at barn og unge gjennomfører utdanningsløp, kan delta i organiserte fritidsaktivitetar, får betre tilgang til helsetenester og som sikrar gode og trygge butilhøve.

Den ordinære barnetrygda auka frå 970 kroner til 1 054 kroner i månaden frå 1. mars 2019. 1. september 2020 auka den månadlege utbetalinga med 300 kroner for barn opp til 6 år. Auka i barnetrygda for barn opp til 6 år vil bety mest for foreldre med vedvarande låg inntekt. Småbarnsforeldre har ofte kortare tid i yrkeslivet og kan derfor ha ein svakare privatøkonomi enn foreldre med eldre barn. For å tydeleggjere at kommunane skal la dette kome sosialhjelpsmottakarar til gode, vil dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald for barn 0–5 år bli auka tilsvarande frå same tidspunkt.

Regjeringa ønsker å gjere det lettare for barn frå 6 til fylte 18 år å delta på fritidsaktivitetar. I 2019 blei det sett i gang eit pilotforsøk med fritidskortordningar i Arendal og Vadsø kommune. Fritidskortet skal bidra til å dekke utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar, slik at fleire barn og unge kan delta i fritidsaktivitetar. I august starta ytterlegare 10 kommunar/bydelar opp med å prøve ut fritidskortordningar. Ei slik satsing betyr òg mest for barn i familiar med låg inntekt.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2021:

  • 413 mill. kroner til å auke barnetrygda med 300 kroner i månaden for barn under 6 år frå 1. september 2021. For å tydeleggjere at kommunane skal la dette kome sosialhjelpsmottakarar til gode, vil dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad til livsopphald for barn 0–5 år bli auka tilsvarande frå same tidspunkt.

  • 120 mill. kroner til å vidareføre og utvide prøveprosjekt med nasjonal fritidskortordning for barn frå 6 til fylte 18 år.

  • 38,5 mill. kroner til å styrke og utvide Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Av desse vil 2 mill. kroner gå til administrasjon av ordninga i Bufdir.

  • 3 mill. kroner til forsking og evaluering av tiltak på barnefattigdomsområdet.

  • 45,3 mill. kroner til ei utviding av det forebyggande programmet Familie for første gang/Nurse Family Partnership (NFP).

  • 70 mill. kroner til å auke eingongsstønaden frå 84 720 kroner til 90 300 kroner frå 1. januar 2021.

Sjå meir omtale av regjeringa sitt arbeid mot barnefattigdom i Prop. 1 S (2020–2021) for Barne- og familiedepartementet.

Frivillige organisasjonar innan idrett, kunst og kultur tilbyr fritidsaktivitetar for barn og unge, og er viktige arenaer i utviklinga av fysisk, kulturell og sosial kapital. Deltaking i organisasjonsliv er ulikt fordelt, og heng saman med grad av utdanning, inntekt og yrkesdeltaking. Dei med store økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltek oftast i frivillig arbeid. Omfanget av foreldrefrivilligheit er betydeleg på kultur- og fritidsfeltet. Dersom foreldre av ulike årsaker ikkje kan engasjere seg i fritida til barna, kan dette føre til at barna ikkje deltek. For å lukkast med å inkludere fleire i frivillige aktivitetar er det derfor viktig å nå både barn og foreldre.

I 2016 signerte regjeringa, KS og ein rekke frivillige organisasjonar Fritidserklæringa som slår fast at alle barn skal ha moglegheit til å delta jamleg i minst ein fritidsaktivitet saman med andre. Det finnast ulike grep ein kommune, i samarbeid med frivilligheita, kan ta for å inkludere fleire barn og unge i fritidsaktivitetar. Forsøk med fritidskortordning blir nå utprøva, og målet er å gi fleire barn og unge moglegheit til å delta i jamlege fritidsaktivitetar saman med andre barn og unge.

Det er eit overordna frivilligheitspolitisk mål å auka deltakinga i frivillige organisasjonar. På frivilligheitsområdet prioriterer regjeringa både breie og målretta tiltak og ønsker å:

  • Oppretthalde støtta til dei breie og universelle ordningane som gir frivillige organisasjonar økonomiske rammevilkår som set dei i stand til å rekruttere og bevare eit mangfald av frivillige aktivitetar. Dei viktigaste ordningane på dette området er Frifond og momskompensasjon for frivillige organisasjonar.

  • Halde fram med å gi støtte til målretta tiltak for å rekruttere dei som ikkje deltek i frivillig aktivitet. Eit nytt tiltak på dette området er Frivillig kulturliv, som er særleg retta mot barn og unge som ikkje deltar i fritidsaktivitetar, etter modell frå Inkludering i Idrettslag.

Sjå Prop. 1 S (2020–2021) for Kulturdepartementet for nærmare omtale.

Helse

I Granavolden-plattforma går det fram at «Ein god og førebyggjande folkehelsepolitikk skal legge til rette for at den enkelte kan ta gode val for eiga helse. God helse og gode levekår heng saman, og arbeidet for folkehelsa må legge til rette for ei betre helse for alle. Dette vil òg bidra til å redusere sosiale skilnader. Helsevanane som blir etablerte tidleg i livet, påverkar utsiktene til å lykkast i skolen og arbeidslivet.» Utjamning av sosiale helseforskjellar vil òg bidra til å redusere fattigdom.

Det er lagt til rette for at kommunane som ein del av folkehelsearbeidet arbeider systematisk for å jamne ut sosiale helseforskjellar. I denne samanheng kan det vera ei støtte at folke-helseprofilane til Folkehelseinstituttet no betre synleggjer sosiale forskjellar internt i kommunane, ved at det er profilar på bydelnivå. Dessutan er det lagt inn indikator for utdanningsforskjell i forventa levealder. Profilane viser òg tydeleg geografiske forskjellar i ulikskap. Med Program for folkehelsearbeid har regjeringa starta eit tiårig utviklingsarbeid retta mot kommunane. Å betre den psykiske helsa for barn og unge er prioritert.

Regjeringa har styrkt tilbodet til gravide, til barn, unge og foreldra deira gjennom helse-stasjons- og skolehelsetenesta med ein gradvis opptrapping gjennom kommuneramma og gjennom øyremerkte tilskot. I 2020 utgjorde tilskotet 904,6 mill. kroner til kommuneramma og 422,1 mill. kroner i øyremerkte tilskot til helsestasjons- og skolehelsetenesta og områdesatsingar. For 2021 blir det foreslått høvesvis 929 mill. kroner til kommuneramma og 389,4 mill. kroner til tilskot til styrking av helsestasjons- og skolehelsetenesta. Det blir òg foreslått å omdisponera 35 mill. kroner av tilskotet til utvikling og drift av digitale tenester til barn og unge. I samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2020 blei 75 mill. kroner i auken av kommuneramma grunngitt med auka tilgjengelegheit i helsestasjons- og skolehelsetenesta.

Tiltak innan psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av helseskilnader i befolkninga. Opptrappingsplanen for barn og unges psykiske helse blei behandla i Stortinget 30. januar 2020. Planen inneheld helsefremjande, førebyggande og kurative tiltak for å styrke den psykiske helsa til barn og unge. For 2021 er 100 mill. kroner av den foreslåtte veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med regjeringas auka satsing på den psykiske helsa til barn og unge. Veksten må sjåast i samanheng med opptrappingsplanen.

Det er framleis forskjellar i helse i alle aldersgrupper. Barn som lever i låginntektsfamiliar er særleg utsette. Regjeringa vil forsterka innsatsen for å redusera forskjellane, mellom anna ved å legga vekt på fordelingseffektar ved prioritering av folkehelsetiltak og gjennom ein samarbeidsstrategi for å gi barn i låginntektsfamiliar større moglegheiter for deltaking og utvikling.

Regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelse-arbeid. Ein viktig del av dette er å skape eit trygt samfunn og fremme helsevennlege val. Særleg på nokre områder ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen: tidleg innsats for barn og unge, førebygging av einsemd og mindre sosial ulikskap i helse.

Våren 2019 la regjeringa derfor fram folkehelsemeldinga Meld. St. 19 (2018–2019) Gode liv i eit trygt samfunn, som bygg vidare på Meld. St. 19 (2014–2015) Folkehelse-meldinga – Meistring og moglegheiter. Meldinga omfattar mellom anna Saman mot einsemd – regjeringa sin strategi for å førebyggje einsemd (2019–2023). I 2020 la regjeringa fram Sammen om aktive liv, handlingsplan for fysisk aktivitet (2020–2029).

Regjeringa har overoppfylt målet om å auke løyvingane til rusfeltet med 2,4 mrd. kroner, i tråd med langsiktige mål og tiltak i Prop. 15 S (2015–2016) Opptrappingsplanen for rusfeltet (2016–2020). Gjennom stimuleringsmidlar og vekst i dei frie inntektene har regjeringa gjennomført målsetjinga om ein særleg innsats retta mot kommunane gjennom fem hovudmål. Innsatsen har retta seg mot ordningar som betrar tenestene og oppfølgingsarbeidet for målgruppa, til dømes arbeidsretta tiltak, bustad, brukarstyrte løysingar, fengselshelseteneste og oppsøkande behandling. Helsedirektoratet har i samarbeid med andre direktorat, Husbanken og Fylkesmannen vore sentrale i gjennomføringa av Opptrappingsplanen for rusfeltet. Satsinga har hatt god måloppnåing. For 2020 blei det løyva 150 mill. kroner, som vekst i kommunanes frie inntekter for å fullføre den fleirårige satsinga med å styrke tenestene på rusfeltet. Rapporteringa viser at opptrappingsplanen har gitt resultat i form av auka tenesteyting og fleire årsverk.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Bustad for velferd styrker det bustadsosiale arbeidet

Eit mål for regjeringa er at ingen skal vere utan bustad. Alle skal ha ein trygg og god stad å bu. Den nasjonale strategien Bustad for velferd (2014–2020) gir retning for arbeidet med bustader og oppfølgingstenester for vanskelegstilte på bustadmarknaden. For perioden 2018–2020 har to tiltak vore prioriterte. Det eine er å legge til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar bur i eigna bustad. Det andre er å etablere arbeidsprosessar for heilskapleg tilbod av bustader og bu- og oppfølgingstenester for menneske med rusavhengigheit og psykiske lidingar som manglar eller risikerer å miste bustaden sin. Strategien har sitt siste år i 2020, og skal sluttevaluerast. Regjeringa skal legge fram ein strategi om den bustadsosiale politikken hausten 2020. Strategien vil gjere greie for resultata i Bustad for velferd og tilrå korleis den offentlege innsatsen bør innrettast framover.

Regjeringa vil legge til rette for at så mange som mogleg som ønskjer det, skal kunne eige bustaden sin. Startlån fremjar eigarlinja ved å medverke til at òg vanskelegstilte skal kunne eige bustad. Husbanken skal prioritere arbeidet med å hjelpe vanskelegstilte frå leige til eige. Fleire barnefamiliar fekk startlån i 2019 samanlikna med 2018, og 57 pst. av alle startlån gjekk til barnefamiliar. Det må sjåast i samanheng med den ekstraordinære satsinga på 110 mill. kroner på tilskot til etablering retta mot barnefamiliar i 2019, jf. Prop. 114 S (2018–2019). Regjeringa foreslår å auke Husbankens låneramme med 4 mrd. kroner frå saldert budsjett 2020, til 20 mrd. kroner i 2021. Startlån vil framleis vere prioritert innanfor låneramma.

Trygge og gode butilhøve er viktig for å redusere fattigdom, og bustøtta er eit effektivt verkemiddel for å hjelpe dei som treng det mest. For å redusere barnefattigdom blei bustøtta for barnefamiliar og andre store husstandar betydeleg auka i 2019. I både saldert budsjett og revidert budsjett for 2019 blei bustøtta for denne målgruppa auka med 126 mill. kroner. Desse tiltaka fekk ei varig heilårsverknad på 225 mill. kroner i 2020.

Koronapandemien kan føre til at fleire får økonomiske utfordringar og problem på bustadmarknaden. For å bidra til å bøte på situasjonen, blei bustøtteordninga mellombels auka med 500 mill. kroner i 2020, jf. Innst. 216 S (2019–2020). Buutgiftstaka blei auka for alle husstandar i perioden 1. april til 31. oktober 2020.

Regjeringa held fram med å gjere bustøtta betre og foreslår å auke buutgiftstaket for både einslege og barnefamiliar i 2021. Ein foreslår derfor å auke løyvinga med 73,2 mill. kroner i 2021. For å bidra til å redusere barnefattigdom, foreslår regjeringa å auke løyvinga med 9,2 mill. kroner for å likestille begge foreldra i høve der barnet har delt bustad. Regjeringa foreslår òg å redusere grensa for minsteutbetaling av bustøtta.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Områdesatsingar for betre levekår i utsette byområde

Områdesatsingane er eit viktig tiltak for å medverke til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. Regjeringa vil derfor halde fram med å støtte dette samarbeidet med kommunane. Det er satt av om lag 218 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger i 2020. I statsbudsjettet for 2021 blir det foreslått ei løyving på om lag 208 mill. kroner til områdesatsingar i Oslo, Drammen, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. I områdesatsingane har det mellom anna blitt sett i verk tiltak for å få fleire i arbeid, ruste opp bu- og nærmiljø, skape møteplassar og kulturaktivitetar, betre integreringa av innvandrarar, betre resultata i grunnskolen, redusere fråfallet i vidaregåande skole, redusere kriminaliteten og styrke folkehelsa. Dette er viktige føresetnader for å motverke fattigdom på både kort og lang sikt.

Sjå nærmare omtale av områdesatsingar i Prop. 1 S (2020–2021) for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Integrering

Hovudmålet for integreringspolitikken er at fleire er i arbeid og deltek i samfunnslivet. Regjeringa har starta eit integreringsløft, som heng tett saman med inkluderingsdugnaden og kompetansereforma. Desse initiativa gir høve til å ta større grep for å få fleire i arbeid. Regjeringa vil hindre at store grupper fell frå eller blir ståande utanfor arbeidslivet, og motverke systematiske skilnader i levekår mellom ulike grupper.

Regjeringa la i 2018 fram ein strategi (2019–2022) som gir ei tydeleg retning for integreringsarbeidet framover. Føremålet med strategien er å auke deltakinga for innvandrarar i arbeids- og samfunnsliv gjennom ein samordna innsats. Innvandrarar skal i større grad bli ein del av store og små fellesskap i det norske samfunnet. Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) ble oversendt Stortinget våren 2020. Integreringsloven skal erstatte introduksjonsloven. I proposisjonen blir det mellom anna foreslått endringar som skal bidra til at introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap blir meir målretta og at fleire skal få formell opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet. Regjeringa foreslår ei rekke målretta tiltak i 2021 for regjeringa sitt integreringsløft, sjå omtale i Prop. 1 S (2020–2021) for Kunnskapsdepartementet.

Sjå omtale under hovudmål om økonomisk og sosial tryggleik i del II.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og sosialdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om innan 2020 å redusere prosentdelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller opplæring vesentleg. Innsatsen for eit omstillingsdyktig arbeidsliv med høg sysselsetjing og inkludering av utsette grupper på arbeidsmarknaden, jf. omtale under punkt 6.1 i denne proposisjonen, står sentralt i arbeidet med å nå dette målet. Situasjonen på arbeidsmarknaden for unge er beskrive i del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarkedet.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sjølv om sysselsetjingsdelen blant unge har vist ein langvarig sigande trend, er sysselsetjinga høg og ledigheita blant unge låg i Noreg samanlikna med mange andre land. Nedgangen i sysselsetjinga blant unge må mellom anna sjåast i samanheng med at det har vore ei auke i delen unge som er under utdanning.

Koronapandemien har ført til eit markert fall i sysselsetjinga i befolkninga totalt. Som i tidlegare nedgangskonjunkturar har utslaga vore størst blant dei yngste, særleg i starten av krisa.

Prosentdelen unge i aldersgruppa 15–29 år som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET) var 6 pst. i 2019, ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Hovudbiletet er at det har vore små rørsler i NEET-raten det siste tiåret. NEET-raten er høgast for dei eldste i aldersgruppa, og låg blant dei under 20 år. Utviklinga så langt i 2020 tyder på at delen unge utanfor arbeidsmarknaden har økt betrakteleg i år.

NEET-gruppa er samansett. Den består mellom anna av ledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tek ei pause frå arbeid og skole. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det òg godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som mottek helserelaterte stønader er overrepresenterte i NEET-gruppa.

Ungdom er ei prioritert målgruppe, både ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak og gjennom oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Den forsterka ungdomsinnsatsen som regjeringa sette i verk i regi av Arbeids- og velferdsetaten frå 2017, har vore eit sentralt verkemiddel for å få fleire unge i utdanning og arbeid. Både ordinære arbeidsmarknadstiltak og lokalt initierte ungdomstiltak og aktivitetar spesielt tilpassa unge sine behov, er tatt i bruk.

Ei evaluering Fafo har gjennomført frå implementeringa av den forsterka ungdomsinnsatsen i Arbeids- og velferdsetaten viser at unge blir prioritert og får rask oppfølging frå NAV-kontora. Nesten alle (93 pst.) får eit tilbod innan åtte veker. I følge rapporten har ungdomsinnsatsen hatt positiv verknad på sannsyna for at unge ledige går over i utdanningssystemet til formell utdanning. Vidare har auka søkelys på unge og spesialisering av oppfølgingsarbeidet ført til kvalitative forbetringar for dei unge som møter Arbeids- og velferdsetaten.

I lys av situasjonen på arbeidsmarknaden foreslår regjeringa ein styrka innsats retta mot unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det er særleg behov for å styrke tilbodet til unge som manglar formell kompetanse, og unge som treng arbeidserfaring.

På Arbeids- og sosialdepartementet sitt område foreslår regjeringa at ungdomsinnsatsen i Arbeids- og velferdsetaten vidareførast og styrkast i 2021. Forslag om å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak og forslag om vidareføring av midlertidig oppbemanning ved NAV-kontora vil gi rom for å intensivere innsatsen for unge og auke bruken av opplæringstiltak og tiltak som kan gi arbeidserfaring.

Regjeringa har òg foreslått innsats på Kunnskapsdepartementet og Barne- og familiedepartementet sine områder.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og sosialdepartementet har del i ansvar for delmål 8.8 om å beskytte arbeidar-rett og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, under dette òg arbeidsinnvandrarar og særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold. Arbeidsforholda er jamt over betre enn i andre land, likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar.

Regjeringa legg til rette for eit arbeidsliv med tryggleik og fleksibilitet for arbeidstakarar, seriøse arbeidsgjevarar og eit velfungerande og effektivt trepartssamarbeid. Regjeringa legg og til rette for at flest mogleg skal kunne delta i arbeidslivet, og vil halde fram med arbeidet for å modernisere og tilpasse regelverket til eit omstillingsdyktig og velfungerande arbeidsliv.

Utanlandske arbeidstakarar som har lite kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet er særleg utsette for dårlege arbeidsvilkår. På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar er styrka, mellom anna gjennom eigne servicesenter for utanlandske arbeidstakarar.

I ein del tilfelle går det føre seg systematiske lovbrot som mellom anna inneber utnytting av arbeidstakarar. For å styrke innsatsen mot useriøse og kriminelle forhold i arbeidslivet, la regjeringa i 2015 fram ein eigen strategi mot arbeidslivskriminalitet. Strategien blei utarbeidd etter dialog med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, og er revidert i 2017 og 2019.

Det er gjennomført ei rekkje tiltak mot arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet samarbeider om førebygging og kontrollinnsats. I sin felles årsrapport for 2019 viser etatane til at omfanget av arbeidslivskriminalitet ikkje har auka dei siste åra, og at det kan vere indikasjonar på ein viss reduksjon.

Regjeringa vil fortsette å styrke innsatsen mot arbeidslivskriminalitet med målretta tiltak, auka kontroll og samarbeidstiltak med partane i arbeidslivet. Innsatsen blei forsterka i statsbudsjettet for 2020. Arbeidet med ei ny revidering av strategien er i gang, med sikte på framlegging i første kvartal 2021.

Regjeringa tilrår frå 2021 å styrke innsatsen for eit seriøst arbeidsliv, med tilråding om auka løyving til Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Noreg har gjennom sin modell for arbeidslivet, med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene, ei heilskapleg tilnærming der beskyttelse av arbeidstakar sin rett og like konkurransevilkår for bedrifter er viktig. Dei lover, føresegner, strategiar og handlingsplanar som er utarbeidd og implementert, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. For enkelte delar av norsk arbeidsliv er det likevel utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet, og dette kan gjere det vanskelegare å oppnå målsettinga. Innsatsen knytt til utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i norsk arbeidsliv vil motverke dette.

For nærmare omtale av regjeringa sin innsats knytt til arbeidstakar sin rett og eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå del II under hovudmål om eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

9 Likestilling og mangfald

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Nedanfor blir det gitt ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald for Arbeids- og sosialdepartementet og for departementet sine underliggande verksemder. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir pålegg til offentlege arbeidsgivarar, både som offentleg myndigheit og som arbeidsgivar, å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering på alle områda i samfunnet.

I tillegg til aktivitetsplikta, følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for tiltak som er sette i verk eller planlagde for å fremme lova sitt føremål om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsutrykk.

Statlege verksemder som ikkje er pålagde å utarbeide årsmelding, skal gi utgreiinga i årsbudsjettet.

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet og i underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder1

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

Totalt i verksemda2

2019

192

14 561

69

24

407

600

173

2018

194

14 549

68

24

393

662

170

Kvinnedel i pst:

I verksemdene

2019

65,1

70

59

58

54,3

59

46

2018

62,4

70

57

58

54,7

60

47

Toppleiarar

2019

50

61

100

50

50

47

43

2018

42,9

56

100

50

50,0

50

43

Mellomleiarar

2019

58

65

25

-

64,4

58

27

2018

50,0

63

0

-

61,4

53

38

Alternativ karriereveg

2019

55

-

50

-

50

0

-

2018

37,5

-

43

-

50,0

44

-

Saksbehandlarar

2019

67,2

67

57

56

53,4

58

43

2018

67,2

68

63

56

54,0

61

43

Konsulentar/kontorstillingar

2019

100

76

85

-

-

80

94

2018

71,5

76

92

-

83

93

Slutta

2019

52

66

50

-

57

58

25

2018

63,0

65

45

-

51,0

60

38

Nytilsette

2019

83

67

70

0

57

56

20

2018

67,0

66

63

0

49,0

54

42

Deltidstilsette

2019

100

80

83

50

77

69

33

2018

100

81

80

50

84,0

82

33

Mellombels tilsette

2019

66,7

71

63

-

67

56

100

2018

66,7

73

67

-

25,0

69

67

Foreldrepermisjon

2019

100

89

67

100

70

69

0

2018

75,0

90

25

50

100

83

100

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Pensjonstrygda for sjømenn (PTS), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Petroleumstilsynet (Ptil). I kategorien alternativ karriereveg ligg fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar, overlegar og overingeniørar, sjefsingeniørar og senioringeniørar. I kategorien saksbehandlarar ligg rådgivarar og seniorrådgivarar. I kategorien konsulentar ligg førstekonsulentar og seniorkonsulentar. I ASD består toppleiinga av ekspedisjonssjefane, departementsråd og direktør. I Trygderetten er det berre ein toppleiar, og denne er ei kvinne. I PTS er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plassert i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønna permisjon.

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinner sin del av lønna til menn etter stillingskategori per 1. oktober 20191

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2019

90,4

93

85

91,7

93,6

96

82

2018

92,2

93

75

92,7

92,2

96

82

Toppleiarar

2019

101,5

97

100

103

82,8

106

104

2018

104,2

97

100

102,5

81,1

106

104

Mellomleiarar

2019

98

95

83

-

100

99

91

2018

97,3

95

-

-

91,5

99

89

Alternativ karriereveg

2019

95,7

-

100

-

115,1

-

-

2018

95,8

-

100

-

114,1

100

--

Saksbehandlarar

2019

100,4

92

86

105,5

91,1

99

88

2018

100,9

93

85

107,6

90,8

99

86

Konsulentar/kontorstillingar

2019

100

101

100

-

-

93

104

2018

106,5

101

101

-

-

93

99

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og sosialdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og sosialdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær for departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær totalt per 31. desember 2019

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

2019

2,8

5,7

7,1

1,6

3,7

4,6

2,4

2018

3,4

5,4

6,0

2,9

3,3

3,6

2,2

Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Det er relativt stor skilnad i nivået på sjukefråværet mellom verksemdene. Det har vore ein nedgang i sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet og i Pensjonstrygda for sjømenn frå 2018 til 2019. I dei andre verksemdene har sjukefråværet auka.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og sosialdepartementet var 2,8 i pst i 2019 mot 3,4 pst. i 2018. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3,0 pst. i 2019 mot 3,1 pst. 2018.

I det statelege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,0 pst. i 2019. I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 5,7 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2019 ligg under nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn, Statens pensjonskasse og Petroleumstilsynet.

I 2018 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 3,9 pst. i det statlege tariffområdet . I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var sjukefråværet 5,5 pst. i 2018.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember 20191

ASD

AV-etaten

TR

PTS

SPK

Atil

Ptil

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2019

0,7

4,0

3,7

6,4

4,0

7,6

0,6

2,3

3,4

4,0

2,9

5,7

0,7

1,6

2018

1,8

4,3

3,5

6,2

2,8

8,6

1,5

3,9

1,6

4,8

2,9

4,2

1,2

1,0

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og tal frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor skilnad mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i heile sektoren. Petroleumstilsynet og Pensjonstrygda for sjømenn skil seg likevel ut med et langt lågare sjukefråvær blant kvinner enn i dei andre verksemdene.

I alle departementa sett under eitt, var det legemelde sjukefråværet blant menn 1,7 pst i 2019. Det legemelde sjukefråværet blant menn er lågt i Arbeids- og sosialdepartementet, og var 0,7 pst. i 2019. I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,5 pst. I Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor var det legemelde sjukefråværet lågare enn 2,5 pst. i Pensjonstrygda for sjømenn og Petroleumstilsynet. Frå 2018 til 2019 har det vore ein nedgang i sjukefråværet blant menn i Arbeids- og sosialdepartementet, Pensjonstrygda for sjømenn og Petroleumstilsynet. Samtidig har det vore ein auke i sjukefråværet blant menn i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten og Statens pensjonskasse.

Det legemelde sjukefråværet blant kvinner er høgare enn for menn og var 4,0 pst i alle departementa sett under eitt i 2019, noko det òg var i Arbeids- og sosialdepartementet. I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 5,5 pst, medan det var 6,6 pst. i Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor. Gjennomsnittleg sjukefråvær blant kvinner var høgare enn 5,5 pst. i Arbeids- og velferdsetaten, Trygderetten og Arbeidstilsynet. Frå 2018 til 2019 har det vore ein auke i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet. Det har vore ein nedgang i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og sosialdepartementet, Trygderetten, Pensjonstrygda for sjømenn og Statens pensjonskasse. Samtidig har det vore ein auke i sjukefråværet blant kvinner i Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og sosialdepartementet

Kvinnedelen i departementet har auka det siste året, og 65,1 pst. av dei 192 tilsette er kvinner. Kvinnedelen var 62,4 pst. i 2018. Av dei nyrekrutterte i 2019 var delen kvinner 83 pst., medan delen kvinner som slutta var 52 pst. I 2018 var 67 pst. av dei nyrekrutterte kvinner, medan delen kvinner som slutta var 63 pst.

Kjønnsperspektivet er ein del av departementet sin lokale personalpolitikk. Departementet har særleg fokus på at kvinner og menn får like moglegheiter for fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane i departementet, bortsett frå blant toppleiarane der delen kvinner er 50 pst., ein auke frå 37,5 pst. i 2016. Blant mellomleiarane er delen kvinner 58 pst. mot 50 pst. i 2018. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 55 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Departementet vil halde fram med å vere merksam på utviklinga her. Det er ei overvekt av kvinner i dei lågare stillingskategoriane. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 67,2 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner. Kvinnedelen i dei ulike stillingskategoriane speglar i større grad enn tidlegare delen kvinner i departementet.

Prinsippet om likelønn skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 90,4 pst. av menn si lønn, mot 92,2 pst. i 2018. Som tala i tabellen over syner, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i stillingskategoriane toppleiarar og saksbehandlarar. Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 98 pst. av menn si lønn, og i stillingskategorien alternativ karriereveg tener kvinner 95,7 pst. av menn si lønn. Det er fleire kvinner enn menn i dei lågare stillingskategoriane, og det kan forklare noko av årsaka til skilnaden i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Departementet deltek i staten sitt traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet rekrutterte to traineear med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne hausten 2019. Forutan søkarar til traineestillinga var delen søkarar som oppga å ha nedsett funksjonsevne 4,7 pst. i 2019 mot 1,6 pst. i 2018.

Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har departementet retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Av dei nytilsette i Arbeids- og sosialdepartementet i 2019 var 13 pst. i målgruppa for inkluderingsdugnaden.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 6,8 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2019, og av desse var 3,5 pst. frå landgruppe 2 (Asia, Afrika, Latin-Amerika, Oseania unntatt Australia og New Zealand, og Europa utanfor EU). Av totalt 914 søkarar til ordinære stillingar i Arbeids- og sosialdepartementet i 2019, opplyste 10,8 pst. av søkarane at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2. Av den totale søkarmassen blei 1 pst. av søkarane med opplyst innvandrarbakgrunn innkalla til intervju. Det blir jobba med å auke kompetansen på rekruttering i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Det legemelde sjukefråværet var 2,8 pst. i 2019, ein nedgang frå 2018 då sjukefråværet var 3,4 pst. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten er ein kvinnedominert arbeidsplass, og kvinnedelen har vore stabil på om lag 70 pst. dei siste åra. Det var 14 561 tilsette i etaten i 2019. Fordelinga mellom kjønna er den same for dei nyrekrutterte og for dei som sluttar i etaten.

Delen kvinner er noko ulik mellom einingane, og er høgast i Arbeids- og tenestelinja med over 75 pst. kvinner i nokre fylke og lågast i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er under 50 pst. For direktoratet er IT eit stort område som tiltrekker seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Kvinnedelen er høgast i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane har auka til 61 pst. i 2019. Det er færre toppleiarar, men kvinnedelen er større. I stillingskategorien mellomleiarar har kvinnedelen vore aukande dei siste åra, og det var ein svak auke frå 61 pst. i 2016 til 65. pst i 2019. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

Prinsippet om likelønn i Arbeids- og velferdsetaten skal takast vare på gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sjølv om kvinner har vore prioriterte i lønnsforhandlingane så gir ikkje det dei store utslaga i statistikken. Dette kan forklarast med gjennomstrøyminga av tilsette og ein høg kvinnedel blant dei som er tilsette i dei lågare stillingskategoriane. Lønnskartlegginga som kjem i 2021 kan gi fleire svar.

I dei ulike einingane tener menn gjennomgåande noko meir enn kvinner. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 93 pst. av menn si lønn. Det er variasjon i kor stor skilnaden mellom kjønna er i dei ulike driftseiningane. Kvinnelege toppleiarar tener i snitt 97 pst. av menn si lønn, kvinnelege mellomleiarar tener i snitt 95 pst. av menn si lønn og kvinnelege saksbehandlarar tener i snitt 92 pst. av menn si lønn. Det er berre i stillingskategorien konsulentar og kontorstillingar kvinner i snitt tener noko meir enn menn.

Personalpolitikken til etaten slår fast at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan vere høgare lønte enn leiarar. I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald knytt til etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. I 2018 drøfta og forhandla etaten seg fram til ein felles personal- og lønnspolitikk for heile etaten, på tvers av tariffområda. Tidlegare hadde kvar driftseining sin eigen lokale politikk som la nokre sentrale personal- og lønnspolitiske føringar til grunn. Mangfald og inkludering er ein av kjerneoppgåvene i NAV, og etaten er opptatt av å ta i bruk kunnskapen dei har på området i eige rekutteringsarbeid.

I alle kunngjeringane i etaten blir det oppmoda om å søke på stillingane utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Det er eit krav at minimum éin søkar frå kvar av dei underrepresenterte gruppene (definert som innvandrarbakgrunn eller med redusert funksjonsevne) blir kalla inn til intervju dersom det finst kvalifiserte søkarar. Frå 1. april 2019 gjeld dette òg personar med hol i CV-en. Dette er det opplyst om i det elektroniske rekrutteringsverktøyet til etaten. I 2019 blei det lyst ut 1 198 stillingar i etaten. Av 24 063 søkarar til desse stillingane opplyste 18,4 pst. at dei hadde innvandrarbakgrunn og 2,3 pst. opplyste om at dei hadde nedsett funksjonsevne.

Med bakgrunn i regjeringa sin inkluderingsdugnad har etaten retta større merksemd mot å tilsette fleire personar med nedsett funksjonsevne og med hol i CV-en. Alle driftseiningane la inkluderingsdugnaden sine krav til grunn da dei rekrutterte i 2019, men einingane har ulik praksis. Det er ikkje sett i verk sentralt initierte tiltak i 2019, utover å tydeleggjere forventningane i mål- og disponeringsbreva og vidareføre rapporteringskrava. Direktoratet ser ein samanheng mellom gode og inkluderande rekrutteringsprosessar og kor mange personar som er rekruttert i målgruppa, og vil etterspørje kva driftseiningane har gjort på dette området.

Av dei nytilsette i Arbeids- og velferdsetaten i 2019 var 6,5 pst. i målgruppa for inkluderingsdugnaden.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket. Nettverket har hatt inkluderingsdugnaden som tema i 2019, og alle dei statlege etatane i nettverket er kvar sin gang vertskap for nettverket.

NAV deltek i statens traineeprogram for personar med nedsett funksjonsevne og høgare utdanning. For perioden 2019–2020 tilsette direktoratet sju traineear.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra. Auken har vore størst når det gjeld delen tilsette frå landgruppe 2. I Arbeids- og velferdsetaten hadde 11,3 pst. av dei tilsette innvandrarbakgrunn i 2019, og av desse var 7,4 pst. frå landgruppe 2. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet skil seg ut med ein høgare del tilsette med innvandrarbakgrunn samanlikna med dei andre einingane. I Arbeids- og tenestelinja er det stor variasjon mellom fylka, noko som speglar storleiken på innvandrarbefolkninga i fylket. Statistisk sentralbyrå har avslutta statistikken som viser kor stor del av dei tilsette som har innvandrarbakgrunn i dei ulike einingane. Tala frå Statistisk sentralbyrå gir no berre informasjon for heile NAV.

Det legemelde sjukefråværet var 5,7 pst. i 2019, ein auke på 0,3 pst. frå 2018. Det har vore ein auke i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 69 tilsette i 2019, og av desse er 59 pst. kvinner. Toppleiar er ei kvinne, medan kvinnedelen blant mellomleiarane er 25 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg er 50 pst. kvinner, og blant rettsfullmektigane er delen kvinner 63 pst. Blant saksbehandlarane er delen kvinner 63 pst. I lågare stillingskategoriar innan økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester med vidare, er kvinnedelen 75 pst. Delen tilsette på deltid er i hovudsak av kvinner.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Trygderetten lågare enn for menn, og utgjer 85 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn. Blant Trygderetten sine saksbehandlarar utgjer den gjennomsnittlege lønna til kvinner 86 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og desse stillingsgruppene har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra. Det er ingen forskjell i den gjennomsnittlege lønna til menn og kvinner i denne gruppa.

Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal bli behandla likt, uavhengig av kjønn. Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga både når det gjeld kjønn, alder, kulturell bakgrunn og erfaring. I alle stillingsutlysingane blir dette understreka.

Trygderetten har som mål å ha ein høg gjennomsnittleg pensjonsalder. Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne, heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Verkemiddel som er aktuelle er mellom anna å bruke eldre, erfarne rettsmedlemmar til «fadderverksemd» for nytilsette og til å arbeide med praksisundersøkingar og anna utredningsarbeid, i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor, ha ei positiv haldning til graderte stillingar og ei positiv haldning til å tilby praksisplass til personar som NAV har avklart.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn på ledige stillingar, blir alltid minst éin kalla inn til intervju. Embetet som rettsmedlem (dommarar) og stillinga som rettsfullmektig må vere besett av personar med norsk statsborgarskap.

Trygderetten har som mål at sjukefråværet ikkje skal vere høgare enn 5 pst. i perioden. Det legemelde sjukefråværet var 7,1 pst. i 2019 mot 6 pst. i 2018. Det er 2,1 pst. høgare enn verksemda sitt mål. Det auka sjukefråværet er ikkje arbeidsrelatert. Det har vore ein auke i det legemelde sjukefråværet blant menn og ein nedgang blant kvinner.

Pensjonstrygda for sjømenn

Pensjonstrygda for sjømenn er ei lita verksemd med 24 tilsette. Kvinnedelen er uendra frå tidlegare år og er no 58 pst. Etter nokre år med høg kvinnedel har verksemda oppnådd ein god balanse mellom kjønna. I leiinga er kvinnedelen 50 pst. Dei fleste tilsette er i gruppa saksbehandlarar, og i denne gruppa er kvinnedelen 56 pst.

Pensjonstrygda for sjømenn legg til rette for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner og menn i Pensjonstrygda for sjømenn tilnærma lik, og gjennomsnittleg lønn for kvinner utgjorde 99,8 pst. av menn si lønn når øvste leiar og toppleiarar ikkje blir talde med. Jamlege analysar av forholda i verksemda viser at det er små skilnader mellom kvinner og menn si lønn, både i leiinga og blant saksbehandlarane. Blant toppleiarane utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 103 pst. av menn si lønn, og blant saksbehandlarane utgjer gjennomsnittleg lønn for kvinner 105,5 pst. av menn si lønn.

Pensjonstrygda for sjømenn har få tilsette og svært låg grad av utskifting. Pensjonstrygda for sjømenn har derfor ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller personar med innvandrarbakgrunn. Kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en blir innkalla til intervju.

I 2019 var det legemelde sjukefråværet 1,6 pst. mot 2,9 pst i 2018. Frå 2018 til 2019 har det vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både kvinner og menn. Det har vore jobba mykje med førebyggande tiltak, oppfølging og tilrettelegging.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 407 tilsette, og ein kvinnedel på 54,3 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst., ein auke frå 37,5 pst. i 2017. Kvinnedelen blant mellomleiarane er 64 pst. medan kvinnedelen blant saksbehandlarane er 53 pst. I gruppa alternativ karriereveg er kvinnedelen 50 pst., som er uendra sidan 2016.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 93,6 pst. av menn si lønn i 2018, ein auke frå 2018 da den gjennomsnittlege lønna til kvinner utgjorde 92,2 pst. av menn si lønn. Innanfor dei fleste stillingsgruppene tener menn jamt over noko meir enn kvinner, bortsett frå i gruppa alternativ karriereveg og mellomleiarar. I gruppa alternativ karriereveg utgjer gjennomsnittleg lønn for kvinner 115 pst. av menn si lønn.

Statens pensjonskasse analyserer lønnsforholda jamleg, og i dei lokale lønnsforhandlingane fokuserer verksemda mellom anna på at tilsette i permisjon og deltidsstillingar ikkje skal diskriminerast.

Verksemda har sett aktivitetsmål når det gjeld personar med nedsett funksjonsevne, og skal halde fram med eksisterande praksis for tilrettelegging av arbeidsplassar og ta imot personar som har behov for utprøving av arbeids- og funksjonsevne i det ordinære arbeidslivet.

I kunngjeringar kommuniserer verksemda aktivt at dei har kontorløysingar med universell utforming. I tillegg har verksemda gjort inkluderingsdugnaden sine målsettingar tydelege i leiarhandboka, som er verktøyet leiarane bruker når dei skal rekruttere nye medarbeidarar. Statens pensjonskasse har gjennomført informasjonstiltak om inkluderingsdugnaden retta mot leiarane sine.

I 2019 hadde verksemda to personar inne på praksisplass. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn var 15,5 pst. i 2019.

I 2019 var det legemelde sjukefråværet 3,7 pst. mot 3,3 pst. i 2018. Frå 2018 til 2019 har det vore ein auke i det legemelde sjukefråværet blant menn og ein nedgang i det legemelde sjukefråværet blant kvinner.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 600 tilsette, og kvinnedelen er 59 pst. Blant toppleiarane er kvinnedelen 47 pst., og blant mellomleiarane er kvinnedelen 58 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er det overlegar, ingeniørar, seniorrådgivarar og rådgivarar og kvinner utgjer 58 pst. av dei tilsette i denne gruppa.

Arbeidstilsynet har ein flat organisasjonsmodell, og karrierevegar er i form av meir ansvar, nye oppgåver og spesielle funksjonar, som til dømes prosjektleiar og koordinator.

Arbeidstilsynet har ein god balanse i lønna mellom kvinner og menn i stillingar ein kan samanlikne. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeidstilsynet litt lågare enn for menn, og utgjer 96 pst. av menn si lønn. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 106 pst. av menn si lønn, blant mellomleiarane og saksbehandlarar er gjennomsnittleg lønn for kvinner 99 pst. av menn si lønn. Det er berre i stillingskategorien konsulentar at kvinner si lønn har vore markant lågare enn menn si lønn, men ho har auka frå 87 pst. i 2016 til 93 pst. i 2019. Arbeidstilsynet sin lønnspolitikk sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn.

Arbeidstilsynet har få nytilsette i 2019. Det er i hovudsak pga. budsjettsituasjonen og omstillingsprosessen i etaten. Av dei 25 nyrekrutterte var delen kvinner 56 pst. Talet på kvinner har auka meir enn talet på menn det siste åra.

I rekrutteringsarbeidet har verksemda ein god rutine for å sikre likebehandling med omsyn til kjønn og mangfald. Arbeidstilsynet har eit særleg fokus på målgruppa i inkluderingsdugnaden, og nådde målet om at minst 5 pst. av dei nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en i både 2018 og 2019.

Arbeidstilsynet deltek i Statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne. Arbeidstilsynet har god erfaring med traineeprogrammet, og har delteke i programmet kvar gang.

Verksemda sitt arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskild fokus på tema som handlar om uheldig belasting og vald og truslar frå eksterne, og på tema som konfliktar, trakassering og utilbørleg åtferd. Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering.

Arbeidstilsynet er ein etat med høg gjennomsnittsalder, med mange seniorar blant dei tilsette, og starta av den grunn eit seniorpolitisk prosjekt i 2017.

Sjukefråværet blir følgd opp gjennom jamleg uttak av statistikkar. I 2019 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,6 pst, ein auke frå 3,6 pst. i 2018. Det legemelde sjukefråværet blant menn var 2,9 pst. og uendra frå 2018. Blant kvinner auka det legemelde sjukefråværet frå 4,2 pst. i 2018 til 5,7 i 2019.

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet har 173 tilsette og det er ein god balanse mellom kjønna. I 2019 var 46 pst. av dei tilsette kvinner. Blant toppleiarane er kvinnedelen 43 pst., som i 2018, medan kvinnedelen blant mellomleiarane var 27 pst.

Arbeidet med å fremme likestilling mellom kjønna er forankra i Petroleumstilsynet sin personalpolitikk, og er ein integrert del av verksemda. I den samanheng legg verksemda vekt på tilsetting av leiarar og medarbeidarar, fordeling av utfordrande oppgåver som inneber større ansvar og eksponering internt i Petroleumstilsynet, i næringa og departementa, samansetting av lag, prosjekt og grupperingar, kompetanseutvikling og lønn basert på kjønnsnøytrale kriterium.

Ved behov for nye medarbeidarar inngår ei analyse av samansettinga av kjønn og alder.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Petroleumstilsynet lågare enn for menn, og utgjorde 82 pst. av menn si lønn i både 2019 og 2018. Når det gjeld skilnadene i lønn for kvinner og menn med omsyn til «totalt i verksemda» og «saksbehandlarar» i tabellen, så gjer verksemda merksam på at Petroleumstilsynet er delt inn i ei fagavdeling med fleire fagområde og ei administrativ avdeling, der fleirtalet av dei tilsette er kvinner. Skilnadene i lønn mellom dei to grupperingane kjem av at kompetansekrava og etterspurnaden etter nye medarbeidarar i snitt er vesentleg høgare når det gjeld medarbeidarar i fagavdelinga enn i administrativ samanheng.

Gjennomsnittleg lønn for kvinner er 104 pst. av menn si lønn for toppleiarar og 91 pst. for mellomleiarar. Blant saksbehandlarane tener kvinner gjennomsnittleg 88 pst. av menn si lønn. Petroleumstilsynet rekrutterer i stor grad ingeniørar, og det har vore stor konkurranse om denne type arbeidskraft i petroleumsnæringa. Det er i stor grad etterspurnaden etter kompetanse og kapasitet som styrer nivået på lønna i petroleumsnæringa. Seinare i lønnsutviklinga medverkar sentrale og lokale føringar for dei lokale forhandlingane til å betre den kvinnelege lønnsprofilen samanlikna med den mannlege. Før dei lokale lønnsforhandlingane ber verksemda leiarar og organisasjonane vurdere om nokon av skilnadene i lønn mellom kvinner og menn kan skuldast kjønn.

Verksemda si målsetting er å ivareta og legge til rette for medarbeidarar med særlege behov og nedsett funksjonsevne på ein god måte. I administrative stillingar kan verksemda legge til rette for søkarar med nedsett funksjonsevne. For medarbeidarar som skal arbeide på innretningar offshore og på petroleumsanlegg på land, er det krav om helseattest og kurs i tryggleik.

Petroleumstilsynet har i perioden sett i gang tiltak for å realisere regjeringa sin dugnad for å inkludere personar med redusert funksjonsevne eller hol i CV-en. Verksemda har vore særskild merksam på å gi råd til og lære opp leiarar, i tillegg til å revidere og utvikle retningslinjer, handlingsplanar og rutinar på området. Verksemda nådde ikkje målet i inkluderingsdugnaden om at minst 5 pst. av dei nytilsette skal ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en blir kalla inn til intervju.

Det er ei målsetting å tilby minst éin praksisplass per år. Denne praksisplassen ønsker verksemda primært å tilby personar med annan etnisk bakgrunn enn norsk, eller personar som har hol i CV-en.

Verksemda har etablert kontakt med NAV si arbeidsrådgiving om kva moglegheiter som finst i etaten for kandidatar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Ved utlysing av traineestillingar i staten, vil etaten vurdere dette som eit eigna tiltak for tilrettelegging.

I 2019 var det legemelde sjukefråværet 2,4 pst. mot 2,2 pst. i 2018. Frå 2108 til 2019 har det vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet blant menn og ein auke i det legemelde sjukefråværet blant kvinner.

10 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet – miljøområde, miljømål og miljøutfordringar

Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er eit av hovudmåla for ansvarsområda til Arbeids- og sosialdepartementet, under dette å redusere risiko for storulykker i petroleumssektoren. Dei same faktorane som førebygger og reduserer risiko for storulykker, vil ofte òg kunne bidra til å førebygge forureining. Det er dei enkelte petroleumsselskapa som sjølve er ansvarlege for at helse, miljø, sikkerheit og sikring er tatt vare på.

Førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer eit viktig bidrag frå Arbeids- og sosialdepartementet til regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klima og miljø. Hovudtyngda av Arbeids- og sosialdepartementet sin klima- og miljøinnsats ligg på resultatområdet for forureining. Arbeidsmiljø- og sikkerheisstyresmaktene fører tilsyn med at verksemdene følger opp sitt HMS-ansvar.

Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø, sikkerheit og sikring.

I regelverket er det stilt krav til robust utforming av utstyr og anlegg, som mellom anna inneber krav til barrierar mot ulykker og uønskte hendingar som kan føre til akutt forureining. Det er dessutan stilt strenge krav til HMS-styring, for å sikre at tiltak for å førebygge og stanse ulykker er tilpassa den enkelte verksemda sin eigenart, stadlege forhold og operasjonelle føresetningar. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet si oppfølging medverkar til sikkerheit og førebygging mot ulykker, for å forhindre, avgrense og stanse ulykker, inkludert akutt forureining. Dette bidreg til å førebygge akutt forureining til sjø og til luft og samtidig bygge opp om dei nasjonale målsettingane i klima- og miljøpolitikken.

Rapport 2019

Petroleumstilsynet gir årleg ut Risikonivå i norsk petroleumsverksemd, Akutte utslepp (RNNP-AU). Gjennom dette arbeidet overvakar Petroleumstilsynet trendar for uønskte hendingar og ulykker i petroleumsverksemda som har, eller kunne ha, ført til akutt forureining. Dette arbeidet gir viktig informasjon for å kunne betre effekten av sikkerheitsarbeid og dermed kunne førebygge hendingar som kan gi akutt forureining på norsk sokkel. Rapporten for 2019 blir publisert i oktober 2020.

Med bakgrunn i totalbiletet frå RNNP-rapportar kombinert med erfaringar frå tilsyn har Petroleumstilsynet dei siste åra retta merksemda si særleg mot tre område: førebygging av brønnkontrollhendingar, førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar og førebygging av akutt forureining frå innretningar på havbotnen. I 2019 blei desse prioriteringane lagt til grunn i Petroleumstilsynet si oppfølging av petroleumsselskapa, og i myndigheitssamarbeidet om tilsyn, regelverksutvikling og forvaltningsplan for Barentshavet.

RNNP-AU viser at det samla sett ikkje er nokon tydeleg betring når det gjeld førebygging av brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining på norsk sokkel dei seinare åra. Læring frå brønnkontrollhendingar med potensiale for forureining er viktig fordi det gir kunnskap om barrierar som har innverknad på førebygging av alle typar brønnkontrollhendingar, både dei med potensiale for personskadar og dei med potensiale for forureining.

Det har vore ei positiv utvikling og ein nedgang i talet på hendingar med kjemikalieutslepp i åra 2015 til 2019. Utviklinga for hendingar som gir kjemikalieutslepp over ein kubikkmeter er òg positiv. Akutte kjemikalieutslepp er den typen utslepp som er mest dominerande, både når det gjeld talet på utslepp og årleg utsleppsmengd. Petroleumstilsynet si oppfølging av selskapa bidreg mellom anna til ei meir effektiv førebygging av akutte utslepp av kjemikaliar.

Det er ofte dei same faktorane som reduserer risiko for menneske som òg førebygger forureining. Det er generelt framleis behov for merksemd på førebygging av akutt forureining i arbeidet med sikkerheit i norsk petroleumsverksemd.

Vidare arbeid

Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte sikkerheitsregelverket slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbygger nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikken. Førebygging av akutt forureining er slik eit positivt miljøbidrag, som blir følgt opp i tilsyn, i trepartsfora og i samarbeid med andre myndigheiter. Petroleumstilsynet vil òg føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.

11 Samfunnstryggleik

Arbeids- og sosialdepartementet har eit todelt ansvar for samfunnstryggleik som gjeld arbeids- og velferdsområdet og arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet, under dette petroleumsverksemda. Dei overordna måla er å førebygge uønskte krisehendingar, samt på ein god måte vere i stand til å handtere og minske følgene av ei krisehending i sektoren dersom den skulle oppstå. Myndigheitsansvaret til Arbeids- og sosialdepartementet omfattar:

  • Folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon o.a.

  • Å medverke til å dekke samfunnet sitt behov for arbeidskraft.

  • Førebygging og beredskap i petroleumsverksemda – offshore og på nærmare gitte landanlegg med tilknytt røyrleidningsystem. Ansvaret omfattar både helse, miljø og tryggleik inkludert storulykkerisiko, samt tryggingstiltak og beredskap mot medvetne handlingar.

  • Arbeidsmiljø- og tryggleik i arbeidsliv på land – men her er ansvaret for storulykker plassert hos Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

I tråd med ansvarsprinsippet i Instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerhet (Samfunnstryggleiksinstruksen) av 1. september 2017 har Arbeids- og sosialdepartementet eit delansvar for ulike samfunnskritiske funksjonar innan eige myndigheitsansvar, sjølv om andre sektordepartement har ansvar for at infrastrukturen fungerer som den skal. For nærmare omtale av dette sjå oversikt over ansvarsfordeling mellom departementa for tverrsektorielle område i samfunnstryggleiksarbeidet i Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for at omsynet til samfunnstryggleik er ein integrert del av arbeidet i eigen sektor og organisasjon. Krav til verksemdenes arbeid på dette området er instruksfesta. Instruksane er samordna med dei krav, oppgåver og prioriteringar som er gitt til departementa i Samfunnstryggleiksinstruksen og i Nasjonal strategi for digital tryggleik.

Mål 1: Førebygge uønskte krisehendingar i eigen sektor

Det var i 2020 planlagt å fornye ei rekke grunnleggande dokument i sektoren knytt til analyser av risiko- og sårbarheit (ROS). Koronapandemien har ført til omprioriteringar i dette arbeidet. Det er utsett å fornye analysen av dei viktigaste risikoane og sårbarheitene for Arbeids- og velferdsetaten i eit samfunnstryggleiksperspektiv. I staden har det vært arbeidd med risikovurderingar knytt til gjennomføringa av tiltak som er iverksett under koronapandemien. Den periodiske rapporten om Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP) blei sist lagt fram i april 2020. Rapporten blir utarbeidd i samarbeid mellom Petroleumstilsynet og partane i næringa. Det er lagt opp til å kunne oppdatere rapporten om overordna risiko- og sårbarheisanalyse for Arbeids- og sosialdepartementets sektor i 2021.

Petroleumslova pålegg operatørane (oljeselskapa) i petroleumsnæringa eit sjølvstendig ansvar for beredskap mot fare- og ulykkesituasjonar, og å sjå til at underentreprenørar mv. møter krava til beredskaps- og tryggingstiltak. Det er utvikla eit regelverk som stiller strenge krav til dei enkelte selskapa sin innsats. Styring av storulykkerisiko skal vere ein integrert del av aktiviteten i selskapa. Petroleumstilsynet fører tilsyn med næringa. Ved ei hending innan petroleumsverksemda er det operatør som er ansvarleg for å sette i verk naudsynte tiltak og rapportere til Petroleumstilsynet, samt andre aktuelle etatar. For nærmare omtale av meir konkrete mål og satsingar sjå Del II, programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og tryggleik, kap. 642 Petroleumstilsynet.

Endringar i teknologi og den raske digitaliseringa gir utfordringar for samfunnstryggleiken. IKT-infrastrukturar og -system blir meir globale, omfattande og integrerte. Fleire einingar blir kopla til internett, bruken av skytenester vil auke, og fleire IKT-funksjonar blir sette ut til tredjepartar. Dette er òg tema i styringsdialogen med verksemdene. I tråd med den nasjonale digitale tryggleikstrategien er det etablert ei responsfunksjon på arbeids- og velferdsområdet for å handtere digitale truslar og eventuelle dataangrep. Arbeids- og velferdsetaten administrerer dette i samarbeid med Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn.

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019. Lova har som føremål å sikre våre nasjonale tryggingsinteresser mellom anna gjennom å ivareta grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF). Slike funksjonar er tenester, produksjon og andre former for verksemd der eit heilt eller delvis bortfall av funksjonen vil innverke på staten si evne til å ivareta dei nasjonale tryggingsinteressene. Regelverket legg opp til at vi skal verne vesentlege verdiar i form av informasjon, informasjonssystem, objekt og infrastruktur (skjermingsverdige verdiar). Departementa skal identifisere GNF, gjere vedtak overfor verksemder som har avgjerande innverknad for GNF og gjennomføre naudsynte tryggingstiltak for skjermingsverdige verdiar. GNF-prosessen vil vere eit vedvarande arbeid som kan føre til endringar når det gjeld identifiserte funksjonar og skjermingsverdige verdiar, kva for verksemder som er av vesentleg og avgjerande betyding, og i kva grad ei verksemd er avhengig av eksterne ressursar (andre verksemder). Kva som vil krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå kan òg bli endra.

Departementet gjekk i 2019 igjennom sektorens ansvar og om det finst verdiar i sektoren, dvs. objekt og/eller system, med eit særskilt tryggingsbehov i tråd med krava i tryggingslova. Det er identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjonar i sektoren:

  1. Arbeids- og sosialdepartementets verksemd, handlefriheit og avgjerdsdugleik

  2. Kritiske offentlege ytingar til befolkninga

Det har vore arbeidd i sektoren med å avgrense kva for tenester som tar vare på og støttar opp om dei grunnleggande nasjonale funksjonane. For å ivareta GNF nummer ein må departementet kunne sikre tryggleik og handlefridom for statsrådens verksemd, samt ivareta sentrale forvaltningsmessige oppgåver. Bortfall av dette kan innverke på staten si evne til å ivareta nasjonale tryggingsinteresser, forsvar og beredskap.

Når det gjelder GNF nummer to, er fleire av de største ytingane som Arbeids- og velferdsetaten forvaltar avgjerande for livsopphaldet til mottakarane. Manglande utbetaling av slike kritiske offentlege ytingar vil i løpet av kort tid kunne gi grunnlag for uro og turbulens i befolkninga, som kan innverke på nasjonale tryggingsinteresser. Kva som er kritiske offentlege ytingar i GNF-samanheng er avgrensa til livsopphaldsytingar.

Skjermingsverdige verdiar knytt til dei to grunnleggande nasjonale funksjonane er meldt inn til Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). Verdiar i sektoren som var meldt inn etter gammal tryggingslov er òg meldt inn etter ny lov. Det blir nå arbeidd med skadevurderingar av dei skjermingsverdige verdiane, eit system for jamlege oppdateringar av desse skadevurderingane, samt å avklare naudsynte tryggingstiltak for å beskytte verdiane. Departementet tar sikte på å vurdere skadevurderingar og fatte vedtak om behov for konkrete tryggingstiltak innan utgangen av 2020.

Mål 2 : Vere i stand til å handtere og minske følgene av ei krisehending i sektoren

Arbeids- og sosialdepartementet oppdaterte i slutten av 2019 planverket for krisehandtering. Dette planverket dekker dei ulike typane kriser som departementet kan bli involvert i, inkludert pandemi. Planverket har vært nytta i handteringa av koronapandemien.

Koronapandemien og dei smitteverntiltaka som er sette i verk har fått stor innverknad på Arbeids- og sosialdepartementets sektor. Særleg Arbeids- og velferdsetaten har fått ei svært stor belastning på sine system. I løpet av dei første fire vekene etter innføringa av dei omfattande smitteverntiltaka 12. mars, blei talet på registrerte arbeidssøkarar hos Arbeids- og velferdsetaten meir enn firedobla. Den dramatiske oppgangen kom i hovudsak som følge av permitteringar, men òg talet på ordinære ledige auka. Smitteverntiltaka førte elles til eit behov for å handtere karantenebestemmingar og stengte skolar/barnehagar, og utgifter for arbeidsgivarar knytt til dette låg an til å kunne bli svært store. Tilgangen på NAV-kontor ble samstundes redusert som følgje av nedstenginga.

Stortinget vedtok 16. mars 2020 eit breitt sett med tiltak for å dempe dei samfunnsmessige verknadene av smitteverntiltaka. Det har vore kritisk å få på plass desse ordningane. Dei har omfatta både inntektssikringsordningar retta mot personar som er arbeidsledige eller permitterte, og ordningar som reduserer arbeidsgjevars kostnader ved permittering, sjukdom og omsorgsfri som følge av koronapandemien. Det er òg gjort endringar knytt til andre inntektssikringsordningar, mellom anna sjukepengar og omsorgspengar ved fråvær som skuldast covid-19, samt forlenga stønadsperioder og bortfall av krav til gjennomføring av aktivitet. Alle ordningar som er sette i verk tilknytt virusutbrotet er føresette å gjelde mellombels til hausten/årsskiftet. For nærmare omtale sjå Del II, programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken, programkategori 09.20 Tiltak for bedre levekår mv., programkategori 09.30 Arbeidsmarked, programkategori 29.50 Inntektssikring ved sykdom og uførhet og programkategori 33.30 Arbeidsliv.

Arbeids- og sosialdepartementet har i samband med koronapandemien arbeidd med ei rekke lov- og føresegnsendringar, å sette Arbeids- og velferdsetaten i stand til å behandle den store saksinngangen, og å følge opp krisehandteringa i eigen sektor. Departementet har òg hatt ekstraordinære møter med partane i arbeidslivet om utviklinga. Lønnsoppgjeret blei utsett til hausten 2020. Verksemdene i sektoren har innanfor sitt myndigheitsansvar jamleg rapportert om status i sin koronahandtering. Arbeids- og velferdsetaten har på dei fleste område klart å levere stabile tenester til tross for det omfattande arbeidet knytt til implementering av regelendringar og systemutvikling i til dels svært gamle IKT-system. Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn har sørga for at medlemmane har fått dei ytingane og tenester dei rettmessig har krav på. Innan arbeidsmiljø og tryggleiksområdet har Petroleumstilsynet og Arbeidstilsynet trappa ned sin fysiske tilsynsaktivitet som følge av smitteverntiltaka. Naudsynte tilsyn er gjennomført, med tilpassing av metodar og bruk av digitale løysningar. Arbeidstilsynet har òg bidratt til helsemyndigheitene sitt arbeid med utvikling av nasjonale bransjestandardar.

Dersom det i løpet av hausten 2020 eller i 2021 kjem nye smitteutbrot, lokalt eller nasjonalt, vil det på ny kunne få store følger for Arbeids- og sosialdepartementets sektor. Ut frå erfaringane så langt står Arbeids- og velferdsetaten likevel betre rusta om det igjen skulle oppstå ei tilsvarande situasjon. Mellom anna gjeld det evna til raskt å etablere eit apparat som på ein god måte handterer krisa gjennom organisatoriske tilpassingar og flytting av ressursar, samt å sikre eit godt samspel mellom kompetansemiljøa som implementerer nye regelverk og systemutvikling. Departementet legg til grunn at det vil vere ei høgare terskel for å innføre endringar som krev kompliserte regelverk og IKT-løysningar midt i ei krise. Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet vil kunne dra nytte av erfaringane med bruk av alternative tilsynsformer og digitale verktøy. Tilsynsoppfølginga må òg sjåast i samanheng med andre verkemiddel som rettleiing og informasjon. For nærmare omtale av handtering av koronapandemien og framtidige utfordringar på arbeidsmiljø- og tryggleiksområdet sjå Del II, programkategori 09.40 Arbeidsmiljø- og tryggleik, kap. 640 Arbeidstilsynet og kap. 642 Petroleumstilsynet.

Som naudsynte førebuingar for raskt å kunne gjenoppta, vidareføre eller sette i verk nye tiltak har Arbeids- og sosialdepartementet gått gjennom moglege framtidige behov i handteringa av koronapandemien. Departementet arbeider med ein konkret beredskapsplan for dette. Beredskapsplanen vil følge opp smitteverntiltaka i regjeringa sin Beredskapsplan for smitteverntiltak ved økt smittespredning under covid-19-pandemien av 10. juni 2020.

Elles har Arbeids- og sosialdepartementet sin sektor levert omfattande dokumentasjon til Koronakommisjonen om korleis koronapandemien er handtert så langt. Koronakommisjonen vil evaluere regjeringa si handtering av situasjonen. Departementet og enkelte verksemder i sektoren er samstundes i ferd med å førebu undervegsevalueringar av krisehandteringa. Departementet vil i 2021 nytte desse evalueringane som eit utgangspunkt for læring og systematisk oppfølging, i tråd med krava i Samfunnstryggleiksinstruksen.

Dei siste åra har departementet tatt del i to til tre øvingar årleg. Det var planlagt å delta i den nasjonale øvinga om IKT-tryggleik, Digital 2020. Grunna koronapandemien har dette ikkje blitt prioritert. I samarbeid med Petroleumstilsynet er det planlagt ei kriseøving om ei petroleumshending i oktober 2020. Hensikta er å auke ansvar og rolleforståinga mellom departementet og Petroleumstilsynet, samt til andre sektorar.

12 Grunnbeløp, pensjon, trygd og stønader

Grunnbeløpet er ein faktor som blir nytta til å fastsette og berekne retten til og storleiken på mange ytingar etter folketrygdlova. Grunnbeløpet blir mellom anna nytta til å fastsette opptening av alderspensjon, til opptening og berekning av pensjonsytingane frå folketrygda, til fastsetting av inntektsgrenser for inntektsprøvde ytingar og til fastsetting av det maksimale sjukepengegrunnlaget ein kan nytte ved berekning av sjukepengar. Grunnbeløpet blir regulert kvart år frå 1. mai. Frå 1. mai 2020 auka grunnbeløpet frå 99 858 kroner til 101 351 kroner. Dette er ein auke på 1,50 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 2,01 pst. frå 2019 til 2020, frå 98 866 kroner til 100 853 kroner.

Grunnbeløpet blir fastsett på grunnlag av venta lønnsauke i inneverande år, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke dei siste to åra. I Revidert nasjonalbudsjett 2020 blei det lagt til grunn ein forventa lønnsauke i 2020 på 1,5 pst. Som følgje av at lønnsoppgjeret i frontfaget blei utsett til august pga. koronapandemien, blei årets trygdeoppgjer utsett til etter at oppgjeret i frontfaget blei avvikla. Oppgjeret i frontfaget enda med ein lønnsauke i 2020 på 1,70 pst, og denne lønnsauken ble nytta i trygdeoppgjeret i staden for den lønnsauken som blei lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett. Drøftingane med pensjonistorganisasjonane, organisasjonane til dei funksjonshemma og arbeidstakarorganisasjonane blei halde 1. og 2. september.

I rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera blei faktisk lønnsauke for 2019 førebels anslått til 3,5 pst. Det føreligg da eit avvik eit år tilbake i tid på 0,3 pst som blei tatt omsyn til ved årets regulering. Faktisk lønnsvekst for 2018 på 2,8 pst. er ikkje endra, og det ligg ikkje føre avvik to år tilbake i tid.

Frå 1. januar 2011 blei det innført fleksibelt uttak, levealdersjustering og ny regulering av alderspensjon, og reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut blei endra. Særtillegget blei avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon blir fastsett som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg.

Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Personar fødde i 1943 som tok ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få gjort om særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv. Den ordinære satsen for særtillegget er 100 pst. av grunnbeløpet.

Pr. 1. mai 2020 utgjer satsane for minste pensjonsnivå i folketrygdlova § 19-8 158 621 kroner for låg sats, 183 587 kroner for ordinær sats, 193 188 kroner for høg sats, 204 690 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav a og 300 704 kroner for særskild sats i sjette ledd bokstav b. Satsane er knytt opp til sivilstatus og storleiken på ektemakens inntekt og pensjon.

Følgjande pensjonsytingar blir fastsette i høve til grunnbeløpet:

Stønadsform

Utgjer i pst. av grunnbeløpet

1.

Full grunnpensjon til einsleg pensjonist, og til pensjonist med ektemake som ikkje har rett til pensjon

100

2.

Full grunnpensjon til pensjonist med ektemake/sambuar som og har rett til pensjon, eller som forsørgjer seg sjølv1

90

4.

Barnetillegg for kvart barn før inntektsprøving (gjeld uføretrygd)

40

5.

Barnepensjon

a) for 1. barn når ein av foreldra er død

40

b) for kvart av dei andre barna når ein av foreldra er død

25

c) for 1. barn når begge foreldra er døde: Same beløp som pensjon til etterlatne til den av foreldra som ville ha fått størst slik pensjon

d) for 2. barn når begge foreldra er døde

40

e) for kvart av dei andre barna når begge foreldra er døde

25

6.

Full overgangsstønad til etterlaten, ugift, skilt eller separert forsørgjar

225

7.

Særtillegg til ytingar i folketrygda

a) for einsleg pensjonist, pensjonist som forsørgjer ektemake under 60 år (ordinær sats)

100

b) for ektepar der begge har minstepensjon (100 pst. for kvar), og for pensjonist som forsørgjer ektemake over 60 år

200

c) for pensjonist som har ektemake med tilleggspensjon som er høgare enn særtillegget etter ordinær sats

74

1 Ektefelle/sambuar som har årleg inntekt større enn to ganger grunnbeløpet blir rekna som sjølvforsørgjande.

For alderspensjonistar svarar fullt tillegg for ektemake til 25 pst. av minste pensjonsnivå med høg sats, medan barnetillegg svarar til 20 pst.

Andre stønader som Stortinget fastset1:

Satsane for grunn- og hjelpestønad blir normalt prisjustert med forventa konsumprisvekst. Frå 2020 til 2021 foreslår departementet at satsane vidareførast nominelt.

Type stønad

2020

2021

1a.

Grunnstønad for ekstrautgifter grunna varig sjukdom, skade eller lyte etter folketrygdlova § 6-3 (lågaste sats)

8 232

8 232

1b.

Ved ekstrautgifter utover lågaste sats, kan grunnstønad bli auka til

12 564

12 564

1c.

eller til

16 464

16 464

1d.

eller til

24 252

24 252

1e.

eller til

32 868

32 868

1f.

eller til

41 052

41 052

-

2a-2.

Hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-4 til dei som må ha særskilt tilsyn og pleie grunna varig sjukdom, skade eller lyte

14 748

14 748

2b.

Høgare hjelpestønad etter folketrygdlova § 6-5 til barn under 18 år som må ha særskilt tilsyn og pleie

29 496

29 496

2c.

eller til

58 992

58 992

2d.

eller til

88 488

88 488

3.

Behovsprøvd gravferdsstønad opptil

23 990

24 734

4.

Stønad til barnetilsyn etter lova §§15-10 og 17-92

for første barn

48 636

50 340

for to barn

63 468

65 688

for tre og fleire barn

71 916

74 436

1 Satsane under punkt 1, 2 og 4 er årlege beløp for ytingane.

2 Beløpa i tabellen er maksimale refusjonssatsar. Stønaden er inntektsprøvd.

13 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av nettobudsjetterte verksemder sine kontantbehaldningar per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samband med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise verksemda sine brutto utgifter og inntekter ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2017

Rekneskap 2018

Rekneskap 2019

Budsjett 2020

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

88 592 491

86 677 348

87 551 047

97 462 369

Varer og tenester

34 345 144

40 587 782

44 497 542

56 740 402

Sum driftsutgifter

122 937 635

127 265 130

132 048 590

154 202 771

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

11 601 806

7 782 105

10 322 540

10 922 161

Sum investeringsutgifter

11 601 806

7 782 105

10 322 540

10 922 161

Sum utgifter

134 539 441

135 047 235

142 371 129

170 124 932

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

4 574 868

4 953 297

5 662 005

3 161 043

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar1

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

200 980

0

0

0

Sum driftsinntekter

4 775 848

4 953 297

5 662 005

3 161 043

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

121 649 000

122 421 000

152 925 000

162 879 035

Andre innbetalingar

15 197 680

5 880 000

10 073 540

5 596 761

Sum overføringsinntekter

136 846 680

128 301 000

162 998 540

168 476 796

Sum inntekter

141 622 528

133 254 297

168 660 545

171 636 839

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

7 083 087

-1 792 938

26 289 416

6 511 907

1 Frå 2015 blei refusjonar knytte til foreldrepengar og sjukepengar mv. rekneskapsførte som reduksjon i utgifter til lønn. I tabellen ovanfor er refusjonar presenterte i utgift til lønn som brutto inntekt.

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2017

Rekneskap 2018

Rekneskap 2019

Budsjett 2020

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

121 649 000

122 421 000

152 925 000

124 875 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

3 871 000

1 500 000

3 635 685

2 033 838

Tildeling frå Noregs forskingsråd

6 663 250

994 333

1 645 501

2 021 957

Sum løyvingar

132 183 250

124 915 333

158 206 186

128 930 795

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

700 000

356 000

152 194

Bidrag frå private

4 663 430

2 685 667

4 436 354

9 050 306

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

4 663 430

3 385 667

4 792 354

9 202 500

Oppdragsinntekter

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

4 775 848

4 953 297

5 662 005

4 330 400

Sum oppdragsinntekter

4 775 848

4 953 297

5 662 005

4 330 400

Sum inntekter

141 622 528

133 254 297

168 660 545

142 463 695

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Noregs forskingsråd og andre forskingsfond.

Verksemda si kontantbehaldning per 31. desember i perioden 2017–2019 med spesifikasjon av føremålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2017

2018

2019

Endring 2018–2019

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

69 337 590

67 544 652

93 834 068

26 289 416

Behaldning på andre bankkonti, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

69 337 590

67 544 652

93 834 068

26 289 416

Avsetningar til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

7 173 419

7 058 678

7 389 666

330 988

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 215 760

6 270 702

6 553 688

282 986

Gjeld til leverandørar

7 702 735

5 298 274

6 171 068

872 794

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

-865 023

2 115 652

2 330 146

214 494

Sum til dekking av kostnader med forfall i neste budsjettår

20 226 891

20 743 307

22 444 569

1 701 262

Avsetningar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansiert av Noregs forskingsråd mv.

13 040 542

8 100 521

6 340 261

-1 760 260

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansiert av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 896 523

4 535 220

4 235 740

-299 480

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansiert av løyvingar frå fagdepartement

21 173 634

26 165 605

53 813 498

27 647 893

Andre avsetningar til vedtekne, ikkje igangsette føremål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

39 110 699

38 801 345

64 389 499

25 588 154

Andre avsetningar

Avsetningar til andre føremål/ikkje spesifiserte føremål

10 000 000

8 000 000

7 000 000

-1 000 000

Fri verksemdkapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

10 000 000

8 000 000

7 000 000

-1 000 000

Langsiktige forpliktingar (netto)

Langsiktige forpliktingar knytt til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

69 337 590

67 544 652

93 834 068

26 289 416

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og arbeidsgivar sine pensjonsinnskot, inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta, og delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapeleg utstyr i tillegg til dekking av periodevise høgare kostnader, mellom anna for NOA og den arbeidsmedisinske satsinga.

Til dokumentets forside