Prop. 106 L (2014-2015)

Endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i lov om avlevering av allment tilgjengelege dokument (pliktavleveringslova). Hovudframlegget er for det fyste å gje Nasjonalbiblioteket rett til automatisk innsamling av norsk materiale som er tilgjengeleg for alle på Internett. Ny heimel vil sikre at dette materialet blir teke vare på for ettertida som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. I tillegg er det framlegg om å gje Nasjonalbiblioteket rett til å krevje avlevering av det digitale grunnlagsmaterialet i tillegg til utgjevingsformatet (eit forlag må levere ei digital fil i tillegg til ei papirbok). Dette blir føreslått for å unngå at Nasjonalbiblioteket i etterkant må digitalisere det som allereie finst i digital form.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget