Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 140 L (2015–2016)

Endringar i yrkestransportlova (miljøkrav for drosjer)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhald i proposisjonen

Samferdselsdepartementet legg med dette fram forslag til endring i yrkestransportlova § 9. Framlegget vil gjere det mogeleg for løyvestyresmakta å setje krav om at den som har, eller får tildelt drosjeløyve må nytte låg- eller nullutsleppskøyretøy i drosjeverksemda.

Framlegget er oppfølging og svar på Stortinget sitt oppmodingsvedtak nr. 349 datert 16. desember 2014, i samsvar med Innstilling 72 S (2014–2015): «Stortinget ber regjeringen sikre fylkeskommunene mulighet til å sette vilkår om null- og lavutslippssaker for nye drosjer gjennom § 11 i yrkestrafikklova».

Samferdselsdepartementet forstår vedtaket slik at det vert innarbeid heimel i yrkestransportlova som gjev fylkeskommunane og Oslo kommune høve til å kunne setje vilkår om bruk av låg- eller null- utsleppskøyretøy for nye drosjer.

Proposisjonen er avgrensa til å gjelde utslepp knytt til drifta av køyretøy. Utslepp knytt til produksjon eller avfallshandsaming av køyretøy er ikkje vurdert.

Til toppen
Til forsida av dokumentet