Prop. 140 L (2015–2016)

Endringar i yrkestransportlova (miljøkrav for drosjer)

Til innhaldsliste

8 Merknader til lovframlegget

Eit nytt fjerde ledd i yrkestransportlova § 9 opnar for å gje den løyvestyresmakta som ønskjer det mogelegheit til å kunne fastsetje ei øvre grense for miljøskadeleg utslepp for motorvogner som skal nyttast i drosjeverksemd. Korleis ei øvre grense skal fastsetjast, vil vere opp til den einskilde løyvestyresmakta å avgjere ut frå lokale behov. Dersom det vert fatta vedtak om å innføre eit slikt påbod, vil det måtte gjelde alle drosjene som driv i konkurranse med einannan innan same område (løyvedistriktet). Ei løyvestyresmakt kan likevel berre gje påbod som er bindande for løyver som løyvestyresmakta har det administrative ansvaret for. Det kan setjast ulike grenser for ulike løyvedistrikt.

§ 9(4) fastset ei grense på fire år frå det vert fatta vedtak om å innføre særskilte utsleppskrav, til krava må vere oppfylte for samtlege drosjeløyver som driv verksemda innanfor same løyvedistrikt. Ei overgangstid på fire år vil gje næringa ei høveleg omstillingstid. Dersom det vert sett krav om nullutslepp, vil det òg ta tid å leggje til rette naudsynt infrastruktur, til dømes ladepunkt for eldrosjer eller stasjonar for fylling av hydrogengass for køyretøy som nyttar brenselcelleteknologi.

§ 9(4) siste punktum fastset at den øvre grensa for miljøskadeleg utslepp må fastsetjast i (lokal) forskrift. Dette kravet medfører mellom anna at det vil måtte gjennomførast lokale høyringar før forskrifta vert vedteken. Næringa og andre partar vil såleis ha mogelegheit til kome med innspel før endeleg grense vert fastsett.

Gjeldande § 9 (4) og § 9 (5) vert ny § 9 (5) og § 9 (6).

Til forsida