Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 16 S (2018–2019)

Endringar i statsbudsjettet 2018 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Prioriteringar

I denne proposisjonen foreslår regjeringa naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2018. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2018 og tilbakelevering av midlar til statskassa.

Regjeringa foreslår at 288 mill. kroner blir omdisponerte til forsering av etableringa av kampflybasen på Ørland. Vidare foreslår regjeringa at 110 mill. kroner nyttast til innkjøp av beredskapsbehaldningar for å betre materiell- og forsyningsstatusen til Forsvaret.

Vidare er det behov for å forsere grunnsikringa av Etterretningstenestas etablissement på Lutvann, og 45 mill. kroner er foreslått flytta til dette føremålet. Midlar til seglingsaktiviteten i Sjøforsvaret er også foreslått auka med 30 mill. kroner. I tillegg er Cyberforsvaret foreslått styrkt med 19 mill. kroner for å betre tryggleiksstilstanden til Forsvarets IKT-infrastruktur.

Under øvinga Trident Juncture yt Noreg logistikkstøtte til allierte som skal betalast tilbake av dei deltakande nasjonane. Logistikkstøtta er knytte til drivstoff, proviant, forlegning, kjøp av tenestar og forbruksmateriell. I samband med at delar av innbetalingane frå dei deltakande nasjonane ikkje kjem før i 2019, foreslår regjeringa å omdisponere 216 mill. kroner til dette føremålet i 2018.

1.2 Føremål

For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2018.

På grunn av den komplekse samansettinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verktøy for å legge til rette for god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama, samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er opptatt av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering blir handsama.

Totalt utgjer omgrupperinga for 2018 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 1 142,193 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt med 25 mill. kroner.

1.3 Tilleggsløyving KNM Helge Ingstad

Fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte den 8. november med tankskipet Sola TS. Skadane på fregatten blei omfattande.

Omfanget av skadane og utgiftene ved å eventuelt sette fartøyet i stand igjen vil ikkje la seg estimere før KNM Helge Ingstad har blitt berga, transportert til Haakonsvern og inspisert av egna personell. Det er likevel allereie openbart at det er omfattande. Nokon av utgiftene vil kome i 2018 og ytterligare utgifter vil kome i 2019. Det er berekna at sjølve berginga vil være ferdig innan utgangen av 2018.

Det er også lagt inn betydelege ressursar frå andre statlege etatar, kommunen og sivile aktørar i samband med havariet, blant anna Kystverket, Øygarden kommune, Politiet og DNV GL.

Det er på denne bakgrunn føreslått at forsvarsramma på kap. 1732 Sjøforsvaret blir auka med 50 mill. kroner i 2018.

1.4 Reduserte utgifter til operasjonar i utlandet

Lågare utgifter til operasjonane Operation Inherent Resolve (87,429 mill. kroner), NATO Enhanced Forward Presence (16,000 mill. kroner), Triton (15,500 mill. kroner), MINUSMA (13,000 mill. kroner), kapasitetsbygging i Sahel, Irak og Jordan (12,445 mill. kroner) og kapasitetsbyggingsaktiviteten Flintlock i Sahel-regionen i Afrika (2,714 mill. kroner) er forventa å medføre eit mindrebehov på kap. 1792, post 01. Bakgrunnen er at operasjon Triton no er avvikla og dei andre nemnde operasjonane er blitt rimelegare enn budsjettert.

Det er på denne bakgrunnen foreslått at løyvinga på 1792, post 01, blir redusert med 147,088 mill. kroner i 2018.

1.5 Informasjonssak

Vurdering av basestruktur for mottak av allierte styrkar

Forsvarsdepartementet tok sikte på å orientere om status for arbeidet med korleis Forsvarets basestruktur og relevant sivil infrastruktur best kan nyttast for mottak av allierte styrkar i framtida i Prop. 1 S (2018–2019). Dette er eit komplekst og omfattande arbeid som har tatt lengre tid enn tidlegare forventa. Ein viktig årsak til forseinkingane, er knytte til dei pågåande oppdateringane av NATO og nære allierte sine forsterkingsplanar for Europa og Noreg, samt pågåande oppdateringar i nasjonale planar.

Forsvarsdepartementet vil komme tilbake til Stortinget på egna måte med meir informasjon når dei relevante vurderingane er ferdigstilte. Departementet tar sikte på at dette kan gjerast i løpet av våren 2019.

Inntil dette utgreiingsarbeidet er sluttført vil det vere ei viss usikkerheit knytte til Forsvarets behov for infrastruktur for mottak av allierte forsterkningsstyrkar. Det vil difor også vere ei viss usikkerheit knytte til kva for premissar og krav som det vil vere aktuelt å stille overfor sivile verksemder som ønskjer å etablere seg på, eller i tilknyting til, infrastruktur og basar der Forsvaret ikkje lenger vil ha drift i fredstid. Forsvarsdepartementet er opptatt av å finne konstruktive og fleksible løysingar, sjølv om Forsvarets behov enno ikkje er heilt avklart.

1.6 Grunnlaget for omgrupperinga

1.6.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2018, midlar overførte frå 2017 og seinare endringar gjort av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2018.

Tabell 1.1 Disponible midlar på utgiftssida, før omgruppering 2018, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett for 2018

54 945 177

Innst. 400 S (2017–2018) til Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018 (RNB)

317 922

Budsjettmessige verknadar av lønsoppgjøret i det statlege tariffområdet i 2018

420 036

= Løyvingar før omgrupperinga

55 683 135

+ Midlar overførte frå 2017

1 572 176

= Disponible midlar i 2018 før omgrupperinga

57 255 311

Tabell 1.2 Løyvingar på inntektssida, før omgruppering 2018, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett for 2018

5 588 925

Innst. 400 S (2017–2018) til Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018 (RNB)

253 533

= Løyvingar før omgrupperinga

5 842 458

1.6.2 Inntekter i 2018

I høve til saldert budsjett for 2018, med endringane gjort av Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett for 2018, er det ei meirinntekt på 1 239,281 mill. kroner. Meirinntektene inneber ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Innst. 7 S (2017–2018) til Prop. 1 S (2017–2018) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.6.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor viser løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2018.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

1 239 281

Reduserte utgifter til operasjonar i utlandet

-147 088

Tilleggsløyvingar

50 000

= Sum behov ved omgrupperinga

1 142 193

+ Løyvingar før omgrupperinga

55 683 135

= Løyvingar etter omgrupperinga

56 825 328

+ Midlar overførte frå 2017

1 572 176

= Samla disponible midlar i 2018 etter omgrupperinga

58 397 504

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000-kroner):

Meirinntekter i omgrupperinga

1 239 281

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 842 458

= Løyvingar etter omgrupperinga

7 081 739

På bakgrunn av dette foreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma blir auka med 1 142,193 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 1 239,281 mill. kroner.

Til toppen
Til forsida av dokumentet