Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 67 L (2014-2015)

Endringar i oreigningslova

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet legg med dette fram eit forslag til endringar i oreigningslova.

Det sentrale momentet i proposisjonen er at det blir gjort framlegg om å fastsetja i eit nytt fjerde ledd i oreigningslova § 4 at eit endeleg vedtak om førehandsundersøkingar til bruk for eit påtenkt ekspropriasjonsinngrep, skal utgjera eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova.

I tillegg blir det utdaterte ordet «etterrøking» etter framlegget erstatta av «førehandsundersøkingar» i oreigningslova §§ 4 og 19, og det blir gjort nokre andre mindre språklege endringar i §§ 4 og 19. Ingenting av dette medfører realitetsendringar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet