Prop. 67 L (2014-2015)

Endringar i oreigningslova

Til innhaldsliste

5 Nærare merknadar til lovforslaget

Til § 4

I oreigningslova § 4 blir det etter forslaget lagt til eit nytt fjerde ledd, der det blir fastsett at eit endeleg vedtak om å gje løyve til undersøkingar som nemnt i fyrste ledd, er særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13. Dette inneber at eit vedtak om å gje slikt løyve frå det organet som etter fyrste ledd tredje punktum har kompetanse til det, vil utgjera eit særleg tvangsgrunnlag, dersom det ikkje blir klaga over vedtaket innanfor klagefristen. Dersom det blir fremja klage over eit vedtak om løyve til å gjennomføre førehandsundersøkingar, vil det liggje føre særleg tvangsgrunnlag fyrst dersom klageinstansen opprettheld vedtaket om å gje løyve. Føresegna opnar ikkje for å gjennomføre eit slikt vedtak med tvang før klagefristen er ute eller klagehandsaminga er avslutta. Dersom ein søknad om løyve til å gjennomføre førehandsundersøkingar blir avslått i fyrste instans, vil eit eventuelt løyve etter vedtak i ei klagesak gje grunnlag for tvangsgjennomføring. I tillegg til dette må ei eventuell klage etter forvaltningslova § 15 fjerde ledd over sjølve gjennomføringa av undersøkingane vera avgjort før det kan setjast i verk tvangsgjennomføring, med dei avgrensingane som følgjer av § 15 fjerde ledd sjølv når det gjeld høvet til gjennomføring før ei klage er avgjort.

Ei eventuell tvangsgjennomføring av slike vedtak vil skje etter reglane i tvangsfullføringslova kapittel 13.

Vidare blir ordet «etterrøking» etter forslaget erstatta av «førehandsundersøkingar» i § 4 fyrste ledd fyrste punktum, fyrste ledd andre punktum, fyrste ledd tredje punktum, andre ledd og tredje ledd. Varianten «etterrøkinga» blir i § 4 fyrste ledd fjerde punktum erstatta av «førehandsundersøkingane». I § 4 andre og tredje ledd blir ordet «leden» endra til «ledd». Desse endringane er reint språklege og medfører ingen realitetsendringar. I § 4 tredje ledd blir vidare ordet «skadelidaren» etter forslaget erstatta med ordet «skadelidde», og «jfr.» blir retta til «jf.». Endringane medfører ikkje nokon realitetsendringar.

Til § 19

Òg i oreigningslova § 19 blir det etter forslaget gjort nokre språklege endringar. I § 19 fyrste ledd fyrste punktum blir ordet «etterrøking» erstatta av «førehandsundersøkingar» og ordet «leden» erstatta av «ledd», og i § 19 andre ledd fyrste punktum blir ordet «etterrøkjaren» endra til «den ansvarlege for gjennomføringa av førehandsundersøkingane». Heller ikkje her medfører endringane nokon realitetsendringar.

Til iverksetjingsføresegna og overgangsføresegna

Endringslova skal ta til å gjelde straks, utan nokon overgangsperiode. Berre vedtak som blir gjorde etter at lova tek til å gjelde, skal utgjera særlege tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 13, men dette vil gjelde uavhengig av om vedtaket blir gjort av ein fyrsteinstans eller ein klageinstans. Det avgjerande tidspunktet er såleis når vedtaket skjer, ikkje når saka blir innleia, klagefristen tek til å gå eller liknande.