Prop. 67 L (2014-2015)

Endringar i oreigningslova

Proposisjonen inneheld framlegg om endringar i oreigningslova. Den sentrale endringa er innføringa av eit nytt § 4 fjerde ledd, der det blir fastsett at eit endeleg vedtak om løyve til å gjennomføre førehandundersøkingar til bruk for eit påtenkt ekspropriasjonsinngrep skal utgjera eit særskilt tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13. I tillegg blir ordet «etterrøking» endra til «førehandsundersøkingar», og det blir gjort nokre mindre språklege endringar i oreigningslova §§ 4 og 19.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget