Statstilsette i tal
Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007
Brosjyre/rettleiing | Dato: 02.07.2007 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 er ei brosjyre med fakta om blant anna dei statstilsettes alder, lønn, utdanning og sjukefråvær.
Lommestatistikk for statsforvaltninga 2007 er ei brosjyre med fakta om blant anna dei statstilsettes alder, lønn, utdanning og sjukefråvær.
Brosjyren gir svar på spørsmål om statlege tilsette som: Kor mange er heiltidstilsett og kor mange jobbar deltid? Kva tener dei? Kor mange har fast jobb og kor mange er mellombels tilsett? Kor stor er kvinnedelen blant staten sine leiarar?
Statistikken omfattar alle statlege verksemder der arbeidstakarane får lønns- og arbeidsvilkår fastsette etter staten sitt lønnsregulativ. I år er også tilsette i dei statlege pedagogiske kompetansesentera og i dei statlege grunn- og vidaregåande skulane medrekna. Dette påverkar tala berre marginalt.
Statistikken omfattar ikkje tilsette i statlege føretak, statlege aksjeselskap, statlege stiftelsar og andre organisasjonar som staten eig. Tala omfattar i hovudsak heller ikkje statlege toppleiarar og dommarar.