St.meld. nr. 22 (2004-2005)

Kultur og næring

Til innhaldsliste

1 Innleiing, bakgrunn og samandrag

1.1 Innleiing

Denne meldinga vil søkje å gje eit heilskapleg perspektiv på forholdet mellom kultur, næring og samfunnsbygging. Regjeringa ynskjer å synleggjere kva for funksjonar kunst og kultur har innanfor ein slik heilskap og leggje til rette for at kultursektoren kan spele ei større rolle i ei nyskapande og berekraftig samfunnsutvikling. I ein global marknadssituasjon er det viktig at den verdiskapinga som skjer innanfor kultursektoren kjem tydelegare fram, og at kultursektoren får ein større plass innanfor eit framtidsretta innovasjonssystem.

Overordna økonomiske og samfunnsmessige endringar har ført til aukande etterspurnad etter kultur og opplevingar. I ein global konkurransesituasjon driven fram av ny informasjonsteknologi spelar den meirverdien kreative og meiningsproduserande element kan tilføre både nye og meir tradisjonelle produkt og tenester ei stadig større rolle. Gjennom denne utviklinga vert det skapt nye vekstvilkår for kultursektoren, samstundes som kultur kan vere ei drivkraft i den økonomiske utviklinga.

Meldinga byggjer på tre hovudsynspunkt. For det første omfattar kulturlivet i stor grad eigne verdiskapande næringar med relativt stor innverknad på norsk økonomi. Østlandsforsknings (ØF) rapport nr. 10:2004 Kartlegging av kulturnæringene i Norge viser at kulturnæringane sin del av sysselsetjing og BNP er nesten like stor som verkstadindustrien, litt større enn nærings- og nytingsindustrien, over dobbelt så stor som jordbruk og skogbruk og over tre gonger så stor som fiske målt i bruttoprodukt.

Også internasjonale kartleggingar viser at kulturnæringane er økonomiske vekstnæringar. Ein finn at dei utgjer om lag fem pst. av BNP i gjennomsnitt i ulike industrialiserte land. Vekstraten er rekna til om lag fem pst. per år. Dette er høgare enn i økonomien elles. Ein må likevel streke under at målingar av sysselsetjing og inntening i denne sektoren er problematisk. Den offisielle statistikken er ofte lite differensiert og gjer det umogeleg å ta med alle relevante delar av dei ulike bransjane. Det er òg vesentlege variasjonar i avgrensingane og klassifikasjonane av dei ulike områda i ulike land. Difor er det også vanskeleg å samanlikne data mellom landa.

For det andre kan det liggje eit synergipotensial i eit fruktbart samspel mellom kultur og anna næringsverksemd. ØF-rapport nr.: 10: 2004 peiker på at kulturnæringane har mange av dei eigenskapane som næringslivet elles etterspør. Hovudtyngda av bedriftene er svært innovative. Dei er lærande bedrifter som samarbeider i laust samanbundne og fleksible nettverk. Eit anna viktig aspekt ved kulturnæringane er at dei kan inngå som ein viktig innsatsfaktor i andre næringar og medverke til å auke innteninga og konkurranseevna. I rapporten vert det lagt til grunn at kulturnæringane både i kraft av seg sjølv og som leverandør til næringslivet elles har eit stort vekst- og utviklingspotensial. Samstundes kan samspel mellom kulturliv og næringsliv medverke til utvikling og vekst i kultursektoren.

For det tredje er kultur og kulturbaserte næringar ofte lokalt rotfesta og spelar ei viktig rolle i lokal- og regional utvikling. Mange opererer innanfor internasjonale nettverk og inngår i globale konkurransemarknader, medan andre er stadbundne og må opplevast der dei er. Ein aktiv politikk for å fremje kulturbaserte næringar føreset difor ei nær kopling mellom lokale, regionale, nasjonale og internasjonale strategiar.

Kultursektoren omfattar eit breitt spekter av verksemder med ulik struktur, økonomi og utvik­lingspotensial. Aktørane i kultursektoren spreier seg frå dei reint ideelle verksemdene som alltid vil vere avhengige av offentleg støtte, til dei reint kommersielle verksemdene som vert drivne fullt ut på forretningsmessig grunnlag. Det må strekast under at langt i frå all kulturverksemd kan verte omdanna til lønsame marknadsbaserte bedrifter. I utviklinga av ein politikk for kulturnæringane må ein leggje til grunn eit langsiktig og heilskapleg perspektiv som tek omsyn til alle ledd i verdikjeda. Ledd som ikkje genererer direkte økonomisk verdiskaping kan likevel vere ein føresetnad for å utløyse eit eventuelt næringspotensial i andre ledd.

Kulturpolitikken og næringspolitikken har ulike siktemål, verkemiddel og effektar.

Kulturpolitikken er forankra i ideen om kulturen sin eigenverdi. Hovudmåla for kulturpolitikken er å fremje kulturelt og estetisk mangfald, stimulere kunstnarleg kvalitet og nyskaping, bevare og sikre kulturarven og leggje til rette for at heile folket har tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod. I ein internasjonal marknad som i aukande grad er prega av konkurranse og kommersialisering, er det viktigare enn nokosinne å føre ein offensiv kulturpolitikk på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå som sikrar ein uavhengig, mangfaldig og nyskapande kultursektor. Det er krav til kunst- og kulturfagleg kvalitet og ikkje kommersielle interesser som skal vere styrande for utviklinga i kultursektoren.

Kulturpolitikken er retta særleg inn mot dei delane av kultursektoren som ikkje har tilstrekkeleg inntening på omsetnad av varer og tenester i ein marknad. Innanfor ein politikk for kultur og næring vil kulturpolitikkens rolle difor først og fremst vere å sørgje for ei grunninvestering i kultursektoren og medverke til at kulturaspektet vert ivareteke i form av kunst- og kulturfagleg kompetanse. Ein føresetnad for å utløyse utviklingspotensialet i kultursektoren er at det vert ført ein kulturpolitikk som legg til rette for eksperimentering og risiko i kulturlivet, utan omsyn til økonomisk meirverdi. Ei slik grunninvestering er heilt nødvendig for at kulturnæringane i ettertid skal kunne gje avkastingar.

Den overordna målsetjinga i næringspolitikken er å styrkje verdiskapinga i norsk økonomi. Frå ein næringspolitisk synsstad vil såleis utgangspunktet vere at ein politikk retta mot utvikling av næringspotensialet i kultursektoren i hovudsak bør skje innanfor overordna næringspolitiske mål og verkemiddel. Med eit slikt utgangspunkt vil det difor stå sentralt at det er kulturbaserte næringar med eit høgt økonomisk verdiskapingspotensial det skal leggjast til rette for. Innanfor slike rammer vil det vere viktig å tilføre dei relevante delane av kultursektoren kunnskapar om marknad, konkurranse og generell forretningsmessig kompetanse dersom kultursektoren skal medverke til innovasjon og verdiskaping. For å medverke til utviklinga av økonomisk verdiskapande og lønsame kulturnæringar er det avgjerande å leggje til rette for kulturbedrifter som klarer å omstille seg etter kvart som marknad, teknologi og andre rammevilkår endrar seg.

Ein politikk for kultur og næring må vere sektorovergripande og ha ambisjonar om å integrere både kulturpolitiske og næringspolitiske aspekt. Ein må ta omsyn både til kunst- og kulturfagleg kvalitet og til næringspolitiske krav om lønsemd, marknadstilpassing og omstilling. Ein må òg leggje til grunn at dei økonomiske avkastingane knytte til kultursektoren er vanskelege å måle og ofte vert synlege først etter lang tid. Dette gjer at verdiane i kultursektoren, verken i rein økonomisk forstand eller sett i samanheng med ei breiare samfunnsbygging, primært kan vurderast etter kva det er som kan gje raske vinstar eller fordelar i ein konkurranseorientert marknad.

I eit kulturpolitisk perspektiv må ein leggje til grunn eit breitt innovasjonsomgrep dersom ein skal lukkast i å integrere kultursektoren i innovasjonssystemet. Ein må forstå innovasjon som ein langsiktig prosess som, i tillegg til å vere marknadsorientert, må ta omsyn til kulturelle verdiar som ikkje er økonomisk lønsame på kort sikt. Dette er ein nødvendig føresetnad for at ein ikkje skal miste den kulturelle meiningsdimensjonen som synest å bli stadig viktigare også for ein innovativ økonomi.

På same måte kan det vere fruktbart å operere med eit vidt omgrep om verdiskaping forankra i ideen om berekraftig utvikling. Dette inneber at omgrepa verdiskaping og utvikling ikkje vert avgrensa til økonomisk vekst og fordeling av materielle gode, men utvida til å omfatte både kulturelle, sosiale og økonomiske dimensjonar. Omgrepet berekraftig utvikling er viktig i denne samanhengen både for å ta vare på eit langsiktig og heilskapleg perspektiv på økonomisk utvikling, og for å fremje kultursektoren som ein grunnleggjande og integrert del av samfunnsutviklinga.

Ein politikk for kultur og næring må dessutan byggje på ei føremålstenleg ansvarsfordeling og eit godt samspel mellom offentleg og privat sektor, og mellom lokalt, regionalt og nasjonalt forvaltningsnivå.

Det må leggjast til grunn at det offentlege tek hovudansvaret for grunninvesteringane i kultursektoren.Det er ei oppgåve for den offentlege kulturpolitikken å leggje til rette for eit heilskapleg og kvalitetsorientert kulturliv, slik at vi er sikra eit mangfald av kulturuttrykk, også dei som er lite attraktive for næringslivet. Næringslivet som kulturpolitisk aktør kan kome inn som eit positivt supplement og mellom anna medverke til eit større mangfald av finansieringskjelder.

Vidare bør det generelle utgangspunktet vere at staten skal vere ein tilretteleggjar for utviklinga av kulturbaserte næringar snarare enn ein aktør. Staten skal ikkje ta seg av oppgåver som private aktørar kan ivareta på ein fullgod måte. Utviklinga av kulturbaserte næringar føreset både ein innsats frå bransjane sjølve, og ei tilrettelegging gjennom gode rammevilkår frå det offentlege.

Staten bør heller ikkje ta på seg oppgåver som andre forvaltningsnivå bør ha hovudansvaret for. Føresetnadene for utviklinga av kulturbaserte næringar er ikkje dei same i ulike delar av landet. Kommunane og fylkeskommunane står såleis overfor ulike utfordringar og bør ha hovudansvaret for å utvikle ein politikk lokalt og regionalt i partnarskap med relevante aktørar.

Noreg bør ha ambisjonar om å utnytte potensialet for kulturbasert verdiskaping betre i framtida. Det er likevel viktig med ein heilskapleg og balansert tilnærmingsmåte, slik at ein ikkje generaliserer utviklingstrekk og satsar einsidig. Kultur som ein integrert del av eit framtidsretta innovasjonssystem føreset ei tilnærming der kultur inngår som ein av fleire faktorar i nært samvirke med utdanning, forsking, teknologi og næringsliv.

Ei nærare kopling mellom desse sektorane i form av strategisk samhandling og kompetanseutveksling kan medverke til å utløyse omstilling og nyskaping både i næringslivet og i samfunnet som heilskap. Det bør difor skapast eit grunnlag for synergiar mellom hittil etter måten åtskilde sektorar.

1.2 Bakgrunnen for meldinga

I løpet av dei siste 20-25 åra har det vore aukande fokus på samanhengen mellom kultur, næring og økonomisk utvikling både i Noreg og i andre land. På slutten av 1980-talet og i byrjinga av 1990-talet var ein i stor grad oppteken av ringverknadene av satsing på kultur, gjerne sett i samanheng med reiseliv og regional utvikling. I åra 1989-1994 vart det gjennomført eit større forskingsprogram Kultur og regional utvikling som ved empiriske studiar undersøkte kultur som regional utviklingsfaktor. Forskingsresultata gav ikkje støtte til nokon enkel målbar samanheng mellom satsing på kultur og lokal næringsutvikling og busetjing. Dette utelukkar likevel ikkje at kultur kan fungere som regional utviklingsfaktor, men på ein måte som kan vere vanskeleg å måle.

I 1991 etablerte Norsk kulturråd programmet Kultur og reiseliv , som i 1995 fekk namnet Kultur og næring . Eit par år seinare inngjekk Norsk kulturråd og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) eit samarbeid om programmet. SND fekk det administrative ansvaret, medan Norsk kulturråd medverka til finansieringa. Den økonomiske ramma var 3 mill. kroner i 1997 og 5 mill. kroner i 1998. Ei overordna målsetjing var å styrkje samarbeidet mellom bedrifter og kultursektoren, og gjennom dette medverke til å betre økonomisk verdiskaping og lønsemd. Midlane vart i hovudsak fordelte til samarbeidsprosjekt mellom kultursektoren og reiseliv innanfor dei prioriterte temaområda matkultur, handverk og design, kystkultur og visuelt miljø. Ein føresetnad for tildeling av midlane var at prosjekta både hadde høg kulturfagleg kvalitet og eit potensial for lønsemd. Programmet vart evaluert av Østlandsforskning i 1999. Ein hovudkonklusjon var at programmet burde vidareførast fordi det kunne medverke til å finansiere og kvalitetssikre kulturelementa i kommersielle produkt, særleg innanfor reiselivs- eller reiselivsrelaterte næringar. Evalueringa viste likevel at det ikkje var mogeleg å svare eintydig på om målsetjingane var oppfylde, og det faglege grunnlaget for synergioptimismen viste seg å vere svak. Få av prosjekta som fekk støtte integrerte begge sektorane, men dei fleste prosjekta og tiltaka låg i grenselandet mellom kultur og næring.

I 1996 vart Kultex etablert som eit treårig prøveprosjekt for eksport av norske kulturprodukt i regi av Noregs eksportråd. Den overordna målsetjinga var å satse på kommersiell eksport av kulturprodukt for å stimulere til auka verdiskaping og sysselsetjing i Noreg. Gjennom å utvikle og leggje til rette for eksportfremjande tiltak for kultursektoren ynskte ein å medverke til auka lønsam eksport og styrkt konkurranseevne på eksportmarknadane. Det var eit siktemål at eksporten over tid skulle verte sjølvberande. Etter at prosjektet vart avslutta i 1999 vart arbeidet for å fremje eksporten av norske kulturprodukt vidareført innanfor eksisterande ordningar.

I løpet av dei siste åra har mange fylkeskommunar og kommunar gripe fatt i temaet kultur og verdiskaping, særskilt påverka av europeiske regionaliseringstendensar, internasjonal forsking og politikkutvikling på feltet.

Regionane si interesse for feltet har auka sett i samanheng med dei overordna økonomiske og samfunnsmessige endringane, fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør og den nasjonale satsinga på innovasjon. Ei rekkje innovasjonspolitiske verkemiddel er dei seinare åra desentraliserte og har skapt nytt rom for å utvikle lokale og regionale strategiar mellom anna retta mot kultur og næring. Det er i enkelte regionar oppretta kunnskapsparkar, næringshagar og innovasjonsselskap mellom anna med fokus på kulturbasert næringsutvikling. Samstundes har vi opplevd ei sterk oppbløming av festivalar, historiske spel og nyetableringar til dømes innanfor musikkfeltet over heile landet som vert sett i nær samanheng med regional utvikling, identitetsbygging og økonomisk verdiskaping. Eit viktig utviklingstrekk er også endringane i landbruket sine rammevilkår som har ført til eit sterkare fokus på nisjeproduksjon, opplevingar og med ei marknadsføring nært kopla til produksjonsstad, identitet, kultur og tradisjonar.

I 2001 vart samarbeidet mellom kulturlivet og næringslivet sett særskilt på dagsorden. Spørsmålet som vart drøfta var korleis og kvifor næringslivet og kulturlivet kan samarbeide, og kva kreativt potensial dette kan utløyse? Oppfølgingsdokumentet Samspill mellom kulturliv og næringsliv.Tango for to (2001) vart deretter utarbeidd til inspirasjon for å auke samspelet mellom kultur- og næringslivet og rydde grunnen for auka kreativitet og vekst. Samstundes vart organisasjonen Forum for Kultur & Næringsliv oppretta, etter mønster frå liknande organisasjonar som til dømes Arts & Business i England.

I revidert statsbudsjett for 2003 vart Innovasjon Noreg tildelt 5 mill. kroner i øyremerkte midlar til kulturbasert næringsutvikling. I 2004 vart det øyremerkt 20 mill. kroner av den landsdekkjande innovasjonsordninga til kulturbasert næringsutvikling. 2 mill. kroner av desse midlane var øyremerkte Music Export Norway. Det er ikkje satt av midlar til føremålet i 2005.

Målsetjinga med ordninga var at nærings- og kulturlivet i eit positivt samvirke kan medverke til auka kreativitet, innovasjon og auka verdiskaping for deltakarane og for samfunnet. Målgruppene for ordninga var næringslivet generelt, samt organisasjonar og nettverk innanfor kultursektoren, med unnatak for offentlege institusjonar. Prosjekta vart stilte overfor dei same krava til bedriftsøkonomisk lønsemd som gjeld for dei andre finansielle verkemidla til Innovasjon Noreg. I tillegg vart det stilt krav om eit omfattande innslag av nyskaping og innovasjon og av ny kunnskap. Hovudtyngda av støtta gjekk til kulturell tenesteyting, reiseliv, stadsutvikling og nettverksetablering. Prioriterte næringar var dataspel, design og motedesign, film og video, kunsthandverk, musikk, programvare og datasørvis, TV og radio, samt utøvande kunst. Generelt fokuserte ein start- og utviklingsfasen, internasjonalisering, på eksport og investering i kompetanse.

Hausten 2003 la regjeringa fram St.meld nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 . Meldinga trekte opp hovudlinene for den statlege medverknaden i utviklinga av kulturfeltet det neste tiåret. Meldinga vart handsama i Stortinget våren 2004, jf. Innst. S. nr. 155 (2003-2004). Med utgangspunkt i kulturmeldinga sine analysar vedrørande levesett, teknologisk utvikling, internasjonalisering og forbruksmønster og at kultur og næring i stadig aukande grad får gjensidig innverknad, vedtok Stortinget å be regjeringa om å leggje fram ei stortingsmelding om forholdet mellom kunst, kultur og næringsliv.

Gjennom handsaminga av St.meld. nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon og den tilhøyrande Innst. S. nr. 228 (2003-2004), vedtok Stortinget i tillegg at regjeringa i samband med stortingsmeldinga om kultur og næring legg fram ein gjennomgang av ulike tiltak som kan medverke til at fleire utanlandske filmar vert produserte i Noreg, slik at dette kan handsamast i inneverande stortingsperiode.

Både kulturmeldinga og den tilhøyrande innstillinga streka under at samvirket mellom børs og katedral ikkje er noko nytt i Noreg og at viktige verkemiddel i kulturpolitikken er retta inn mot kulturbransjar som i utgangspunktet er kommersielt funderte. Det skal framleis vere slik at dei kulturpolitisk grunngjevne verkemidla skal setjast inn der det ikkje er tilstrekkeleg kommersielt grunnlag for eigen finansiering.

Stortinget la vidare vekt på at sjølv om den aukande samanvevinga av kommersielle interesser og kultur og den aukande kommersialiseringa av kulturlivet sine produkt kan føre til utfordringar for utforminga av den nasjonale kulturpolitikken, opnar utviklinga likevel for nytt handlingsrom i skjeringspunktet mellom kulturpolitikk og næringspolitikk:

«Komiteen ser den økte gjensidige interessen mellom kultur og næring som positiv, utfordrende og full av muligheter. Et av kulturfeltets viktigste potensialer er å bidra til å skape et mest mulig skapende og innovativt samfunn.»

Hausten 2003 presenterte regjeringa handlingsplanen Fra idé til verdi. Regjeringens plan for en helhetlig innovasjonspolitikk . Dokumentet tek utgangspunkt i ein visjon om at Noreg skal verte eitt av dei mest nyskapande landa i Europa. Planen dekkjer eit breitt spekter av politikkområde, og den trekkjer opp mål og prinsipp for korleis ein kan nå denne visjonen. Utgangspunktet er at auka innovasjon i næringslivet er nødvendig for å sikre framtidig verdiskaping, arbeid og velferd. Dette krev at ein har fokus på vilkåra for innovasjon på mange politikkområde, og samanhengen og samspelet mellom mange aktørar.

Planen dannar eit rammeverk for regjeringa sitt vidare arbeid med å utvikle ein heilskapleg innovasjonspolitikk, noko som vil vere ei langsiktig og krevjande oppgåve. I tillegg til arbeidet i departementa med å gjennomføre tiltaka i planen, har merksemda i første fasen av oppfølginga vore retta mot å mobilisere for auka innovasjon i næringslivet og å utvikle samarbeidet mellom næringslivet, verkemiddelapparatet og kunnskapsinstitusjonane sentralt og regionalt. Kulturpolitikken er ikkje inkludert i handlingsplanen.

1.3 Sentrale omgrep, definisjonar og avgrensingar

Mange ulike omgrep står sentralt i ordskiftet om samanhengane mellom kultur og næring. Omgrepa kultur, kreativ sektor, kulturnæringar, innovasjon og verdiskaping er mykje nytta. Dette er òg sentrale omgrep i denne meldinga.

Det er verken mogeleg eller føremålstenleg å gje eintydige definisjonar av desse omgrepa. Dette er opne omgrep som gjer forsøk på å gripe ulike aspekt i eit omskifteleg og dynamisk landskap. Det er likevel trong for å klargjere korleis ein nyttar omgrepa i denne meldinga, men utan å låse dei fast i eintydige og statiske definisjonar.

Kultur

Kultur er eit omfattande og omskifteleg omgrep. I St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 vert omgrepet forstått og brukt på to nivå. I vid meining dekkjer det verdiar, normer, kunnskapar, symbol og ytringsformer som er felles for ei gruppe menneske eller eit bestemt samfunn. I smal meining vert omgrepet brukt om dei forskjellige aktivitetane innanfor kulturlivet når desse vert forstått som ein avgrensa samfunnssektor. Også i denne meldinga vil ein nytte kulturomgrepet i begge desse tydingane.

Det er sektoromgrepet som ligg til grunn for den administrative avgrensinga av det kulturpolitiske ansvarsområdet. Etter kvart er eit stadig breiare spekter av uttrykk og aktivitetar innlemma. I dag omfattar kulturpolitikken ei rekkje meir eller mindre familielike verksemder som kunst, arkitektur, design, kulturarv, medium og idrett.

Denne meldinga vil i utgangspunktet omfatte heile det kulturpolitiske ansvarsområdet med unnatak av idrettsfeltet. Avgrensinga er gjort av reint praktiske omsyn.

I tillegg vil ein omtale emne og verksemder som tradisjonelt ikkje fell inn under det kulturpolitiske ansvarsområdet, men som likevel grensar opp mot kulturpolitikken på ulike vis. Til dømes vil kulturaspekt i næringar som fell inn under både miljøvernpolitikken, landbrukspolitikken og fiskeripolitikken verte omtala. Kulturminne, kulturmiljø, matkultur og kulturbasert reiseliv inngår difor i omtalen.

Føremålet er ikkje å utvide det kulturpolitiske ansvarsfeltet, men snarare å sjå kulturpolitikken i samanheng med andre relevante samfunnsområde på tvers av dei administrative sektorgrensene.

Kreativ sektor, kreative næringar og kreative industriar

I internasjonal forskingslitteratur og i ulike nasjonale og regionale kartleggingar nyttar ein varierande omgrep for å skildre og analysere kultursektoren som ein del av økonomien. Fleire land har valt omgrep som tek utgangspunkt i at aktøren eller aktiviteten på ein eller anna måte er kreativ og nyttar uttrykk som kreative næringar eller kreative industriar , jf. nærare omtale i kap. 2.

Internasjonalt vert omgrepet kreativ sektor tildels brukt i tilnærma same tyding som kultursektor. Vanlegvis vert det likevel utvida til å omfatte både kultursektoren, store delar av informasjonsteknologifeltet, samt utdanning og forsking.

I denne meldinga vil omgrepet kreativ sektor verte nytta i denne siste vide tydinga. I eit innovasjonsperspektiv er kultursektoren, informasjonsteknologifeltet, utdanning og forsking sektorar som må sjåast i nær samanheng.

Kulturnæringar og kulturbaserte næringar

ØF-rapport nr. 10: 2004 Kartlegging av kulturnæringene i Norge , argumenterer for at omgrepet kulturnæringar er ein meir tenleg reiskap for å analysere kultursektoren som ein del av økonomien enn kreative næringar og kreative industriar. Dette vert grunngjeve med at kreativitet finst, i større eller mindre grad, i alle næringar. Kreativitet er ikkje noko som særmerkjer ei næring eller ei gruppe næringar.

Østlandsforskning har i sin definisjon valt å ta utgangspunkt i omgrepet kulturelle produkt . Dette er meiningsberande produkt som er framstilte for å kommunisere med publikum eller kundane. Kulturnæringane vert definerte som dei næringane som framstiller produkt der dei kommunikative aspekta er dei primære . Valet av omgrepet næring har dels samanheng med at ein fokuserer på kulturell produksjon i eit næringsperspektiv og dels at studien i første rekkje er retta mot private verksemder som sel kulturelle produkt som varer i ein privat marknad.

I ØF-rapport nr. 10: 2004 har ein valt å skilje mellom kulturnæringane som produserer kulturelle produkt og kulturbaserte næringar som nyttar kulturelle produkt som ein viktig innsatsfaktor. I dei tilfella der kulturelle produkt representerer ein viktig innsatsfaktor for verdiskapinga i andre næringar nyttar dei generelt omgrepet kulturbasert næringsutvikling.

Denne meldinga vil nytte omgrepet kulturnæringar i dei samanhengane der ein viser til kulturnæringane som verdiskapande næringar i seg sjølv, jf. ØFs definisjon.

I denne meldinga vil ein ikkje skilje skarpt mellom kulturnæringar og kulturbaserte næringar, men heller nytte omgrepet kulturbasert næringsutvikling og kulturbaserte næringar i vid meining for å vise til dei verksemdene som finst innanfor eller grensar mot kultursektoren i eit næringsperspektiv.

Innovasjon og nyskaping

Omgrepa innovasjon og nyskaping er sentrale omgrep innanfor både næringssektoren og kultursektoren. Dei vert likevel nytta på ulike måtar innanfor dei to sektorane.

I næringspolitikken er innovasjon definert som «det å forandre eller innføre noe nytt som for eksempel produkter, prosesser eller tjenester i et marked» ( Virkemidler for morgendagens næringsliv , NHD 2002). Innovasjonssystem er definert som» systemet av aktører og faktorer som har betydning for innovasjon: Bedrifter, kunnskapsmiljøer, finansieringsinstitusjoner, virkemiddelapparat og relasjonene/strømmene mellom dem på nasjonalt eller på lokalt/regionalt nivå» ( ibid.)

Desse definisjonane dannar òg utgangspunktet for omgrepa slik dei er nytta i regjeringa sin innovasjonsplan Fra idé til verdi. I planen er det lagt til grunn at ein kan sjå på innovasjon både som eit produkt og ein prosess . Dette inneber at innovasjon kan vere eit nytt produkt, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, ein ny bruksmåte eller ei ny organisasjonsform som er lansert i marknaden eller teke i bruk i produksjon for å skape økonomiske verdiar. Innovasjon kan også vere den prosessen som fører fram til eit nytt produkt eller teneste, og som omfattar samspel og læring mellom mange aktørar. Av og til skjer det store gjennombrot som kan kallast radikale innovasjonar, men innovasjon skjer oftast i form av mindre betringar.

Innovasjon er i høg grad marknadsdrive i form av krav frå kundar og marknader om meir avanserte produkt og effektive tenester. Gjennom innovasjon utviklar næringslivet nye og betre produkt, aukar lønsemda og legg grunnlaget for langsiktig vekst og verdiskaping. Målet med innovasjonsplanen er å fremje lønsam innovasjon.

Innanfor kultursektoren er innovasjon eller nyskaping gjerne forstått som det som ikkje er innhenta av vanar, tradisjonar og konvensjonar. Gjennom heile det 20. hundreåret har kunsten og andre kulturutrykk i høg grad handla om å sprengje grenser og tilvante kategoriar.

Medan innovasjon i næringslivet er marknadsdriven og økonomisk orientert, er kunsten og kulturuttrykka snarare ein leverandør av nye fortolkingsperspektiv til samfunnet og omgjevnadene. Lønsemd og nytteperspektivet er underordna i sjølve nyskapingsprosessen, sjølv om resultata kan vise seg å vere både nyttige og lønsame i etterkant. Lønsemda kan til dømes kome til uttrykk når dei eksperimentelle kunst- og kulturuttrykka leverer viktige innspel til dei meir kommersialiserte delane av kulturfeltet eller til andre delar av næringslivet.

Kunstens behov for eit autonomt rom for nyskaping og eksperimentering, kor krav til nytte og lønsemd ikkje er omgåande og overordna, kan samanliknast med næringslivets behov for langsiktig og risikofylt eksperimentering når dei søkjer radikal innovasjon.

For å ivareta både kulturelle og økonomiske aspekt vil ein i denne meldinga leggje til grunn at innovasjon er ein prosess som, i tillegg til å vere marknadsorientert, må ta omsyn til verdiar som ikkje er økonomisk lønsame på kort sikt. Dette er ein nødvendig føresetnad for at ein ikkje skal miste den kulturelle meiningsdimensjonen som synest å bli stadig viktigare for ein innovativ økonomi og for samfunnsutviklinga som heilskap.

Verdi og verdiskaping

Også verdiomgrepet er sentralt innanfor både kultur- og næringssektoren, men vert brukt på ulike måtar innanfor dei to områda.

I eit næringspolitisk perspektiv har verdiskaping på kort sikt først og fremst å gjere med om dei ressursane som er tilgjengelege i økonomien i) vert nytta og ii) nytta der dei kastar mest av seg. På lengre sikt avheng verdiskapinga av den evna aktørane har til å omstille og innovere, dvs. å finne fram til andre og nye bruksmåtar for ressursane. Verdiskaping skjer i kvar einskild bedrift når dei under dei rådande marknadstilhøva evnar å gje dei ressursane dei brukar – arbeidskraft, kapital m.m. – ei fullnøyande avløning eller avkasting og såleis evnar å tilby produkt og/eller tenester i marknaden til betre vilkår – pris, sørvis, kvalitet, design m.m. – enn det etterspørjarane er viljuge til å betale for varene/tenestene. Dette inneber mellom anna at kostnadene til bedriftene ikkje må vere for høge og at dei må tilpasse seg etterspørjaren sine behov eller skape slike behov.

I eit kulturpolitisk perspektiv er verdi snarare knytt til produkta sine meiningsdimensjonar som vert frambrakte gjennom fortolkingar. Kulturelle verdiar kan ikkje målast i marknadsverdi, men er gjenstand for kvalitative vurderingar.

Ein politikk for kultur og næring må ta omsyn til både kulturelle og økonomiske verdiar, dvs. både krav til kunst- og kulturfagleg kvalitet og næringspolitiske krav om lønsemd og marknadstilpassing. Denne meldinga vil difor søkje å leggje til grunn eit breitt omgrep om verdiskaping forankra i ideen om bærekraftig utvikling. Dette inneber at verdiskaping ikkje er avgrensa til økonomisk vekst og fordeling av materielle gode, men utvida til å omfatte både kulturelle, sosiale og økonomiske dimensjonar. Når det handlar om næringspolitikken si rolle vil ein likevel nytte eit avgrensa omgrep om økonomisk verdiskaping, mens ein vil nytte eit omgrep om kulturelle verdiar når det primært handlar om kulturpolitikk.

1.4 Bakgrunnsdokument

Regjeringsdokument

Stortingsmeldingar, proposisjonar, handlingsplanar o.l innanfor fleire politikkområde har vore med å leggje premissane for denne meldinga. Innanfor det kulturpolitiske ansvarsområdet gjeld dette først og fremst St.meld nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 og den tilhøyrande Innst. S. nr. 155 (2003-2004). Meldinga trekkjer opp hovudlinene i den statleg kulturpolitikken det neste tiåret. I tillegg er St.meld nr. 25 (2003-2004) Økonomiske rammebetingelser for filmproduksjon og den tilhøyrande Innst. S. nr. 228 (2003-2004) sentrale dokument. Vidare må nemnast St.meld. nr. 16 (2004-2005) Leve med kulturminne som ligg til førehaving i Stortinget. Meldinga drøfter mellom anna problemstillingar knytte til kulturminner og verdiskaping.

Innanfor innovasjons- og næringspolitikken er dokumentet Fra idé til verdiskaping. Regjeringens plan for en helhetlig innovasjonspolitikk sentralt. Planen vart presentert hausten 2003 og dannar utgangspunktet for ein heilskapleg og langsiktig innovasjonspolitikk på tvers av ei rekkje politikk- og forvaltningsområde. I tillegg har St.prp. nr. 51 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv vore med å leggje premissane for verkemiddeldiskusjonane i denne meldinga. Det same gjeld St.meld. nr. 15 (2004-2005) Om konkurransepolitikken.

I St.prp. nr. 65 (2002-2003) legg regjeringa fram ein overordna politikk om auka turistmessig bruk av fjellområda i og utanfor verneområde. Det er trekt opp retningsliner for både friluftsliv og natur- og kulturbasert reiseliv. I tillegg må nemnast St.meld. nr. 19 (2004-2005) Marin næringsutvikling. Den blå åker .

Innanfor utdannings- og forskingsfeltet er St. meld. nr. 18 (2001-2002) Kvalitetsreformen – Om høyere utdanning sentral, og St.meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forskning , som òg vil omfatte tema som er relevante for denne meldinga.

Innanfor Kommunal- og regionaldepartementet sitt virkeområde er den komande meldinga om regionalpolitikken viktig. Meldinga vil omhandle tema som også har innverknad for utviklinga av kulturbaserte næringar over heile landet. Meldinga vert lagt fram våren 2005.

Andre grunnlagsdokument og kjelder til kunnskap

Innanfor dei tidsrammene ein har hatt til rådvelde for å utarbeide denne meldinga, har det ikkje vore rom for å setje i gong nye utgreiingar innanfor feltet. Meldinga er difor hovudsakeleg utarbeidd på grunnlag av allereie eksisterande internasjonal og nasjonal forsking og utgreiing.

For å få fram eit best mogeleg kunnskapsgrunnlag vart det i samarbeid med utgreiingsseksjonen i Norsk kulturråd arrangert to seminar hausten 2004. Det første seminaret var eit tverrfagleg forskarseminar. Siktemålet var å få eit oversyn over forskingsbasert kunnskap om relevante strukturar og prosessar. Det andre seminaret var med eit knippe feltaktørar for å frambringe relevant erfaringsbasert kunnskap. I tillegg har ein motteke ei rekkje innspel frå kommunar, fylkeskommunar og andre relevante aktørar.

Eit sentralt grunnlagsdokument er ØF-rapport nr. 10: 2004. Kartlegging av kulturnæringane i Noreg – økonomisk betydning, vekst- og utviklingspotensial. Rapporten er utarbeidd etter oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet. Føremålet med arbeidet har dels vore å undersøkje kva som ligg i omgrepa kulturbaserte og kreative næringar og dels å kartleggje kva rolle desse næringane spelar i norsk økonomi. Studien må reknast som eit første forsøk på å få eit samla bilete av kulturnæringane i Noreg.

Det er òg utarbeidd nokre regionale kartleggingar av kulturnæringane som ein har nytta i meldingsarbeidet. Mellom anna har Kunnskapsparken Hedmark i samarbeid med Lillehammer kunnskapspark og Østlandsforskning utarbeidd rapporten Kultur- og opplevelsesnærinear i Innlandet . På oppdrag frå Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd har Rogalandsforsking utarbeidd rapporten Kreative næringer i Rogaland .

I tillegg finst det ei rekkje internasjonale kartleggingar av kulturnæringane. Fordi det er vesentlege variasjonar i avgrensingar og klassifikasjonar i ulike land, lèt det seg likevel ikkje gjere å samanlikne data mellom landa. Det er òg avgrensa kor relevant kunnskap slike kartleggingar kan frambringe fordi dei ofte er baserte på vide kategoriar som omfattar ei rekkje svært ulike verksemder.

Når det gjeld samarbeid mellom kulturliv og næringsliv er rapporten Kultur og næring (2004) om kultursponsing og kultursamarbeid eit sentralt grunnlagsdokument. Rapporten er utarbeidd av Perduco AS og Cultura Capital AS etter oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Rapporten byggjer på ei bedriftsundersøking gjennomført av Perduco AS og Cultura Capital AS og ei spørjeundersøking gjennomført av MMI blant kulturinstitusjonar i Noreg.

I fleire andre land er det utarbeidd regjeringsdokument om forholdet mellom kultur og næring og tilgrensande område og problemstillingar. Mellom anna er det både i Danmark, Sverige og Finland utarbeidd rapportar som har vore nyttige grunnlagsdokument i arbeidet med denne meldinga.

Bibliografiske referansar til dei mest relevante regjeringsdokumenta, samt annan internasjonal og nasjonal litteratur ein har nytta i arbeidet går fram av vedlegg til denne meldinga.

1.5 Samandrag

Meldinga er delt inn i tre hovuddelar.

Del 1 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår og utfordringar for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling. Siktemålet er for det første å skissere utviklingstrekk og eksisterande rammeverk som er med på å danne grunnlaget for utviklinga av ein heilskapleg politikk for kultur og næring. For det andre forsøkjer ein på eit overordna og generelt plan å peike ut viktige utfordringar.

Del 2 går nærare inn på enkelte kulturnæringar. Denne delen er hovudsakleg konsentrert om dei delane av kulturfeltet som opererer i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Hovudperspektivet er kulturnæringane som verdiskapande næringar i seg sjølv.

Del 3 handlar i større grad om samvirke mellom kultur og næring. Ein ser på kultur både som innsatsfaktor for å auke verdiskapinga i andre næringar og på korleis næringslivet kan medverke til utvikling og vekst i kultursektoren.

Del 1 (kapittel 2 – 3)

Kapittel 2 gjer greie for nasjonale og internasjonale utviklingstrekk på eit overordna nivå. For det første vert det gjort greie for utviklingstrekk som har medverka til auka interesse for samanhengen mellom kultur, innovasjon og økonomisk utvikling. Samla sett peiker geografisk konkurranse, individualisering, endra konsummønstre og produksjonsstrategiar i retning av eit vekst- og utviklingspotensial for kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling.

For det andre vert det gjort greie for strukturelle endringar knytte til kultur og næring som utviklingsstrategi . Det vert peika på generelle internasjonale trendar knytte til regionalutvikling og byutvikling og samstundes gjort greie for korleis desse trendane manifesterer seg i Noreg.

For det tredje vert det gjort nærare greie for kulturnæringane forstått som verdiskapande næringar i seg sjølv. Det vert vist til nokre internasjonale kartleggingar av økonomi og sysselsetjing i kulturnæringane. Hovudresultata frå ei kartlegging av kulturnæringane i Noreg vert skissert, samt frå nokre regionale kartleggingar. Det vert gjort greie for nokre sentrale aspekt ved kulturnæringane og samanhengen mellom teknologi og kultur og mellom ungdomskulturar, innovasjon og kommersialisering.

I Kapittel 3 vert det for det første gjort greie for mål og verkemiddel innanfor dei mest relevante politikkområda som i dag er med på å byggje opp under kulturbasert næringsutvikling. Dette gjeld først og fremst kulturpolitikken, utanrikspolitikken og dei politikkområda som i dag utgjer rammene for innovasjonspolitikken, dvs. næringspolitikken, utdannings- og forskingspolitikken og regional- og distriktspolitikken. I tillegg vert det gjort greie for internasjonale rammevilkår for kulturnæringane knytt til EU og EØS-regelverket og sentrale WTO-avtalar. For det andre forsøkjer ein å identifisere nokre overordna utfordringar for den vidare utviklinga av kulturbaserte næringar knytte til finansiering, kompetanse, nettverk og infrastruktur, samt internasjonalisering og noregsprofilering.

Del II (kapittel 4 – 8)

Kapittel 4 gjer nærare greie for næringsaspekt ved kunstnarisk verksemd . Kapitlet drøfter nokre generelle utviklingstrekk for kunstnarane og dei ulike kunstfelta og peiker på utfordringar knytte til økonomi, trygd, sjukepengar og forsikring, entreprenørskap og firmaetablering, samt utdanning og forsking.

Kapittel 5 gjer greie for struktur, utviklingstrekk, utfordringar og verkemiddel innanfor designfeltet . Perspektivet er dels design som ei kulturnæring i seg sjølv, men først og fremst handlar det om design som innsatsfaktor i anna næringsverksemd og designens rolle i den totale samfunnsutforminga. Det vert peika på utfordringar og tiltak særleg knytte til etablering, internasjonalisering, samt utdanning og forsking.

Kapittel 6 omhandlar næringsmessige aspekt ved den audiovisuelle industrien. Det gjer greie for struktur og utviklingstrekk innanfor den audiovisuelle industrien i Noreg med hovudvekt på langfilm, den statlege politikken på området, moglege tiltak og verkemiddel for å styrkje den audiovisuelle industrien som bransje og spørsmål som gjeld insentivordningar for utanlandsk filmproduksjon i Noreg.

Kapittel 7 omhandlar struktur, utviklingstrekk, utfordringar og verkemiddel innanfor musikkfeltet . Det vert identifisert utfordringar knytte til internasjonalisering, marknadsføring og formidling, samt kunnskap og kompetansebehov.

Kapittel 8 handlar om bokbransjen. Kapitlet gjer greie for utviklingstrekk og diskuterer utfordringar knytte til marknad og teknologisk utvikling, produksjon og distribusjon, samt internasjonalisering.

Del III (kapittel 9 – 11)

Kapittel 9 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår og utfordringar innanfor kulturbasert reiseliv . Ei rekkje samanvirkande faktorar har ført til at kultur og kulturarv har vorte eit viktigare element i reiselivet. Viktige utfordringar for utviklinga av eit kulturbasert reiseliv er betre kommunikasjon og samarbeid mellom ulike aktørar, kvalitets­satsing og berekraftig utvikling.

Kapittel 10 gjer greie for utviklingstrekk, rammevilkår, utfordringar og satsingsområde innanfor området matkultur . Som ein del av den generelle veksten i etterspurnaden etter opplevingar og underhaldning er interessa for mat og matkultur veksande. Samstundes har endra rammevilkår i landbruket ført til behov for å finne nye og alternative måtar å skaffe inntekter. Dei viktigaste utfordringane er knytte til nettverksbygging, marknadsføring og merkevarebygging, samt informasjon og kompetanseheving.

Kapittel 11 handlar om kultursponsing og samarbeid mellom kulturliv og næringsliv . Utgangspunktet er at samspel mellom kultur- og næringsliv kan medverke til utvikling og vekst både i kulturlivet og i næringslivet. Det er difor grunn til rette søkjelys mot dei områda der kultur og næringsliv har gjensidig interesse av samarbeid som supplement til dei offentlege rammevilkåra. Det synest vere tendensar både til at samarbeid mellom kulturliv og næringsliv vert meir utbreidd og til at samarbeidsavtalane vert meir integrerte. Dette kan skape positive synergieffektar, men det inneber òg nokre utfordringar for kulturlivet. Det vert slått fast at regjeringa ikkje tek til orde for ei aukande privatisering av kulturøkonomien, men ynskjer å oppmuntre til fleire og meir varierte finansieringskjelder og meir integrert bruk av kultur som innsatsfaktor i eit innovativt næringsliv.

Til forsida av dokumentet