St.prp. nr. 20 (2003-2004)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2003

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2003 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2003 vart utarbeidd.

1.2 Tilleggsløyvingar

På bakgrun av at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan frå november i år i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember vert det foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.

Oppdraget kostar totalt 50 mill. kroner der 30 mill. kroner kjem til betaling i 2003. 20 mill. kroner vert dekt innanfor fastlagde rammer og 10 mill. kroner i tillegsløyving.

1.3 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2003-budsjettet

1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002

Avslutninga av rekneskapen for 2002 synte eit meirforbruk under:

  1. Kap. 1731 Hæren, post 01 på 55,470 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 55,470 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  2. Kap. 1732 Sjøforsvaret, post 01 på 38,878 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 38,878 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  3. Kap. 1734 Heimevernet, post 01 på 6,094 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 6,094 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  4. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 på 2,181 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 2,181 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  5. Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, post 01 på 6,167 mill. kroner.

    Totalt meirforbruk var på 6,167 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.3.2 Netto meirinntekter i 2003

I forhold til vedtatt budsjett 2003 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 72,765 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida.

1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga

1.4.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedtatt budsjett for 2003 lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2002.

I 2003 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar i følgjande:

  • Stp.prp. nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medrekna folketrygda, B.innst. S. nr. 1 (2002-2003), medførde ein reduksjon på 43,462 mill. kroner

  • St.prp. nr. 65 (2002-2003), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførde ei redusert utgiftsramme på 240 mill. kroner.

  • Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 100 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 28,601 mill. kroner.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2003, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003 29 613 813
Innst. S nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003) -43 462
Innst. S. nr. 260 (2002-2003) -240 000
Forsvarsdepartementet sin del av innsparingsfullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet -28 601
Soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003) (reknefeil i samband med utarbeiding av proposisjonen) 3
= Faktisk løyving før omgruppering 29 301 753
Middel ført over frå 2002 1 127 923
Disponible midlar i 2003 før omgruppering 30 429 676

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003 798 286
= Løyving før omgruppering 798 286

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002 -108 790
Nedtrekk grunna ein reknefeil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003). -3
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida 72 765
Tilleggsløyvingar i omgrupperinga 2003 10 000
= Sum behov ved omgrupperinga -26 028
+ Løyving før omgruppering 29 301 753
= Total løyving etter omgrupperinga 29 275 725
= Totalt disponibelt etter omgrupperinga 30 403 648

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering 798 286
Netto meirinntekter 72 765
= Sum behov ved omgrupperinga 871 051

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 26,028 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 72,765 mill. kroner.

1.4.2 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5 Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
Post Formål Meirutg +
01 Driftsutgifter -12 695
24 Driftsresultat Forsvarsbygg 458 436
43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet -11 307
45 Store nyskaffingar 109 420
47 Nye bygg og anlegg -600 436
48 Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid -2 181
50 Overføringar til statsinstitusjonar 42 000
70 Renter låneordning -8 000
75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid - 23 000
78 Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett 23 000
90 Lån til private -1 265
Sum -26 028

1.4.3 Inntekter

Tabell 1.6 Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Mindreinnt -
Post Formål /Meirinnt +
01 Driftsinntekter 72 365
70 Renter låneordninga -600
90 Lån til bustadformål 1 000
Sum 72 765
Til toppen
Til forsida av dokumentet