St.prp. nr. 68 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 vart europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik teke inn i vedlegg II (om tekniske forskrifter, standardar, prøving og sertifisering) til EØS-avtala.

Føremålet med direktivet er å syte for at forbrukarprodukt som er gjorde tilgjengelege for sal, er trygge. Trygge produkt tyder produkt som ikkje fører med seg eller berre fører med seg minimal risiko for helseskade.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for godkjenning frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.