St.prp. nr. 68 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Krava i direktivet skal gjennomførast i norsk lovgjeving ved endringar i lov av 11. juni 1976 nr. 79 om kontroll med produkter og forbrukertjenester (produktkontrollova). Direktivet stiller i nokre tilfelle meir spesifiserte krav til produkttryggleiken enn produktkontrollova. Dette gjeld særleg:

  • Føresegna om at produkt som er i samsvar med harmoniserte standardar, skal reknast for å oppfylle krava til tryggleik i direktivet.

  • Spesifiserte krav til næringslivet, mellom anna ei aktiv informasjonsplikt overfor brukarar av produkt, kva som skal rapporterast til styresmaktene og forvaring av opplysningar for sporing av produkt.

  • Lågare terskel for når styresmaktene kan gripe inn med regulerande tiltak overfor marknaden.

Barne- og familiedepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg til naudsynte lovendringar. Fristen for å gjennomføre krava i direktivet i norsk rett er 15. januar 2004.