St.prp. nr. 68 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Direktivet er ein revisjon av rådsdirektiv 92/59/EØF om alminneleg produkttryggleik. Det var ein føresetnad i det opprinnelege direktivet at Kommisjonen i 1998 (4 år etter gjennomføringsfristen) skulle ta stilling til om det var naudsynt med revisjon. Det opprinnelege direktivet er innlemma i EØS-avtala.

Dei viktigaste endringane i høve til det opprinnelege direktivet er:

  • Ein klarare definisjon av verkeområdet til direktivet. Direktivet gjeld generelt for alle forbrukarprodukt som ikkje er regulerte gjennom særdirektiv, som til dømes leiketøydirektivet. Produkt som forbrukarar får tilbod om i samband med ei teneste, er òg omfatta, til dømes utstyr som vert nytta i samband med ei dykkarteneste.

  • Bruksområdet vert utvida til å omfatte produkt som det er rimeleg å vente at forbrukarane skal nytte, sjølv om dei i utgangspunktet ikkje var meinte for forbrukarar. Dette vil som regel dreie seg om produkt som er meinte for meir profesjonell bruk, og nærliggjande døme kan vere produkt innanfor produktområda maskiner, handverksreiskapar og medisinsk utstyr.

  • Det skal leggjast sterkare vekt på at produkt som vert rekna for å vere produserte i medhald av harmoniserte standardar, skal ventast å oppfylle krava i direktivet. Standardane må vere utarbeidde av europeiske standardiseringsorganisasjonar og vere kunngjorde i Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

  • Nye krav til produsentar/distributørar med omsyn til informasjon til og samarbeid med nasjonale styresmakter om farlege produkt.

  • Nasjonale tilsynsstyresmakter får heimel til å gje påbod om tilbakekalling av farlege produkt som forbrukarane alt har fått i hende. Det vert lagt stor vekt på marknadsovervaking og -kontroll. Direktivet krev at nasjonale tilsynsstyresmakter har tilstrekkelege fullmakter til å utføre dei pliktene som dei er pålagde etter direktivet. Informasjon om organiseringa av tilsynsapparatet skal sendast over til Kommisjonen.

  • Vilkåra for at Kommisjonen kan vedta eit hasteinngrep vert meir effektive ved at det ikkje lenger er krav om at det skal liggje føre ei oppmoding frå ein medlemsstat før det vert gjort vedtak.

  • Det vert innført eit eksportforbod til tredjestatar av produkt som har vore omfatta av hastevedtak i medhald av artikkel 13 nr. 1 i direktivet. Dette er vedtak på fellesskapsplan som vert gjorde av Kommisjonen på bakgrunn av opplysningar om alvorleg risiko ved produkt. Det skal berre gjerast vedtak på fellesskapsplan når det ikkje vert rekna som tilstrekkeleg med vedtak på medlemsstatsplan. Det vert gjort vedtak etter at medlemsstatane og om naudsynt ein av vitskapskomitéane er vortne rådspurde. Vedtaka går ut på at medlemsstatane skal gjere ulike tiltak, til dømes merking av produkt, offentleggjering av åtvaringar om produkt o.l. Føremålet med eksportforbodet er å hindre at farlege produkt som ikkje kan seljast innanfor EØS-området, hamnar på marknaden i tredjestatar.

  • Effektivisering av framgangsmåtane for melding og utveksling av informasjon og av RAPEX-systemet (hastemeldingar om farlege produkt).