St.prp. nr. 68 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 om endring av vedlegg II til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Etter avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2003 av 31. januar 2003 skal direktiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik innlemmast i kapittel XIX om generelle føresegner på området for tekniske handelshindringar i vedlegg II til EØS-avtala. Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala og spesielt til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at kapittel XIX i vedlegg II til EØS-avtala vert endra ved:

  1. at direktiv 2001/95/EF om alminneleg produkttryggleik vert innlemma i vedlegg II til EØS-avtala som nytt nr. 3h.

  2. at nr. 3a rådsdirektiv 92/59/EØF vert oppheva med verknad frå 15. januar 2004.

Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2001/95/EF på islandsk og norsk, som vert kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. februar 2003 på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.