Historisk arkiv

Utdanning i vern og bevaring av eldre bygningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Innstilling frå ei arbeidsgruppe

Utdanning i vern og bevaring av eldre bygningar

Innstilling frå ei arbeidsgruppe

INNLEIING

Bakgrunnen for nedsetjinga av arbeidsgruppa

Over lang tid har ulike aktørar arbeidd med opplæring av handverkarar i vern og bevaring av eldre bygningar. Mange av desse initiativa har ført til ei kraftig kompetanseheving for dei handverkarane som har vore med, men det har mangla eit samla offentleg initiativ for å organisere eit stabilt opplæringstilbod i bygningsvern på ulike nivå i utdanningssystemet vårt. Det er også eit alt for lite omfang på denne opplæringa slik at volumet samla sett vert for lite. Både brukarar og utøvarar av dei ulike handverka har i lang tid arbeidd for å finne ei løysing på desse problema.

Problemstillinga blei aktualisert av ein interpellasjon av representanten Marit Tingelstad i Stortinget 27.10.98. I svaret sitt sa statsråd Jon Lilletun mellom anna at han ville setje ned ei arbeidsgruppe.

Oppnemninga av denne arbeidsgruppa vart utsett i påvente av Terra Nova - konferansen på Lillehammer i 1999. Konferansen var arrangert av Teknologisk Institutt og Kulturnvernakademiet på Røros og hadde som hovudmål å ta opp til debatt den manglande utdanninga av handverkarar i bygningsvern.

På konferansen vart det nedsett ei gruppe som leverte eit konkret innspel til KUF i mai 99. Departementet nedsette ei arbeidsgruppe som skulle kome med innspel om faginnhald, struktur og organisering av ei utdanning for handverkarar i vern og bevaring av eldre bygningar.

Mandat

Mandatet til arbeidsgruppa er gjeve i brev frå KUF av 31.05.99 :

"Arbeidsgruppens mandat er å foreslå hvilke arbeidsområder og/eller teknikker som inngår i vern og bevaring av bygninger og en struktur på etterutdanningen. Etterutdanningen skal bygge på eksisterende fag-/svennebrev eller tilsvarende. Arbeidet sluttføres innen 31. desember 1999."

Mandatet blei utdjupa i møte med KUF 11.08.99:

"Arbeidsgruppen skal lage et forslag til struktur for en etterutdanning innen bevaring og vern av bygninger. Etterutdanningen kan bygge på fag- og svennebrev eller på realkompetanse. Gruppen skal også foreslå hvilke fagområder som kan inngå i en slik utdanning, men ikke med et detaljert faginnhold. Det skal lages et modulsystem som bygger på fag-/svennebrev eller tilsvarende yrkeskompetanse. Systemet skal ha overslag til andre fagområder. Arbeidsgruppen kan hente inn erfaringer/kunnskap om lignende opplæring i utlandet. Innstilling skal forelegges departementet innen 31.12.99."

I mandatet til gruppa har departementet understreka at etterutdanninga skal byggje på fag/svennebrev og/eller realkompetanse. Gruppa har drøfta denne problemstillinga og er samd i dette grunnlaget.

1.3 Medlemmer i arbeidsgruppa

Gruppa har hatt denne samansetjinga:

Tarjei Haugen, leiar rektor, Valle vidaregåande skule

Tore Hauge, sekretær tømrar/ingeniør, Teknologisk Institutt

Anders Haslestad rådgjevar/arkitekt, Riksantikvaren

Vigdis Vingelsgård konservator, Bevaringsavdelingen på Hedmarksmuseet

Øivind Lunde direktør, Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

Frank Berg byggmeister/undervisningsleiar, Opplæringskontoret i Vestfold

Solveig Orstad Teigenrektor, Hjerleid vidaregåande skule

John Christian Christiansen har vore observatør for KUF og hjelpt gruppa i arbeidet.

1.4. Arbeidsform

Gruppa har hatt 7 arbeidsmøte, alle i Oslo. Medlemmane av gruppa har kvar for seg diskutert innstillinga med personar i dei aktuelle fagmiljøa.

Gruppa har invitert fleire personar til møta for å få innspel og opplysningar om aktuelle utdanningspolitiske emne.

SITUASJONEN I DAG

Behov

Byggeplassane er i våre dagar i kontinuerleg endring. Bygningsforståing og kunnskapane om bygningsfysikken vert meir og meir sentrale og bør vere eit emne som gjennomsyrar heile opplæringa. Slik sett er arbeidet med bygningsvern noko som bør vektleggjast på alle nivå og som vil styrke heile handverkaropplæringa.

Grove anslag viser at ein så stor del som 50-60% av alt bygningsarbeid i dag er knytt opp til arbeid på eksisterande bygningar. Dette gjer at ei opplæring i bygningsvern ikkje berre bør konsentrere seg om opplæring av spesialistar og utvikling av spisskompetanse, men også må ta omsyn til det arbeidet som i dag vert gjort på svært mange byggeplassar. Gruppa har difor i arbeidet sitt bruka tid på å drøfte bygningsvernet sin plass også i grunnopplæringa og kome med forslag til forbetringar på fleire nivå.

Fleire institusjonar, privatpersonar og organisasjonar er i dag eigarar av ein stor eldre bygningsmasse. Denne bygningsmassen er vanskeleg å berekne, men i alle fall 500.000-600.000 verneverdige bygningar må reknast med. Privatpersonar, museum og Fortidsminneforeningen er døme på eigarar som samstemt melder om store behov. Ein stor oppdragsgjevar er sjølvsagt dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar i samarbeid med Riksantikvaren og det kommunale og fylkeskommunale kulturminnevernet.

Ei utviding av Kulturminnelova er no under drøfting. Anslag frå det forarbeidet som er gjort til denne lova, fortel tydeleg at omfanget av bygningar som no vert omfatta av freding og vern, vil bli mykje større enn før. Behovet for utdanning av handverkarar som har kompetanse i bygningsvern, vil difor auke kraftig. Truleg er det også store mørketal i slike anslag. Særleg bør ein legge vekt på det behovet som landbruksnæringa har registrert.

Gruppa meiner difor at alle overslag over behov eintydig peikar på at ein større innsats for å bevare bygningar vil og må kome. I dag er diverre situasjon slik at vi har alt for få handverkarar som er i stand til å klare denne jobben. Dette set på dagsorden ein auka innsats på opplæringssida. Etter gruppa si vurdering bør dette skje både ved større vektlegging av bygningsvernet i den eksisterande opplæringa og ved etablering av eit fast etterutdanningstilbod.

Dei mange tilboda som i dag finst på forskjellige nivå og som kvar for seg bygningsfagleg kan vere gode, manglar ein samordna kulturminnefagleg forankring.

Vidaregåande opplæring i skule

Etter innføringa av Reform 94 fall mange av dei spesialiserte tilboda innafor dei vidaregåande skulane vekk. Reforma var mellom anna ei strukturreform som ikkje lenger gav rom for mange av dei nisjeutdanningane som hittil hadde vore på somme vidaregåande skular. Reforma førte og til at den opplæringa som vart gjeven på dei vidaregåande skulane i stor mon måtte konsentrere seg om nybygg.

Organiseringa av yrkesopplæringa fylgde etter reforma ein hovudmodell med 2 år i skule og 2 år i bedrift. Yrkesfaga fekk styrka allmennfaga, lærlingetilskotet auka og skulane fekk målstyrande læreplanar. Ein av dei viktigaste siktemåla med reforma var nettopp å styrke dei yrkesfaglege studieretningane og gjere elevane i stand til å møte utfordringane frå det moderne informasjonssamfunnet.

Fleire skular har sidan reforma arbeidd for å få etablert "restaureringsutdanning", "laftelinjer" og andre handverksbaserte opplæringstilbod utan at dette har ført til permanente opplæringstilbod. Kunnskap om materialar og materialval har og vore ein del av det faglege grunnlaget. Siktemålet med slike initiativ har vore å ta vare på dei viktigaste kvalitetane i handverka både fagleg og estetisk.

I tillegg finst det døme på fleire skular som innafor rammene til læreplanane, gjennom prosjektarbeid og lokale valfag har sett restaurering og rehabilitering på dagsorden.

"Nettverk for miljølære" er eit døme på sentralt initiativ med idear til undervisning og opplæring innafor både barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. I samarbeid med sentrale aktørar som t.d. Riksantikvaren og Miljøverndepartementet har KUF skissert fleire mogelege opplæringstiltak der skulane kan drive med holdningsarbeid mellom anna i bygningsvern.

Vidaregåande opplæring i bedrift - restteori

Fleire handverksfag har omfattande teoriopplæring innafor studieretningsfaga. Under planlegginga av Reform 94 vart det fort klart at ikkje heile denne teoriopplæring kunne gjennomførast på skulen. Ein del fag fekk difor også teoriopplæring i bedriftdelen. Denne teoridelen vert gjerne kalla restteori og er i utgangspunktet bedriftene sitt ansvar, men i mange fag er ansvaret for organiseringa og gjennomføringa lagt til dei ulike fagopplæringskontora.

Slik er det eksempelvis i tømrarfaget. Etter innføringa av nye læreplanar, er 175 timar av teoriopplæringa overført til dei to åra elevane er lærlingar i bedrift. Denne teoridelen utgjer i dag den obligatoriske opplæringa i rehabilitering i vidaregåande skule. Ansvaret for denne delen er altså lagt over på bedriftene.

Fleire stader i landet er det organisert opplæringskontor i tømrarfaget. Desse opplæringskontora har vore aktive i opplæringa av tømrarlærlingane og har fleire stader overteke ansvaret for å gje lærlingane opplæring i bygningsvern. Det er laga eigne opplæringsplanar for organiseringa av undervisinga, eiga lærebok har kome ut og opplæringskontora har fleire stader overteke ansvaret for heile opplæringa.

Det er diverre slik at opplæringskontor for tømrarfaget langt frå er like godt organisert over heile landet. Ein større innsats på dette området ville fort kunne gjeve store gevinstar i form av ei fagleg god opplæring i bygningsvern før fagbrev. Det er og lite tilfredsstillande at denne delen av opplæringa i berre liten mon vert teken med når lærlingane er oppe til fagprøve.

Teknisk Fagskule

Dette skuleslaget har i dag ikkje noko spesielt tilbod innafor bygningsvern, men skulen betyr mykje for byggebransjen fordi den har eigne linjer i byggfag. Teknisk Fagskule gjev i dag utdanning på mellomleiarnivå med mogelegheit for fagleg spesialisering.

Tidlegare har enkelte tekniske fagskular (eksempelvis Gjøvik) hatt tilbod i dokumentasjon og oppmåling knytta opp til bygningsvern.

Opplæring på høgskular

I dag er det enkelte høgskular som arbeider med å opprette utdanning i vern og bevaring av eldre bygningar som eige fag, men arbeidet er lite omfattande og berre i startgropa.

Høgskulen i Sør - Trøndelag har i samarbeid med Riksantikvaren laga eit etterutdanningskurs for lærarar i vidaregåande skule. Opphavleg er dette eit kurs som er organisert gjennom Statens lærarkurs for å dekke eit stort behov for etterutdanning av lærarar i byggfag i vidaregåande skule, men det er og opna for at faglærde tømrar kan deltake på denne opplæringa.

Som ei direkte fylgje av dette arbeidet, har Høgskulen i Sør- Trøndelag no sendt ut på høyring ein læreplan i eit 10 - vekttallskurs i bygningsvern. Dette er tenkt som eit permanent opplæringstilbod innafor høgskulesektoren.

I tillegg til desse initiativa er det og andre høgskular som arbeider med opplæringskurs i bygningsvern og som arbeider med planar om meir permanent utdanning. Det finst og høgskular som har eiga utdanning i kulturarbeid der kulturminnevernet blir vektlagt.

Ulike kurs, kompetansesenter o.l

På dette feltet er det gjort mest arbeid. Fleire ressurssenter ved dei vidaregåande skulane, private kursarrangørar, ulike frivillige organisasjonar og mange offentlege institusjonar har i ei årrekkje organisert kortare kurs. Ofte har mange ulike kursarrangørar samarbeidd om tilboda.

Målgruppa har som oftast vore faglærde handverkarar, private eigarar eller tilsette i skuleverket eller ved musea. Resultatet av desse kursa har samla sett vore ei kraftig kompetanseheving i restaurering og rehabilitering, men arbeidet har sjølvsagt bore preg av manglande heilskap og lita tid til fagleg fordjuping og refleksjon. Det er eit minus at det offentlege i alt for lita grad har engasjert seg i arbeidet.

Det siste året har interessa for å opprette kompetansesenter i bygningsvern auka kraftig, både frå offentlege og private. Det kan verke som svært mange no ligg i startgropa for å ta fatt på arbeidet i full mon.

Dei private kursarrangørane er viktige medspelarar i den opplæringa som må organiserast. Her er dei erfaringane som er gjort med samarbeid mellom det private og offentlege viktige å ta vare på. Dei vidaregåande skulane og dei resurssenter som er etablerte, vil vere viktige opplæringsarenarer når det skal organiserast ei meir permanent opplæringstilbod i bygningsvern.

Det er eit stort samordningsbehov mellom dei ulike aktørane i denne marknaden. Mykje er prega av manglande samordning og retningslinjer.

Handverkarane og bransjen sine krav til opplæring i bygningsvern

Handverkarane og bransjen sine krav må vere eit viktig utgangspunkt for opplæringa i bygningsvern.

Fleire element må då takast omsyn til :

  • Utdanninga må i stor grad ha eit praktisk innhald.
  • Det må etablerast eit nettverk av erfarne handverkarar som kan gå inn i opplæringa.
  • Målgruppa for utdanninga er etablerte handverkarar og organiseringa av opplæringa må ta stor grad av omsyn til dette. Fleksibilitet er eit nøkkelord for vaksne handverkarar med familie og eiga bedrift.
  • Samstundes som det må visast stor grad av fleksibilitet, må også opplæringa evne å gjeve rom for fagleg refleksjon, samarbeid og mogning.
  • Objektopplæringa må stå sentralt i planane. Dette vil mellom anna kunne sikre at ein del av den lokale byggeskikken vert ivareteken.
  • Den handborne kunnskapen må førast vidare innafor rammer som evnar å ta vare på gamle handverksteknikkar.
  • Eit av siktemåla må vere å lære opp gode instruktørar.
  • Opplæringa må basere seg på prinsippa i vaksenpedagogikken, tilpassa dei vaksne sine behov og livssituasjon.
  • Det er naturleg å ta i bruk IKT i opplæringa i stor mon. Målet må vere å kunne utvikle ei desentralisert opplæringa der det naturleg kan vekslast mellom sentrale samlingar og individuelt arbeid.
  • Det må utviklast ein realistisk finansieringsplan for utdanninga slik at rekrutteringa til utdanninga vert dominert av erfarne handverkarar. Dette er eit av dei mest sentrale faktorane for at den komande kompetansereforma skal bli vellykka.
  • Realkompetanse må vektleggjast ved opptaka til dei ulike opplæringstilboda.

Arbeidsplassen som læringsarena

Mykje av spesialiseringa innafor handverka/faga har tradisjonelt gått føre seg på byggeplassane. For å løyse akutte behov er det ofte blitt leita opp fagspesialistar med tilstrekkeleg fagfordjuping. Ofte har det då vore ei 1-1 læring under gjennomføringa av arbeidsoppgåvene.

Dei ti siste åra har Riksantikvaren tilrettelagt opplæring på fleire arbeidsplassar i samband med store restaureringsarbeid. Dette arbeidet har vore drive i samarbeid med bransjen, næringsorganisasjonar, handverkarforeiningar og fleire skular. Prosjekta har mellom anna vore retta mot mellomalderhus i tre, Bergstaden Røros og Brygga i Bergen, samisk og kvensk bygningskultur og kystkultur.

Knytta opp til Handverksregisteret på Maihaugen har nokre stipendiatar gjennomført praktiske fordjupingsstudier i ein del tradisjonelle byggfag. Opplæringa har vore gjennomført under rettleiing av ein tradisjonsberar i det aktuelle faget og har som siktemål å kunne vidareføre kunnskapane til denne tradisjonsberaren.

Utdanning av handverkarar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider

Ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider har ein sidan 1869 hatt intern opplæring av handverkarar, spesielt steinhoggarar.

I 1982 vart stillingskategoriane restaureringsteknikarar og restaureringsassistentar innførde. Etter ei formalisert seks års intern opplæring som restaureringsassisent, vert ein restaureringsteknikar.

I samband med tilsettinga av fem nye restaureringsassistentar i 1999, er det utarbeidd ein opplæringsplan over fire år. Planen omfattar førebels desse handverka: Steinhoggar, smed, murar, gipsmakar og blyglassmakar. Opplæringsplanen bygger på relevant fagbrev og gjev ei fire års vidareutdanning før ein oppnår tittel som restaureringasteknikar.

Internasjonale kurs og tiltak

Europeisk samarbeid

Det er i europeisk samanheng grunn til å trekke fram Leonardo da Vinci-programmet i EU. Under dette programmet ligg blant anna prosjektet Architectural Heritage and Crafts (AHAC). Noreg har vore initiativtakar til dette prosjektet og har også hatt prosjektleiinga sidan starten.

Det er levert eit høyringsutkast til eit modulbasert opplæringssystem for handverkarar. Innstillinga skisserer ei prototype på ei europeisk handverkarutdanning med tverrfaglege modular, fagrelaterte modular og fordjupingsmodular.

Målsetjinga med forslaget er å fremje etableringa av ein europeisk standard og europeiske retningslinjer for utdanning og opplæring av handverkarar innafor bygningsvern. Meininga er at denne type utdanning skal kunne føre fram til ei type europeisk sertifisering.

Modellen er svært fleksibel og er interessant i vurderinga av den framtidige norske utdanningsmodellen.

Internasjonalt samarbeid

Riksantikvaren har sidan 1984 organisert kurs anna kvart år i bevaring av historiske trekonstruksjonar for ca. 20 deltakarar frå heile verda. Kurset heiter International course on wood conservation technology.

Kursa har vore lagt opp i samarbeid med UNESCO og ICCROM som viktigaste samarbeidspartnerar. Deltakarane har hatt litt forskjellig vernefagleg bakgrunn med handverkarar som ei av gruppene. Knytta opp til kurset kan deltakarane gå opptil eksamen med seks vekttall ved NTNU. Til nå har det på desse kursa vore 152 deltakarar.

UTDANNINGSPOLITISKE RAMMER

Kompetansereforma og livslang læring

St meld nr 42 dreg opp dei viktigaste linjene i den komande kompetansereforma. For ei framtidig etterutdanning i bygningsvern vil Kompetansereforma vere ein viktig faktor å ta omsyn til.

Reforma har i seg fleire hovudelement som må sette sitt preg på ei handverkarutdanning:

  • Opplæringa av vaksne må bygge på eit fleksibelt tilbod som tek omsyn til livssituasjonen til vaksne arbeidstakarar.
  • Arbeidsplassen bør i størst mogeleg grad vere ein viktig opplæringsarena.
  • Realkompetanse må vektleggjast ved opptak til dei ulike studiane.
  • Det må sikrast ei finansiering av utdanninga.
  • Partane i arbeidslivet må saman utvikle reglar for studiepermisjon.

Grunngjevinga for reforma er det auka behovet for kompetanse i arbeidslivet og i samfunnet generelt som ein ser vil kome. Til grunn for ei slik positiv utvikling legg ein eit svært breitt og langsiktig kunnskapsomgrep.

Den livslange læringa er eit nøkkelomgrep i reforma. Med ei svært rask endring i arbeidslivet vil det fort utvikle seg eit kløft mellom behova for opplæring og utvikling av ny kunnskap i arbeidslivet og det tilbodet som dei ulike opplæringsinstitusjonane faktisk gjev.

For å møte dette auka behovet og kunne fylgje med i ei rask utvikling, må dei offentlege utdanningssystemet på alle nivå gjennomgå til dels store omstillingar.

Realkompetanse

Innafor regelverket er det i dag rom for opptak til skulane på bakgrunn av realkompetanse. Opptak på dette grunnlaget er likevel lite bruka og restriktivt praktisert.

Eit viktig element i kompetansereforma er nettopp realkompetanse. Målsetjinga er å gjeve vaksne med dokumentert realkompetanse rett til å kome inn på opplæring på like linje med elevar med vitnemål frå skuleverket og generell studiekompetanse.

På høgskulenivå har dette resultert i nedsetjing av Mjøs - utvalet som drøfta ulike opptakskriterier til høgskulane. Gjennom fleire konkrete forslag skisserer utvalet eit system for vurdering av realkompetanse og korleis dette skal administrerast av den enkelte skule. Ansvaret vert foreslått lagt til den enkelte institusjon, og gjennom forslag til ei rad skjema for kompetansedokumentasjon vert det lansert eit konkret forslag til korleis vurderingar kan gjennomførast.

Opplæring på "mellomnivået"

I 1999 nedsette KUF ei arbeidsgruppe (Berg - utvalet) som har fått i mandat å vurdere ulike opplæringstilbod som korkje kan definerast som vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. Utvalet skal m.a foreslå plassering og lovtilknytning for desse tilboda innafor eit heilskapleg opplæringssystem.

Teknisk fagskule, som fekk eiga opplæringslov i november 99, høyrer til dette mellomnivået og vil bli vurdert av utvalet.

Oppnemninga av Berg - utvalet er kommentert fleire gonger av statsråd Jon Lilletun. Han minna om utvalet i den utdanningspolitiske utgreiinga si 4. mai 1999 og sa mellom anna at han "såg fram til mange spennande diskusjonar og endringsprosessar når Mjøs - utvalet og Berg - utvalet neste vår legg fram innstillingane sine om vegen vidare innafor høgare utdanning og på det såkalla mellomnivået".

Arbeidsgruppa har prøvd etter beste evne å trekke inn arbeidet til desse utvala i vurderingane, men det er likevel klart at mange diskusjonar som kan ha mykje å seie for ei etterutdanning i bygningsvern enno ikkje er sluttførde.

FAGINNHALDET I OPPLÆRINGA

Grunnlaget for utarbeiding av læreplanar

Samfunnet har behov for tilgang til handverkarar med dei kunnskapar, ferdigheiter og holdningar som er nødvendige for å kunne ta vare på den kulturarven som finst i dette landet. For å sikre ei tverrfagleg forståing av bygningsvernet, meiner arbeidsgruppa det er viktig å ha ei felles plattform når læreplanane skal lagast.

For å sikre ei tverrfagleg forståing av bygningsvernet, meiner gruppa det er viktig å ha ei felles plattform for utarbeiding av læreplanar. Denne må innehalde eit oversyn over tverrfaglege tema og fagspesifikke tema. Undervisning må i størst mogeleg grad foregå i tverrfaglege samlingar for å utnytte dei ulike erfaringane til handverkarane.

Inndelingane av tema i faglege emne, tverrfaglege emne og fordeling mellom praksis og teori er eit omfattande arbeid som må gjerast i samband med læreplanarbeidet. Arbeidsgruppa har gjort ei innleiande grovinndeling og har valt å avslutte med det.

Innstillinga omfatter mellom anna fylgjande fag: murar, tømrar, malar / byggtapetserer, steinhoggar, smed, koppar – og blekkslagar, glassmeistar, snekker og gipsmakar.

Forslaget er tatt inn som vedlegg nr. 1 "Temaer for opplæring".

Fagspesifikk del

Etter gruppa si meining bør den fagspesifikke delen innehalde desse punkta:

  • Bakgrunn og grunnlag for faget

Handverkaren/fagarbeidaren må ha ein inngåande kjennskap til bakgrunn og utvikling for faget og kjenne til utviklingstrendar i notida og framtidige utfordringar og mogelegheiter.

  • Tradisjonelle bygningar

Handverkaren/fagarbeidaren må kunne gjennomføre dei faglege prosessar og teknikkar som høyrer faget til med omsyn til materialar, konstruksjonar og formutvikling. Handverkaren må kunne kommunisere om desse emna med andre fag og profesjonar. De fleste ferdigheiter som i dag vert omtala som "restaureringsferdigheter", høyrer naturleg inn her som tradisjonelle fagkunnskapar.

Felles del

Etter gruppa si meining bør ein felles del innehalde desse punkta:

  • Lover, forskrifter og godkjenning

Handverkaren/fagarbeidaren må ha ein inngåande kjennskap til lovverket innan bygningsvern.

  • Dokumentasjon

Handverkaren/fagarbeidaren må være i stand til å dokumentere prosessar, objekt og utføring.

  • Forvaltning, drift og vedlikehald

Handverkaren/fagarbeidaren må ha kunnskap om vidare ivaretaking av bygningane etter at byggearbeida er fullførte.

  • Restaurering og bygningsvern

Handverkaren/fagarbeidaren må få høve til å fordjupe seg i restaureringsarbeidet i sitt fag. Dette bør skje som en spesialisering innan kunnskap om og forståing av restaureringsarbeid.

DRØFTING AV ULIKE ALTERNATIV

Opplæring på vidaregåande skule sitt nivå

Bakgrunn

I mandatet til gruppa er det presisert at opplæringa i bygningsvern skal bygge på fag/svennebrev. Gruppa har likevel valt å bruke ein del tid på å arbeide med den vidaregåande opplæringa. Bakgrunnen for dette er behovet for at dei som startar på opplæringa i bygningsvern, skal ha mest mogeleg lik bakgrunn.

Læreplanane i vidaregåande opplæring er rammeplanar. Dette gjev skulane og bedriftene eit handlingsrom som bør utnyttast i langt større grad enn i dag. Læreplanane er med vilje forma romslege på fleire punkt. Dette bør både skular og bedrifter gripe tak i og utnytte til å arbeide med lokale spesialitetar og interesser. Gjennom ei slik spesialisering vil skulane styrke sin eigen profil og den vidaregåande opplæringa vil få ei større breidde.

Regjeringa har gong på gong presisert at dette er ei målsetjing og skulane vert aktivt oppfordra til å vise lokalt initiativ og dyrke mangfaldet. Nokre skular har alt gripe fatt i dette og laga eigne lokale tilpassingar og presiseringar av læreplanane men framleis er det mykje ugjort arbeid att på dette feltet.

Dei vidaregåande skulane bør likeins utnytte det høvet dei har til å organisere lokale valfag i bygningsvern. Ved å lage lokale valfag med eigne læreplanar, kan mange elevar i vidaregåande skular få eit viktig fagleg grunnlag for seinare arbeid. Ikkje mindre viktig er det å vekke interessa for bygningsvernet hjå denne aldersgruppa. Idealistar og eldsjeler er viktige motorar i dette arbeidet. Mykje av dei haldningane og den interessa som det er viktig å arbeide med i denne aldersgruppa, kan dei vidaregåande skulane stå for.

Opplæringa i bedrift er særleg viktig for nokre fag fordi den direkte opplæringa i bygningsvern er lagt til desse åra. I den samanheng er det viktig å presisere at organiseringa av opplæringskontor er ein nøkkel for å gje alle lærlingane i desse faga lik opplæring same kva for type bedrift dei er knytt til. Opplæringskontora tar som oftast ansvaret for restteorien i bygningsvern. Det er utarbeidd eigne delmål i dette emnet, eigne lærebøker og det vert bruka eigne instruktørar med innsikt i faget.

Det er heller ikkje ynskjeleg at det ikkje er ein lik praksis over heile landet i at lærlingane vert testa i bygningsvern når dei går opp til fagprøva. Slik det no er, er det opp til dei ulike prøvenemdene om emne frå bygningsvernet skal inngå i prøva. Ei presisering av at denne delen av opplæringa er obligatorisk ved alle fagprøver vil vere ein føresetnad for at emnet vert arbeidd med.

Fordelar

  • Den ordinære opplæringa fram til fag- og svennebrev er lagt til dette nivået.
  • Vidaregåande skule har pedagogisk erfaring med å sette handverket i fokus i opplæringa.
  • Ei plassering av ei utdanning i bygningsvern på dette nivået vil medføre ein samvirke - effekt som vil styrke grunnutdanninga og som også vil kunne auke rekrutteringa til handverksfag.
  • Lærarar vil lettare kunna gjeve og få inspirasjon i arbeidet sitt.
  • Dei vidaregåande skulane har stor geografisk spreiing som gjev god lokal forankring.

Ulemper

  • For yrkesfag sluttar den vidaregåande opplæringa med fag/svennebrev. Ei utdanning i bygningsvern kan difor ikkje gå inn i den vanlege drifta ved skulen.
  • Vidaregåande skule gjev ikkje utdanning med vekttall.

Konklusjon

Arbeidsgruppa ser ikkje at det er praktisk mogeleg å plassere ei etterutdanning i bygningsvern på dette nivået, men vidaregåande skule er aktuell som samarbeidspartnar i den praktiske gjennomføringa av utdanninga.

Vidaregåande skular må praktisere og vidareutvikle tilbodet i bygningsvern basert på dei læreplanane som i dag finst.

Opplæring innafor Teknisk Fagskule

Bakgrunn

Det ligg føre ei ny lov om Teknisk Fagskule frå november 1999. Arbeidsgruppa har difor valt å bruke denne lovteksten i vurderinga. Det er usikkert korleis denne lova vert sett i verk og praktisert, men dersom intensjonen i lova vert fylgt opp gjev dette nye mogelegheiter.

Frå formålsparagrafen vil gruppa trekke fram følgjande formulering:

"Teknisk fagskole skal bidra til å dekke arbeidslivets behov for ledelsesutdannning, utdanning til avanserte tekniske oppgaver og utdanning for å fylle nasjonale og internasjonale sertifiseringskrav.

Teknisk fagskole skal være et etter- og videreutdanningstilbud som skal gi fagarbeidere og voksne mulighet til faglig fordypning, kompetanse for videre utdanning og lederopplæring."

Gruppa ser den siste setninga som særleg viktig.

I § 2 står det om fylkeskommunen sine pliktar for utdanninga:

"Fylkeskommunen skal planlegge og gi tilbud om teknisk fagskole i tråd med nasjonale mål, søkernes ønsker, arbeidslivets behov og behovet for øvrig i samfunnet for slik utdanning. Fylkeskommuner kan samarbeide om tilbud som skal dekke ett eller flere fylker.

Depatementet kan fastsette i forskrift nasjonale mål for skoleslaget."

Frå komiteen sitt samandrag:

"Det lovfestes også at teknisk fagskole skal være et etter og videreutdanningstilbud som skal gi fagarbeidere og voksne mulighet til faglig fordypning, kompetanse for videre utdanning og lederopplæring."

Frå komiteen sine merknader:

"Komiteen vil også vise til at teknisk fagskole er et viktig utdanningstilbud for fagarbeidere som ønsker videre utdanning.

Komiteen mener at teknisk fagskole representerer et viktig utdanningsområde i grenselandet mellom universitetene/høyskolene og videregående opplæring.

Skolene representerer tilbud om videreutdanning for fagarbeidere og voksne. Det er også grunn til å legge vekt på det nære samarbeid som har vært mellom bransjer og skoleslaget. Teksnisk fagskole har derfor en tradisjon som skulle gjøre dem spesielt egnet til å påta seg en viktig rolle i kompetansereformen."

Teknisk fagskule tilhøyrer "mellomnivået" i utdanningssystemet vårt. Opptaket til skulane bygger på fag/svennebrev og relevant praksis. Opplæringa er toårig. Skulen gjev generell studiekompetanse og dei administrative faga til meisterprøva er lagt inn som ein del av tilbodet.

Fordelar

  • Dette er eit skuleslag som er under endring og utvikling og difor lettare kan ta opp i seg nye krav og mogelegheiter.
  • Teknisk Fagskule byggjer på fag- og svennebrev.
  • Med den nye lova har Teknisk Fagskule fått eit spesielt ansvar for vidare utdanning av fagarbeidarar og vaksne og for å dekke arbeidslivet sine behov.
  • Teknisk Fagskule har tradisjonelt vore ein viktig skule for byggfaga.

Ulemper

  • Skulen manglar erfaring med praktisk handverkaropplæring.
  • Det har tradisjonelt berre vore gjeve teoretisk opplæring som er nødvendig for å kunne leie ei bedrift og opplæring i allmennfaga slik at elevane får generell studiekompetanse.

Konklusjon

Skulen manglar erfaring med praktisk handverkaropplæring, men under føresetnad av at intensjonane i lovteksten vert fylgt opp, ser arbeidsgruppa gode mogelegheiter for å plassere etterutdanninga på dette nivået.

Opplæring på høgskule

Bakgrunn

Høgskulesystemet har i dag heller lita erfaring med opplæring i bygningsvern. Dei fleste opplæringstilboda er omtala under pkt 2.3. Det er likevel viktige politiske endringar på gang i høgskulesystemet som gjer at ei opplæring på høgskulenivå må vurderast nøye også når det gjeld opplæring av fagarbeidarar. Endringane er knytt tett opp til gjennomføringa av Kompetansereforma.

For å kome intensjonane i den nye reforma og kompetansebehova i næringslivet i møte, må det offentlege utdanningssystemet tilpasse seg dei nye oppgåvene på fleire område. Det er viktig at det er det nettopp er det offentlege utdanningssystemet som spelar den sentrale rollene også i opplæringa av handverkarar.

For høgskulesystemet sin del må mellom anna desse delane vektleggjast:

  • Det trengst ei utviklingsprosess innafor høgskulesystemet innafor organisering og pedagogiske metodar for å kunne tilpasse skulane betre til opplæring av vaksne i arbeid.
  • Det bør og utviklast eit tettare samarbeid mellom høgskular og private kursorganisatorar som studieforbund og fjernundervisningsinstitusjonar.
  • Samarbeidet med næringslivet og handverkarmiljøa må vere tett slik at den faglege styringa og oppfølginga er eit samspel mellom høgskule og handverkarar.
  • Regelverket må mjukast opp slik at opplæringa på høgskulenivå betre kan tilpassast behovet på arbeidsmarknaden.

Slike viktige endringar er i dag starta innafor høgskulane. Mjøs - utvalet har vurdert realkompetanse som opptakskriterie til høgskulane, Det norske høgskuleråd arbeider med å tilpasse høgskulane til behova i kompetansereforma og ei arbeidsgruppe nedsett av KUF tilrår institusjonane sjølve får fastsetje studietilboda sine innafor eigne budsjettrammer.

Viktige europeiske endringar er og med på å understreke at høgskulesystemet er under sterk utvikling. "Tertiary education" er eit omgrep å merke seg i denne utviklinga. Tendensen i høgskuleutdanninga er at dei tradisjonelle tilboda vert supplerte med nye og vidare tilbod både innafor teoretisk og yrkesretta utdanning. I denne endringsprosessen ligg og eit arbeid for å tilpasse høgskulesystemet til yrkeslivet.

Fordelar

  • Opplæringa vert verdsett med vekttall.
  • Ei utdanning med vekttall vil kunne gjeve ny status for handverka.
  • Ei plassering på høgskulenivå vil kunne gjeve ein samvirke - effekt mellom handverkarar og akademikarar.
  • Handverkaropplæringa vil bli likestilt med høgare teoretisk opplæring.
  • Handverket vert løfta ut over miljøet sitt.

Ulemper

  • Skuleslaget manglar erfaring i praktisk handverkaropplæring.
  • Høgskulen har teoretisk tilnærming til lærestoffet der kjennskap, kjenne til og vite er det primære siktemålet - i motsetning til kunnskap om å kunne utføre.
  • Opptak til høgskular krev som oftast generell studiekompetanse.

Konklusjon

Arbeidsgruppa ser gode mogelegheiter for å plassere etterutdanninga på dette nivået.

5.4. Opplæring på institusjonar og i organisasjonar utanfor det offentlege skuleverket

Bakgrunn

Arbeidsgruppa har drøfta bakgrunnen i pkt 2.5 og viser til dette punktet.

Fordelar

  • Innafor dei ulike organisasjonane og private institusjonane finn ein ofte lærekrefter med erfaring i praktisk handverkaropplæring.
  • Dei er ofte tilpassingsdyktige og har eit breitt nettverk.

Ulemper

  • Det er stor variasjon i struktur og målsetting mellom dei ulike organisasjonane og institusjonane.
  • Dei har lita erfaring med opplæring over lang tid.
  • Dei er ingen formell del av skuleverket, og det kan difor vere vanskeleg å få til ein formell sluttkompetanse.
  • Opplæringa som desse institusjonane og organisasjonane har drive, har vanlegvis vore sterkt fragmentert.

Konklusjon

Arbeidsgruppa meiner det ikkje er ynskjeleg å plassere ei etterutdanning i bygningsvern hjå organisasjonar og private institusjonar, men vil understreke at det må gjevast høve også for desse til å tilby utdanninga i samarbeid med skuleverket og arbeidslivet. Skulane må få ressursar til eit samarbeid med desse aktørane.

5.5 Plassering på fleire utdanningsnivå

Arbeidsgruppa har drøfta om ei utdanning i bygningsvern kan plasserast på fleire nivå i det offentlege utdanningssystemet.

Fordelar

  • Tilboda vil kunne bli svært varierte med både to -årig samanhengande utdanning og kortare kurs.

Ulemper

  • Det vert problematisk å ha oversikt over kurstilbod og samarbeidsformer.
  • Ansvarsplasseringa vert uklar.

Konklusjon

Arbeidsgruppa ser ikkje på dette forslaget som ei god løysing.

5.6. Etablering av eigen handverkarhøgskule

Arbeidsgruppa har i fleire samanhengar drøfta om det hadde vore mogeleg å få etablert ein eigen handverkarhøgskule.

Fordelar

  • Ein handverkarhøgskule kan ha eit overordna og nasjonalt ansvar for utdanninga i bygningsvern.
  • Ein eigen høgskule vil kunne skreddarsy ei handverkaropplæring.

Ulemper

  • Ein eigen høgskule vil krevje svært store investeringar.
  • Eit nytt høgskulenettverk må integrerast.
  • Etableringa vil vere ein svært arbeidskrevjande prosess som vil ta lang tid.

Konklusjon

Arbeidsgruppa kan ikkje sjå at det er mogeleg å etablere ein slik høgskule no.

KONKLUSJON OG TILRÅDING FRÅ GRUPPA

Faginnhaldet i opplæringa

Gruppa har laga ei separat vedlegg til innstillinga som skisserer eit felles grunnlag for læreplanar i bygningsvern i dei ulike faga. Dette arbeidet dannar den faglege bakgrunnen for forslaget til gruppa. Forslaget er organisert på ulike tema og er formulert slik at det skal kunne danne basis for det læreplanarbeidet som må kome. Vedlegget er ei tilråding frå gruppa og ei utdjuping av innhaldet i pkt 4.

Sidan ein av føresetnadene for arbeidet til gruppa har vore at læreplanane skal vere modulstrukturerte, gjev dette rom for ei fleksibel oppbygging av opplæringa med felles modular for fleire fagområde innafor byggfaget.

Gruppa vil understreke at ei moduloppbygging av læreplanane er viktig for å sikre ei fleksibel og brukartilpassa opplæring, men inndelinga i modular må vere basert på faglege grunngjevingar. Etter gruppa si meining er det viktig at modulinndelinga ikkje blir for fragmentert slik at faglege fordjuping og refleksjon har ein naturleg plass under heile opplæringa.

Konklusjon

Det er nødvendig med eit felles grunnlag for ei samordna undervisning som i framtida vil gå føre seg på ulike stader og med mange samarbeidande aktørar. Ut frå dette har gruppa utarbeidd eit felles grunnlag for læreplanar i fleire handverksfag. Dette grunnlaget er gjennomgått i pkt 4. Arbeidsgruppa viser til det konkrete forslaget i vedlegg 1.

Tilråding

Arbeidsgruppa tilrår at vedlegg 1 dannar grunnlaget for dei læreplanane som skal utarbeidast i dei ulike faga og at alle utdanningstilbod basere seg på dette vedlegget.

Omfang og sluttkompetanse for utdanninga

Faginnhaldet som arbeidsgruppa ynskjer at vert lagt inn i opplæringa, er så omfattande at opplæringa samla sett bør strekke seg over to år. Dette står ikkje i motstrid til at opplæringa kan organiserast kring modular og at det kan gjevast kompetansebevis for kvar modul.

Konklusjon

Utdanninga må bygge på fag/svennebrev eller tilsvarande. Opplæringa bør strekke seg over to år, og må kunne takast samla eller fordelt over tid. Det er difor nødvendig med oppdeling i deleksamenar og delkompetanse.

Gruppa har registrert at tittelen fagtekniker er lansert i enkelte fagfora.

Tilråding

Utdanninga må vere toårig og føre til ein fagtittel. Utdanninga må kunne takast samanhengande eller over fleire år. Det må vurderast oppdeling av utdanninga i modular med kompetansebevis for kvar del.

Pedagogikk i opplæringa

Det er viktig at opplæringa i bygningsvern tar omsyn til at det er vaksne menneske med yrkeserfaring og fagutdanning som er målgruppa. Dette utgangspunktet må prege det pedagogiske arbeidet og vere ei av dei viktigaste rettesnorene for undervisninga.

Vaksenpedagogikk og metodikk tilpassa vaksne er eit område det er arbeidd for lite med innafor dei ulike skuleslaga. Dei lærekreftene som skal ta vare på opplæringa i bygningsvern, bør difor skolerast i emnet, og det bør stillast krav til at institusjonane har nødvendig kompetanse i vaksenpedagogikk.

Konklusjon

Arbeidsgruppa vil påpeike nokre viktige pedagogiske prinsipp i opplæringa:

Læringsarenaer

  • Undervisninga må gjennomførast som ein kombinasjon av klasseromsundervisning, fjernundervisning, laboratoriearbeid og praktisk arbeid.
  • Ei bygning eller eit bygningsmiljø må vere arbeidsarena.
  • Praksisdelen av opplæringa må vere stor og må gjennomførast på eller ved bygningen i form av øving og reelle arbeidsoppgåver.

Læremateriell

  • Bygningsdelar, sjølve bygningen og miljøet bygningen står i må vere prioritert som undervisningsmateriale.

Integrert læring

  • Teoriundervisninga må gjennomførast saman med praktisk arbeid i størst mogeleg grad.
  • Undervisninga må veksle mellom forelesingar, erfaringsutveksling og undervisning på objekt.
  • Prosjektarbeid må brukast i stor grad.
  • Eitt breitt faglege nettverk må utnyttast i undervisninga.

Tilråding

Arbeidsgruppa ynskjer at utdanninga i bygningsvern bygger på desse prinsippa og at det vert tatt nødvendig omsyn til dette i undervisning.

Organisering og tilrettelegging

Opplæringa må organiserast som deltidsstudier tilpassa vaksne i arbeid dersom opplæringa skal bli vellykka og få noko omfang som monar. Organiseringa kan difor variere slik at handverkarane kan ta modul for modul eller samanhengande skuleår.

Undervisninga bør veksle mellom sentrale samlingar der det er tid til fagleg refleksjon og mogning og individuelt arbeid der den enkelte elev/student kan arbeid uavhengig av tid og stad. I ei slik organisering av undervisninga er aktiv bruk av IKT ein føresetnad.

Opplæringa bør organiserast og tilretteleggast slik at dei ulike regionane i landet er dekka.

Tilråding om innplassering av utdanninga.

Gruppa blei ståande med teknisk fagskule-nivået og høgskolenivået som dei einaste reelle alternativ for ansvarsplassering av utdanning innan bygningsvern.

Utdjupning av dei to alternativa:

Teknisk Fagskule

Ved Lov om teknisk fagskule er det lovfesta at det skal vere eit nivå for etter- og vidareutdanning som skal gi fagarbeidarar og vaksne moglegheit for fagleg fordjuping, kompetanse for vidare utdanning og leiaropplæring. Lovteksten og komiteen sine merknader er ikkje til hinder for, men gjer det mogleg å innføre fleire nye, eller utvide eksisterande læreplanar i samme faget. I samband med den komande lovrevideringa, vil det bli føreslege ei varig lovplassering av teknisk fagskule. Gruppa forutset at intensjonane i den noverande lovteksten blir følgt opp, og at endringar inneber tilpassing til dei ulike opplæringsbehov, sjå avsnitt 5.2.

Når det offentlege utvalet leverer innstilling og endringar blir gjennomført, vil opplæring som byggjer på fag- og svennebrev få sin naturlege plass i heilskapen. Vi kan då få ei logisk oppbygging av kompetanse og spesialisering innan bygningsvern. TF blir ikkje ein blindveg eller endestasjon, men TF nivået blir ein viktig del av det totale utdanningssystemet. TF blir den delen, det nivået, som sikrar at ein fagarbeider/svenn kan få vidare utdanning i handverket sitt fordi han har fag-/svennebrev.

Høgskule

Arbeidsgruppa meiner at når utdanninga skal byggje på fag-/svennebrev, er det den kompetansen utan tilleggskrav om generell studiekompetanse eller tilsvarande som må vere inntakskravet.

På høgskulen er det i dag ikkje mogleg for handverkaren å kome inn berre med fag- og svennebrev som ordinær student. Det er rett nok mogleg å følgje høgskulekurs, men formell utteljing for utdanninga får ikkje studenten utan å oppfylle inntakskravet.

Når det offentlege utvalet kjem med si innstilling, må ein rekne med at det framleis vil vere eit nivå i utdanningssystemet som har generell studiekompetanse, også oppnådd ved realkompetanse, som inntakskrav.

Tilråding

Gruppa har etter ein brei diskusjon ikkje funne det mogeleg å kome med ei samrøystes innstilling for eitt av alternativa. To problemstillingar har særleg vore vanskelege. Ved plassering på Teknisk Fagskule sitt nivå er det knytta ei usikkerheit ved korleis den reelle oppfølginga av lova vert. Ved plassering på høgskulenivå er det usikkert kva av realkompetanse ein får godkjent som opptakskriterie.

Fleirtalet i gruppa tilrår at plasseringa av ansvaret for opplæringa blir lagt til Teknisk fagskule-nivå.

To medlemmer av gruppa (Tarjei Haugen og Anders Haslestad) tilrår at opplæringa blir plassert på høgskulenivå.

Bakgrunnsmateriale for arbeidet i gruppa

  1. St meld nr. 42. (1997-1998) Kompetansereformen.
  2. NOU 1999:17. Realkompetanse i høgere fag.
  3. Oversiktskart over studieretningen for byggfag.
  4. Oversiktskart over studieretningen for tekniske byggfag.
  5. Oversiktskart over studieretningen for trearbeidsfag.
  6. Faglige og pedagogiske retningslinjer fra Leonardo da Vinci-prosjektet "Architectural Heritage and Crafts"
  7. Innspill til KUF fra arbeidsgruppe etterTerra Nova-konferansen
  8. Brev til arbeidsgruppen fra Steinar Moldal og Arne Ørstavik, Dovre. Dato:
  9. Brev til arbeidsgruppen fra Steinar Moldal og Arne Ørstavik, Dovre. Dato:10.09.99.
  10. Kunnskap om felles kulturarv. Restaurering / rehabilitering. Treskjæring / møbelsnekring. Gamle håndverk. En utredning laget ved Hjerleid VgS.
  11. Utredning om finansiering av livsopphold under etter- og videreutdanning. KUF-utvalg.
  12. R94; Problemene-utfordringene-løsningen. F-3073
  13. R94. Videregåande opplæring. F-2963.
  14. "Din lærling i dag – fagarbeider i morgen". F-3082.