Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om folkerøystinga om grunnlovsendring i Venezuela (28.11.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

EU merkjer seg at venezuelanarane i ei folkerøysting 2. desember skal røyste over framlegg om å endre grunnlova i landet.

EU merkjer seg at venezuelanarane i ei folkerøysting 2. desember skal røyste over framlegg om å endre grunnlova i landet.

I håp om at kampanjane vil bli gjennomførte på fredeleg, balansert, konstruktivt og ope vis oppmodar EU alle som deltek i prosessen, om å sørgje for at folkerøystinga finn stad i ein trygg og sikker atmosfære og at folket i Venezuela har full tilgang til informasjon når dei skal nytte den demokratiske retten dei har til å ta ei avgjerd.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.