Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om resultatet av møtet i Arusha (09.08.07)

Den europeiske unionen seier seg glad for resultatet av møtet i Arusha, som samla dei leiande personane frå dei gruppene som er innblanda i konflikten i Darfur, men som ikkje har underteikna fredsavtalen. Det å sikre semje om ei felles haldning blant desse gruppene er eit avgjerande steg framover og ein svært viktig føresetnad for dei avsluttande drøftingane som skal finne stad om 2–3 månader.

Den europeiske unionen rosar leiinga i Den afrikanske unionen (AU) og i FN for å ha oppnådd eit resultat som ytterlegare opnar vegen for fred i Darfur. Landa i regionen har òg spelt ei sentral rolle for å oppnå framgang i dette vanskelege spørsmålet.

EU legg vidare vekt på kor viktig det er med ein inkluderande politisk prosess som tek omsyn til det som opptek folket i Darfur – internt fordrivne, flyktningar, tradisjonelle leiarar, organisasjonar i det sivile samfunnet, medrekna kvinnegrupper osv. Berre ved å involvere dei som er mest direkte råka av krisa og ved å ta ordentleg omsyn til priorteringane deira, kan ein oppnå verkeleg varig fred.

EU strekar under og minner på det kraftigaste om at det er behov for full og vilkårslaus stans i krigshandlingane, og at våpenkvilen trer i kraft straks og må respekterast av alle partar. Dessutan krev framleis heile verdssamfunnet at humanitære organisasjonar skal ha fri tilgang.

Den europeiske unionen ber regjeringa i Sudan og alle opprørsgruppene om å delta fullt ut i den politiske prosessen leidd av AU og FN.

Den europeiske unionen vil støtte ei vurdering av tiltak mot partar som hindrar den politiske prosessen leidd av AU og FN, særleg innafor ramma av FN.

I og med at resolusjon 1769(2007) blei samrøystes godkjend av Tryggingsrådet i FN, gjev avtalen om ein hybridoperasjon i Darfur, leidd av AU og FN, større politisk tyngde til dei positive kreftene som no verkar. EU er reie til å vurdere korleis dei kan støtte denne operasjonen og arbeide for at løftet om fred i Darfur skal bli verkeleggjort, og oppmodar alle interesserte partar om klart og eintydig å vise at dei forpliktar seg til dette.

Til slutt er EU reie til å gje mykje merksemd til gjenreisinga og utviklinga i Darfur og i heile Sudan. Resultatet av møtet i Arusha fører til at den dagen kjem nærare då folket i Darfur og i regionen vonleg kan nyte godt av fordelane av ei økonomisk og sosial utvikling som er konsentrert om behova til heile folket.

"Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen."